{"id":917,"date":"2012-01-08T10:47:04","date_gmt":"2012-01-08T08:47:04","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=917"},"modified":"2012-01-08T11:01:28","modified_gmt":"2012-01-08T09:01:28","slug":"utsendingar-fra-sogn-og-fjordane-pa-malmannsstemna-1906-kjelda-2006","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/popul%c3%a6rfaglege-arbeid\/utsendingar-fra-sogn-og-fjordane-pa-malmannsstemna-1906-kjelda-2006\/","title":{"rendered":"Utsendingar fr\u00e5 Sogn og Fjordane p\u00e5 M\u00e5lmannsstemna 1906 (Kjelda 2006)"},"content":{"rendered":"<blockquote><p>Hoel, Oddmund L. (2006). Utsendingar fr\u00e5 Sogn og Fjordane p\u00e5 M\u00e5lmannsstemna 1906. <em>Kjelda<\/em> (3), 26-27. [<a href=\"http:\/\/fylkesarkiv.no\/kjelda\">Nettutg\u00e5ve, Fylkesarkivet<\/a>]<\/p><\/blockquote>\n<p>Det er noko tilfeldig at Noregs M\u00e5llag har eit 100-\u00e5rsjubileum \u00e5 feira i \u00e5r. Skipinga av eit landslag stod ikkje p\u00e5 saklista til den store m\u00e5lmannsstemna som vart halden i Oslo 3.-5. februar 1906. Initiativtakarane ville eigenleg berre f\u00e5 i stand eit representativt m\u00f8te av m\u00e5lfolk som kunne forma ut eit m\u00e5lprogram p\u00e5 vegne av m\u00e5lfolket dagen f\u00f8r landsm\u00f8tet i Venstre, som tok til i Oslo 5. februar. Skipinga av eit landslag kom som eit benkeframlegg ein sein nattetime p\u00e5 stemna fr\u00e5 bladstyraren i Gula Tidend i Bergen, <a href=\"http:\/\/www.allkunne.no\/default.aspx?menu=25&amp;id=1264\">Johannes Lavik<\/a>.<\/p>\n<p>Utsendingane tenkte seg nok s\u00e5leis ikkje kva for ei historisk hending som stod for d\u00f8ra d\u00e5 dei drog til Turnhallen i Oslo og var kanskje ikkje klare over det d\u00e5 dei drog heim att heller. Heilt sikre er me ikkje p\u00e5 kven som var til stades p\u00e5 stemna, for nokon offisiell protokoll ligg ikkje f\u00f8re. Det skulle enno ta mest ti \u00e5r f\u00f8r Noregs M\u00e5llag kom skikkeleg i drift. Men held ein saman listene over p\u00e5melde utsendingar som vart prenta i <em>Den 17de Mai<\/em> omkring stemna og namna p\u00e5 dei som tok ordet etter avisreferata og dei handskrivne referata, f\u00e5r me ei liste p\u00e5 138 namn som truleg er nokolunde komplett.<\/p>\n<p>Dei som har skrive om stemna, har slege fast at ho var austlandsdominert, og det er ikkje til \u00e5 undrast over. Innkallinga var prenta i <em>Den 17de Mai<\/em> med under tre vekers varsel. Dette var midtvinters og f\u00f8r det var jarnbanesamband fr\u00e5 Oslo til Bergen og Trondheim. Heile 75 prosent av utsendingane var s\u00e5leis busette p\u00e5 Austlandet. Fr\u00e5 dei fire vestlandsfylka m\u00f8tte 14 utsendingar, fr\u00e5 Tr\u00f8ndelag og Nord-Noreg til saman berre ti. Tre av utsendingane var busette i Sogn og Fjordane. Dei tre sterkaste fylka p\u00e5 statistikken var Oslo (23 utsendingar), Hedmark (19) og Akershus (16)<\/p>\n<p>Ser me derimot p\u00e5 kvar utsendingane var <em>f\u00f8dde<\/em>, blir biletet eit heilt anna. Eg har til no identifisert f\u00f8destaden til 112 av utsendingane. Etter dette \u201detniske\u201d kriteriet blir Sogn og Fjordane det <em>kl\u00e5rt best<\/em> representerte fylket med 18 utsendingar. Deretter kjem M\u00f8re og Romsdal (12), Hordaland (10) og Aust-Agder (10). Det som skulle visa seg \u00e5 bli kjerneomr\u00e5det for nynorsken, teikna seg alts\u00e5 av alt p\u00e5 utsendingslista til m\u00e5lmannsstemna i 1906.<\/p>\n<p>Dei tre utsendingane med fast bustad i Sogn og Fjordane, var:<\/p>\n<ul>\n<li>Stortingsmann og l\u00e6rar Anfinn Refsdal (1839-1920) fr\u00e5 Vik maallag<\/li>\n<li>Handelsmann Jens Mo (f. 1877) fr\u00e5 L\u00e6rdals maallag<\/li>\n<li>L\u00e6rar Matias Glomnes (f. 1869) fr\u00e5 Uppstryn maallag<\/li>\n<\/ul>\n<p>I tillegg m\u00f8tte alts\u00e5 15 utsendingar som var f\u00f8dde i Sogn og Fjordane, men budde utanfor fylket i 1906:<\/p>\n<ul>\n<li>Kyrkjesongar J\u00f8rgen Midttun (f. 1855), \u00d8yestad, repr. Aust-Agder ungdomslag, f\u00f8dd i Eivindvik<\/li>\n<li>L\u00e6rar Sigvat \u00d8ygard (f. 1867), Gran i Oppland, f\u00f8dd i Balestrand<\/li>\n<li>L\u00e6rar Olav Mundal (f. 1866), Sarpsborg, repr. Austfoldlaget, f\u00f8dd i Balestrand<\/li>\n<li>L\u00e6rar Sigurd Nesse (1852-1955), Eidsvoll i Akershus, f\u00f8dd i Vik<\/li>\n<li>Student Ivar Midlang (f. 1882), repr. Studentmaallaget i Oslo, f\u00f8dd i Vik<\/li>\n<li>L\u00e6rar Nils Tryti (f. 1869), Svelvik i Vestfold, f\u00f8dd i Vik<\/li>\n<li>L\u00e6rar Botolf Ohnstad (f. 1877), Kristiansand, f\u00f8dd i Aurland<\/li>\n<li>L\u00e6rar Jens H\u00e6reid (f. 1867), Oslo, f\u00f8dd i \u00c5rdal<\/li>\n<li>Ivar Nesse (f. 1881), repr. Akershuslaget, f\u00f8dd i Sogndal [usikker identifikasjon]<\/li>\n<li>Marius Joleik (f. 1884), repr. Fj\u00f8rtoftlaget i Oslo, fr\u00e5 Flor\u00f8<\/li>\n<li>Student Anders Hamre (1878-1934), repr. Studentmaallaget i Oslo, f\u00f8dd i Naustdal<\/li>\n<li>Gardbrukar Karl Gjelsvik (f. 1868), Jessheim, repr. Akershuslaget, f\u00f8dd i Vevring<\/li>\n<li>Dosent Nikolaus Gjelsvik (1866-1938), repr. Det norske samlaget i Oslo, f\u00f8dd i Vevring<\/li>\n<li>L\u00e6rar Lars Eldevik (f. 1860), Nes i Hedmark, repr. Austmannalaget, f\u00f8dd i Davik<\/li>\n<li>Skulestyrar Henrik Kaarstad (1856-1927), Volda, repr. M\u00f8re og rauma maallag, f\u00f8dd i Innvik<\/li>\n<\/ul>\n<p>Av dei 18 var det s\u00e5leis heile elleve sogningar, av dei fire fr\u00e5 Vik, og vidare fire sunnfjordingar og tre nordfjordingar. Dei st\u00f8rste nynorske \u2019kjendisane\u2019 p\u00e5 lista var <em>Nikolaus Gjelsvik<\/em>, som var heilt sentral i m\u00e5lmilj\u00f8et i hovudstaden, <em>Anfinn Refsdal<\/em> og <em>Henrik Kaarstad<\/em>. Dessutan kom <em>Anders Hamre<\/em> til \u00e5 f\u00e5 ein sv\u00e6rt sentral posisjon i nynorskverda som redakt\u00f8r for riksavisa <em>Den 17de Mai<\/em> 1916-27. Lista illustrerer elles at l\u00e6rarar fr\u00e5 Sogn og Fjordane, som fr\u00e5 resten av Vestlandet, spela ei viktig rolle i den lokale norskdomsr\u00f8rsla i andre delar av landet.<\/p>\n<p>Ein del utsendingar har eg alts\u00e5 ikkje identifisert med f\u00f8dsels\u00e5r og f\u00f8destad etter nokre raske s\u00f8k i oppslagsverk og folketeljingar. Det er ikkje urimeleg om det l\u00f8yner seg end\u00e5 fleire fr\u00e5 Sogn og Fjordane her, og dei fleste kan nok raskt identifiserast om ein har dei rette bygdeb\u00f8kene for handa. Dei uidentifiserte er:<\/p>\n<ul>\n<li>Fr\u00e5 Kristiansund: bladstyrar Nisja<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Larvik: l\u00e6rar Thorvik [kanskje Ole, f. 1832, fr\u00e5 Volda?]<\/li>\n<li>Fr\u00e5 \u2019Litlehamar\u2019: kj\u00f8pmann Einar Lunde<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Lommedalen (Akershus): Hans Tasserud og Kristen Haugen<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Sandefjord: k\u00e6mner Hansen<\/li>\n<li>Fr\u00e5 \u2019Skonevik\u2019 (Sk\u00e5nevik i Hordaland): l\u00e6rar Tveit<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Treungen (Telemark): Olav H. Grova<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Fet ungdomslag (Akershus): kyrkjesongar A. A. Musum<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Gjerstad maallag (Aust-Agder): gardbrukar Tor Mo<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Miklagilde (Oslo): Jonas Vatne og Knut Kjorstad<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Maallaget \u2019Heimatt\u2019 (Fredrikstad): l\u00e6rar Kristiansen<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Maallaget Hamar: l\u00e6rar C. Bj\u00f8rva<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Maallaget paa l\u00e6rarskulen, Hamar: Einar Aasen, Laura Blekan, Alv Grini og Anders Ruden<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Maallaget ved l\u00e6rarskulen, Levanger: N. Neraas, frk. Longva<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Ungdomslaget \u201dVegard\u201d (Veg\u00e5rdshei, Aust-Agder): gardbrukar Olav Vaage<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Ungdomslaget Heimdal (Ytre Vinje, Telemark): J. Vinge, l\u00e6rar Hylland<\/li>\n<li>Fr\u00e5 Vestfoldlaget: l\u00e6rar Per Brekke (Holmestrand)<\/li>\n<\/ul>\n<p>Underskrivne og fylkesarkivet tek gjerne imot fleire opplysningar b\u00e5de om dei som me sikkert veit at kom fr\u00e5 Sogn og Fjordane og dei med ukjend bakgrunn.<\/p>\n<p><strong>Litteratur<\/strong><\/p>\n<p><em>D\u00e5 Noregs M\u00e5llag vart skipa. Referat fr\u00e5 M\u00e5lmannsstemna 4.\u20135. februar 1906.<\/em> Ved Oddmund L. Hoel. Noregs M\u00e5llag. Oslo 1906. (Fullstendig utsendingsliste s. 93-105.) [<a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=100\">fulltekst<\/a>]<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hoel, Oddmund L. (2006). Utsendingar fr\u00e5 Sogn og Fjordane p\u00e5 M\u00e5lmannsstemna 1906. Kjelda (3), 26-27. [Nettutg\u00e5ve, Fylkesarkivet] Det er noko tilfeldig at Noregs M\u00e5llag har eit 100-\u00e5rsjubileum \u00e5 feira i \u00e5r. Skipinga av eit landslag stod ikkje p\u00e5 saklista til &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/popul%c3%a6rfaglege-arbeid\/utsendingar-fra-sogn-og-fjordane-pa-malmannsstemna-1906-kjelda-2006\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":111,"menu_order":5,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-917","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/917"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=917"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/917\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":922,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/917\/revisions\/922"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/111"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=917"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}