{"id":99,"date":"2007-05-02T09:25:51","date_gmt":"2007-05-02T07:25:51","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=99"},"modified":"2007-05-07T20:34:42","modified_gmt":"2007-05-07T18:34:42","slug":"den-tvitydige-hovudstaden-nt-12002","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/den-tvitydige-hovudstaden-nt-12002\/","title":{"rendered":"Den tvitydige hovudstaden (NT 1\/2002)"},"content":{"rendered":"<p>[Leiar i <em>Norsk Tidend<\/em>, nr. 1, 2002.]<\/p>\n<p>N\u00e5r Noregs M\u00e5llag m\u00f8test til landsm\u00f8te i Oslo siste helga i april, er det den 15. gongen sidan 1906 og den fjerde gongen sidan krigen at landsm\u00f8tet er lagt til hovudstaden. Til skilnad fr\u00e5 mange andre samskipnader har Noregs M\u00e5llag p\u00e5 denne m\u00e5ten demonstrert ein praktisk distriktspolitisk vilje til \u00e5 ta heile landet i bruk.<\/p>\n<p>M\u00e5lr\u00f8rsla\u00a0har alltid hatt eit tvitydig tilh\u00f8ve til hovudstaden. Her har me funne den hardaste og best organiserte nynorskmotstanden saman med dei institusjonane som nynorsken har hatt vanskelegast for \u00e5 trengja inn i. Hovudstaden og Oslo-folk har vore skyteskive for m\u00e5lr\u00f8rsla og det fremste symbolet p\u00e5 alt som er gale, som for Garborg d\u00e5 han i 1879 polemiserte mot \u201dDei Kristianianorske\u201d \u2013 dei som \u201dhev Stockholm til hovudstad, Danmark til kulturheim, Norig til stabbur og Peer Gynt til nationalhelgen\u201d. Kjartan Fl\u00f8gstad peikar i Osloprosessen (2000) p\u00e5 at \u201dMedan Bergen og \u2019Fiske-Noreg\u2019 heldt kontakten med den vide verda, heldt Oslo, og seinare Christiania, Kristiania og Oslo, fram med \u00e5 vera ein innestengd sm\u00e5by og dansk kolonihovudstad innarst i ein djup fjordbotn p\u00e5 Austlandet.\u201d Det er i Oslo dei skarpaste og farlegaste \u00e5taka p\u00e5 sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa har kome dei siste \u00e5ra, ikkje fr\u00e5 elevar og ungdomsgrupper, men fr\u00e5 det \u00f8vste lokalpolitiske etablissementet. Den aukande hetsen mot Bygde-Noreg og knefallet for utanlandske metropolar gjer diverre Garborgs polemikk mot dei kristianianorske meir aktuell enn p\u00e5 lenge.<\/p>\n<p>Samstundes har nynorskfolk og m\u00e5lr\u00f8rsla i alle \u00e5r lagt sin elsk p\u00e5 Oslo. \u201dFarvel hovudstaden \/ i deg var det best: \/ der fann eg dei Beste, \/ der l\u00e6rde eg mest,\u201d skreiv Vinje og uttrykte d\u00e5 det som mange seinare generasjonar av bygdestudentar og innflyttarar har kjent. Vinje skreiv dette same \u00e5ret som det fyrste m\u00e5llaget (1861-63) vart skipa, og m\u00e5lr\u00f8rsla har alltid sytt for \u00e5 plassera dei viktigaste nynorske organisasjonane og institusjonane i Oslo \u2013 ikkje berre fordi ein m\u00e5tte vera til stades i hovudstaden, men \u00f2g fordi det er her det sterkaste m\u00e5lmilj\u00f8et alltid har vore og ynskt \u00e5 vera.<\/p>\n<p>M\u00e5lr\u00f8rsla har med jamne mellomrom tenkt p\u00e5 \u00e5 gje opp den landsfemnande ambisjonen og heller bli skriftm\u00e5let for Vestlandet, med Bergen som spr\u00e5kleg hovudstad, s\u00e5 f\u00e5r Oslo sigla sin eigen sj\u00f8. Det er ein strategi eg aldri har hatt tru p\u00e5. Noreg er ein av dei sterkast integrerte nasjonalstatane i Europa, og korkje i folketal eller sj\u00f8lvstende vil dei norske \u201dregionane\u201d (landsdelane) kunna samanlikna seg med vanlege europeiske regionar, som gjerne dekkjer fleire land og har mange millionar innbyggjarar. Me kan alltids dr\u00f8yma om ein sj\u00f8lvstendig nynorsk Vestlandsregion med fisk, havbruk, olje, vasskraft og makt over skattlegginga som ikkje lenger treng overf\u00f8ra milliardar til det sentrale Austlandet. Men f\u00f8r dette n\u00e6rmar seg \u00f8konomiske og politiske realitetar, som det aldri vil gjera, er det eit sj\u00f8lvmordtiltak \u00e5 gjera det til grunnlag for m\u00e5lpolitiske strategiar.<\/p>\n<p>Det vil ikkje seia at m\u00e5lr\u00f8rsla ikkje har noko \u00e5 l\u00e6ra og ikkje har element \u00e5 plukka opp i regionalismeordskiftet. Nynorsken er heilt avhengig av eit sterkt kjerneomr\u00e5de der nynorsken er sj\u00f8lvsagd p\u00e5 alle samfunnsfelt, og det er v\u00e5r oppg\u00e5ve \u00e5 f\u00e5 dette inn i ordskiftet, td. om eit sterkare regionalt samarbeid p\u00e5 Vestlandet. Men dette vil aldri kunna danna ei sterk nok motvekt i seg sj\u00f8lv mot det stadig sterkare spr\u00e5klege og kulturelle presset fr\u00e5 hovudstadsomr\u00e5det til at det er tilstrekkjeleg som grunnlag for nynorsken i framtida.<\/p>\n<p>Men mest av alt er ein slik regionaliseringstankegang imot heile grunntanken med nynorsken, som aldri har vore eit separatistisk f\u00f8retak. Han er laga som eit inkluderande tilbod til alle norsktalande, ikkje berre til dei omr\u00e5da som tilfeldigvis har teke han i bruk i dag. Noreg har stadig meir bruk for eit skriftm\u00e5l som byggjer p\u00e5 det lokale spr\u00e5kmangfaldet i staden for \u00e5 h\u00f8vla over det, og Noreg har stadig meir bruk for eit spr\u00e5k som kan danna den nasjonale kjernen i m\u00e5lfronten mot amerikaniseringa. S\u00e5leis burde nynorsken kunna sj\u00e5 ljose tider i m\u00f8te om m\u00e5lr\u00f8rsla spelar korta sine rett dei komande ti\u00e5ra.<\/p>\n<p>\u201dLat sj\u00e5, du som altid \/ p\u00e5 Folk helder Styr\u2019! \/ for du er den Karlen, som temja kann dyr,\u201d skreiv Vinje \u00f2g i 1861. Men der Vinje s\u00e5g hovudstaden som ein stad der ogs\u00e5 bygdefolk kunne ta del i den nasjonale daninga, er det baksida av medaljen \u2013 einsrettinga \u2013 som i dag sl\u00e6r oss i augo. Det oppskrytte mangfaldet i Oslo og liknande mellomstore byar er i stor grad eit mangfald p\u00e5 avstand som ikkje kjem ein ved til dagleg fordi ein stort sett har omgang med folk som liknar ein sj\u00f8lv. P\u00e5 mindre stader er det samla mangfaldet mindre, noko urbanistane aldri let vera \u00e5 p\u00e5peika, men ein m\u00e5 ta inn over seg langt st\u00f8rre delar av det fordi ein har med langt fleire typar folk \u00e5 gjera dagleg. Det urbane konformitetspresset er ei av dei st\u00f8rste utfordringane til m\u00e5lr\u00f8rsla, og kampen i hovudstaden st\u00e5r diverre framleis om at nynorsken skal bli tolt \u2013 som eit nasjonalt skriftm\u00e5l som alle, ikkje minst i ein hovudstad, b\u00f8r l\u00e6ra, og som \u201dminoritetsspr\u00e5k\u201d i nynorske parallellklassar.<\/p>\n<p>Difor m\u00f8test me i hovudstaden siste helga i april. For den nynorske hovudstaden ligg i Oslo, og ingen andre stader.<\/p>\n<p>Oddmund L\u00f8kensgard Hoel<\/p>\n<p>leiar<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Leiar i Norsk Tidend, nr. 1, 2002.] N\u00e5r Noregs M\u00e5llag m\u00f8test til landsm\u00f8te i Oslo siste helga i april, er det den 15. gongen sidan 1906 og den fjerde gongen sidan krigen at landsm\u00f8tet er lagt til hovudstaden. Til skilnad &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/tekstar\/5-malpolitiske-artiklar\/den-tvitydige-hovudstaden-nt-12002\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":126,"menu_order":1,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"class_list":["post-99","page","type-page","status-publish","hentry"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/99"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=99"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/99\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=99"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}