{"id":1015,"date":"2012-10-14T22:23:31","date_gmt":"2012-10-14T20:23:31","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=1015"},"modified":"2012-12-07T23:26:33","modified_gmt":"2012-12-07T21:26:33","slug":"1015","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/1015\/","title":{"rendered":"Verdilaus forsking om \u00e9in karakter i norsk (BT-kronikk 11\/10)"},"content":{"rendered":"<p><em>F\u00f8lgjande tekst stod som kronikk i Bergens Tidende torsdag 11\/10. <!--more-->Ein kronikk i same avis 9\/10 av Odd Gaare (Kongsbakken vgs) og eit innlegg av Wenche R\u00f8nning (Nordlandsforsking) i Nordlys 8\/10 stod etter at eg hadde sendt inn manuset mitt (4\/10) og er s\u00e5leis ikkje kommenterte eller tekne omsyn til. Det har seinare st\u00e5tt innlegg i BT av R\u00f8nning (15\/10) og Endre Brunstad\/Heming Gujord (20\/10).<\/em><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-content\/uploads\/2007\/04\/pdf.gif\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft  wp-image-35\" title=\"Pdf-ikon\" src=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-content\/uploads\/2007\/04\/pdf.forhaandsvisning.gif\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" \/><\/a><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-content\/uploads\/2012\/10\/2012-10-11_Hoel-nordlandsforsking_Bt-kronikk.pdf\">Pdf-versjon av kronikken<\/a><\/p>\n<p><strong>Verdilaus forsking om \u00e9in karakter i norsk<\/strong><\/p>\n<p>Det kjem til \u00e5 st\u00e5 ein hard kulturpolitisk kamp om norskkarakterane dei neste m\u00e5nadene.\u00a0Utdanningsdirektoratet (Udir) la 2\/10 fram utkast til revidert l\u00e6replan i norsk, utarbeidd p\u00e5 oppdrag fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. Det mest omstridde sp\u00f8rsm\u00e5let er om talet p\u00e5 karakterar i norsk skal reduserast p\u00e5 ungdomssteget og i den vidareg\u00e5ande skulen slik at skriftleg sidem\u00e5l ikkje lenger har eigen karakter.<\/p>\n<p>Dei som i dag tek studief\u00f8rebuande utdanningsprogram i vidareg\u00e5ande, f\u00e5r tre karakterar i norsk (hovudm\u00e5l, sidem\u00e5l og munnleg). Udir ynskjer no \u00e5 redusere dette til to: \u00e9in i munnleg og \u00e9in skriftleg. Fr\u00e5 l\u00e6rarhald har det vore klaga over at mykje tid g\u00e5r med til \u00e5 skaffe vurderingsgrunnlag til tre karakterar. Fr\u00e5 nynorskhald har det p\u00e5 hi sida vore uttrykt sterk uro for at det \u00e5 fjerne ein separat karakter i sidem\u00e5l vil f\u00f8re til mindre og d\u00e5rlegare undervisning i nynorsk sidem\u00e5l.<\/p>\n<p><em>Berre ein rapport<\/em><br \/>\nEi veke f\u00f8r l\u00e6replanutkastet offentleggjorde Udir den einaste forskingsrapporten som s\u00e5 langt er laga om fors\u00f8k med \u00e9in karakter i norsk i vidareg\u00e5ande skule. Sju skular har gjennomf\u00f8rt slike fors\u00f8k dei siste \u00e5ra, og fors\u00f8ka ved Fana gymnas og Kongsbakken vgs (Troms\u00f8) er evaluerte i rapporten \u201dFra karakterjag til l\u00e6ring \u2013 fra dommer til trener\u201d fr\u00e5 Nordlandsforsking (jf. BT 3\/10). Rapporten har alt byrja \u00e5 spele ei viktig rolle i ordskiftet om norskfaget.<\/p>\n<p>S\u00f8knadene fr\u00e5 dei to skulane hadde som utgangspunkt at for mykje tid i norskfaget g\u00e5r med til vurdering. Evalueringsrapporten konkluderer med at b\u00e5de l\u00e6rarar og elevar ved dei to skulane jamt over er positive til \u00e9in karakter i norsk, og det mest vesentlege er at \u201dSkriveoppl\u00e6ringen er bedret, og l\u00e6rerene mener de n\u00e5 f\u00e5r tid til \u00e5 jobbe prosessrettet og f\u00f8lge elevenes skriveprosess p\u00e5 en bedre m\u00e5te.\u201d (rapporten, s. 40) Ogs\u00e5 undervegs har fors\u00f8ksskulane formidla til \u00e5lmenta at dette har vore ein suksess.<\/p>\n<p><em>Kva skuldast kva?<\/em><br \/>\nDet har st\u00e5tt sentralt i fors\u00f8ka \u00e5 leggje om norskundervisninga til nye og meir varierte arbeidsm\u00e5tar og betre oppf\u00f8lging undervegs. Det fyrste sp\u00f8rsm\u00e5let som d\u00e5 burde stillast i ei evaluering, er kor langt dei gode resultata kan forklarast med reduksjon i talet p\u00e5 karakterar, og kor mykje som kan forklarast med ei omlegging av undervisninga som like gjerne kunne vore gjort innanfor dagens ordning med tre karakterar. Dette er ein effektstudie, og d\u00e5 er det heilt avgjerande \u00e5 isolere dei ulike faktorane for \u00e5 vurdere kven som har effekt.<\/p>\n<p>Den problemstillinga glimrar med fr\u00e5v\u00e6ret b\u00e5de i evalueringsoppdraget fr\u00e5 Udir, i intervjuguiden nytta i evalueringa og i rapporten. Me finn ingen freistnader p\u00e5 \u00e5 vurdere kva den eine faktoren \u2019reduksjon fr\u00e5 tre til ein karakterar\u2019 har \u00e5 seie, men finn berre vurderingar av kva alle faktorar til saman har hatt \u00e5 seie. Me finn ikkje ein gong opplysningar om kor mykje tid som g\u00e5r til vurdering med tre eller \u00e9in karakter, eller kva l\u00e6rarane gjorde f\u00f8r og etter.<\/p>\n<p><em>Mikrofonstativ<\/em><br \/>\nEin m\u00e5 g\u00e5 til andre kjelder enn rapporten for \u00e5 finne ut kva skilnadene er i praksis (gjeld Kongsbakken). Tre karakterar f\u00f8reset at det kvart halv\u00e5r vert gjeve delkarakterar p\u00e5 to skriftlege arbeid i hovudm\u00e5l, to i sidem\u00e5l, ein munnleg presentasjon og ei kunnskapspr\u00f8ve. I fors\u00f8ket med \u00e9in karakter vart dette redusert fr\u00e5 fire til to skriftlege arbeid per halv\u00e5r, alts\u00e5 fr\u00e5 seks til fire delkarakterar totalt. Rapporten sannsynleggjer ikkje p\u00e5 noko vis at denne endringa kan forklare alt det positive som har skjedd med norskundervisninga p\u00e5 fors\u00f8ksskulane.<\/p>\n<p>Evalueringa byggjer i all hovudsak p\u00e5 eigenrapportering fr\u00e5 l\u00e6rarane som var med p\u00e5 fors\u00f8ket og gjer knapt freistnader p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 bak l\u00e6rarane sine eigne generelle vurderingar. Nordlandsforsking har i denne samanhengen alts\u00e5 ikkje gjort stort anna enn \u00e5 vere mikrofonstativ for l\u00e6rarane.<\/p>\n<p><em>Umogleg jobb<\/em><br \/>\nDen som skulle gjere evalueringa, har i praksis hatt ein umogleg jobb. Det var grunnen til at to forskingsinstitusjonar sa nei til \u00e5 utf\u00f8re evalueringa. Universitetet i Bergen og NIFU gav uavhengig av kvarandre temmeleg likelydande grunngjevingar for kvifor det var fagleg uforsvarleg \u00e5 ta p\u00e5 seg evalueringsoppdraget: Sidan fors\u00f8ka var i gang, var det ikkje mogleg \u00e5 gjere ei \u2019f\u00f8r\u2019-gransking av haldningane og skrivedugleikane til fors\u00f8kselevane som kunne haldast opp mot effekten av fors\u00f8ket gjennom ei \u2019etter\u2019-gransking. Det var heller ikkje mogleg \u00e5 etablere ei kontrollgruppe av elevar som ikkje var med p\u00e5 fors\u00f8ka for \u00e5 vurdere effekten. To av dei mest grunnleggjande samfunnsvitskaplege metodekrava var alts\u00e5 umogleg \u00e5 oppfylle. Som NIFU skreiv til Udir 26.10.11: \u201dVi har vanskelig for \u00e5 se for oss noen som kan \u00f8nske \u00e5 ta p\u00e5 seg dette og som kan gj\u00f8re det p\u00e5 en faglig forsvarlig m\u00e5te.\u201d<\/p>\n<p>Rapporten demonstrerer ufriviljug alle metodeproblema som UiB og NIFU skildra i avslagsbreva sine. I rapporten er heller ingen refleksjon kring metodeproblem som mangelen p\u00e5 kontrollgrupper, mangelen p\u00e5 \u2019f\u00f8r\u2019-dokumentasjon eller det at evalueringa hovudsakleg byggjer p\u00e5 intervju med l\u00e6rarar som hadde bestemt seg for at \u00e9in karakter var ein god id\u00e9 alt f\u00f8r fors\u00f8ket byrja. Rapporten funderer heller ikkje p\u00e5 kva det har hatt \u00e5 seie for l\u00e6ringa i nynorsk sidem\u00e5l i Vg1 og Vg2 at elevane heile vegen har visst at dei ville f\u00e5 tre karakterar n\u00e5r dei kom i Vg3.<\/p>\n<p><em>Ingen hemningar<\/em><br \/>\nUtviklingsarbeid i skulen er mest alltid av det gode, og norskl\u00e6rarane har ei h\u00f8gst legitim r\u00f8yst i diskusjonen om korleis norskfaget skal sj\u00e5 ut, jamvel om det spring ut av ynske om \u00e5 arbeide mindre. Det er verre at det einaste forskingsarbeidet som no gjer seg gjeldande i ordskiftet om \u00e5 fjerne eigen karakter i sidem\u00e5l, er s\u00e5 skr\u00f8peleg. Og det er ekstra ille at Utdanningsdirektoratet, som har tinga og finansiert evalueringsrapporten, no g\u00e5r god for han og ikkje har hemningar mot \u00e5 nytte han. Med tilvising til rapporten konstaterer Udir f\u00f8gjande i h\u00f8yringsnotatet: \u201dErfaringane p\u00e5 dei sju skolane stadfester [!] at det er ein samanheng [!!] mellom talet p\u00e5 karakterar i norskfaget og det handlingsrommet l\u00e6rarane har for \u00e5 f\u00f8lgje opp elevane i skriveoppl\u00e6ringa.\u201d (s. 11) Det vert interessant \u00e5 f\u00f8lgje med p\u00e5 korleis KD og Kristin Halvorsen (mis)brukar rapporten framover.<\/p>\n<p>Ein av fors\u00f8kselevane i Fana seier i BT 3\/10 kva dette handlar om: \u201dJeg synes det har fungert bra, men det forutsetter at l\u00e6rerne er flinke til \u00e5 passe p\u00e5 at nynorsk f\u00e5r plass\u201d. Udir f\u00f8reset tydelegvis at alle skulane er like godt utstyrte som Fana og Kongsbakken med utviklingsorienterte og nynorskvenlege l\u00e6rarar som gjev god undervisning ogs\u00e5 i nynorsk sidem\u00e5l. Udir har kanskje \u00f2g finansiert forsking som dokumenterer dette?<\/p>\n<p><em>Oddmund L. Hoel<\/em><\/p>\n<p>Fyrsteamanuensis i historie, H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane og tidlegare leiar i Noregs M\u00e5llag<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8lgjande tekst stod som kronikk i Bergens Tidende torsdag 11\/10.<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[20],"tags":[],"class_list":["post-1015","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-malsak"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1015"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1015"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1015\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1031,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1015\/revisions\/1031"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1015"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1015"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1015"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}