{"id":226,"date":"2007-12-22T23:31:48","date_gmt":"2007-12-22T22:31:48","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=226"},"modified":"2008-08-02T11:31:03","modified_gmt":"2008-08-02T10:31:03","slug":"farvel-til-nasjonalt-rad","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/farvel-til-nasjonalt-rad\/","title":{"rendered":"Farvel til Nasjonalt r\u00e5d"},"content":{"rendered":"<p>Som <a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=221\">tidlegare meldt <\/a>trekte Nasjonalt r\u00e5d for f\u00f8dselsomsorga seg tidleg i november. Dette f\u00f8rte til ein del st\u00e5k i media der Bente \u00d8ien Hauge som vanleg gjorde ein framifr\u00e5 jobb.\u00a0Mellom anna skreiv ho om notata som eg og ho laga i fjor v\u00e5r til eit innlegg som vart sendt til ymse aviser i hennar og mitt namn. Det burde ha kome ut her for ein m\u00e5nad sidan, men kjem no som ei avveksling til jolekortlesinga.\u00a0Dette stod i noko ulike versjonar i Sogn Avis (kronikk) 10.11., Firda p\u00e5 same\u00a0tida, Bergens Tidende (kronikk) 14.11. og Klassekampen (innlegg) 22.11.<\/p>\n<p><!--more-->Versjonen i Klassekampen lydde slik:<\/p>\n<p><strong>Farvel til R\u00e5det<\/strong><\/p>\n<p>Nasjonalt r\u00e5d for f\u00f8dselsomsorg har g\u00e5tt av i protest mot helseminister Sylvia Brustad, og r\u00e5dsleiar P\u00e5l \u00d8ian klagar over den manglande viljen og evna hj\u00e5 departementet til \u00e5 gjennomf\u00f8ra den vedtekne niv\u00e5inndelinga av f\u00f8dselsomsorga. Dette er ein avgang og ein kritikk Brustad kan ta med knusande ro.<\/p>\n<p>Nasjonalt r\u00e5d var ei lita gruppe fagfolk som det siste ti\u00e5ret har lagt alle premissar for politikken innanfor f\u00f8dselsomsorga. Resultatet har vore nedlegging av f\u00f8deavdelingar i distrikta, store lokale protestar og uro kring helsef\u00f8retaka.<\/p>\n<p>Statens helsetilsyn gjekk i 1997 inn for ei niv\u00e5inndeling med krav om 40 f\u00f8dslar for f\u00f8destove, 400 f\u00f8dslar for f\u00f8deavdeling og 1500 f\u00f8dslar for kvinneklinikk ut fr\u00e5 omsynet til nok treningsvolum per tilsett.<\/p>\n<p>I forarbeida fr\u00e5 utval og departement vart det streka under at 400-grensa ikkje skulle vera absolutt. Distriktsomsyn skulle telja med, og niv\u00e5inndelinga skulle berre vera &laquo;rettleiande&raquo; for sjukehuseigar. Det var saksordf\u00f8rar Sonja Sj\u00f8li (H) som fekk sosialkomiteen og Stortinget med p\u00e5 vedtaket om at niv\u00e5inndelinga skulle gjerast &laquo;gjeldande&raquo;.<\/p>\n<p>Like viktig var det at Sj\u00f8li fekk Stortinget med p\u00e5 \u00e5 oppretta Nasjonalt r\u00e5d som eit instrument for gjennomf\u00f8ringa av niv\u00e5inndelinga. Ideen om eit slikt r\u00e5d var lansert av \u00d8ian sj\u00f8lv i 1999 utan at departementet f\u00f8lgde det opp. Men i Stortinget hadde f\u00f8destovealliansen ei fast st\u00f8tte i jordmora Sj\u00f8li som etter eige utsegn s\u00e5g lyset i under ein &laquo;str\u00e5lande&raquo; heimef\u00f8dsel i 1981. Av fagpersonar er det, utanom \u00d8ian, s\u00e6rleg gynekologen Bj\u00f8rn Backe i lag med tidlegare leiar av Jordmorforeningen, Nina Schmidt, som har g\u00e5tt att i sentrale faglege og politiske roller gjennom ti \u00e5r.<\/p>\n<p>Det har aldri vore fagleg semje om grunnlaget for niv\u00e5inndelinga. S\u00e6rleg har det vore strid om ein kan gjera ei s\u00e5 sikker f\u00f8rehandsutveljing av risikof\u00f8dslar (&laquo;seleksjon&raquo;) at f\u00f8destover utan akuttberedskap er trygge nok, slik Nasjonalt r\u00e5d har hevda. I Tidsskrift for den norske legeforening har Dag Moster, Rolv Terje Lie og Trond Markestad meint at Nasjonalt r\u00e5d burde ta den faglege usemja meir p\u00e5 alvor og peika p\u00e5 at mandat og samansetjing er einsidig. Ogs\u00e5 Kunnskapssenter for helsetjenesten har peika p\u00e5 at det er utilstrekkeleg forskingsgrunnlag for \u00e5 konkludera sikkert om resultata p\u00e5 f\u00f8destover utan akuttberedskap.<\/p>\n<p>I den faglege debatten har f\u00f8destovealliansen st\u00e5tt fram som forsvararar av ei desentralisert f\u00f8dselsomsorg. Men i realiteten st\u00e5r dei for ei sentraliseringsline gjennom omdanning av f\u00f8deavdelingar til f\u00f8destover i distrikta. Erfaringane b\u00e5de fr\u00e5 L\u00e6rdal og Mosj\u00f8en viser ein dramatisk nedgang i kor mange som f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 f\u00f8da lokalt etter omlegginga til f\u00f8destove: under 30%. Dette er i strid med WHO si tilr\u00e5ding om at f\u00f8dande skal ha n\u00e6rleik til omsorg.<\/p>\n<p>Dei omleggingane fr\u00e5 f\u00f8deavdeling til f\u00f8destove i distrikta som Nasjonalt r\u00e5d har hjelpt til med (L\u00e6rdal og Mosj\u00f8en), har vore lite vellukka. For Narvik er vedtaket reversert, og for dei andre om lag 14 f\u00f8deavdelingane som har mindre enn 400 f\u00f8dslar, er det ikkje gjort endringar. Nasjonalt r\u00e5d gav sj\u00f8lv opp distrikta for eit par \u00e5r sidan og har sidan 2006 prioritert det ukontroversielle arbeidet for eit meir differensiert f\u00f8detilbod ved st\u00f8rre f\u00f8deavdelingar og kvinneklinikkar.<\/p>\n<p>I det ferske problemnotatet som r\u00e5det gjekk av i protest mot, har Helse- og omsorgsdepartementet varsla ein ny kurs. Her blir det opna for \u00e5 oppheva skiljet mellom f\u00f8destove og f\u00f8deavdeling. Departementet peikar p\u00e5 at det kan vera meir fornuftig \u00e5 leggja &laquo;st\u00f8rre vekt p\u00e5 lokale forhold, faktisk (dokumentert) kompetanse og kvalitet enn p\u00e5 strenge krav til struktur og f\u00f8dselstall&raquo;.<\/p>\n<p>Dersom denne politikken blir vedteken, opnar det for betre l\u00f8ysingar, til d\u00f8mes i L\u00e6rdal. Der blir 70% av dei f\u00f8dande sende til andre sjukehus berre fordi det st\u00e5r &laquo;f\u00f8destove&raquo; p\u00e5 skiltet trass i at ein har gynekolog i beredskap og kunne teke mange fleire. Med nye retningsliner vil ein kunna sk\u00e5na f\u00f8dekvinnene og deira n\u00e6raste for un\u00f8dige psykiske, fysiske og praktiske belastningar i samband med det som skal vera eit av livets store h\u00f8gdepunkt.<\/p>\n<p>Utforminga av helsetilbodet er b\u00e5de fag og politikk. Nasjonalt r\u00e5d har lenge vore p\u00e5 vikande front p\u00e5 b\u00e5e omr\u00e5de. Me gler oss b\u00e5de over notatet fr\u00e5 departementet og avgangen til r\u00e5det. B\u00e5e delar ber bod om lysare tider for f\u00f8dselsomsorga i distrikta.<\/p>\n<p>Meir p\u00e5 <a href=\"http:\/\/lokalsykehus.blogspot.com\/\">http:\/\/lokalsykehus.blogspot.com<\/a><\/p>\n<p>Bente \u00d8ien Hauge, Forsvar L\u00e6rdal sjukehus\/Folker\u00f8rsla for lokalsjukehusa<br \/>\nOddmund Hoel, Jostedalsaksjonen for F\u00f8den i L\u00e6rdal<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som tidlegare meldt trekte Nasjonalt r\u00e5d for f\u00f8dselsomsorga seg tidleg i november. Dette f\u00f8rte til ein del st\u00e5k i media der Bente \u00d8ien Hauge som vanleg gjorde ein framifr\u00e5 jobb.\u00a0Mellom anna skreiv ho om notata som eg og ho laga &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/farvel-til-nasjonalt-rad\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[21],"tags":[],"class_list":["post-226","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-politikk"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/226"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=226"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/226\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":253,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/226\/revisions\/253"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=226"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=226"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=226"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}