{"id":562,"date":"2009-10-31T20:52:41","date_gmt":"2009-10-31T18:52:41","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=562"},"modified":"2009-10-31T20:52:41","modified_gmt":"2009-10-31T18:52:41","slug":"7-klassen-ved-jostedal-skule-til-gaupne","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/7-klassen-ved-jostedal-skule-til-gaupne\/","title":{"rendered":"7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne?"},"content":{"rendered":"<p>R\u00e5dmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 p\u00e5 torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det h\u00e5rreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, s\u00e5 her kjem dei. Kort oppsummert:<!--more--><\/p>\n<ul>\n<li>Fr\u00e5 skule\u00e5ret 2010\/11 skal 7. klassingane ved Jostedal skule og Indre Hafslo skule flyttast til Gaupne skule, og elevane ved Skjolden skule flyttast til Dale skule. Dette gjeld 3-4 elevar ved kvar skule.<\/li>\n<li>Det vert grunngjeve med at elevane f\u00e5r &laquo;meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko st\u00f8rre pedagogiske fellesskap&raquo;. Fors\u00f8k p\u00e5 argumentasjon ut over denne generelle p\u00e5standen er det ikkje spor etter i budsjettframlegget.<\/li>\n<li>Det vert \u00f2g argumentert \u00f8konomisk: Tiltaket vil gje ei (netto) innsparing for kommunen for 0,81 mill p\u00e5 2010-budsjettet og 1,95 mil kr i 2011. Grunnlaget\u00a0for desse tala er mildt sagt diffust.<\/li>\n<li>Verknadene av badevedtaket kom raskare enn nokon hadde trudd: &laquo;Tiltaket kan sj\u00e5ast p\u00e5 som ei framskunding av innsparingstiltaket i h\u00f8ve Luster bad.&raquo;<\/li>\n<li>P\u00e5 sikt (2-5 \u00e5r?) &laquo;b\u00f8r ein og vurdere&raquo; om ogs\u00e5 5. og 6. klassane ved dei tre skulane skal sentraliserast, alts\u00e5 at dei fleste jostedalselevane f\u00e5r tre kvarter med skulebuss kvar veg fr\u00e5 dei er 10-11 \u00e5r.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Formannskapet har sendt busjettet p\u00e5 h\u00f8yring med frist 13\/11. Formannskapet har m\u00f8te 18\/11, 2\/12 og 9\/12, og kommunestyret 12\/11, 26\/11 og 17\/12, normalt med budsjettvedtak p\u00e5 siste m\u00f8te.<\/p>\n<p>Heile budsjettetframlegget <a href=\"http:\/\/www.luster.kommune.no\/sogn\/luster\/lusterk.nsf\/id\/80FAA4AB18C4E97DC125765E003EC8AC?OpenDocument\">finn du her<\/a>.<\/p>\n<p>Og her er dei aktuelle avsnitta:<\/p>\n<blockquote><p>Side 6 (Samandrag):<br \/>\nBudsjettet legg opp til at grunnskuleelevar som no g\u00e5r i 6.klasse p\u00e5 Indre Hafslo, i Jostedal og p\u00e5 Skjolden vil f\u00e5 sitt 7.klassetilbod ved Gaupne, respektive Dale, skule. Dette gjev ei god l\u00f8ysing &#8211; \u00f8konomisk, l\u00e6ringsmessig og sosialt. Endeleg vedtak krev at kommunestyret endrar lokal forskrift. I forkant vil det bli gjennomf\u00f8rt ei h\u00f8yring. Tiltaket kan sj\u00e5ast p\u00e5 som ei framskunding av innsparingstiltaket i h\u00f8ve Luster bad.<br \/>\nDet vil p\u00e5 2-5-\u00e5rs sikt bli etablert lokale oppvekstsenter i bygdelaga\/skulekrinsane Skolden, Dale\/Luster, Jostedal, Indre Hafslo og Solvorn. P\u00e5 kort sikt vil det bli initiert prosessar som kan utvide samarbeidet mellom dei aktuelle barnehagane og skulane. P\u00e5 sikt b\u00f8r ein og vurdere om tilpassingar som skissert for 7.klassingane over kan avl\u00f8ysast av ei kopling av barnehage og sm\u00e5skule (1.-4. klasse) til lokale oppvekstsenter.<br \/>\n\u00a0<br \/>\nSide 31 (Grunnskule):<br \/>\nSkuletilpassingar fr\u00e5 1.08.10<br \/>\nDei fleste av skulane er sm\u00e5 og mange ligg n\u00e6r ei grense for deling fr\u00e5 fire- til tredelt eller fr\u00e5 tre- til todelt. Trinna med sm\u00e5 elevgrupper f\u00e5r gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko st\u00f8rre pedagogiske fellesskap. Vedtak i k-sak 27\/09 viser at kommunen b\u00f8r opne for slike tilpassingar. Fr\u00e5 2010 vert 7. klasse p\u00e5 tre og fire elevar ved skulane i Jostedal, p\u00e5 Indre Hafslo og i Skjolden. Ved \u00e5 overf\u00f8ra desse fr\u00e5 Indre Hafslo og Jostedal til Gaupne og fr\u00e5 Skjolden til Dale, f\u00e5r vi ei innsparing p\u00e5 0,81 mill kr (hausthalv\u00e5ret), tilsvarande 1,95 mill kr for 2011 (kr 650.000,- pr gruppe og \u00e5r). Berre sv\u00e6rt lite av dette m\u00e5 nyttast til skuleskyss. Gaupne og Dale skular har kapasitet til \u00e5 ta imot utan nye delingar. Budsjettet\/\u00f8konomiplanen legg til grunn at nemnde tilpassingar vert gjennomf\u00f8rde. Endeleg vedtak krev ei forskriftsendring. Kommunestyret vil m\u00e5tte vedta ei slik endring. I forkant av denne vil det bli gjennomf\u00f8rt ei h\u00f8yring.<\/p><\/blockquote>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>R\u00e5dmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 p\u00e5 torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det h\u00e5rreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, s\u00e5 her kjem dei. Kort oppsummert:<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[23,21],"tags":[],"class_list":["post-562","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-jostedalen","category-politikk"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/562"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=562"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/562\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":564,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/562\/revisions\/564"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=562"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=562"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=562"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}