{"id":568,"date":"2009-11-07T19:01:12","date_gmt":"2009-11-07T17:01:12","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=568"},"modified":"2009-11-15T10:15:11","modified_gmt":"2009-11-15T08:15:11","slug":"kvalitet-%e2%80%93-sma-og-store-skular","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/kvalitet-%e2%80%93-sma-og-store-skular\/","title":{"rendered":"Kvalitet \u2013 sm\u00e5 og store skular"},"content":{"rendered":"<p>I <a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=562\">budsjettframlegget for 2010<\/a> g\u00e5r r\u00e5dmannen som kjent inn for \u00e5 flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst \u00f8konomisk, men vert \u00f2g forsvart fagleg med f\u00f8lgjande setning:<\/p>\n<blockquote><p>Trinna med sm\u00e5 elevgrupper f\u00e5r gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko st\u00f8rre pedagogiske fellesskap. (s. 31)<\/p><\/blockquote>\n<p>I\u00a0r\u00e5dmannsstaben har ein alt vedg\u00e5tt at dette ikkje botnar i ei konkret vurdering av faglege og sosiale tilh\u00f8ve ved dei skulane det gjeld, men at ein st\u00f8r seg p\u00e5 generelle vurderingar av sm\u00e5 og st\u00f8rre skular. Me har spurt om tilvisingar til faglitteratur som kan underbyggje dette. I ventetida kan me jo sj\u00e5 kva eit par fagfolk p\u00e5 feltet meiner.<!--more--><\/p>\n<p><strong>Thomas Nordahl<\/strong><br \/>\nN\u00e5r det er snakk om eit fagleg forsvar for nedlegging av sm\u00e5 skular, dukkar Thomas Nordahl ofte opp. Nordahl er professor i pedagogikk ved H\u00f8gskolen i Hedmark, mykje brukt i offentleg utgreiingsarbeid og ein ivrig samfunnsdebattant.<\/p>\n<p>I 2007 gjorde Nordahl <a href=\"http:\/\/fulltekst.bibsys.no\/hihm\/rapport\/2007\/04\/rapp04_2007.pdf\">ei gransking av l\u00e6ringsmilj\u00f8et p\u00e5 fire sm\u00e5 og nokre store skular<\/a> i ein anonym kommune med 9600 grunnskuleelevar. Bakgrunnen var ein mistanke fr\u00e5 rektor ved ungdomsskulen i kommunen om at elevane som kom fr\u00e5 dei sm\u00e5 grendeskulane, greidde seg d\u00e5rlegare p\u00e5 ungdomsskulen enn dei som hadde g\u00e5tt p\u00e5 store sentrumsskular. Nordahl granska dette og fann at rektor hadde rett \u2013 i denne kommunen.<\/p>\n<p>I mai 2007 skreiv Nordahl <a href=\"http:\/\/www.utdanning.ws\/templates\/udf20____14592.aspx\">eit innlegg i Hamar Arbeiderblad og Utdanning<\/a> om resultata fr\u00e5 granskinga si. Innlegget fekk <a href=\"http:\/\/www.lufs.no\/?artID=208\">dette <\/a>og <a href=\"http:\/\/www.utdanning.ws\/templates\/udf20____14588.aspx\">dette <\/a>og <a href=\"http:\/\/www.utdanning.ws\/templates\/udf20____14643.aspx\">dette <\/a>og <a href=\"http:\/\/www.utdanning.ws\/templates\/udf20____14662.aspx\">dette <\/a>svaret der kritikken han m\u00f8tte var temmeleg krass \u2013 etter mi vurdering drepande. Hovudpoenget var at resultata til Nordahl fr\u00e5 denne eine kommunen byggjer p\u00e5 eit materiale som er for lite til at det generaliserast, og at resultata ikkje samsvarar med anna forsking p\u00e5 feltet. Eg veit ikkje om Nordahl svara p\u00e5 kritikken \u2013 eg har iallfall ikkje funne noko.<\/p>\n<p>Likevel er granskinga til Nordahl seinare ofte drege fram i skulesentraliseringsdebattar. Eit d\u00f8me: N\u00e5r Drangedal kommune greidde ut sentralisering av skulane sine i 2008, var Nordahl den einaste faglege autoriteten <a href=\"http:\/\/www.drangedal.kommune.no\/Documents\/Fremtidig%20skoleordning%20i%20Drangedal.pdf\">utgreiinga fr\u00e5 r\u00e5dmannen st\u00f8dde seg til<\/a>. Nordahl har \u00f2g vore aktiv i avisdebattar om nedlegging av sm\u00e5 skular.<\/p>\n<p>I juni 2009 heldt Nordahl eit f\u00f8redrag for utdanningsetaten i Oslo kommune om kva leiing i skulen og undervisninga har \u00e5 seie for l\u00e6ringsutbytet til elevane. Han st\u00f8dde seg her p\u00e5 eit nytt stort forskingsarbeid p\u00e5 feltet, boka <a href=\"http:\/\/books.google.co.nz\/books?id=c2GbhdNoQX8C&amp;printsec=frontcover&amp;source=gbs_v2_summary_r&amp;cad=0#v=onepage&amp;q=&amp;f=false\">Visible learning <\/a>(2009) av John Hattie. Dette er ei oppsummering av 800 \u2019meta-analysar\u2019 som byggjer p\u00e5 til saman 52.000 granskingar av 83 millionar elevar (!). I <a href=\"http:\/\/www.utdanningsetaten.oslo.kommune.no\/getfile.php\/utdanningsetaten%20(UDE)\/Internett%20(UDE)\/Info\/Presentasjon-Nordahl.ppt\">presentasjonen sin <\/a>oppsummerer Nordahl funna slik:<\/p>\n<blockquote><p>Betingelser tilknyttet skoleniv\u00e5 og organisering har blitt tillagt overdrevet betydning: Skolest\u00f8rrelse, skolebygninger og \u00f8konomi betyr alene sv\u00e6rt lite for elevenes l\u00e6ringsutbytte. &#8230;<\/p><\/blockquote>\n<p>Det som derimot gjer markante utslag, er kvaliteten p\u00e5 l\u00e6raren (bombe). Med andre ord: Det kan ikkje lesast nokon skilnad p\u00e5 sm\u00e5 og store skular ut fr\u00e5 resultata til Hattie slik Nordahl framstiller dei.<\/p>\n<p>Eg har alts\u00e5 berre funne eitt forskingsarbeid av Nordahl som g\u00e5r inn p\u00e5 skilnaden mellom sm\u00e5 og st\u00f8rre skular, og dette gjeld berre \u00e9in kommune. Og dette forskingsarbeidet kom attp\u00e5til i stand fordi skulefolk i kommunen sj\u00f8lv hadde skj\u00f8na at noko var gale.<\/p>\n<p><strong>Rune Kvalsund<br \/>\n<\/strong>I Volda sit det derimot ein professor som har doktorgrad p\u00e5 slikt. Rune Kvalsund disputerte i 1994 p\u00e5 ein samanliknande <a href=\"http:\/\/ask.bibsys.no\/ask\/action\/show?pid=952309564&amp;kid=biblio\">studie <\/a>av elevrelasjonar og l\u00e6ring i f\u00e5delte og fulldelte bygdeskular. Kvalsund har ein sett langt mindre til i samfunnsdebatten, men eit viktig og interessant unntak finn me i eit <a href=\"http:\/\/www.klassekampen.no\/artikler\/nyheter\/44693\/article\/item\/null\">avisoppslag om ein skulenedleggingsdebatt i Hallingdal<\/a> i mars 2007.<\/p>\n<p>Dei siste \u00e5ra har Kvalsund vore med p\u00e5 eit stort internasjonalt forskingsprosjekt med utspring fr\u00e5 Cambridge-universitetet. Resultata var publiserte for nokre m\u00e5nader sidan i <a href=\"http:\/\/www.sciencedirect.com\/science?_ob=PublicationURL&amp;_tockey=%23TOC%235981%232009%23999519997%231130413%23FLA%23&amp;_cdi=5981&amp;_pubType=J&amp;_auth=y&amp;_acct=C000031784&amp;_version=1&amp;_urlVersion=0&amp;_userid=8638677&amp;md5=db23f69f8968831e2fc650e916cef277\">International Journal of Educational Research, nr. 2 (2009)<\/a>, som var eit temanummer Kvalsund redigerte. Forskargruppa har gjort studiar av sm\u00e5 og store skular i Noreg, Sverige, Finland, England, Skottland og England. Ein m\u00e5 betale for tilgang til tidsskriftet, men p\u00e5 nettsida til H\u00f8gskulen i Volda <a href=\"http:\/\/www.hivolda.no\/index.php?ID=14319&amp;lang=nyn&amp;displayitem=1942&amp;module=messageboard\">oppsummerer Kvalsund nokre av resultata slik <\/a>i\u00a0mai i \u00e5r:<\/p>\n<blockquote><p>\u2013 Forsking med utgangspunkt i folks kvardag og livsverd utfordrar det som etterkvart har etablert seg som ei gjennomg\u00e5ande misforst\u00e5ing av dei sm\u00e5 grende- eller bygdeskulane &#8211; at dei med m\u00e5lestokkar fr\u00e5 det f\u00f8rste fagorienterte perspektivet grunnlaust blir sett p\u00e5 som mangelutg\u00e5ver av dei standardiserte urbane skulane. &#8230; Forskingsresultata peikar klart i retning av at dei sm\u00e5 grendeskulane er minst p\u00e5 h\u00f8gde med eller betre enn dei st\u00f8rre meir urbane, stadslause og standardiserte skulane &#8211; ikkje minst n\u00e5r m\u00e5lestokkane er forankra i det breiare kulturorienterte livsverdsperspektivet.<\/p><\/blockquote>\n<p><strong>To sp\u00f8rsm\u00e5l\u00a0er no:<br \/>\n<\/strong>1. Kva for ein pedagogikk-professor vil fyrst bli dregen ut p\u00e5 banen i debatten om skulesentralisering i Luster \u2013 Thomas Nordahl eller Rune Kvalsund?<\/p>\n<p>2. Vil politikarane i Luster gjere eit vedtak om skulestruktur (flytting av 7. klassingane) utan \u00e5 ta inn over seg forskinga p\u00e5 feltet? I s\u00e5 fall kan ein med rette sp\u00f8rje kor interesserte dei eigenleg er i kvalitet i skulen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I budsjettframlegget for 2010 g\u00e5r r\u00e5dmannen som kjent inn for \u00e5 flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst \u00f8konomisk, men vert \u00f2g forsvart fagleg med f\u00f8lgjande setning: Trinna &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/kvalitet-%e2%80%93-sma-og-store-skular\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[23,21],"tags":[],"class_list":["post-568","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-jostedalen","category-politikk"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/568"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=568"}],"version-history":[{"count":14,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/568\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":582,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/568\/revisions\/582"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=568"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=568"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=568"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}