{"id":684,"date":"2010-04-20T19:57:19","date_gmt":"2010-04-20T17:57:19","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=684"},"modified":"2010-04-20T19:59:42","modified_gmt":"2010-04-20T17:59:42","slug":"edvard-os-125-ar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/edvard-os-125-ar\/","title":{"rendered":"Edvard Os 125 \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>I dag er det 125 \u00e5r sidan nordfjordingen, m\u00e5lmannen og offiseren Edvard Os (1885-1970) vart f\u00f8dd. Os er hugsa i m\u00e5lr\u00f8rsla som ein stor strateg og effektiv organisasjonsbyggjar, men \u00f2g som ein illgjeten stridbukk. I doktoravhandlinga mi har eg vigd ein del plass p\u00e5 den milit\u00e6rpolitiske aktivismen til m\u00e5lr\u00f8rsla, mellom anna\u00a0Edvard Os. Det skulle s\u00e5leis h\u00f8va godt med eit lite (?) utdrag fr\u00e5 kapitlet &laquo;<strong>Gjelsvik\u2013Os-regimet&raquo; <\/strong>(side\u00a0388-92, her utan\u00a0notar og referansar):\u00a0<!--more--><\/p>\n<p>Arkitekten bak oppbygginga av Norigs ungdomslag og Norigs maallag i tida fr\u00e5 unionsoppl\u00f8ysinga til utgangen av fyrste verdskrigen var Nikolaus Gjelsvik, og han gjekk fyrst i gang med Norigs ungdomslag. Han sytte for \u00e5 f\u00e5 gjeve ut prenta \u00e5rsmeldingar, den fyrste for arbeids\u00e5ret 1906-07, og under Gjelsvik si leiing byrja eit effektivt finansieringsarbeid. Dette la grunnlaget for tilsetjinga av ein \u201dskrivar\u201d. Valet av Gjelsvik til formann i Norigs maallag i 1912 fall saman med eit ynske, ikkje minst nedanfr\u00e5 i samskipnaden, om ei organisatorisk styrking, og l\u00f8ysinga vart opprettinga av ei felles skrivarstove og tilsetjing av Edvard Os som skrivar i b\u00e5e samskipnader fr\u00e5 juli 1913. Ein av hovudgrunnane til suksessen til NM dei f\u00f8lgjande \u00e5ra, var det sv\u00e6rt tette organisatoriske, administrative og \u00f8konomiske tilh\u00f8vet til storebror NU som Gjelsvik hadde lagt grunnen for.\u00a0<\/p>\n<p>Dei 13 \u00e5ra som skrivar har gjeve Os ein legendarisk status i m\u00e5lr\u00f8rsla, b\u00e5de som \u201dein god m\u00e5lpolitisk taktikar, men framfor alt ein drivande organisasjonsbyggjar\u201d, og som ein kar som ofte pressa p\u00e5 s\u00e5 hardt at han lett skaffa seg uvener og motstandarar med den \u201dbr\u00e5fuse framferda han stundom viste\u201d. Den milit\u00e6re bakgrunnen hans vert ofte dregen fram, gjerne som eit kuri\u00f8st innslag i ei l\u00e6rardominert r\u00f8rsle og som ei av forklaringane b\u00e5de p\u00e5 den systematiske og autorit\u00e6re organisatoriske praksisen hans og p\u00e5 dei mange konfliktane han rota seg oppi. Det er lett \u00e5 slutta seg til alt dette.<\/p>\n<p>Derimot har knapt nokon sett Os i samanheng med den sterke forsvarspolitiske orienteringa i norskdomsr\u00f8rsla p\u00e5 denne tida, og det er \u00e6rendet mitt her. Eg kjenner ikkje til kvifor Os fekk skrivarposten i 1913, men tilsetjinga innbyr til nokre refleksjonar. Nordfjordingen Edvard Os (1885\u20131970) gjorde ein dramatisk entr\u00e9 p\u00e5 den nasjonale m\u00e5lpolitiske scenen hausten 1904 d\u00e5 han heldt russetala i Kristiania p\u00e5 landsm\u00e5l. Det resulterte i det velkjende \u201drusseslaget\u201d mellom riksm\u00e5ls- og landsm\u00e5lsruss og f\u00f8rte til at politiet m\u00e5tte rydda opp kring Wergelands-statuen. Etter examen artium gjekk han Krigsskulen til 1907 og deretter Den milit\u00e6re h\u00f8gskulen 1907\u201309. I 1908 vart han fyrste formann i \u201dYngre radikale vinstre\u201d og sytte for at lovene vart p\u00e5 landsm\u00e5l. I Bergen utmerka han seg som formann i nemnda i Bondeungdomslaget Ervingen som fekk i stand det store og vellukka \u201dBj\u00f8rgvinssj\u00e5et\u201d i 1910, mellom anna med ei stor folkedansframsyning som drog opptil 20 000 tilskodarar i gatene. Fr\u00e5 1911 arbeidde han i generalstaben i Kristiania. Eg kjenner ikkje til om 28-\u00e5ringen Os var fyrstevalet eller hadde konkurrentar i det heile d\u00e5 han fekk den d\u00e5rleg l\u00f8na skrivarposten i 1913. Han hadde vist seg som ein uredd m\u00e5laktivist med store organisatoriske evner, men det m\u00e5 ha funnest mange h\u00f8gare profilerte og like opplagde personar til den viktige skrivarjobben. Og i norskdomsr\u00f8rsla var organisatoriske talent slett inga mangelvare i 1913.<\/p>\n<p>Det me kan konstatera, er for det fyrste at Norigs maallag og Norigs ungdomslag i 1913 fekk ein skrivar med bakgrunn fr\u00e5 generalstaben i Forsvaret, og der heldt han fram til 1920, fr\u00e5 1916 som kaptein, medan skrivaryrket var kvelds-, natt- og helgearbeid. For det andre fall tidspunktet, som me har sett, saman med ein kraftig auke i det milit\u00e6rpolitiske engasjementet til NU. Det er vel ikkje urimeleg \u00e5 tru at det heilt og fullt var Gjelsvik, formann b\u00e5de i NU og NM, som sytte for denne tilsetjinga.<\/p>\n<p>Gjelsvik fekk iallfall ein medarbeidar som han i alle viktige politiske og organisatoriske sp\u00f8rsm\u00e5l ser ut til \u00e5 ha hatt samanfallande syn med. Ettertida har \u00f2g til dels gjeve Os \u00e6ra for utsegner og praksisar som han i stor grad arva fr\u00e5 Gjelsvik. Arbeidet til Os med \u00e5 styrkja sentrallekken i NM, bygde mykje p\u00e5 den modellen Gjelsvik hadde nytta p\u00e5 NU nokre \u00e5r tidlegare. Og styringsprinsippet som s\u00e6rleg namnet til Os er knytt til, vart fyrst formulert av Gjelsvik i 1911: \u201dBetre aa ro rette leidi med lite mannskap enn galne leidi med stort.\u201d Den milit\u00e6re tankegangen kjem end\u00e5 tydelegare til uttrykk n\u00e5r han same stad skriv at \u201dUngdomslagi skal ikkje vera bergingsheimar for vanseda ungdom. Ungdomslagi skal vera heren som vinn landet; men heren hev ikkje bruk for invalidarne.\u201d (&#8230;)<\/p>\n<p>B\u00e5de i NU og seinare i NM fekk Gjelsvik i formannstida si i stand ei ordning med rundskriv, vidaref\u00f8rt av Os, som kunne arta seg som reine ordrar om kva lokalorganisasjonane skulle gjera. Omkvedet var at arbeidet kravde offer og at medlemsflokken m\u00e5tte hanga i. (&#8230;)<\/p>\n<p>D\u00e5 NU heldt \u00e5rsm\u00f8te i Harstad i juli 1911, kunne ikkje Gjelsvik m\u00f8ta. I staden sende han eit brev som vart lese opp p\u00e5 m\u00f8tet og prenta i \u00e5rsmeldinga. Bodskapen var ikkje til \u00e5 mistyda: Det var for lite takt og disiplin i NU, og \u201d&#8230;framum alt gjeld det, at samhaldet vert sterkare og diciplinen st\u00f8rre. Ein liten her med godt samhald og god diciplin hev ofte vunne paa ein mykje st\u00f8rre her, der samhaldet og diciplinen hev vore laak. Med desse ord vil eg senda mi beste helsing til aarsm\u00f8tet.\u201d D\u00e5 han opna \u00e5rsm\u00f8tet i NM i 1914, minna han om det han hadde sagt p\u00e5 m\u00f8tet i 1912 om at n\u00e5r neste sendemannsm\u00f8te kjem saman, er det ikkje utsendingane som skal halda rekneskap med formannen, men formannen som skal halda rekneskap med sendemennene. Dette var freistnader p\u00e5 \u00e5 styra ein demokratisk samskipnad etter f\u00f8rarprinsippet og reint milit\u00e6re ideal.<\/p>\n<p>Dei konfliktane som rasa kring Os er gjerne forklarte med ein kombinasjon av personlegdomen hans og den milit\u00e6re bakgrunnen, men med ei vekt p\u00e5 det fyrste. \u201dMisn\u00f8gje med skrivaren baade fraa syd, nord, aust og vest. Men Os vil likevel halda fram i same leid. Han vil ikkje temja si nattur og ikkje brigda sin tone\u201d, lyder ei overskrift i Gula Tidend etter eit av dei mange stormfulle \u00e5rsm\u00f8ta i Norigs maallag p\u00e5 denne tida. Meir interessante enn individuelle psykologiske forklaringar p\u00e5 den br\u00e5fuse og kompromisslause framferda til Os, er dei offisersideala han hadde med seg. Roald Berg kastar eit interessant lys over dette i Norsk forsvarshistorie: \u201dVi har indikasjoner p\u00e5 et spesifikt milit\u00e6rt mandighetskrav i tall\u00f8se nekrologer i det milit\u00e6re tidsskrift.\u201d Dette var eit allment fenomen som slett ikkje berre galdt Venstre-offiserane, men han dreg s\u00e6rleg fram den sterke nasjonale Georg Stang-kulten etter 1907 der \u201dkompromissl\u00f8sheten, staheten\u201d st\u00e5r heilt sentralt. Stang vart ikkje fyrst og fremst dyrka for \u00e5 ha sett landet milit\u00e6rt i stand f\u00f8r unionsoppl\u00f8ysinga \u2013 det var det som nemnt sterk usemje om \u2013, men for mannsmotet. Han gjekk aldri omvegar, men \u201dLigepaa, ligefrem \u2013 det var hans L\u00f8sen\u201d som det heitte i ein nekrolog fr\u00e5 1907. Det kunne like gjerne vore skrive om Nansens sivile maskulinitet eller om den organisatoriske praksisen til Os i NM. I ein brei og demokratisk medlemsorganisasjon gjekk dette ei stund, faktisk i heile 13 \u00e5r grunna den sterke st\u00f8tta han hadde i hovudstadsmilj\u00f8et og dei mange positive sidene hans, men ikkje lenger.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er det 125 \u00e5r sidan nordfjordingen, m\u00e5lmannen og offiseren Edvard Os (1885-1970) vart f\u00f8dd. Os er hugsa i m\u00e5lr\u00f8rsla som ein stor strateg og effektiv organisasjonsbyggjar, men \u00f2g som ein illgjeten stridbukk. I doktoravhandlinga mi har eg vigd &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/edvard-os-125-ar\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[19],"tags":[],"class_list":["post-684","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-sprakhistorie"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/684"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=684"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/684\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":690,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/684\/revisions\/690"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=684"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=684"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=684"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}