{"id":928,"date":"2012-01-28T02:22:31","date_gmt":"2012-01-28T00:22:31","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=928"},"modified":"2012-01-28T10:47:59","modified_gmt":"2012-01-28T08:47:59","slug":"sidemalssaka-bakgrunn-og-oppsummering","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/sidemalssaka-bakgrunn-og-oppsummering\/","title":{"rendered":"Sidem\u00e5lssaka &#8211; bakgrunn og oppsummering"},"content":{"rendered":"<p>Den siste veka har mange av oss hissa oss temmeleg mykje opp over ymse utspel fr\u00e5 Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet\/Kristin Halvorsen om sidem\u00e5l. Det herskar ikkje s\u00e5 reint lite forvirring om kva som har skjedd og skjer. Her er ein freistnad p\u00e5 ei opprydding.<!--more--><\/p>\n<p><strong>1. Dette kom ikkje som lyn fr\u00e5 kl\u00e5r himmel \u2013 lineskiftet vart erkl\u00e6rt v\u00e5ren 2011<\/strong><\/p>\n<p>Soria Moria-erkl\u00e6ringane og <a href=\"http:\/\/www.nm.no\/tekst.cfm?path=10325,10451\">programma til regjeringspartia<\/a> seier at undervisninga i nynorsk b\u00e5de som hovud- og sidem\u00e5l skal styrkjast og har ingen signal om det motsette. I mai\/juni 2008 kom dei viktige stortingsmeldingane <a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/nb\/dep\/kud\/dok\/regpubl\/stmeld\/2007-2008\/stmeld-nr-35-2007-2008-.html?id=519923\">M\u00e5l og meining<\/a>\u00a0(spr\u00e5kmeldinga) fr\u00e5 Kulturdepartementet og <a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/nn\/dep\/kd\/dok\/regpubl\/stmeld\/2007-2008\/stmeld-nr-23-2007-2008-.html?id=512449\">Spr\u00e5k bygger broer<\/a>\u00a0fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. Dei var samk\u00f8yrde og slo fast at \u201dsidem\u00e5lsundervisninga m\u00e5 utviklast og utbetrast, ikkje reduserast\u201d (spr\u00e5kmeldinga). Men det er lenge sidan no.<\/p>\n<p>Ei markant kursomlegging kom med Kunnskapsdepartementet si stortingsmelding om ungdomssteget (<a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/nb\/dep\/kd\/dok\/regpubl\/stmeld\/2010-2011\/meld-st-22-2010--2011.html?id=641251\">Motivasjon \u2013 Mestring \u2013 Muligheter<\/a>) i april 2011. Stortingsmeldinga byggjer p\u00e5 eit oppsiktsvekkjande grunnlag:<\/p>\n<blockquote><p>I forarbeidet til denne stortingsmeldingen har det kommet mange innspill om oppl\u00e6ringen i sidem\u00e5l fra elever som deltok i Kristins time. Kritikken kommer i hovedsak fra elever som har nynorsk som sidem\u00e5l, men den gjelder ikke nynorskoppl\u00e6ringen generelt. Mange setter pris p\u00e5 nynorsk skj\u00f8nnlitteratur, og de anerkjenner andres rett til \u00e5 velge et annet hovedm\u00e5l enn det de har. Det er f\u00f8rst og fremst oppl\u00e6ringen i skriftlig nynorsk mange elever synes er utfordrende. (s. 53).<\/p><\/blockquote>\n<p>Dette ligg til grunn for f\u00f8lgjande konklusjon:<\/p>\n<blockquote><p>I mange deler av landet synes det \u00e5 v\u00e6re utbredte negative holdninger til nynorsk som sidem\u00e5l, og det kan synes som om oppl\u00e6ringen ikke har lykkes med \u00e5 redusere de negative holdningene til nynorsk. Mange elever har problemer med \u00e5 forst\u00e5 nytteverdien av \u00e5 mestre nynorsk skriftlig. En del av forklaringen kan v\u00e6re at form\u00e5let med oppl\u00e6ringen i sidem\u00e5l ikke er klart definert, og at det i hovedsak synes \u00e5 v\u00e6re det spr\u00e5kpolitiske perspektivet som har definert form\u00e5let med sidem\u00e5loppl\u00e6ringen. (sst)<\/p><\/blockquote>\n<p>Det er om lag ordrett det same som Kristin Halvorsen har framf\u00f8rt offentleg dei siste dagane.<\/p>\n<p>Skilnaden mellom \u201dSpr\u00e5kbygger broer\u201d\/\u201dM\u00e5l og meining\u201d p\u00e5 eine sida og ungdomsskulemeldinga p\u00e5 hi er sv\u00e6rt stor. \u201dSpr\u00e5k bygger broer\u201d gjekk etter m\u00e5ten grundig gjennom utviklingsarbeidet som har vore og vert gjort p\u00e5 undervisning i nynorsk sidem\u00e5l, inkludert arbeidet til <a href=\"http:\/\/www.nynorsksenteret.no\/\">Nynorsksenteret<\/a>. Meldinga peikar p\u00e5 kva som har vist seg \u00e5 fungera og gje god skriveoppl\u00e6ring i nynorsk for bokm\u00e5lselevar. I ungdomsskulemeldinga er dette heilt fr\u00e5v\u00e6rande. Det einaste som st\u00e5r her er problematisering av den skriftlege sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa, mykje basert p\u00e5 det nemnde elevpanelet.<\/p>\n<p>Dei som f\u00f8lgde med (det gjorde ikkje eg), reagerte. Noregs M\u00e5llag engasjerte seg i saka, og Ottar Grepstad brukte i september 2011 <a href=\"http:\/\/www.aasentunet.no\/default.asp?menu=72\">den faste \u00e5rstalen sin<\/a> p\u00e5 \u00e5 kritisera stortingsmeldinga. I ordskiftet som f\u00f8lgde, avviste Kristin Halvorsen at ho ville svekkja sidem\u00e5let. I eit svar til Grepstad i Dag og Tid (30.9.2011) skreiv ho: \u201dJeg h\u00e5per ogs\u00e5 at Grepstad, som jeg, er opptatt av hva vi kan gj\u00f8re for \u00e5 gj\u00f8re oppl\u00e6ringen i sidem\u00e5l bedre og mer motiverende for alle elever.\u201d Men ho kommenterte ikkje kjernesp\u00f8rsm\u00e5let i kritikken fr\u00e5 m\u00e5lr\u00f8rsla: at ein m\u00e5tte halda p\u00e5 eigen karakter og eigen eksamen i sidem\u00e5l. Derimot forsvarte ho at ho la vekt p\u00e5 synspunkta fr\u00e5 \u201den tiln\u00e6rmet representativ gruppe av elever fra ungdomstrinnet. Av respekt for elevene jeg har m\u00f8tt, har jeg valgt ikke \u00e5 overse en av de tydeligste tilbakemeldingene jeg fikk fra dem.\u201d Som ein ropar i sidem\u00e5lsskogen, f\u00e5r ein svar.<\/p>\n<p><strong>2. L\u00e6replanarbeidet<\/strong><\/p>\n<p>D\u00e5 ungdomsskulemeldinga kom, var arbeidet med \u00e5 revidera l\u00e6replanane for Kunnskapsl\u00f8ftet alt godt i gang. Kunnskapsdepartementet sende 6. desember 2010 <a href=\"http:\/\/www.udir.no\/Upload\/larerplaner\/forsok\/Oppdragsbrev_42-10.pdf?epslanguage=no\">Oppdragsbrev nr. 42-10. Utarbeiding av rammeverk for grunnleggende ferdigheter og revidering av l\u00e6replaner i norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk<\/a>\u00a0til Utdanningsdirektoratet. Dette gjeld l\u00e6replanane b\u00e5de for grunnskule og vidareg\u00e5ande skule.<\/p>\n<p>Her st\u00e5r det eit interessant kapittel \u201dS\u00e6rlig om norskfaget\u201d der det mellom anna heiter: \u201dDepartementet har mottatt signaler om at l\u00e6replanen oppfattes som ambisi\u00f8s. Dette gjelder s\u00e6rlig Vg3\/p\u00e5bygging til generell studiekompetanse.\u201d Lenger ned kjem det sentrale avsnittet om sidem\u00e5l:<\/p>\n<blockquote><p>Direktoratet bes vurdere l\u00e6replanen i norsk inkl, vurdering i faget (standpunktvurdering og eksamen) knyttet til hovedm\u00e5l og sidem\u00e5l. Forslag til endringer p\u00e5 dette omr\u00e5det m\u00e5 varsles og dr\u00f8ftes med departementet p\u00e5 et s\u00e5 tidlig tidspunkt som mulig.<\/p><\/blockquote>\n<p>Udir har alts\u00e5 f\u00e5tt eit kl\u00e5rt formulert oppdrag om \u00e5 vurdera karakter og eksamen i sidem\u00e5l.<\/p>\n<p>Ungdomsskulemeldinga, som alts\u00e5 kom eit knapt halv\u00e5r etter oppdragsbrevet, kommenterer l\u00e6replanrevisjonen slik i kapitlet \u201dOppl\u00e6ring i sidem\u00e5l\u201d:<\/p>\n<blockquote><p>L\u00e6replanen i norsk skal revideres og ny l\u00e6replan fastsettes for bruk skole\u00e5ret 2013 \u2013 2014. Departementet vil legge vekt p\u00e5 at den nye l\u00e6replanen tydelig m\u00e5 beskrive hvilke krav som stilles til hovedm\u00e5l og sidem\u00e5l. Vurdering i faget er en del av l\u00e6replanen som forskrift, og bestemmelser om elevvurdering m\u00e5 p\u00e5 en god m\u00e5te reflektere innholdet i kompetansem\u00e5lene. L\u00e6replanen i fellesfaget norsk er gjennomg\u00e5ende, og det skal v\u00e6re godt samsvar mellom kompetansem\u00e5l og vurderingsordninger etter avsluttet grunnskole og videreg\u00e5ende oppl\u00e6ring. I form\u00e5lsteksten for norskfaget m\u00e5 form\u00e5let med oppl\u00e6ringen i sidem\u00e5l framg\u00e5 tydelig. (s. 54)<\/p><\/blockquote>\n<p>S\u00e5 tydeleg kan det alts\u00e5 seiast: Kompetansem\u00e5la heng n\u00e6rt saman med vurderingsordningane.<\/p>\n<p>V\u00e5ren 2010 sette Udir ned \u201dForum for norskfaget\u201d, samansett av 19 personar (l\u00e6rarar og l\u00e6rarutdannarar). Forumet skal bidra til \u00e5 vidareutvikla norskfaget og \u201dpeika p\u00e5 utfordringar, gje r\u00e5d og foresl\u00e5 tiltak, og det skal identifisera behov for kompetanseutvikling\u201d. Dette st\u00e5r i <a href=\"http:\/\/www.udir.no\/Lareplaner\/Forsok-og-pagaende-arbeid\/Gjennomgang-av-norskfaget\/Forum-for-norskfaget-er-oppretta\/Forum-for-norskfaget---Delrapport-oktober-2011\/\">delrapporten fr\u00e5 forumet som kom i oktober 2011<\/a>,\u00a0som er ei dr\u00f8fting b\u00e5de av vurderingsordningar og l\u00e6replaninnhald. Her vert det skissert fleire alternativ til vurderingsordningar (karakterar og eksamen) i hovudm\u00e5l og sidem\u00e5l b\u00e5de p\u00e5 ungdomssteget og i vidareg\u00e5ande, og tilr\u00e5dinga er tydeleg p\u00e5 at karaktertalet b\u00f8r reduserast. Forumet vil ha \u00e9in karakter i norsk p\u00e5 kvart av \u00e5rsstega Vg1, Vg2 og Vg3 (felles for hovudm\u00e5l, sidem\u00e5l og munnleg). I Vg1 og 2 vil forumet undervegsvurderingar, i Vg3 ein standpunktkarakter som kjem p\u00e5 vitnem\u00e5let. Men d\u00e5 skal det \u00f2g innf\u00f8rast ein obligatorisk avsluttande eksamen i skriftleg sidem\u00e5l etter Vg2. Forumet tek \u00f2g til orde for \u00e5 (gjen)innf\u00f8ra ein standpunktkarakter i norsk etter Vg2 som kjem p\u00e5 vitnem\u00e5let fordi innhaldet i faget i Vg2 vil skilja seg mykje fr\u00e5 innhaldet i Vg3 (p\u00e5 grunn av avsluttande sidem\u00e5l).<\/p>\n<p>Forumet er \u00f2g sv\u00e6rt tydeleg p\u00e5 at bokm\u00e5lselevar f\u00e5r for d\u00e5rleg oppl\u00e6ring i nynorsk sidem\u00e5l p\u00e5 grunn av at l\u00e6rarane ikkje har n\u00f8dvendig kompetanse og fordi det er mange d\u00e5rlege haldningar til nynorsk ute og g\u00e5r. Og viktigast: Forumet er gjentekne gonger inne p\u00e5 at \u201ddersom sidem\u00e5let blir borte fr\u00e5 den formelle dokumentasjonen p\u00e5 gjennomg\u00e5tt oppl\u00e6ring, vil det lett kunna forsvinna fr\u00e5 oppl\u00e6ringa\u201d. Sluttrapporten fr\u00e5 Forum for norskfaget skal etter planen koma i februar 2012, og forumet har nok f\u00e5tt eitt og anna \u00e5 tenkja p\u00e5 etter den siste veka.<\/p>\n<p><strong>3. Hendingane den siste veka<\/strong><\/p>\n<p>Og d\u00e5 er me framme ved det illgjetne brevet fr\u00e5 Udir til Kunnskapsdepartementet 19. januar som var opphavet til vekas rabalder. Brevet er omfattande (16 sider), og tittelen etterlet ingen tvil om kva poenget er: <a href=\"http:\/\/www.udir.no\/Upload\/larerplaner\/forsok\/norskbrev.pdf?epslanguage=no\">Styrking av skriftleg hovudm\u00e5l, avgrensing av skriftleg sidem\u00e5l og endring av vurderingsordningane i norskfaget i samband med revisjonen av l\u00e6replanen i norsk<\/a>.\u00a0 Og berre for \u00e5 minna om det: I oppdragsbrevet fr\u00e5 KD til Udir 6.12.2010 vart alts\u00e5 Udir beden om \u00e5 varsla endringar som galdt vurderingsodningane i norsk s\u00e5 tidleg som r\u00e5d. Det er dette dei gjer med brevet.<\/p>\n<p>Udir tek utgangspunkt i f\u00f8ringane i stortingsdokumenta, s\u00e6rleg ungdomsskulemeldinga, og i delrapporten fr\u00e5 Forum for norskfaget. Udir-brevet er <a href=\"http:\/\/purisme.blogspot.com\/2012\/01\/kristin-halvorsen-som-den-nye-kristin.html\">godt og grundig analysert av Endre Brunstad<\/a>, S\u00e5 eg oppsummerer det her i nokre f\u00e5 punkt. For det fyrste er brevet, i etterp\u00e5klokskapens ljos, ein logisk konsekvens av f\u00f8ringane som er lagde i oppdragsbrevet og ungdomsskulemeldinga. For det andre har deltilr\u00e5dinga fr\u00e5 Forum for norskfaget vore ein viktig premissleverand\u00f8r n\u00e5r det gjeld kutt i standpunktkarakterar og eksamen i sidem\u00e5l, men MINUS dei atterhalda som forumet dreg opp, alts\u00e5 at ein m\u00e5 ha avsluttande obligatorisk eksamen i sidem\u00e5l etter Vg2 for \u00e5 unng\u00e5 at sidem\u00e5lsundervisninga vert prioritert kraftig ned. Og for det tredje fokuserer brevet mykje p\u00e5 problema med sidem\u00e5lsundervisninga og knapt noko p\u00e5 det utviklingsarbeidet som er gjort \u2013 <a href=\"http:\/\/www.nynorsksenteret.no\/\">Nynorsksenteret<\/a> er til d\u00f8mes ikkje nemnt anna enn i ein uviktig fotnote.<\/p>\n<p>I kva grad tilr\u00e5dingane i brevet var avklart politisk med den politiske leiinga i KD p\u00e5 f\u00f8rehand, er ikkje offentleg kjend.\u00a0Brevet er dagsett torsdag 19. januar, og den politiske leiinga i KD har truleg byrja fors\u00f8ka p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 avklart dette politisk i regjeringsapparatet og regjeringspartia same dagen, om ikkje f\u00f8r. Av det som er kome fram offentleg denne veka, er det tydeleg at Halvorsen fekk Ap med p\u00e5 laget (ingen protestar fr\u00e5 det haldet), delar av SV fekk ho IKKJE med seg (protestane har hagla), og heller ikkje Sp der Liv Signe Navarsete som einaste statsr\u00e5d har teke offentleg avstand fr\u00e5 framlegga og gjort det klart at dette ikkje har vore oppe i regjeringa.<\/p>\n<p>Men kva var det eigenleg som hende? Saka eksploderte tysdag, p\u00e5 Nyhendemorgon p\u00e5 NRK P2 og i Dagsavisen, som ser ut til \u00e5 ha f\u00e5tt saka eksklusivt og har eit stort intervju med Halvorsen. Saka vart seld inn av informasjonsavdelinga i Kunnskapsdepartementet. Eit notat tok til \u00e5 sirkulera m\u00e5ndag, men det ser faktisk ikkje ut til \u00e5 vera lagd ut p\u00e5 nettet, s\u00e5 eg legg det ut her (sj\u00e5 <a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-content\/uploads\/2012\/01\/Norskfaget-budskap.doc\">Norskfaget &#8211; budskap<\/a>). Notatet vart send til media (truleg berre utvalde), og word-dokumentet er oppretta av Egil Knudsen (informasjonssjefen i KD) og vart if\u00f8lgje dokumenteigenskapane oppretta m\u00e5ndag 23\/1 i 10-tida.<\/p>\n<p>Her kjem den politiske avklaringa p\u00e5 noko av det Udir ville ha svar p\u00e5. I notatet heiter det:<\/p>\n<blockquote><p>U-dir har i brev til departementet bedt om \u00e5 kunne arbeide videre med f\u00f8lgende:<\/p>\n<ol start=\"1\">\n<li>Skriftlig sidem\u00e5l beholdes p\u00e5 ungdomstrinnet og studieforbr vgo, men med tydelig prioritering av hovedm\u00e5let ogs\u00e5 i form\u00e5lsteksten.<\/li>\n<li>Ulike kompetansem\u00e5l for skriftlig hovedm\u00e5l og sidem\u00e5l som synliggj\u00f8r at det stilles ulike krav til m\u00e5loppn\u00e5else for de to m\u00e5lformene.<\/li>\n<li>Oppl\u00e6ringen i lesing generelt, og s\u00e6rlig av nynorske tekster styrkes gjennom hele oppl\u00e6ringsl\u00f8pet og s\u00e6rlig p\u00e5 barnetrinnet<\/li>\n<li>Antall standpunktkarakterer p\u00e5 ungdomstrinnet reduseres fra tre til to: en karakter i muntlig og en i skriftlig.<\/li>\n<li>Eksamen: elevene kan trekkes ut til en sentralgitt skriftlig eksamen i sitt hovedm\u00e5l etter 10.<\/li>\n<li>Antall standpunktkarakterer i vgo \u2013 studieforberedende reduseres fra tre til to: en karakter i muntlig og en i skriftlig.<\/li>\n<li>Eksamen: obligatorisk eksamen p\u00e5 studieforberedende i hovedm\u00e5l Vg3 som i dag, trekkfageksamen i skriftlig sidem\u00e5l som i dag, men med en annen innretning enn eksamen i hovedm\u00e5l.<\/li>\n<\/ol>\n<p>KD vil gi u-dir i oppgave \u00e5 arbeide videre med et forslag til hvordan pkt 1 \u2013 3 kan gjennomf\u00f8res. Det tas ikke endelig stilling til disse sp\u00f8rsm\u00e5lene f\u00f8r etter h\u00f8ringsrunden om ca et \u00e5r.\u00a0 Da kan departementet f\u00f8lge U-dirs forslag, legge fram et eget forslag eller beholde dagens kompetansem\u00e5l.<\/p><\/blockquote>\n<p>Halvorsen hadde fleire alternativ her. Ho kunne sagt til Udir at:<\/p>\n<p>a) det er uaktuelt \u00e5 svekka vurderinga (separat karakter, eksamen) i sidem\u00e5l, s\u00e5 dei planane kan dei berre leggja bort.<br \/>\nb) det er ikkje aktuelt \u00e5 ta stilling til noko av dette no, Udir f\u00e5r koma attende neste \u00e5r med ei tilr\u00e5ding om alt<br \/>\nc) alt er greitt, alts\u00e5 at KD gjev ei politisk klarering p\u00e5 samansl\u00e5ing av karakterar og avskaffing av eigen sidem\u00e5lseksamen<br \/>\nd) ei melloml\u00f8ysing med klarering av reduserte kompetansem\u00e5l (1-3) og utsetjing av vurderingsordningane<\/p>\n<p>Halvorsen valde l\u00f8ysing (d), og ho nytta <em>ikkje<\/em>\u00a0det opplagde h\u00f8vet ho hadde, korkje til \u00e5 seia at det er uaktuelt \u00e5 redusera vurderinga i sidem\u00e5l eller \u00e5 seia tydeleg kvar grensa g\u00e5r for henne i reduksjon av vurderingsordningane. Ho kunne ha sagt at ho slutta seg til l\u00f8ysinga til Forum for norskfaget, men gjorde ikkje det heller.<\/p>\n<p>Det kan leggjast til at <a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/nb\/dep\/kd\/aktuelt\/nyheter\/2012\/norskfaget-skal-endres.html?id=670439\">den offisielle pressemeldinga fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet om saka tysdag 24. januar<\/a> ikkje seier noko om dei politiske avklaringane Halvorsen har gjort. &laquo;- Forslagene m\u00e5 vurderes n\u00f8ye, og jeg vil v\u00e6re opptatt av god dialog med akt\u00f8rer og interesseorganisasjoner underveis i prosessen, sier kunnskapsministeren.&raquo; Den som les pressemeldinga kan s\u00e5leis bli villeia til \u00e5 tru at Halvorsen ikkje har teke stilling til noko av det som Udir har kome med.<\/p>\n<p>Det gjenst\u00e5r \u00e5 sj\u00e5 kva KD svarar til Udir \u2013 det formelle svarbrevet er etter det eg veit framleis ikkje sendt. Det me har \u00e5 halda oss til er s\u00e5leis pressenotatet, som \u00f2g samsvarar sv\u00e6rt godt med det Halvorsen fortalde \u00e5lmenta tysdag-onsdag.<\/p>\n<p>Det har vorte hevda at det er Udir som har kome med eit framlegg, og at KD\/Halvorsen ikkje har teke stilling til det. Det er formelt rett \u2013 det skjer neste haust etter at saka har vore p\u00e5 h\u00f8yring, men alle med eit minimum av kjennskap til politiske prosessar veit at ei politisk avklaring som Halvorsen gjorde i media denne veka, langt p\u00e5 veg er den r\u00f8ynlege avgjerda. Det gjeld alts\u00e5 berre kompetansem\u00e5la (oppgradering av hovudm\u00e5l, nedgradering av sidem\u00e5l), ikkje vurderingsordningane, som ho alts\u00e5 har nekta \u00e5 svara p\u00e5 kva ho vil gjera med. Men alle dokumenta f\u00f8re\u00e5t som legg f\u00f8ringane her, peikar mot ein reduksjon i karakterar og eksamen i h\u00f8ve til dagens ordning. For \u00e5 minna om kva KD si ungdomsskulemelding seier om l\u00e6replanarbeidet (sj\u00e5 ovanfor): &laquo;&#8230;det skal v\u00e6re godt samsvar mellom kompetansem\u00e5l og vurderingsordninger etter avsluttet grunnskole og videreg\u00e5ende oppl\u00e6ring.&raquo;\u00a0Om den politiske leiinga i KD i r\u00f8ynda ogs\u00e5 har teke ei avgjerd p\u00e5 pkt 4-7 og vil signalisera noko \u2019underh\u00e5nden\u2019 til Udir om dette, har eg ikkje grunnlag for \u00e5 spekulera i. Men ein slik arbeidsm\u00e5te er heilt vanleg. Heilt vanleg er det \u00f2g at det er l\u00f8pande kontakt mellom departement og underliggjande organ om slike prosessar, s\u00e5 KD hadde nok god kunnskap om kva som kom til \u00e5 st\u00e5 i brevet fr\u00e5 Udir.<\/p>\n<p>Det er \u00f2g hevda at dette er eit h\u00f8yringsframlegg. Det er det ikkje. Udir har spurt KD om ei avklaring p\u00e5 nokre punkt som KD har bede om \u00e5 f\u00e5 avklara \u2013 det er saka. Dette skal ikkje p\u00e5 h\u00f8yring f\u00f8r heile l\u00e6replanpakka er klar neste haust. Og ein skal vera noko naiv for \u00e5 tru at ikkje dei fleste avgjerdene i r\u00f8ynda er tekne i god tid f\u00f8r saka kjem p\u00e5 h\u00f8yring.<\/p>\n<p>Ein ting er heilt nytt i pressenotatet i h\u00f8ve til brevet fr\u00e5 Udir 19. januar og dokumenta f\u00f8re\u00e5t: Det er tiltakspakka for \u00e5 hjelpa dei med nynorsk som hovudm\u00e5l til \u00e5 halda p\u00e5 m\u00e5let sitt. Rett nok er det meste av dette rein repetisjon av det som stod i stortingsmeldingane \u201dM\u00e5l og meining\u201d og \u201dSpr\u00e5k bygger broer\u201d (2008), men det er \u2019artig \u00e5 h\u00f8r det l\u00e6ll\u2019, som var tittelen p\u00e5 ein gamal tr\u00f8nderskr\u00f8neklassikar. Nytt var iallfall ideen om eit ekstra poeng for dei som har nynorsk hovudm\u00e5l. Her har nok Halvorsen hatt hjelp av kreative sjeler i m\u00e5lr\u00f8rsla (nokon som rekk opp handa?).<\/p>\n<p>Ekstrapoenget f\u00e5r kloke hovud vurdera om er klokt, men alt i alt m\u00e5 ein berre ta alt slikt vel imot og arbeida hardt for at tiltaka for nynorskeelevane denne gongen vert sette ut i livet. Men nokon samanheng med nynorsk som sidem\u00e5l har det ikkje. Og likskapen i strategi er sl\u00e5ande til Kristin Clemet sitt opplegg d\u00e5 ho var utdanningsminister og selde inn ei svekking av sidem\u00e5lsordninga med ein innsats for nynorsk hovudm\u00e5l i 2005. Det resulterte i minsto i Nynorsksenteret, som Udir og KD no ikkje finn grunn til \u00e5 nemna i dokumenta dei sender fr\u00e5 seg.<\/p>\n<p>For dei spesielt byr\u00e5kratisk interesserte kan det leggjast til at brevet fr\u00e5 Udir kjem fr\u00e5 Avdeling for vurdering (I) i\u00a0Divisjon for analyse og vurdering. Det kjem ikkje fr\u00e5 L\u00e6replanavdelinga som ligg under Divisjon for innhald og utvikling. S\u00e5 kan ein gissa: Vert dei viktigaste f\u00f8ringane som gjeld sidem\u00e5lsordninga lagde i Avdeling for vurdering eller i L\u00e6replanavdelinga? Dei vert iallfall neppe lagde av <a href=\"http:\/\/www.udir.no\/Lareplaner\/Forsok-og-pagaende-arbeid\/Gjennomgang-av-norskfaget\/\">l\u00e6replangruppa i norsk<\/a>.<\/p>\n<p><strong>4. Konklusjon<\/strong><\/p>\n<p>Somme meiner hjarta til Kristin Halvorsen bankar for nynorsk, andre meiner ho er del av ein konspirasjon som vil ta knekken p\u00e5 nynorsk s\u00e5 raskt som r\u00e5d. Ikkje veit eg, og i alle h\u00f8ve er det uinteressant.<\/p>\n<p>I denne saka er to andre ting langt viktigare. For det fyrste: korleis det er laga ein l\u00e6replanprosess av det utdanningsbyr\u00e5kratiske maskineriet, politisk avklart og st\u00f8tta av departementet, der sidem\u00e5lsordniga er eit h\u00e5r i suppa. Det er i og for seg gamalt nytt. Vona for m\u00e5lr\u00f8rsla har sidan 1885 lege i politisk overstyring av (utdannings)byr\u00e5kratiet.<\/p>\n<p>For det andre: Eg held ein knapp p\u00e5 konsekvensetikken framfor sinnelagsetikken. Vegen til valfritt sidem\u00e5l er brulagd med gode nynorskforsett.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Den siste veka har mange av oss hissa oss temmeleg mykje opp over ymse utspel fr\u00e5 Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet\/Kristin Halvorsen om sidem\u00e5l. Det herskar ikkje s\u00e5 reint lite forvirring om kva som har skjedd og skjer. Her er ein freistnad &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/sidemalssaka-bakgrunn-og-oppsummering\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[20],"tags":[],"class_list":["post-928","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-malsak"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/928"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=928"}],"version-history":[{"count":11,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/928\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":931,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/928\/revisions\/931"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=928"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=928"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=928"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}