{"id":949,"date":"2012-02-03T22:45:33","date_gmt":"2012-02-03T20:45:33","guid":{"rendered":"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=949"},"modified":"2012-09-27T14:33:36","modified_gmt":"2012-09-27T12:33:36","slug":"kristins-time-dag-og-tid-32","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/kristins-time-dag-og-tid-32\/","title":{"rendered":"Kristins time (DT 3\/2)"},"content":{"rendered":"<p>Det vart seige dagar for trauste SV-arar f\u00f8rre veke. Utspelet fr\u00e5 kunnskapsminister Kristin Halvorsen om \u00e5 svekkja kompetansem\u00e5la for sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa i l\u00e6replanen kom som lyn fr\u00e5 klar himmel. I alle fall i lys av partiprogrammet. Men les ein seg bakover i dei politiske styringsdokumenta, kjem Halvorsens utspel slett ikkje overraskande.<!--more--><\/p>\n<p>I april-mai 2008 kom regjeringa med to tunge spr\u00e5kpolitiske stortingsmeldingar med ei vekes mellomrom; \u00abM\u00e5l og meining\u00bb fr\u00e5 Kulturdepartementet og \u00abSpr\u00e5k bygger broer\u00bb fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet. Meldingane var samk\u00f8yrde, b\u00e5e gjekk inn p\u00e5 sidem\u00e5lsundervisninga, og b\u00e5e slo fast at ho \u00abm\u00e5 utviklast og utbetrast, ikkje reduserast\u00bb.<\/p>\n<p><strong>Problemet nynorsk<\/strong><\/p>\n<p>Men i fjor v\u00e5r kom s\u00e5 Kunnskapsdepartementet si stortingsmelding om ungdomsskulen (\u00abMotivasjon &#8211; Mestring &#8211; Muligheter\u00bb). Ho byggjer p\u00e5 eit heilt anna spr\u00e5kpolitisk grunnlag:<\/p>\n<p>\u00abI forarbeidet til denne stortingsmeldingen har det kommet mange innspill om oppl\u00e6ringen i sidem\u00e5l fra elever som deltok i Kristins time. Kritikken kommer i hovedsak fra elever som har nynorsk som sidem\u00e5l, men den gjelder ikke nynorskoppl\u00e6ringen generelt. Mange setter pris p\u00e5 nynorsk skj\u00f8nnlitteratur, og de anerkjenner andres rett til \u00e5 velge et annet hovedm\u00e5l enn det de har. Det er f\u00f8rst og fremst oppl\u00e6ringen i skriftlig nynorsk mange elever synes er utfordrende.\u00bb<\/p>\n<p>Dette blir inngangen til tung tids tale om problemet nynorsk. I sentrum st\u00e5r dei negative haldningane til nynorsk og at oppl\u00e6ringa i nynorsk sidem\u00e5l ofte er mislukka. \u00abSpr\u00e5k bygger broer\u00bb og \u00abM\u00e5l og meining\u00bb gjekk grundig inn p\u00e5 utviklingsarbeidet som er gjort p\u00e5 undervisning i nynorsk sidem\u00e5l og peika p\u00e5 kva som kjenneteiknar god nynorskundervisning. Men dette er heilt fr\u00e5verande i ungdomsskulemeldinga. Det einaste som st\u00e5r att, er problematiseringa av den skriftlege sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa. Dette forsvarte Halvorsen med at ho la vekt p\u00e5 synspunkta fr\u00e5 \u00aben tiln\u00e6rmet representativ gruppe av elever fra ungdomstrinnet. Av respekt for elevene jeg har m\u00f8tt, har jeg valgt ikke \u00e5 overse en av de tydeligste tilbakemeldingene jeg fikk fra dem\u00bb (Dag og Tid 30.9.11).<\/p>\n<p><strong>Negativt for sidem\u00e5let<\/strong><\/p>\n<p>Arbeidet med \u00e5 revidera l\u00e6replanane for grunnskule og vidareg\u00e5ande skule var d\u00e5 godt i gang. Utdanningsdirektoratet fekk oppdragsbrevet fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet 6. desember 2010. Departementet bad her direktoratet \u00abvurdere l\u00e6replanen i norsk inkl. vurdering i faget (standpunktvurdering og eksamen) knyttet til hovedm\u00e5l og sidem\u00e5l. Forslag til endringer p\u00e5 dette omr\u00e5det m\u00e5 varsles og dr\u00f8ftes med departementet p\u00e5 et s\u00e5 tidlig tidspunkt som mulig.\u00bb Dette er omtala i ungdomsskulemeldinga eit halv\u00e5r etter, og her presiserer departementet at \u00abdet skal v\u00e6re godt samsvar mellom kompetansem\u00e5l og vurderingsordninger etter avsluttet grunnskole og videreg\u00e5ende oppl\u00e6ring\u00bb.<\/p>\n<p>Utdanningsdirektoratet sette v\u00e5ren 2010 ned \u00abForum for norskfaget\u00bb, samansett av nitten l\u00e6rarar og l\u00e6rarutdannarar. Det er ein viktig r\u00e5dgjevar i l\u00e6replanrevisjonen og kom med ein delrapport i oktober 2011. Forumet vil ha ned talet p\u00e5 karakterar norskfaget, og det g\u00e5r inn for \u00e5 innlemma sidem\u00e5lskarakteren i ein felles standpunktkarakter i norsk. Forumet er likevel klar p\u00e5 at dette f\u00e5r negative f\u00f8lgjer for sidem\u00e5l: \u00abdersom sidem\u00e5let blir borte fr\u00e5 den formelle dokumentasjonen p\u00e5 gjennomg\u00e5tt oppl\u00e6ring, vil det lett kunna forsvinna fr\u00e5 oppl\u00e6ringa\u00bb. Forumet vil difor kompensera ved \u00e5 innf\u00f8ra avsluttande obligatorisk eksamen i sidem\u00e5l etter andre klasse p\u00e5 vidareg\u00e5ande.<\/p>\n<p><strong>Gl\u00f8ymer sidem\u00e5let<\/strong><\/p>\n<p>Rabalderet sist veke vart utl\u00f8yst av det brevet Utdanningsdirektoratet sende til Kunnskapsdepartementet (19.1.) om \u00abStyrking av skriftleg hovudm\u00e5l, avgrensing av skriftleg sidem\u00e5l og endring av vurderingsordningane i norskfaget i samband med revisjonen av l\u00e6replanen i norsk\u00bb. Dette var alts\u00e5 eit brev departementet bad om d\u00e5 Utdanningsdirektoratet fekk l\u00e6replanoppdraget. N\u00e5r direktoratet konkluderer med styrking av hovudm\u00e5lsundervisninga p\u00e5 kostnad av sidem\u00e5lsundervisninga, tek det alts\u00e5 berre konsekvensen av f\u00f8ringane som er lagde i oppdragsbrevet og ungdomsskulemeldinga og ikkje minst i rapporten fr\u00e5 Norskfagsforumet. Men Utdanningsdirektoratet ser heilt bort fr\u00e5 det viktigaste i Norskfagsforumet sin rapport: At ein m\u00e5 halda p\u00e5 separat vurdering i sidem\u00e5l for \u00e5 unng\u00e5 at det blir \u00abg\u00f8ymt og gl\u00f8ymt\u00bb i undervisninga.<\/p>\n<p>Synet til kunnskapsministeren p\u00e5 forslaga til direktoratet vart lagt ope i eit notat som informasjonssjefen i Kunnskapsdepartementet sende til utvalde medium m\u00e5ndag i f\u00f8rre veke. Det seier at direktoratet f\u00e5r politisk klarering til \u00e5 g\u00e5 vidare med nettopp \u00e5 utvikle ulike kompetansem\u00e5l i hovudm\u00e5l og sidem\u00e5l. Dei fire neste punkta, som galdt avskaffing av separat vurdering og eksamen i sidem\u00e5l, ville ikkje departementet ta stilling til f\u00f8r dei endelege l\u00e6replanframlegga kjem hausten 2012. I media vart dette framstilt som at kunnskapsministeren ikkje ville ta stilling, men det var jo klart at ho ville ta stilling til kompetansem\u00e5la. Desse svara hennar legg diverre sterke f\u00f8ringar for kva direktoratet vil g\u00e5 inn for n\u00e5r det gjeld vurderingsordningar &#8211; for som departementet sj\u00f8lv skriv i ungdomsskulemeldinga: \u00abdet skal v\u00e6re godt samsvar mellom kompetansem\u00e5l og vurderingsordninger\u00bb.<\/p>\n<p><strong>B\u00f8r setja grenser<\/strong><\/p>\n<p>Kunnskapsministeren kan velja annleis. Ho kan setja ei tydeleg grense for kor langt Utdanningsdirektoratet kan g\u00e5 n\u00e5r det gjeld svekking av vurderingsordninga i sidem\u00e5l i l\u00e6replanframlegget. Ho kan \u00f2g seia at ho ikkje tek stilling til noko, men ventar med alt til heile l\u00e6replanarbeidet er ferdig.<\/p>\n<p>Slik denne saka har g\u00e5tt dei siste to \u00e5ra, er det all grunn til uro for nynorsk som sidem\u00e5l. At kunnskapsministeren no l\u00e8t vera \u00e5 gripa inn, er eit aktivt val som styrer prosessen mot ei total avvikling av separat vurdering i sidem\u00e5l, og d\u00e5 skj\u00f8nar nok dei fleste, til liks med Forum for norskfaget, at nynorskundervisninga vil bli g\u00f8ymd og gl\u00f8ymd. Samstundes har nok styrken i reaksjonane p\u00e5 framlegget gjort det siste ordskiftet til ein nyttig skuletime i norsk spr\u00e5kpolitikk for kunnskapsministeren.<\/p>\n<p><em>Kronikk i Dag og tid, 3.2.2012<\/em><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?p=928\">Sj\u00e5 her for ein lengre versjon<\/a> med peikarar til dei nemnde dokumenta.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det vart seige dagar for trauste SV-arar f\u00f8rre veke. Utspelet fr\u00e5 kunnskapsminister Kristin Halvorsen om \u00e5 svekkja kompetansem\u00e5la for sidem\u00e5lsoppl\u00e6ringa i l\u00e6replanen kom som lyn fr\u00e5 klar himmel. I alle fall i lys av partiprogrammet. Men les ein seg bakover &hellip; <a href=\"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/kristins-time-dag-og-tid-32\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[20],"tags":[],"class_list":["post-949","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-malsak"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/949"}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=949"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/949\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1009,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/949\/revisions\/1009"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=949"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=949"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=949"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}