Ein ny bloggar

No bloggar visst alle, medrekna fruen, så det er vel ikkje nokon veg utanom. Eg byrjar friskt, så ser me kor lenge det varar. Dersom du både interesserer deg for soga til målrørsla, målstriden i dag, samfunns- og kulturliv i Jostedalen, lokalhistorie om Jostedalen, Luster og Sogn, og livet til huslyden vår på Haugamyrane, er dette den ideelle bloggen for deg. Om opptil fleire av desse emna interesserer deg mindre, kan dette bli langdryge saker.

Heimesida vår, www.krundalen.no, eksisterer framleis, og som før er det ein nettstad der det ikkje skjer all verda. Der finn du fyrst og fremst meir eller mindre glupe tekstar eg har skrive opp gjennom åra og informasjon om det unge og dynamiske firmaet Krundalen kulturtenester.

Ein gong kjem kanskje alt stoff på www.krundalen.no inn i bloggen – kven veit. Det får bli når ungane er store, iallfall større.

Dette innlegget vart lagt inn i Blogging. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *