1905 i Jostedalen (JSA 2005)

Hoel, Oddmund L. (2005). 1905 i Jostedalen. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 49), 6-7. – Tale på Breheimsenteret i høve ”Hundreårsmarsjen” Gjerde–Breheimsenteret 7. juni 2005.

Hundreårsjubileet for unionsoppløysinga har vorte feira i det vide og breie i år, som rett og rimeleg er. Ved slike jubileum er det særleg det som hende på nasjonalt plan og dei sentrale aktørane ein høyrer mest om, som Christian Michelsen og Haakon 7. Her skal me i staden sjå det heile nedanfrå – korleis dei store politiske hendingane i 1905 arta seg i ein avkrok som Jostedalen.

Klokka 10.35 den 7. juni 1905 vedtok Stortinget at unionen var å rekna som oppløyst. Bakgrunnen var at Noreg gjennom fleire år hadde kravd å få skipa sitt eige konsulatvesen. Utanrikspolitikken låg til kongen og var i praksis styrt av Sverige, og dette høvde dårlegare og dårlegare for sjøfarts- og handelsnasjonen Noreg som hadde andre utanrikspolitiske interesser enn Sverige. Våren 1905 toppa det seg då heile det norske politiske miljøet med statsminister Michelsen i spissen sette hardt mot hardt for å driva gjennom kravet om eigne norske konsular, same om konsekvensen vart sprenging av unionen. Sist i mai vart det klårt at unionskongen nekta å godta (sanksjonera) Stortinget sitt vedtak om å oppretta eit norsk konsulatvesen, og over heile landet gjekk folk no i spaning og venta på det neste trekket frå Stortinget.

Kor raskt fekk jostedølene vita om unionsoppløysinga? Telefon- og telegrafnettet var bygt kraftig ut kring hundreårsskiftet. Sognabygdene var knytte til det nasjonale telenettet, og internasjonalt knytte telegrafen saman dei fleste verdshjørne fram mot hundreårsskiftet. Det kom til uttrykk i avisene ved at noko av det som fekk mest spalteplass vinteren og våren 1905, var den store russisk-japanske krigen på hi sida av kloten. Dei færraste i dag kjenner til krigen, men sognaavisene gav ut temanummer om han i 1905.

Den fyrste meldinga om stortingsvedtaket 7. juni nådde fram til Sogndal på under ein halvtime, og det gjekk under to timar før avisa i Sogndal sat på den nøyaktige ordlyden. Me kan gå ut ifrå at ei så viktig melding nådde ut til dei fleste sognabygder og sogningar gjennom dei lokale telegraf- og telefonstasjonane alt same ettermiddagen.

Men – det var éin kommune i Indre Sogn som ikkje var på telenettet i 1905 – det var sjølvsagt Jostedalen. Gaupne og Marifjøra hadde fått rikstelefonstasjonar i 1899, så spørsmålet er om nokon råkøyrde med hest og kjerre om ettermiddagen 7. juni slik at nyhendet nådde hit same dagen. Det veit me ikkje, men dei hadde iallfall veg å køyra på, for den nye køyrevegen frå Gaupne til Fåberg stod ferdig i 1891.

Dei to avisene våre i 1905 var den radikale venstre- og nynorskavisa Sogns Tidende i Sogndal og den konservative riksmålsavisa Sogningen i Vik. Båe kom med dei fyrste ordinære utgåvene etter 7. juni på fredag 9. juni, og dei nådde neppe fram til Jostedalen same dagen. At posten kunne ta si tid, fekk presten òg merka. Sundag 11. juni var fyrste pinsedag, og Stortinget hadde bede prestane lesa opp ei kunngjering om unionsoppløysinga under gudstenesta. Den hadde ikkje presten vår fått, men han hadde fått med seg oppmodinga, så han skreiv i protokollen sin at ”Norges stortings beslutning af 7/6 blev omtalt; særskilt bøn for fædrelandet opsendtes; ’Vor Gud han er så fast en borg’ blev afsunget staaende.” Neste sundag hadde han endeleg fått brevet, så då tok dei det likegodt ein gong til: ”Kundgjørelse til det norske folk ang. 7. juni beslutningen oplæstes hvorefter man staaende sang: Gud signe vaart Dyre fædraland.” Dermed var Jostedalen òg endeleg ute av unionen med Sverige.

Den 13. august var det folkerøysting om unionsoppløysinga. Oppmøtet var på heile 85 prosent, og 370 000 røysta ja og berre 184 nei. Folkerøystingsdagen vart ein stor festdag over heile landet, og Jostedalen var ikkje noko unntak. Sogns Tidende fortel at: ”Uppglødde for fridomen var folkehopen, som i marstakt og under flagd og sang hasta mot kyrkja. Der vart fedralandssangen ’Gud signe vaart dyre fedraland’ – sungen fyre røystingi og etterpaa ’Ja, vi elsker’.” Dei song for å koma i stemning den gongen òg.

Formann i valstyret var lensmann Hermund Tvedt, og med seg hadde han ordførar Lars R. Faaberg, varaordførar Anders J. Grov og sekretæren (dvs. banksjefen) i Jostedal sparebank, Nils H. Bruheim. Det budde kring 940 folk i Jostedalen i 1905, mest dobbelt så mange som i dag, men berre menn hadde røysterett, så det var i alt 175 som røysta, og alle røysta ja. Det var kanskje ikkje så rart, for i heile fylket var det berre tre som røysta nei til unionsoppløysinga. Spreiddbygde Jostedalen var mellom dei beste kommunane i fylket med 96 prosent frammøte! Så det var ingen tvil om at jostedølene stilte seg heilt og fullt bak avgjerda i Stortinget. Dei fem røysteføre som ikkje møtte fram, slapp ikkje så lett. I Sogns Tidende kan me lesa at tre av dei var borte frå bygde, så det var greitt. ”Men dei andre tvo, Anders N. Bjørheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime.”

Unionsoppløysinga hadde massiv støtte i folket, men det vart òg arbeidd knallhardt for at så mange som mogleg skulle møta fram og røysta ja, så avisene var temmeleg einsretta. Før røystinga gjekk det mange rykte om bygder der det var fare på ferde. Sogns Tidende var redd for at ”veitastrendingarne er so politisk formyrka og skakkøyrde at dei mannjamt vilde røysta nei”. Men eit folkemøte på Soget 6. august gjorde heldigvis at ”skodda dreiv burt fraa grend etter grend”. Ein strek i rekninga var det likevel at mange veitastrendingar ikkje fekk røysta fordi propellen på båten rauk.
Så fylgde nervepirrande veker der norske og svenske styresmakter sat saman til forhandlingar i Karlstad i Sverige og tinga om unionsoppløysinga medan norske og svenske soldatar stod skotklåre på båe sider av grensa. Om jostedøler var mellom dei som vart mobiliserte til grensevakt, veit ikkje eg, men det hadde vore moro å vita. Det løyste seg då dei norske forhandlarane la seg flate for svenske krav om å riva dei 2-3 år gamle grensefestningane.

I november var det klårt for siste episode av det dramatiske året 1905: folkerøystinga om republikk eller kongedøme. Denne gongen var meiningane svært delte. Regjeringa og den økonomiske og politiske eliten ville halda på kongedømet av omsyn til utlandet og ville tilby den norske trona til den danske prins Carl – han som vart Haakon 7. Men det var òg sterke radikale og folkelege krefter som meinte republikk med ein folkevald president var langt meir demokratisk enn eit kongedøme som gjekk i arv, og 12. og 13. november skulle det avgjerast i ei folkerøysting. Norskdomsrørsla med Noregs Ungdomslag og nynorskavisa Den 17de Mai var sentrale i den republikanske rørsla.

På landsplan røysta 21 prosent for republikk. Jostedalen utmerka seg som den sognakommunen med flest røyster for republikk – kring 47 prosent, og låg dermed i lag med Stryn og Hornindal på fylkestoppen. Når ein samanliknar dei bygdene der republikanarane stod sterkt, er det særleg ein ting som slår oss: Dette var bygdene der målreisinga og nynorsken stod sterkt. I Jostedalen var nynorsken i praksis alt innført i fire av fem skulekrinsar i 1905, og 10. januar 1906 vart Jostedal mållag formelt skipa.

I romjula var det ein anonym, men godt nøgd jostedøl som oppsummerte året i Sogns Tidende. ”Det er i grunnen ei egte nasjonal fjellbygd Jostedalen, anten det no er det friske verlaget som gjer det, eller det er at Jostedalen gjenom lenger tid hev vore so lukkeleg at her hev vore gode aandelege arbeidarar. … Ein ny nasjonal straum hev fare gjenom dalen beint imot snoen fraa Jostedalsbreden.”

Litteratur

Oddmund L. Hoel: 1905 i Sogn: unionsoppløysing, republikanisme og målsak. Årbok for Sogn, 2005.
Oddmund L. Hoel: 1905 i Sogn. I: Lokale røyster i 1905. (Red. K. Hasle, J. Hyvik og H. Tafjord). Høgskulen i Volda 2005, s. 27-54.
1905 i Sogn og Fjordane. Skald 2005.
1905-nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, http://www.sffarkiv.no/1905/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *