Samandrag

Oddmund Løkensgard Hoel
Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940
Ph.d-avhandling, NTNU, november 2009

Avhandling tek føre seg korleis den nynorske målrørsla møtte og tok del i den omfattande moderniseringa av det norske samfunnet mellom 1885 og 1940. Dette var den store framgangsperioden for målreisinga, som kulminerte i 1940-åra då over halvparten av folkeskulekrinsane i landet hadde innført nynorsk.

Granskinga tek føre seg idear og strategiar i dei nasjonale elitemiljøa i målrørsla, og fleire tematiske spor blir følgde parallelt. Det er undersøkt korleis målrørsla orienterte og allierte seg i eit skiftande politisk landskap i perioden, særleg korleis ein møtte tilbakegangen til Venstre og framgangen til Arbeidarpartiet. Vidare har granskinga ei omfattande handsaming av kva syn og strategiar målrørsla hadde på urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarrørsla.

Konvergensen mellom kulturnasjonalismen til målrørsla og den politiske Venstre-nasjonalismen blir dregen fram som ei viktig forklaring på det sterke gjennomslaget for målreisingsideologien og det nynorske skriftspråket. Meir enn tidlegare granskingar blir dessutan den militærpolitiske aktivismen til målrørsla fram til fyrste verdskrigen framheva, ikkje minst som forklaring på at tilhøvet til Arbeidarpartiet i periodar var problematisk.

Den sterke urbaniseringa i perioden var ei stor utfordring for målreisinga. Det lukkast aldri målrørsla å utvikla reelle strategiar for å vinna byane, og konfliktlina by–land var gjennom heile perioden grunnleggjande i språkstriden. Dette var med på å fremja målreisinga på bygdene, men sette òg klare grenser for nynorskekspansjonen. Granskinga viser at det her ligg ein viktig kime til attendegangen for nynorsk etter andre verdskrigen.

Når det gjeld industrialiseringa, vert det lagt vekt på at målrørsla representerte eit forsvar for bygdesamfunnet, ikkje gjennom eit antiindustrielt program, men gjennom ein alternativ moderniseringsstrategi. Sentralt stod her ein småskalamodell der nye næringar og industri skulle integrerast i dei eksisterande bygdesamfunna. Storindustrien var målrørsla derimot sterkt skeptisk til, noko som mellom anna blir vist gjennom punktgranskingar av målstriden på fleire industristader.

Dette er den fyrste større granskinga av målrørsla og målreisinga i ein så brei samfunnskontekst og over eit tidsspenn frå 1880-åra til andre verdskrigen. Den omfattande litteraturen om målrørsla og målreisinga i perioden blir grundig vurdert. Teoretisk og metodisk er avhandlinga særleg inspirert av nyare norsk og internasjonal nasjonalisme- og moderniseringsteori, omgrepshistorie og militarismeforsking.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *