Noko om prestelivet i Jostedalen på 16- og 1700-talet, og mest om den ulukkelege Matthias Foss (kåseri 2010)

Hoel,  Oddmund L. (2010). Noko om prestelivet i Jostedalen på 16- og 1700-talet, og mest om den ulukkelege Matthias Foss. Uprenta kåseri på festkvelden til Jostdal sokneråd på Breheimsenteret 26.6.2010 i høve lanseringa av boka om Jostedal kyrkje.

Oppdraget mitt i dette bokprosjektet var opphavleg å skriva eit kapittel om Jostedal prestegard. Men så gjekk det raskt opp for meg at hovudfunksjonen til prestegarden fram til 1900-talet var å vera ein del av inntektssystemet til presten. Så ein må vel seia at eg tok meg til rette då eg skreiv eit kapittel om dei økonomiske vilkåra for presten i tillegg.  Det viste seg å vera ei overlag interessant historie. Når ein byrjar å få nasjonale samanliknande oversyn tidleg på 1800-talet, slår dei utvitydig fast at Jostedalen ikkje berre var eit skrøpeleg prestekall når det galdt presteinntekta, men jamvel det ringaste i heile kongeriket. Så her støyter me på prestar som verkeleg har måtta kjempa for føda. Samstundes blir denne delen av prestehistoria ein innfallsvinkel til heile samfunnshistoria i Jostedalen og dei villkåra som vanlege jostedøler levde under.

Jostedal kyrkje stod ferdig i 1660, same året som innføringa av eineveldet i Noreg der kongen tok all makt sette den gamle adelen til side. Dette er i vår samanheng ikkje uviktig. Med reformasjonen i 1536/37 tok kongemakta kontroll over den tidlegare sjølvstendige katolske kyrkja. Prestane vart ikkje berre Guds tenarar, men i aukande grad òg kongens og statens tenarar. Under eineveldet vart det statlege byråkratiet i Danmark-Noreg kraftig utbygt, effektivisert og sentralisert, og på lokalplanet spela prestane ein nøkkelfunksjon. Presten skulle kunngjera lover og forordningar for allmugen, ta opp manntal når det vart kravd, vera formann i skule- og fattigkommisjonane når dei vart oppretta midt på 1700-talet og ta seg av ei rad andre liknande verdslege oppgåver. Så viktig var presten at då Stortinget i det frie og demokratiske Noreg innførte det lokale sjølvstyret i 1837/38, vart prestegjeldsgrensene utan vidare lagde til grunn for formannskapsdistrikta, altså kommunegrensene.

Prest i Jostedalen under innføringa av eineveldet var Tøger Jensen, kyrkjebyggjaren. I presterekkja i Jostedalen er han den eine store ”profilen”, som det heiter i fotballspråket. Den andre store er Matthias Foss, som til liks med Jensen sat i embetet i heile 50 år. Men der Jensen står fram gjennom kjeldene som ein omtykt mann og noko av ein storkar i lokal målestokk, var det annleis med Foss. Og me skal her bruka Foss til å sjå nærare på prestelivet i Jostedalen.

Det einaste Foss er kjend for, er stykket Justedalens kortelige Beskrivelse (1750), som er ei hovudkjelde til folkelivet i Jostedalen på 1700-talet og gjev eit godmodig inntrykk av den unge presten. Men den medaljen hadde ei bakside.

Eg har ofte lurt på kva Foss må ha tenkt då han kom til Jostedalen. Han var fødd i København, som son av ein skippar, og søkte og fekk det ledige presteembetet i Jostedalen straks han var uteksaminert frå universitetet i København. Den 7. april 1742 kom 28-åringen Foss med den gravide kona si framover Jostedalen, sikkert ridande, på tampen av det me veit var ein hard snøvinter. Breane hadde lenge vore i sterk vekst og dalen mykje heimsøkt av flaum, skred og dårlege avlingar. På seinsommaren same året var det rettslege synsforretningar for å få sett ned skatten på gardane som naturkreftene hadde fare særleg hardt åt med (Mjølver, Elvekrok, Bergset, Ormberg, Åsen).

Møtet med Jostedalen må ha vore eit sjokk for Foss, med frost og misvekst som i resten av landet, og det vart ikkje betre då den store snøvinteren 1742/43 sette inn. No hadde fleire embetsmenn i området skjøna at det ikkje stod så sprekt til Jostedalen, så det vart utover vinteren sendt ein del brev til stiftsamtmann Jonas Lym i Bergen om den dramatiske stoda. Eitt av dei var frå Foss, i februar 1743, og det har truleg lege urørt i den sirleg ordna saksmappa til Danske kanselli (regjeringskontoret) fram til me fekk henta ho fram i samband med boka. Her klaga Foss si naud over ”hvorledis ieg med min Kone og barn ere færdige at crepere af mangel paa det nødtørstige daglige brød formedelst mit kalds ringe indkomster, der ikke eengang kand extendere(?) sig til halvdeelen af det [… en] klokker paa mange stæder haver aarlig til indtægt.” Allmugen er Foss mindre oppteken av i dette brevet, men me kan lesa at ”almuen har ikke i nogen Præstis tiid væred saa yderlig paa knæene, som nu”. Og ikkje nok med det: ”foruden dette at ieg maae mangle det brød ieg til nødtørstighed kunde putte i mund, har ieg […] væred i disse tiider dend store farligehed underkast, at tvende store sneeskred ere faldne af fieldene og Veltet sig tæt ind paa præstegaarden.” Meldinga er klar: ”om ieg ikke kand være saa lykkelig at obtinere meer til leevebrød, da førend ieg med kone og barn paa dette usle og jammerfulde stæd skal af hunger crepere”.

Foss streka opp to løysingar, som båe gjekk ut på å leggja ned Jostedalen som eige prestegjeld: anten kunne Jostedalen bli eit annekssokn til Luster, eller så kunne Gaupne skiljast ut frå Luster og bli hovudsokn i eit nytt prestegjeld med Jostedalen og kanskje Joranger som annekssokn. Det viktige for Foss var å koma seg bort. Men Foss måtte bli, og prestegjeldsgrensene vart ikkje endra. I staden kom det på våren 1743 sendande 200 tønner korn i rein naudhjelp til allmugen og presten i Jostedalen frå stiftsamtmannen i Bergen, med kongeleg velsigning og påteikning.

Då er me framme ved eit hovudpunkt i soga om Jostedal prestegjeld og presteembete: Kvifor i all verda vart Jostedalen halde oppe som eige prestegjeld? Foss var ikkje den fyrste som prøvde seg på ei samanslåing. I 1636 var jostedalspresten, biskopen og den mektige lensherren i Bergen, Jens Bjelke, som jamvel var ”Norges riges kansler”, saman om eit initiativ for å slå saman Gaupne og Jostedalen til eit nytt prestekall. Men det må ha vorte stogga av kongen og hans folk i København.

Før som no er lange avstandar, dårlege vegar og vanskeleg framkomst nytta som forklaring god nok på at Jostedalen måtte vera eige prestegjeld. Men prestehistorikaren Albert Hatting pirka alt i 1770-åra borti denne grunnen: ”Dette Kalds betydelige Avliggenhed fra Hoved-Kaldet Lyster … kand ikke have giort Andledning dertil; thi man haver langt fleere Kald her i Stiftet hvor Veyen baade er længere og formedelst Landets Situation saavel farligere, som meere besværlig end her.”

Me kan berre spekulera i årsakene, men mest har presten i Luster og hans allierte sett seg i sving for å unngå å mista inntektene frå det gode Gaupne annekssokn dei gongene endring av prestegjeldsgrensene kom opp. Når det galdt Foss, var det ein tilleggsgrunn: Kona hans var ”arrig og avindsyg”, som biskop Pontoppidan noterte seg i 1749, i meir moderne terminologi alvorleg psykisk sjuk. Så gale var det at prosteretten i Indre Sogn i 1763 sytte for å oppløysa ekteskapet, noko som var umogleg å få til for vanlege folk på denne tida og heilt umogleg for ein geistleg. Men ein prest og prestefamilie som Foss ville ikkje øvrigheita senda andre stader, så han var mot sin vilje forvist til å vera i Jostedalen resten av livet.

Endå grellare vert handsaminga av Foss når me alt i 1770-åra, 20 år før Foss døydde, ser at Jostedalen vart omtala som eit ”Promotionskald”, altså eit kall der ein berre skulle vera ei kort tid for å gjera seg fortent til forfremjing. I 1800 omtala biskop Johan Nordahl Brun jamvel prestegjerninga i Jostedalen i ”promotionsvei fuldkommen lig med missionairer”. Å vera prest i Jostedalen var altså jamgodt å ha på preste-CV-en som å vera misjonær under fjerne himmelstrok!

Jostedalen vart altså verande eige prestegjeld gjennom alle dei år, men øvrigheita måtte òg sikra seg mot at prestane drog sin veg, eller endå verre: svalt i hel. Løysinga, som me fyrste gong har dokumentert alt i 1625, var subsidiar. Jostedalspresten fekk av lensherren, seinare stiftsamtmannen i Bergen, rett på eit visst tal korntønner frå andre kyrkjer i Sogn, eit tilskot som vart auka fleire gonger. I 1751 sytte Pontoppidan, som plaster på såret for at Foss måtte bli verande, at prestekallet òg skulle få 50 riksdalar årleg frå presten på Voss, av alle stader. I 1850- og 60-åra vart så tilskotsplikta overført til Opplysningsvesenets fond, så då trong ikkje jostedalspresten lenger luska rundt på dei årlege nedverdigande innkrevjingsrundane til kyrkjene i Sogn.

Aldri så gale er det godt for noko: Når me veit såpass mykje som me gjer om vilkåra for presten i Jostedalen på 1600-talet, er det fordi det vart sett opp dokument om desse korntilskota. For prestane var desse privilegiedokumenta verdipapir, difor vart dei òg tekne godt vare på, heilt til den historieinteresserte biskop Jacob Neumann kom på visitas i Jostedalen i 1823 og tok med seg dokumenta til Bergens Museum, der dei sidan har lege trygt.

I 1600- og 1700-talsdokumenta er det dei same klagesongane som går att: Presten svelt og trugar med å reisa, og allmugen har det endå verre. Som Tøger Jensen skreiv i 1664: ”Jordens Misvext Sampt vinterens Langvarige Snee och Kuld f[or]aarsager altid hunger och armod. Huor Offuer de [jostedølene] nødtes till [at] Ede Affner och barck aff Threrne.” Å blanda bark i mjølet var ikkje berre noko ein gjorde i naudsfall slik mange har meint – i Jostedalen ser det ut til å ha vore ein del av det ordinære kosthaldet. I 1655 sette allmugen i Jostedalen jamvel opp eit bøneskriv for å be om auka korntilskot til Jensen: ”Formedelst Saadan Voris thunge Ellendighed kand vj Fattige Folk Iche Lønne eller vnderholde voris Sielesørgere, till Nødtørtig dog meget Arm Vnderholdning”. Det lyt leggjast til at slike dokument sjølvsagt svartmålar situasjonen – føremålet med dei var å utløysa handling frå øvrigheita, og folk har trass alt både overlevd og levd her gjennom hundreåra.

Men det er ikkje tvil om at Jostedalen hadde det som ein i dag ville kalla eit omdømeproblem i dei øvre samfunnslaga. I 1855 kom det jamvel inn i nasjonallitteraturen. I Amtmandens Døttre av Camilla Collett klagar den gifteklare Amalie over at kjærasten, kapellanen Adolf, ikkje får seg eit prestekall og levebrød slik at dei kan gifta seg. Hjartesukket lyder slik: ”Men akk, arme Adolf, ikke engang Justedalen! … Vi kan vente en god stund innen han får noe!”

Camilla Collett visste kva ho snakka om: 20 år før hadde storebroren Henrik Wergeland søkt prestekallet i Jostedalen utan å få det.
Historikarar bør vera meir varsame med å meina noko om framtida enn om fortida. Men sidan presteforeininga alt har vore på bana her i kveld og det har vore mykje merksemd kring lønsoppgjeret i det siste, vil eg nok åtvara mot å gå tilbake til regulativet som galdt på Matthias Foss si tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *