Fotoarkiv på Flickr

Gå til fotoarkivet på Flickr

Foto- og filmsamlinga – katalog/oversyn (oppdatert)

Fotoarkivet inneheld bilete frå samlinga til foreldra mine, Torlaug og Øyvind Hoel, og deira familiar. Fotoa frå Øyvind si side utgjer kring 90 prosent av samlinga.

Arkivet er strukturert etter skapar av fotosamlingane og fysisk format i fire hovudseriar (A, B, C og D). Det vil seie at foto frå same periode eller tema kan finnast i fleire ulike Flickr-album. Det vil etter kvart bli laga tematiske album på tvers av hovudstrukturen, og desse albumnamna byrjar med eit årstal.

Innhaldet i hovudseriane (A–D)

Serie A – Album og lause papirfoto etter Oddmund Hoel (1910-1983) og Ragna Hoel, f. Aune (1910-2009. Her er både eldre familiefoto dei har arva på kvar sin kant, album frå tida før dei vart gifte, og fleire album og bilete frå etter at dei gifte seg. Mange foto er av borna Øyvind, Sigrun og Harald. Dei eldste er frå 1870-åra.

Serie A inneheld også album etter Ragna sine systrer Marit Aune (1892-1985) og Hanna Aune (1903-1984), hovudsakleg frå ungdomstida, som Ragna arva etter dei. Her er også eit album etter Ragna si syster Marie Aalbu, seinare overteke av dottera Ingeborg.

Serie B – Album og lause papirfoto frå ungdomstida til Torlaug Løkensgard Hoel (f. 1939). Mellom dei lause fotoa er eldre familiefoto attover til kring 1880. Her er også foto frå systera Gunnhild si samling.

Serie C – Album og lause papirfoto frå Øyvind Hoel (f. 1939) si samling. Han fekk kamera som 14-åring i 1953 og tok jamt bilete. I tillegg er her nokre eldre familiefoto han har arva. Her er også mange foto frå tida etter at Øyvind og Torlaug møtte kvarandre i 1966.

Serie D – Fargedias og negativ. Her er fargedias som Oddmund Hoel tok frå 1950 til 1970-åra, og fargedias Øyvind Hoel tok i 1962-63. Her er også Øyvind sitt negativalbum (ca 1953-1974), og nokre få 120-negativ etter Oddmund Hoel (1949).

Serie G – Album og lause papirfoto frå Sigrun Hoel (f. 1936) si samling. Så langt er to album frå ungdomstida skanna, mykje frå åra på Orkdal landsgymnas 1953-56. Dessutan er alle lause foto i svart-kvitt skanna, dei eldste frå 1930-åra.

Om digitaliseringa

Heile samlinga er i 2020/21 gjennomgått med Sigrun og Øyvind Hoel (Oppdalsbileta) og Torlaug Løkensgard Hoel (Leveldbileta), som har supplert albumtekstane med svært mange opplysningar. Opplysningane blir lagde inn i merknadsfeltet under bileta.

Fotoa er skanna og lagra i høg oppløysing (15-20 Mb) i TIFF-format, så det er berre å ta kontakt om du ønskjer digitale kopiar av bileta i betre kvalitet enn det som kan lastast ned frå Flickr. Det er også nokre foto i samlinga skanna av Oliv Løkensgard Bakkeplass.

Skanning av album: I dei fleste tilfelle er heile albumsida skanna i tillegg til kvart bilete slik at ein ser samanhengen dei går inn i og albumtekstane. Kvart papiralbum er lagd inn som separate album i Flickr, og de er sorterte etter sidenummer.

Skanning av lause foto og fargedias: Dette var i hovudsak uordna foto som vart grovsorterte før skanning og samla i eigne Flickr-album. Desse albuma er i regelen sorterte kronologisk.

Oddmund Løkensgard Hoel

Oppdatert 9.4.2021