Leiartala 2001

Landsmøtet i Noregs Mållag, Bryne 27.–29. juli 2001

Av Oddmund Løkensgard Hoel

Gode landsmøte!

Fyrst vil eg ynskja Stiftinga Garborg-året 2001, Time kommune og Time Mållag hjarteleg til lukke med markeringa av livsverka til Arne og Hulda Garborg og takka for det de har fått til. Sjølv om berre sju månader av året har gått, kan vi trygt slå fast at Garborg-året har vorte den suksessen vi vona på. Vi veit ikkje kva garborgane hadde meint om alt ståket, men det bles vi i. I det daglege målstrevet vårt er både til stor inspirasjon og nytte at ein innimellom får til slike storfelte markeringar som slår kraftig gjennom i media og bringar nynorsken ut til fleire – på nye og uventa måtar.

Garborg-året har greidd å bli den kulturelle og folkelege markeringa som det andre Året med stor Å – Det Europeiske Språkåret – ikkje har blitt og ikkje vil bli. Vi var nok godtruande, men vi trudde ei tid at Det Europeiske Språkåret kunne vera til hjelp i å setja språk og språkpolitikk på den store saklista og auka forståinga for verdien av språkleg mangfald. Initiativtakarane – Europarådet og EU – hadde to målsetjingar: Å fremja opplæringa i framandspråk, og å auka forståinga for språkmangfaldet og dei små språka i Europa. Bak retorikken om språkmangfald kom det likevel ein annan røyndom til syne då EU delte ut 33 millionar kroner til språkår-prosjekt i EU- og EØS-landa i juni. Tre av 31 norske prosjekt fekk støtte, og alle tre går ut på å få nordmenn til å bli betre i framandspråk. Ingen av dei ti prosjekta som galdt nynorsk, dialektar eller samisk fekk støtte. Sjølv den offisielle koordinatoren for språkåret i Noreg har sagt offentleg at ho er vonbroten og overraska over profilen. Ein kan trygt slå fast at dette ikkje har gjort uroa hjå nynorske EU-skeptikarar som meg mindre for kva som vil møta nynorsken i EU.

I ein større samanheng er likevel Det Europeiske Språkåret eit lyspunkt: Det er, iallfall i intensjonen, endå eit organisert uttrykk for den uroa fleire og fleire kjenner for språkmangfaldet i verda. Når språk og dialektar forsvinn, forsvinn òg kultur, tankar, levemåtar og minne. Dei kunnige reknar med at opp mot 90% av dei 6000 språka i verda er dødstruga på stutt eller lang sikt. Rekna i talet på brukarar er nynorsk klårt innanfor dei 600 som ut vil overleva ut ifrå denne prognosen, og rekna i økonomisk styrke står det endå betre til. Noreg er som kjent eit rikt land. Både nynorsk og bokmål har difor gode sjansar sjølv om det er lettare å få medieoppslag ved å hevda det motsette.

Nynorsken er godt skodd for å møta framtida. Målrørsla har 150 års trening i å driva målreising, og det er ikkje tilfeldig at nynorskfolk så langt har måtta dra lasset i kampen mot engelskpresset og gjera gratisarbeid for bokmålet. Dei organiserte kreftene på bokmålssida har eit større problem. Riksmålsrørsla er bygd opp kring utslitne slagord som ”fri sprogutvikling” og ”sprogsaken ut av politikken”, og fri språkutvikling vil framover som kjent seia at engelsk tek over. Kanskje til og med dei snart vil sjå verdien av det målrørsla i lang tid har hevda: språkpolitikk og måldyrking er eit offentleg ansvar, og alle mindre språk som skal ha ei framtid må ha ein aktiv stat som fører ein aktiv språkleg motstandskamp – og langt meir aktiv enn den norske staten har vore dei siste åra.

For det ikkje tvil om at både nynorsk, bokmål og alle andre språk bortsett frå dei største vil gå hardare tider i møte. Presset frå engelsk vil auka på, og kan henda ta over for norsk på avgrensa samfunnsområde – vi ser det alt i forsking og store bedrifter. Einsrettinga gjev seg òg utslag i at dialektane vert meir like og at bokmålet trengjer seg på i talemålet, og det vil føra til eit auka press mot nynorsken.

Ikkje noko av dette er nytt for oss – dette har både vi alle og tidlegare leiarar oppsummert før på landsmøte, seminar, i artiklar og diskusjonar. Det nye, og noko av det mest gledelege med å vera målmann i dag, er den raskt veksande internasjonale rørsla som kjempar mot dei skadelege sidene av globaliseringa. For di meir liberalisert verdshandelen blir, di sterkare nakketaket til dei vestlege multinasjonale – og engelskspråklege – selskapa vert, og di meir kommersiell angloamerikansk massekultur som flyt over grensene, di sterkare vert den språklege einsrettinga i verda. Difor bør vi, som målfolk og nynorskbrukarar, helsa velkomen protestane og det organiserte arbeidet mot den økonomiske globaliseringa. Vi bør helsa velkomen, ikkje den handfullen i Genova som kasta stein for eit par veker sidan, men dei 200.000 som demonstrerte fredeleg. Den norske avdelinga av antiglobaliseringsorganisasjonen Attac har styret alt helsa velkomen.

I denne nye globale rørsla ligg det eit stort håp for det språklege og kulturelle mangfaldet, og dette landsmøtet skal diskutera korleis Noregs Mållag og den norske målrørsla skal finna seg til rette der. Vi stiller sterkt og vi har mykje å tilføra, for heilt frå Aasen, Vinje og Garborg har det vore ein sterk internasjonalistisk tradisjon i målrørsla.

Nyliberalismen og individualistiske og egoistiske straumdrag har gode tider. Det har tradisjonelt ikkje vore heldig for rørsler som utfordrar makta og hegemoniet – i vårt tilfelle det språklege og kulturelle. Den sterke posisjonen nynorsken har vunne gjennom 150 år er eit resultat av ei kollektiv handling som har vore ideologisk motivert og godt organisert, ikkje av tilfeldige vindar, egoistiske vurderingar av tap og vinst eller av firkanta marknadsvurderingar. Pessimistane mellom oss har nok å ta av. Offentleg sektor har i eit par tiår vore gjennom ei kraftig omorganisering der privatisering og fristilling er sentrale stikkord. For nynorsken er det særleg alvorleg at mållova sakte, men sikkert har forvitra i denne prosessen. Telenor, Posten, Postbanken, NSB og fleire andre viktige samfunnsinstitusjonar har falle utanfor eller sjølv freista melda seg ut av mållova, og den statlege omstillinga nådde eit klimaks i vår då sjukehusa vart flytte over i fristilte statlege helseføretak, organiserte som bedrifter. Eit knapt Stortingsfleirtal hindra at det gjekk same vegen med høgskulane og universiteta. Frå vår side er det ikkje tvil om at dei nye helseføretaka fell inn under mållova, men eg vert ikkje overraska om ein rasjonaliseringsivrig helsebyråkrat snart påstår det motsette etter det som har hendt med Posten og NSB. Ei arbeidsgruppe under Kulturdepartementet, Lilleholt-utvalet, la i haust fram ein framifrå rapport om ei utviding av verkeområdet for mållova, men det er ope kva Kulturdepartementet kjem til å gå inn for i mållovsmeldinga som kjem utpå hausten. Dette er ei svært viktig sak det komande året. Vert det ikkje raskt sett ein klår stoppar for utmeldingane av mållova, risikerer vi å stå att med ei mållov som til slutt berre femner om dei minst eksterne delane av offentleg verksemd medan dei publikumsretta delane er fristilte og meir og meir marknadsorienterte både i mentalitet og praksis.

”Marknadsorientering” går som kjent, i korttenkt versjon, ut på å laga alt på bokmål, for det er det fleirtalet vil ha og som kjennest naturleg på hovudkontoret i Oslo, og nynorskbrukarar finn seg i det, så dei treng ein ikkje bry seg om.

Slike tankar har òg fått overtaket i det tidlegare tospråklege flaggskipet i banknæringa, Fokus Bank, som i juni fjerna ”målparagrafen” i vedtektene der nynorsk og bokmål var jamstelte. Med eit pennestrok vart såleis ein nynorsktradisjon som går attende til skipinga av Vestlandsbanken i 1926 fjerna med ein pennestrok fordi banken tykte datasystemet som skulle lagast var så uhorveleg dyrt og avansert at det vart umogleg å få ut nynorske kontoutskrifter og renteendringsbrev.

Det er sjølvsagt viljen det står på, ikkje pengane. Omkvedet elles er at alt vert enklare og billegare med data, så det er rart om nynorsk skulle vera det einaste unntaket.

Men heldigvis finst det bankar som ser annleis på dette, og som gjer den vurderinga som Fokus òg gjorde heilt til banken fekk ny leiing i vinter: Nynorskbrukarane er ei stor kundegruppe, og ein må i aukande grad vera i stand til å tilpassa seg kunden. Ein av dei mest suksessrike nye bankane, Skandiabanken, utviklar no ein språkuavhengig versjon av nettbanken sin slik at alle som nyttar dagens bruksspråk, svensk, dansk og bokmål, vil kunna bruka same nettbank. Skandiabanken har denne veka fortalt oss at det er svært aktuelt å utvikla fullverdige tilbod både på engelsk og nynorsk, særleg etter det Fokus har gjort.

Så fylg med. Kan henda er Skandiabanken snart den beste banken for nynorskbrukarar. Og uansett finst det ein stor underskog av lokale og regionale bankar som er langt betre på nynorskbruk enn Fokus vil vera etter omlegginga til hausten. Så alle nynorske Fokus-kundar bør snarast mogleg flytta sparepengane og refinansiera lån dersom Fokus ikkje svært raskt innser at dei har gjort noko dumt, sjølv ut ifrå sine eigne snevre marknadsvurderingar, og gjer om vedtaket.

Heldigvis er det òg stadig fleire som oppdagar at det finst ein marknad som vil ha nynorsk og at det ligg mange gode marknadsføringspoeng i nynorsk, jamvel om ein vender seg til bokmålsfolk. Den nye og raskt veksande bedrifta Fjordglas i Luster er den einaste produsenten av vindauge som brukar nynorsk, og leiaren Robert Veum seier at ”nynorsk er ein fordel, fordi det fortel om eit produkt som kjem frå eit miljø der kvalitet og ei nøktern innstilling står som eit slags varefakta”. Quality Hotel Sogndal har kome til det same. Då dei lyste etter ny salssjef i mai, opplyste dei at ”Gode språkkunnskapar er viktig”, og at ”Alt salsmateriell for hotellet vert trykt på nynorsk”. Oslo-ungdom som tenkjer seg ei karriere i Choice-kjeda bør altså ta sidemålsopplæringa i nynorsk alvorleg.

Lista kunne vore gjort mykje lenger enn desse to døma, og de viser oss noko svært gledeleg: etter 100 år målreising hovudsakleg i skule og offentleg forvaltning, er det skapt tvers gjennom nynorske lokalsamfunn i dette landet som gjer det mindre og mindre freistande for næringslivet å skilja seg ut ved å bruka bokmål, i tillegg til at mange næringslivsfolk beint ut ser fordelen med nynorsken. Dette er gull verdt for nynorsken, det bør få opp humøret sjølv hjå dei største pessimistane, og som rørsle må vi stella godt med det nynorske kjerneområdet. Det har vi ikkje alltid gjort. vi har ei stor og dels uløyst oppgåve i å dra bedrifter, institusjonar, offentlege etatar og organisasjonar i nynorskområda meir med i målarbeidet lokalt, på riksplan og i dei utsette blandingsområda. For dei har noko svært viktig å gje oss: ein nynorsk sjølvtillit!

Bruken av marknadsmakt har òg stått sentralt i arbeidet for nynorske dataprogram dei siste par åra. Hovudkravet til målrørsla har vore at staten må slå fast i lov eller forskrift at dataprogram som skal kjøpast inn av det offentlege må liggja føre både på bokmål og nynorsk. Det vil seia parallellutgåveprinsippet for læremiddel overført på dataprogram for heile forvaltninga. Det har heile tida stått klårt for oss at tradisjonell forvaltningsmakt – altså pålegg om å utvikla nynorskversjonar, ikkje ville føra fram åleine. Storsleggja staten verkeleg kan bruka, er å be om nynorskversjonar frå alle leverandørar som vil vera med på å tevla om dei mange milliardane staten årleg brukar til IT-kjøp.

Det har som vanleg gått svært tregt, men i vår har både Norsk språkråd og ei gruppe med representantar frå alle departement slutta seg prinsipielt til kravet vårt etter at Stortinget i 1993 (!) gjorde det same. Det burde såleis vera heilt unødvendig å venta til etter mållovsmeldinga til hausten med å få spikra dette fast i ei forskrift. Parallelt med dette har Læringssenteret rådd Utdanningsdepartementet til å fjerna det unntaket som dei vanlegaste dataprogramma i dag har frå parallellutgåvekravet i opplæringslova, eit krav som òg har stått svært sentralt for målrørsla.

Mest gledeleg på IT-fronten er det kanskje likevel at bokmålsmonopolisten Microsoft endeleg byrjar å få nynorske utfordrarar. Stadig fleire dataprogram vert omsette til nynorsk på idealistisk basis, og nynorsknerdane fekk i vinter sin eigen møteplass på nettet. Dei som brukar operativsystemet Linux har i dag eit komplett nynorsk alternativ til Microsoft sine bokmålsprogram, og no byrjar ein endeleg å få hol på den vanskelege oppgåva det har vore å få teke desse programma i bruk: Aftenposten fortalde denne veka om gruppa i Oslo som til hausten vil senda ei pakke til skulane med Linux-program på nynorsk og bokmål. Og ei heilt spesiell rolle har Høle barne- og ungdomsskule i Sandnes hatt. Denne nynorskskulen har teke i bruk Linux-program både for å kutta kostnader og å skaffa nynorskelevane nynorske dataprogram. Høle skule har no òg teke initiativet til eit større prosjekt saman tre andre skular i Rogaland som verkeleg vil bli eit nasjonalt pionerprosjekt innanfor nynorsk data i skuleverket. Det vil vera ei stor skam og vitna om svært dårleg gangsyn om ikkje Utdanningsdepartementet og Trond Giske støttar dette prosjektet både økonomisk og fagleg når dei får ein søknad frå Høle over sumaren.

Sju prosent av elevane strauk i vår til eksamen i norsk hovudmål. Sjølv om det ikkje er meir enn i mange studieretningsfag, er det meir enn før og har ført til eit større ordskifte i sumar. Mange av dei strauk fordi dei ikkje skjøna ein ironisk tekst av Kjartan Fløgstad om at det må bli mindre undervisning om Sør-Amerika slik at elevane kan konsentrera seg meir om hovud-Amerika. Det har kome ein del kritikk av at oppgåva var dårleg og villeia elevane fordi det var vanskeleg å skjøna at dette var om sidemål. Men mest ingen aviser har referert sjølve oppgåva, så det gjer eg:

”Høsten 2000 ble det lansert et forslag i Oslo kommune om fritak for skriftlig sidemålsopplæring for elever i videregående skole, som en treårig prøveordning. Forslaget førte til en omfattende mediedebatt, og den vedlagte teksten er en av meningsytringene. Gjør greie for hovedsynet i artikkelen. Pek på noen av virkemidlene forfatteren bruker, og vis den funksjonen de kan ha.”

Men trass ei svært klår oppgåve skjøna altså ikkje ironigenerasjonen ironien!

Det er urovekkjande at ein så stor del av eit ungdomskull ikkje har elementær kjennskap til sentrale delar av norskfaget som norsk språksituasjon, forfattaren Kjartan Fløgstad og vanlege språklege verkemiddel. Men like urovekkjande vi til hausten kjem til å finna mange av dei som stod med eit naudskrik i lærarutdanninga, for der er det lettast å koma inn. Så om fire år kjem dei ironisk nok som lærarar på ein skule nær deg.

Dette er problemet til sidemålsundervisninga i eit nøtteskal: Norskopplæringa på alle nivå er for dårleg, og den svakaste og tradisjonelt minst populære delen av norskfaget for bokmålsfleirtalet, nynorskopplæringa, vert syndebukk og skyteskive. Saman med eit populistisk ynske om å kapra ein del unge veljarar er det her ein finn bakgrunnen for framlegget frå Høgre-byrådet i Oslo i fjor haust om å gjennomføra eit såkalla forsøk med å fjerna sidemålsopplæringa i den vidaregåande skulen i Oslo for å gje meir plass til hovudmålsopplæringa. Per-Kristian Foss har sagt det som trengst seiast om denne typen forsøk:  «Vi vet jo at forsøksordninger bare er en måte å snikinnføre ting på.» Det sa han då Arbeidarpartiet ville ha forsøk med utvida skulefritidsordning i mars.

Sidemålsstriden i Oslo var den dominerande språkpolitiske saka frå byrådsframlegget vart kjent ei veke etter landsmøtet vårt i fjor og til november. Ho kom ikkje særleg overraskande. Høgre i hovudstaden har varsla eit slikt forsøk i tre valkampar, og Noregs Mållag brukte eit halvår tidlegare stordelen av eit vinterseminar på sidemålssaka, mellom anna på bakgrunn av krisa i norskfaget og lærarutdanninga.

Ein del overraskingar må vi likevel seia at vi fekk. Sume negative som at Ap og SV i Oslo presterte å støtta Høgre og Framstegspartiet i denne saka. Men dei fleste var positive, som den store kulturfronten til forsvar for tospråksopplæringa som raskt vart organisert, og støtta på leiarplass i dei fleste store riks- og regionavisene. Utdanningsminister Trond Giske lærte raskt leksa si og gjorde det klårt i Stortinget at han ikkje ville godkjenna eit forsøk med såkalla ”valfritt” sidemål. Søknaden ligg no i departementet hans.

Likevel er det heilt klårt at forsvaret for prinsippet om at alle nordmenn skal læra båe språk vert svært viktig for oss dei komande åra, både i skulen og på den politiske arenaen. Denne ordninga er ein grunnstein for norsk språkpolitikk, og ho er ein grunnstein for nynorsk som nasjonalmål. Ei side av den nyliberale ideologien er den individualistiske bølgja der mest mogleg skal vera ”valfritt”, òg i skulen.

Då er det godt at tida arbeider for oss på ein annan måte: Forståinga for det språklege mangfaldet og for at det er mogleg å ha to og fleire språk i hovudet på same tid er aukande. Mange nordmenn, særleg dei som kallar seg urbane, har framleis vanskelegare med å skjøna verdien av vårt eige mangfald enn andre sitt. Det går rett veg, men ikkje av seg sjølv – det krev framleis hardt arbeid av oss alle – både sentralt, i fylkeslaga og i lokallaga, og av målfolk og nynorskvener i skuleverk og utdanningsinstitusjonar. Og framfor alt krev det at vi greier å få staten til verkeleg å ta eit ansvar for å styrkja lærarutdanninga og heile norskfaget, og særleg den aller lågast prioriterte delen av det: opplæringa i nynorsk for bokmålselevar. Trond Giske har sjansen no. Han kan seia ja til ein del av Oslo-søknaden og vera med på å setja i gang eit stort, godt og sårt etterlengta forsøksprosjekt for å skapa ei betre og meir motiverande nynorskopplæring for bokmålselevar. Og neste år er det varsla ei stortingsmelding om lærarutdanninga. Der må norskfaget styrkjast og utvidast til ei obligatorisk heilårseining!

Før ein valkamp er det Noregs Mållag si oppgåve å gje språkpolitiske karakterar til partia. På landsplan er biletet tydeleg etter at partia har vedteke programma sine og etter at vi har sett praksisen deira i siste stortingsperiode. Sidemålsspørsmålet er den saka som har skapt sterkast kløyving i det partipolitiske landskapet. På den rikspolitiske arenaen er det dei tre sentrumspartia som gjennomgåande har utmerkt seg som dei mest sidemåls- og nynorskvenlege. Det har òg RV, som ikkje er representert på Stortinget, og SV, som slo bystyregruppa i Oslo i hovudet med noko hardt.

Arbeidarpartiet har eg òg lyst til å skryta av i år, ikkje minst fordi dei har fått så mykje kjeft frå oss tidlegare. Det er all grunn til å minna om at for 3-4 år sidan stod vi overfor heilt reelle trugsmål, m.a. frå Ap i regjering, om at skulemålsrøystingane ville bli heilt borte, at parallellklasseretten ville bli svekka og at retten til parallellutgåver av læremiddel ville bli avgrensa til å gjelda tradisjonelle lærebøker. I dag står alt dette tryggare enn nokon gong gjennom skulereformene i 90-åra, og temaet vårt er no ei utviding av læremiddelrettane til å gjelda vanlege dataprogram, ei utviding av mållova og ein auka innsats for nynorske dataprogram. Landsmøtet i Ap vedtok dessutan ein sterkare målpost enn på mange år der partiet klårt og tydeleg seier ja til sidemål. Eg sa i leiartala mi i fjor at Ap hadde ei stor oppgåve fram mot stortingsvalet i å syna at det òg er parti som nynorskfolk kan stola på, og det kan vi no seia at det er.

Då står det verre til med Høgre og Framstegspartiet. Frp har lenge stått fast og konsekvent på ein liberalistisk språkpolitikk der nynorsk skal leva i fri tevling med bokmålet etter at sidemålet er gjort valfritt og støtteordningar og reguleringar av målbruk er fjerna. Høgre har dei siste tiåra vore eit ansvarleg parti som har støtta hovudlinene i språkpolitikken og dei viktigaste ordningane, men den siste stortingsperioden har partiet skuffa kraftig. Landsmøtet i mai vedtok å stå på programformuleringa om valfritt sidemål i vidaregåande skule etter at det kom inn i partiprogrammet for fire år sidan. Dette har Høgre òg prøvd å setja ut i livet – i Stortinget i oktober 1999 og i Oslo då det ikkje gjekk. Høgre var òg det einaste partiet på Stortinget som i 1998 gjekk inn for å snevra inn parallellutåveordninga til tradisjonelle lærebøker då opplæringslova vart vedteke, og saman med Frp gjekk partiet imot løyvingar til nynorsk barnebokklubb i statsbudsjettet i haust.

Det er svært uheldig at Høgre igjen har vorte eit riksmålsparti, og det er uheldig at det språkpolitiske skiljet på nytt går mellom sentrum-/venstre-partia på den eine sida og høgrepartia på hi. Nynorsken og målreisinga er og skal vera for alle, slik vi i aukande grad ser at i nynorskområda der solide høgrefolk i næringslivet brukar meir og meir nynorsk. Mi sterke oppmoding til dette landsmøtet og til heile målrørsla i den kampanjen vi skal ha i vekene framover er å seia klårt ifrå til veljarane: Røyst nynorsk ved stortingsvalet!

Det står bra til med nynorsken i dag, og mykje går bra, men framtida er òg meir usikker enn på lenge. Di fleire som flytter til byane, di fleire vert bokmålsbrukarane og di sterkare vert bokmålsmakta sjølv om nynorsken held stand i geografisk utbreiing. Presset mot sidemålsordninga vil auka dersom det ikkje vert gjort noko med norskopplæringa i skuleverk og lærarutdanning, og dersom Høgre og Frp får reint fleirtal på Stortinget 10. september er det fleirtal for å fjerna sidemålsopplæringa i vidaregåande skule, som i dag står trygt. Vert det ikkje teke eit krafttak med mållova for å henta inn att fristilte statsorgan og forvaltningsbedrifter, vil mykje offentleg nynorskbruk gå tapt. Vert pressestøtta fjerna, risikerer vi både at dei riksavisene som brukar nynorsk i dag forsvinn, og at mange nynorskbrukande lokalaviser går same vegen.

I Noreg som i alle andre land er det staten som må ha hovudansvaret for framtida til språka, og det er eit ansvar norske politikarar ikkje tek i dag. Ein skulle tru det var dei Arne Garborg skreiv om i ”Lars i Lia”:

Å nei; han rid ikkje den dagen han sâlar, den mannen. Er det noko som skulde vera gjort – det kann vera løo hans som treng vøling på taket eit par stadir –, so fær han no fyrst sjå då, må’ta. ”Me fær no sjå då,” segjer han Lars i Lia. Og han ser. Og ser. Både vel og lengi.
            Når han tykkjer han hev sét nok, segjer han med seg sjølv: ”ja; eg fær vel snart ta til so smått no å … tenkje på det.”

Hovudkravet vårt er, som det har vore ei stund, at politikarane tek seg på tak før løa ramlar ned og formar ut ein langt meir aktiv og offensiv språkpolitikk enn i dag for å ta vare på norsk språkarv i framtida og ta opp kampen mot den språklege einsrettinga som går føre seg. Det bør byrja, har vi sagt, med ei språkleg maktutgreiing, ei stortingsbehandling seinast i 2003 og ein omfattande offentleg debatt.

Det bur ein Lars i Lia i oss alle. Det er nok fleire nynorskfolk òg som tenkjer at dette målet er vel her i morgon eller neste år òg – i dag er det viktigare ting å ta seg til. Opprusting av organisasjonen og arbeidsmåtane våre må halda fram med auka styrke, og den viktigaste delen av dette er nok at vi styrkjer kvarandre i trua på at det faktisk er mogleg å gjera gagns arbeid for nynorsken. De og målfolk før dykk har synt i det daglege arbeidet at tru kan flytta fjell, men at det som kjent krev ein del arbeid i tillegg. Til aller størst inspirasjon er då dei mange store og små praktiske resultata som denne imponerande stabile rørsla etterlet seg. Høle skule i Sandnes fekk mykje skryt av meg i stad. Foreldre og aktivistar ved ein annan Sandnes-skule, Sviland, stod i mai for ein av årets største bragder då dei vann ei offensiv røysting: For fyrste gong på 24 år gjekk ein skule over frå bokmål til nynorsk etter at nynorskfolk kravde røysting i krinsen. Sigeren vart ein velfortent revansj for Johnny Bråtveit og kampfellane hans etter at skulen året før hadde gått frå nynorsk til bokmål med svært knapt fleirtal den tida berre foreldra hadde røysterett. Det å krevja røysting er ikkje ein einerett som bokmålsfolket har, og det er altså fullt mogleg å ta att krinsar. Det er på høg tid at vi ser oss om etter fleire.

Vi har nettopp teke til med tre krevjande landsmøtedøger her på Bryne. Vi skal diskutera den langsiktige strategien vår med utgangspunkt i globalisering – eit vanskeleg emne. Vi skal vedta eit arbeidsprogram som vert styrande for arbeidet vårt dei neste tre åra. Og vi skal fyra oss opp til å gjera oss mest mogleg gjeldande dei neste vekene i valkamp og læremiddelaksjon. Eg vonar alle kastar seg inn i drøftingane i salen, gangane, og på romma, og at de nyttar høvet til å pusta fritt i garborglufta.

Godt landsmøte!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *