Verdilaus forsking om éin karakter i norsk (BT-kronikk 11/10)

Følgjande tekst stod som kronikk i Bergens Tidende torsdag 11/10. Ein kronikk i same avis 9/10 av Odd Gaare (Kongsbakken vgs) og eit innlegg av Wenche Rønning (Nordlandsforsking) i Nordlys 8/10 stod etter at eg hadde sendt inn manuset mitt (4/10) og er såleis ikkje kommenterte eller tekne omsyn til. Det har seinare stått innlegg i BT av Rønning (15/10) og Endre Brunstad/Heming Gujord (20/10).

Pdf-versjon av kronikken

Verdilaus forsking om éin karakter i norsk

Det kjem til å stå ein hard kulturpolitisk kamp om norskkarakterane dei neste månadene. Utdanningsdirektoratet (Udir) la 2/10 fram utkast til revidert læreplan i norsk, utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Det mest omstridde spørsmålet er om talet på karakterar i norsk skal reduserast på ungdomssteget og i den vidaregåande skulen slik at skriftleg sidemål ikkje lenger har eigen karakter.

Dei som i dag tek studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande, får tre karakterar i norsk (hovudmål, sidemål og munnleg). Udir ynskjer no å redusere dette til to: éin i munnleg og éin skriftleg. Frå lærarhald har det vore klaga over at mykje tid går med til å skaffe vurderingsgrunnlag til tre karakterar. Frå nynorskhald har det på hi sida vore uttrykt sterk uro for at det å fjerne ein separat karakter i sidemål vil føre til mindre og dårlegare undervisning i nynorsk sidemål.

Berre ein rapport
Ei veke før læreplanutkastet offentleggjorde Udir den einaste forskingsrapporten som så langt er laga om forsøk med éin karakter i norsk i vidaregåande skule. Sju skular har gjennomført slike forsøk dei siste åra, og forsøka ved Fana gymnas og Kongsbakken vgs (Tromsø) er evaluerte i rapporten ”Fra karakterjag til læring – fra dommer til trener” frå Nordlandsforsking (jf. BT 3/10). Rapporten har alt byrja å spele ei viktig rolle i ordskiftet om norskfaget.

Søknadene frå dei to skulane hadde som utgangspunkt at for mykje tid i norskfaget går med til vurdering. Evalueringsrapporten konkluderer med at både lærarar og elevar ved dei to skulane jamt over er positive til éin karakter i norsk, og det mest vesentlege er at ”Skriveopplæringen er bedret, og lærerene mener de nå får tid til å jobbe prosessrettet og følge elevenes skriveprosess på en bedre måte.” (rapporten, s. 40) Også undervegs har forsøksskulane formidla til ålmenta at dette har vore ein suksess.

Kva skuldast kva?
Det har stått sentralt i forsøka å leggje om norskundervisninga til nye og meir varierte arbeidsmåtar og betre oppfølging undervegs. Det fyrste spørsmålet som då burde stillast i ei evaluering, er kor langt dei gode resultata kan forklarast med reduksjon i talet på karakterar, og kor mykje som kan forklarast med ei omlegging av undervisninga som like gjerne kunne vore gjort innanfor dagens ordning med tre karakterar. Dette er ein effektstudie, og då er det heilt avgjerande å isolere dei ulike faktorane for å vurdere kven som har effekt.

Den problemstillinga glimrar med fråværet både i evalueringsoppdraget frå Udir, i intervjuguiden nytta i evalueringa og i rapporten. Me finn ingen freistnader på å vurdere kva den eine faktoren ’reduksjon frå tre til ein karakterar’ har å seie, men finn berre vurderingar av kva alle faktorar til saman har hatt å seie. Me finn ikkje ein gong opplysningar om kor mykje tid som går til vurdering med tre eller éin karakter, eller kva lærarane gjorde før og etter.

Mikrofonstativ
Ein må gå til andre kjelder enn rapporten for å finne ut kva skilnadene er i praksis (gjeld Kongsbakken). Tre karakterar føreset at det kvart halvår vert gjeve delkarakterar på to skriftlege arbeid i hovudmål, to i sidemål, ein munnleg presentasjon og ei kunnskapsprøve. I forsøket med éin karakter vart dette redusert frå fire til to skriftlege arbeid per halvår, altså frå seks til fire delkarakterar totalt. Rapporten sannsynleggjer ikkje på noko vis at denne endringa kan forklare alt det positive som har skjedd med norskundervisninga på forsøksskulane.

Evalueringa byggjer i all hovudsak på eigenrapportering frå lærarane som var med på forsøket og gjer knapt freistnader på å gå bak lærarane sine eigne generelle vurderingar. Nordlandsforsking har i denne samanhengen altså ikkje gjort stort anna enn å vere mikrofonstativ for lærarane.

Umogleg jobb
Den som skulle gjere evalueringa, har i praksis hatt ein umogleg jobb. Det var grunnen til at to forskingsinstitusjonar sa nei til å utføre evalueringa. Universitetet i Bergen og NIFU gav uavhengig av kvarandre temmeleg likelydande grunngjevingar for kvifor det var fagleg uforsvarleg å ta på seg evalueringsoppdraget: Sidan forsøka var i gang, var det ikkje mogleg å gjere ei ’før’-gransking av haldningane og skrivedugleikane til forsøkselevane som kunne haldast opp mot effekten av forsøket gjennom ei ’etter’-gransking. Det var heller ikkje mogleg å etablere ei kontrollgruppe av elevar som ikkje var med på forsøka for å vurdere effekten. To av dei mest grunnleggjande samfunnsvitskaplege metodekrava var altså umogleg å oppfylle. Som NIFU skreiv til Udir 26.10.11: ”Vi har vanskelig for å se for oss noen som kan ønske å ta på seg dette og som kan gjøre det på en faglig forsvarlig måte.”

Rapporten demonstrerer ufriviljug alle metodeproblema som UiB og NIFU skildra i avslagsbreva sine. I rapporten er heller ingen refleksjon kring metodeproblem som mangelen på kontrollgrupper, mangelen på ’før’-dokumentasjon eller det at evalueringa hovudsakleg byggjer på intervju med lærarar som hadde bestemt seg for at éin karakter var ein god idé alt før forsøket byrja. Rapporten funderer heller ikkje på kva det har hatt å seie for læringa i nynorsk sidemål i Vg1 og Vg2 at elevane heile vegen har visst at dei ville få tre karakterar når dei kom i Vg3.

Ingen hemningar
Utviklingsarbeid i skulen er mest alltid av det gode, og norsklærarane har ei høgst legitim røyst i diskusjonen om korleis norskfaget skal sjå ut, jamvel om det spring ut av ynske om å arbeide mindre. Det er verre at det einaste forskingsarbeidet som no gjer seg gjeldande i ordskiftet om å fjerne eigen karakter i sidemål, er så skrøpeleg. Og det er ekstra ille at Utdanningsdirektoratet, som har tinga og finansiert evalueringsrapporten, no går god for han og ikkje har hemningar mot å nytte han. Med tilvising til rapporten konstaterer Udir føgjande i høyringsnotatet: ”Erfaringane på dei sju skolane stadfester [!] at det er ein samanheng [!!] mellom talet på karakterar i norskfaget og det handlingsrommet lærarane har for å følgje opp elevane i skriveopplæringa.” (s. 11) Det vert interessant å følgje med på korleis KD og Kristin Halvorsen (mis)brukar rapporten framover.

Ein av forsøkselevane i Fana seier i BT 3/10 kva dette handlar om: ”Jeg synes det har fungert bra, men det forutsetter at lærerne er flinke til å passe på at nynorsk får plass”. Udir føreset tydelegvis at alle skulane er like godt utstyrte som Fana og Kongsbakken med utviklingsorienterte og nynorskvenlege lærarar som gjev god undervisning også i nynorsk sidemål. Udir har kanskje òg finansiert forsking som dokumenterer dette?

Oddmund L. Hoel

Fyrsteamanuensis i historie, Høgskulen i Sogn og Fjordane og tidlegare leiar i Noregs Mållag

Dette innlegget vart lagt inn i Målsak. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *