Sentraliserande kommunereform (kronikk)

SA-kronikk-28okt14Følgjande tekst stod som kronikk i Sogn Avis 28.10.2014.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sende i haust ut ein «invitasjon», det vil seia ein ordre, til kommunane om å greia ut kommunesamanslåing. Sogn regionråd har pliktskuldig gått i gang, og i utgreiingane som no skal lagast, må det stå sentralt å vurdera dei konkrete verknadene av eventuelle samanslåingar. Uklår tale om meir «robuste» kommunar som er betre eigna til å «møte framtida», er det altfor mykje av.

Eit tilbakeblikk på kommuneinndelingskomiteen («Schei-komiteen») som førebudde dei omfattande kommunesamanslåingane i 1960-åra, kan vera nyttig. Særleg to grunngjevingar vart framheva den gongen. Den eine var nye kommunikasjonsmønster etter at bilen hadde overteke for båten som det primære transportmidlet. Då var det ikkje særleg praktisk at Vangsnes tilhøyrde Balestrand. Ein annan viktig grunn var at statlege styresmakter ikkje meinte at kommunane med færrast innbyggjarar, dårlegast næringsgrunnlag og svakast skatteinngang var i stand til å bera dei nye velferdsoppgåvene som var på veg, som niårig grunnskule og styrkt eldreomsorg.

Ingen av desse omsyna veg tungt i dag. Fleire kommunegrenser har vorte flytte dei siste tiåra når kommunikasjonsmønster har endra seg (Fjærland til Sogndal, Fresvik og Feios til Vik, Holmedal til Askvoll). Det er ein myte at dagens kommunestruktur heng att i den tida då folk ferdast med båt. I dag er det dessutan heilt i det blå-blå kva nye store oppgåver kommunane skal ta seg av som føreset omfattande kommunesamanslåingar.

Ein annan viktig skilnad frå 1960-åra til i dag er talet på kommunetilsette. Den nye storkommunen Luster hadde i 1963 ein administrasjon på under 20 tilsette. I dag er det kring 55 tilsette på rådhuset, og auken i tenesteeiningane har vore endå mykje større. Kommunen er vorten ein stor arbeidsplass med mange kompetansearbeidsplassar, og verknadene av å leggja ned eit kommunesenter er langt større i dag enn for 50 år sidan.

Ei av dei fremste grunngjevingane for kommunereforma er at større kommunar gjev større og meir kompetente og «robuste» fagmiljø som har lettare for å rekruttera dei gode fagfolka. No er det ikkje mykje som tyder på rekrutteringsproblem i kommunane i Indre Sogn i dag, men omsynet til større fagmiljø er like fullt viktig i debatten. Større fagmiljø må nødvendigvis vera einstydande med ein konsentrasjon av dei administrative funksjonane i kommunane.

Kva vil då vera konsekvensen av at min heimkommune Luster vert lagd under ein ny storkommune med Sogndal som kommunesentrum? Er det eit hovudpoeng med reforma å skapa meir «robuste» fagmiljø, må det meste av dagens kommuneadministrasjon i Gaupne flyttast til Sogndal. Dette er ikkje stillingar som vert borte, for arbeidsoppgåvene vert ikkje borte. Framleis skal byggjesaker i Luster handsamast, skulane, barnehagane og omsorgstenesta der skal leiast og administrerast, det trengst landbruksfaglege tenester, og rekningar og løner skal betalast.

Attåt kommuneadministrasjonen finst fleire andre tunge institusjonar i Gaupne fordi Luster er eigen kommune. Helsesenteret åleine har kring 25 tilsette. Luster energiverk er ein fusjon av dei tre e-verka i dei gamle kommunane før 1963 (Luster, Hafslo og Jostedalen), men har ikkje gått inn i regionale kraftselskap. Det vil seia at viktige administrative og operative funksjonar framleis ligg i Gaupne. Ei kommunesamanslåing vil nok raskt føra til at Luster e-verk med kring 30 tilsette går inn i eit større e-verk med etterfølgjande sentralisering av funksjonar. 30 tilsette er vel om lag det Sognekraft har til saman i Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Luster sparebank har, som e-verket, late vera å gå inn i eit større regionalt banksamarbeid sjølv om det er krevjande. Eit viktig grunnlag for å kunna vera ein sjølvstendig bank ligg i rolla banken har som lokal utviklingsaktør i tospann med kommunen. Luster kommune sin bruk av banken er òg økonomisk viktig. Og så lenge Luster sparebank er konkurransedyktig, vil kommunen sjå at banken har så stor lokal verdi at kommunen legg vekt på å halda han oppe med flest mogleg funksjonar. Ein storkommune i Sogn vil sjølvsagt ikkje sjå det som like viktig å halda oppe Luster sparebank med sine 26 tilsette. Ein bankfilial i Gaupne der mange funksjonar er sentraliserte, vil raskt kosta Gaupne dei fleste av desse arbeidsplassane.

Når mange slike arbeidsplassar forsvinn, kan ein med rette spørja seg kor lett det vert å halda oppe dei butikkane og dei andre private tenesteytande funksjonane som Gaupne har i dag, og som jamt lever på små marginar. Luster er i dag ein industrikommune med mange bein å stå på. Rekrutteringa til dei private verksemdene og til kommunen nyter i dag godt av kvarandre. Når eit par kjem flyttande, treng båe arbeid, og det er det ofte å finna i Luster i dag.

Spørsmålet i framhald av dette vil vera kva det har å seia for busetnaden i bygdene i Luster at opp mot 100 arbeidsplassar står i fare for å bli sentraliserte ut av kommunen. Det er ikkje trongsyn, fordomar, «identitet», mangel på «endringsvilje», skylappar eller generell dumskap som gjer at så mange er skeptiske til kommunesamanslåingar i kommunar som Luster. Skepsisen byggjer på ei vurdering av høgst handfaste spørsmål som sentralisering av arbeidsplassar og funksjonar og svekking av folkestyret. Dessutan har me ikkje så reint lite røynsle med slikt. Fleire statsetatar har flagga arbeidsplassar bort frå Gaupne. Dersom Luster i framtida ikkje er eigen kommune, vil nok lensmann og Nav òg bli sentraliserte.

Luster er ikkje ukjend med kommunesamanslåing. Samanslåinga i 1963 skapte tettstaden Gaupne, som i dag er svært viktig for heile kommunen. Men det hadde òg sin pris. Dei gamle kommunesentera i Hafslo og Luster er berre bleike skuggar av kva dei hadde vore i dag om Luster og Hafslo hadde halde fram som eigne kommunar, noko dei òg hadde gjort om det ikkje hadde vore naudsynt å leggja svake Jostedal kommune inn i ein storkommune. Mitt tips er at lustringar ikkje vert nemnande meir positiv til ei ny kommunesamanslåing før dei er heilt sikre på at det ikkje utarmar Gaupne. Men ein slik garanti kan ingen gje, og ein slik garanti hadde dessutan vore i strid med ein grunntanke i kommunereforma.

Oddmund L. Hoel, Sp-medlem og historikar

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *