Taparblogg

Bloggane i heimen har dei siste månadene hatt om lag like stor trafikk målt i viste sider. Utviklinga dei siste dagane har derimot vore sterkt urovekkjande for Krundalsbloggen:

bloggtreff3.jpg

Det er såleis ikkje berre noreg.no som slit for tida. Det store spørsmålet er no: Korleis kan Krundalsbloggen ta att forspranget?

Dette innlegget vart lagt inn i Blogging. Bokmerk fastlenkja.

8 Responses to Taparblogg

  1. forundra seier:

    kanskje skrive noko litt halvironisk og invitere nokon med stort merksemdsbehov til å kommentere? gjerne høglytt!! 🙂

  2. rypa seier:

    Eg trur eg har eit par tips

  3. Ragnhild Ås seier:

    Eg merkar meg at Krundalsbloggen hadde særs mange på vitjing sånn ca 8. oktober, men så dabba det av igjen. Ikkje ser det ut til at du posta noko provoserande rett før, heller. Veit ikkje heilt korleis eg skal tolka det.

  4. Oddmund seier:

    Den høge trafikken sundag 7. oktober er eit stort mysterium, så her kan det berre bli lause spekulasjonar. Til dømes kunne det jo vera den nye kattungen i heimen, med det velklingande namnet «Pyntedame», som fann det for godt å setja seg på tastaturet slik at det vart klikka «oppdater» i nettlesaren 500 gonger. Og der har me kanskje løysinga når det gjeld å slå Josedalsrypa?

  5. Karin seier:

    Vil de ha ein leikekamerat eller to til Pyntedama?? Har sterilisert eine kjetta vår akkurat berre for å finne ut at den andre ha trykt ut eit ukjent antal kattungar…… Dei vakre små treng vel kvar sin kattunge??? 😀

  6. Tarjei seier:

    Spørsmålet: Vert me som les bloggen din med RSS rekna med?

  7. oddmund seier:

    Har ikkje peiling. Trafikken blir målt med awstats. Talet eg har oppgjeve er «sider», ikkje «treff». Det var fyrst no eg fann ut av skilnaden: «treff» måler alle gonger ei side (html), eit bilete eller ei fil er vist eller lasta ned, «sider» tel berre viste html-sider. Korleis dette fungerer med php og rss er langt utanfor min forstand. Men det veit kanskje du?
    Når det gjeld kattungane takkar me pent nei, men lovar å koma attende til Pyntedame i seinare bloggmeldingar.

  8. Bård seier:

    Start ein grov og mest mogleg usakleg polemikk mot Jostedalsrypa. Gjerne med bilete av skitentyvasken heime.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *