Fyrtiande fødedagen

Om nokon er i tvil: Førtiårskrisa har ikkje meldt seg enno. Men det gjeld å bu seg, sidan det i dag er like lenge sidan eg fylte 18 til eg kan gå av med AFP (om det framleis finst). Obligatorisk lesestoff er då det store førtiårskrisediktet i norsk litteratur, for ikkje å seia verdslitteraturen: «Fyrtiande fødedagen» som Aasen skreiv for skrivebordsskuffen i 1853. Stakkars mann. Åtvaring: Det er langt!

FYRTIANDE FØDEDAGEN.

Her er ein høvelag Kvilestad,
her ser du langt tilbaka.
Prøv no, um du kann vera glad,
og nokon Hugnad smaka.
Rekna no ut, kor lengje d’er
du heve voret paa Vegen,
sjaa so, kor langt du komen er,
og kjenn, um du verder fegen.

D’er lengje sidan du foor til Fjells
og gjekk yver fyrste Bakken;
no ser du alt, dat lid til Kvelds,
og so fær du Natti paa Nakken;
Natti kjem, og Foten er trøytt,
og inkje er Hus paa Heidi;
beste Tidi heve du øydt,
alt fyrr du kom midt paa Leidi.

Aa, alle dei Timar du heve spilt,
dei koma deg tungt aa trykkja.
So gjeng dat til, naar ein styrer vilt
Og vinglar i Krok og Lykkja;
Tidi ho gjeng sin jamne Gang,
um Mannen søv elder vaker;
ho spyrr inkje, um den Stund er lang,
som tarvst til dine Sakjer.

Skal dat no vera fyrti Aar,
fraa di du kom til Verdi,
so er dan Saki alt for klaar:
du foor inkje rette Ferdi.
Tidi er tapt, og dat er vist,
ho kjem inkje atter, des verre.
Ja, tie Aar maa du hava mist
og helder fleire en færre.

Tenk deg ein Ungersvein, som vardt
i Berget teken og trollad,
sungen i Sømn og bunden hardt,
dar Tussarne song og sollad!
Og naar so Trollskapen gjekk av,
og Sovaren hadde vaknat,
daa var han gamall og gjekk med Stav,
og myket hadde han saknat.

Tenk deg, at Sømnen var helder snæv,
og Vokstren var helder langer,
at Fangen eldest i Strit og Stræv
og myket Harm og Anger.
Og naar so Fangen ut var slept
og skulde søkja si Lukka,
daa var kvar ein Glugge tept,
og kvar ein Blom var plukkad.

Du ser so mange rundt ikring,
langt meir en tie Aar yngre,
som hava sankat seg større Ting,
men aldri strævat tyngre.
Dei gingo fram, daa du stod fast,
dei gingo paa beine Vegar,
difyre komo dei fram i Hast,
og du stend atter og tregar.

Av alt du kravlad og kraup ikring,
so er du ‘kje lenger komen,
en daa du gjorde din fyrste Sving
og steig uppaa Bakketromen.
Endaa er du ‘kje vorden Mann,
endaa gjeng du i Læra,
endaa vel knapt du tala kann
og liva med Folk med Æra.

Sjaa dine Grannar og lær av deim,
dei hava seg betre hagat:
alle so hava dei Hus og Heim
og alt etter Hugen lagat.
Du læter framande reida deg Bol
og segja deg, naar du skal byta.
Du lyter sitja paa annan Manns Stol
og eta or annan Manns Gryta.

Sjaa dine Grannar i Pynt og Pryd:
dei reika so bratte paa Vegen,
alle so hava dei seg ein Lyd,
som fylgjer deim fus og fegen.
Kvat heve du, din arme Kryp?
Kven bryr seg um din Skade?
Anten du stender, eller du styp,
er alle lika glade.

Kvar vardt alle dei Draumar av,
dei, som du gjekk med so lengje?
Kvar vil du leggja din Gangestav
og kvila deg etter ditt Gjengje?
Alt er du trøytt, du kjenner ein Kjeim
av Aldren i Mod og Minne:
sjaa no til, um du heve ein Heim,
og um dar er nokon inne.

Kvar vardt av dat vene Hus,
du skulde lata deg byggja?
dit skuld’ du ganga so glad og fus,
og dar skulde alle seg hyggja.
Kvar vardt dan vene Hagen av
med alle dei Tre og Runnar,
alle dei Blomar, som Vaaren gav,
og alle dei grøne Grunnar?

Kvar er dan vene Drosi væl,
som skulde med deg røda,
gjera deg alltid glad og sæl
og søta deg all di Møda?
Jau men, vardt dat væl nokot av
med alle dei vene Draumar!
Gakk, Far, og styd deg paa din Stav,
d’er ingen, som etter deg gaumar.

Gakk so langt, som du kann og vil,
d’er ingen, som veit dine Vegar;
um du verd ute ein Time til,
d’er ingen, som etter deg fregar.
Um du skal vaka Natt etter Natt
i Sorg og tunge Tankar,
so er heile Huset lika gladt,
og ingen høyrer du bankar.

Elskhugen er dan venaste Urt,
som veks fyre Manna-Sonom,
dan Mann heve kastat Livet burt,
som inkje fekk Deild i honom.
Elsken vil inkje til Aldren inn,
han held seg til Ungdoms-Aari,
han flyr fyre gamalt, rukkut Kinn,
han flyr fyre fallande Haari.

No kann du alltid sjaa din Dom
paa alle dei Droser bjarta.
Paa dine Vegar veks ingen Blom,
fyre deg slær inkje Hjarta!
Sjaa dei paa andre, so sjaa dei blidt,
so Augo blenkja og skina;
men sjaa dei paa deg, er dat inkje fritt,
dei kvessa Augo og grina.

No kann du freista, ifall du vinn
aa setja deg upp ei Stova,
dar kjem inkje myki Moro inn,
aa, sæl var dan som fekk sova.
No kann du setja dei fine Tre,
som skulde standa kring Huset,
dei vil inkje naa so høgt som til Kne
og kanskje knapt upp or Gruset.

Gjer deg no berre ingi Von,
du veit, kor Vonerna fara;
dei fata og slokna so fort som Ljon,
og Ljoset vil aldri vara.
Trøyst deg med, at mangein Mann
kom inkje Maalet nærre,
og mangein Mann vil klaga, at han
heve faret endaa verre!

(Her etter Skrifter i Samling, bd. 1, 1911.)

Dette innlegget vart lagt inn i Heimeliv. Bokmerk fastlenkja.

4 Responses to Fyrtiande fødedagen

  1. my seier:

    Men på den ljose sida: Desse strofene kunne du ikkje ha skrive:
    Kvar vardt av dat vene Hus,
    du skulde lata deg byggja?
    dit skuld’ du ganga so glad og fus,
    og dar skulde alle seg hyggja.
    Kvar vardt dan vene Hagen av
    med alle dei Tre og Runnar,
    alle dei Blomar, som Vaaren gav,
    og alle dei grøne Grunnar?

    Kvar er dan vene Drosi væl,
    som skulde med deg røda,
    gjera deg alltid glad og sæl
    og søta deg all di Møda?
    Jau men, vardt dat væl nokot av
    med alle dei vene Draumar!
    Gakk, Far, og styd deg paa din Stav,
    d’er ingen, som etter deg gaumar.

    Trass alt.

    Til lukke med dagen!

  2. oddmund seier:

    Takk! Men dette råkar iallfall godt:

    Kvar vardt dan vene Hagen av
    med alle dei Tre og Runnar,
    alle dei Blomar, som Vaaren gav,
    og alle dei grøne Grunnar?

    Men eg kunne ikkje ha skrive noko av dette. Eg er ikkje Aasen, og takk for det.

  3. Anders seier:

    Vel, til lukke i alle fall. Og førtiårskrisa er oppskrytt. Mi har i alle fall ikkje meldt seg, og no er det for seint.

  4. Ragnhild seier:

    Til lukke med dei 40!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *