Edvard Os 125 år

I dag er det 125 år sidan nordfjordingen, målmannen og offiseren Edvard Os (1885-1970) vart fødd. Os er hugsa i målrørsla som ein stor strateg og effektiv organisasjonsbyggjar, men òg som ein illgjeten stridbukk. I doktoravhandlinga mi har eg vigd ein del plass på den militærpolitiske aktivismen til målrørsla, mellom anna Edvard Os. Det skulle såleis høva godt med eit lite (?) utdrag frå kapitlet «Gjelsvik–Os-regimet» (side 388-92, her utan notar og referansar): 

Arkitekten bak oppbygginga av Norigs ungdomslag og Norigs maallag i tida frå unionsoppløysinga til utgangen av fyrste verdskrigen var Nikolaus Gjelsvik, og han gjekk fyrst i gang med Norigs ungdomslag. Han sytte for å få gjeve ut prenta årsmeldingar, den fyrste for arbeidsåret 1906-07, og under Gjelsvik si leiing byrja eit effektivt finansieringsarbeid. Dette la grunnlaget for tilsetjinga av ein ”skrivar”. Valet av Gjelsvik til formann i Norigs maallag i 1912 fall saman med eit ynske, ikkje minst nedanfrå i samskipnaden, om ei organisatorisk styrking, og løysinga vart opprettinga av ei felles skrivarstove og tilsetjing av Edvard Os som skrivar i båe samskipnader frå juli 1913. Ein av hovudgrunnane til suksessen til NM dei følgjande åra, var det svært tette organisatoriske, administrative og økonomiske tilhøvet til storebror NU som Gjelsvik hadde lagt grunnen for. 

Dei 13 åra som skrivar har gjeve Os ein legendarisk status i målrørsla, både som ”ein god målpolitisk taktikar, men framfor alt ein drivande organisasjonsbyggjar”, og som ein kar som ofte pressa på så hardt at han lett skaffa seg uvener og motstandarar med den ”bråfuse framferda han stundom viste”. Den militære bakgrunnen hans vert ofte dregen fram, gjerne som eit kuriøst innslag i ei lærardominert rørsle og som ei av forklaringane både på den systematiske og autoritære organisatoriske praksisen hans og på dei mange konfliktane han rota seg oppi. Det er lett å slutta seg til alt dette.

Derimot har knapt nokon sett Os i samanheng med den sterke forsvarspolitiske orienteringa i norskdomsrørsla på denne tida, og det er ærendet mitt her. Eg kjenner ikkje til kvifor Os fekk skrivarposten i 1913, men tilsetjinga innbyr til nokre refleksjonar. Nordfjordingen Edvard Os (1885–1970) gjorde ein dramatisk entré på den nasjonale målpolitiske scenen hausten 1904 då han heldt russetala i Kristiania på landsmål. Det resulterte i det velkjende ”russeslaget” mellom riksmåls- og landsmålsruss og førte til at politiet måtte rydda opp kring Wergelands-statuen. Etter examen artium gjekk han Krigsskulen til 1907 og deretter Den militære høgskulen 1907–09. I 1908 vart han fyrste formann i ”Yngre radikale vinstre” og sytte for at lovene vart på landsmål. I Bergen utmerka han seg som formann i nemnda i Bondeungdomslaget Ervingen som fekk i stand det store og vellukka ”Bjørgvinssjået” i 1910, mellom anna med ei stor folkedansframsyning som drog opptil 20 000 tilskodarar i gatene. Frå 1911 arbeidde han i generalstaben i Kristiania. Eg kjenner ikkje til om 28-åringen Os var fyrstevalet eller hadde konkurrentar i det heile då han fekk den dårleg løna skrivarposten i 1913. Han hadde vist seg som ein uredd målaktivist med store organisatoriske evner, men det må ha funnest mange høgare profilerte og like opplagde personar til den viktige skrivarjobben. Og i norskdomsrørsla var organisatoriske talent slett inga mangelvare i 1913.

Det me kan konstatera, er for det fyrste at Norigs maallag og Norigs ungdomslag i 1913 fekk ein skrivar med bakgrunn frå generalstaben i Forsvaret, og der heldt han fram til 1920, frå 1916 som kaptein, medan skrivaryrket var kvelds-, natt- og helgearbeid. For det andre fall tidspunktet, som me har sett, saman med ein kraftig auke i det militærpolitiske engasjementet til NU. Det er vel ikkje urimeleg å tru at det heilt og fullt var Gjelsvik, formann både i NU og NM, som sytte for denne tilsetjinga.

Gjelsvik fekk iallfall ein medarbeidar som han i alle viktige politiske og organisatoriske spørsmål ser ut til å ha hatt samanfallande syn med. Ettertida har òg til dels gjeve Os æra for utsegner og praksisar som han i stor grad arva frå Gjelsvik. Arbeidet til Os med å styrkja sentrallekken i NM, bygde mykje på den modellen Gjelsvik hadde nytta på NU nokre år tidlegare. Og styringsprinsippet som særleg namnet til Os er knytt til, vart fyrst formulert av Gjelsvik i 1911: ”Betre aa ro rette leidi med lite mannskap enn galne leidi med stort.” Den militære tankegangen kjem endå tydelegare til uttrykk når han same stad skriv at ”Ungdomslagi skal ikkje vera bergingsheimar for vanseda ungdom. Ungdomslagi skal vera heren som vinn landet; men heren hev ikkje bruk for invalidarne.” (…)

Både i NU og seinare i NM fekk Gjelsvik i formannstida si i stand ei ordning med rundskriv, vidareført av Os, som kunne arta seg som reine ordrar om kva lokalorganisasjonane skulle gjera. Omkvedet var at arbeidet kravde offer og at medlemsflokken måtte hanga i. (…)

Då NU heldt årsmøte i Harstad i juli 1911, kunne ikkje Gjelsvik møta. I staden sende han eit brev som vart lese opp på møtet og prenta i årsmeldinga. Bodskapen var ikkje til å mistyda: Det var for lite takt og disiplin i NU, og ”…framum alt gjeld det, at samhaldet vert sterkare og diciplinen større. Ein liten her med godt samhald og god diciplin hev ofte vunne paa ein mykje større her, der samhaldet og diciplinen hev vore laak. Med desse ord vil eg senda mi beste helsing til aarsmøtet.” Då han opna årsmøtet i NM i 1914, minna han om det han hadde sagt på møtet i 1912 om at når neste sendemannsmøte kjem saman, er det ikkje utsendingane som skal halda rekneskap med formannen, men formannen som skal halda rekneskap med sendemennene. Dette var freistnader på å styra ein demokratisk samskipnad etter førarprinsippet og reint militære ideal.

Dei konfliktane som rasa kring Os er gjerne forklarte med ein kombinasjon av personlegdomen hans og den militære bakgrunnen, men med ei vekt på det fyrste. ”Misnøgje med skrivaren baade fraa syd, nord, aust og vest. Men Os vil likevel halda fram i same leid. Han vil ikkje temja si nattur og ikkje brigda sin tone”, lyder ei overskrift i Gula Tidend etter eit av dei mange stormfulle årsmøta i Norigs maallag på denne tida. Meir interessante enn individuelle psykologiske forklaringar på den bråfuse og kompromisslause framferda til Os, er dei offisersideala han hadde med seg. Roald Berg kastar eit interessant lys over dette i Norsk forsvarshistorie: ”Vi har indikasjoner på et spesifikt militært mandighetskrav i talløse nekrologer i det militære tidsskrift.” Dette var eit allment fenomen som slett ikkje berre galdt Venstre-offiserane, men han dreg særleg fram den sterke nasjonale Georg Stang-kulten etter 1907 der ”kompromissløsheten, staheten” står heilt sentralt. Stang vart ikkje fyrst og fremst dyrka for å ha sett landet militært i stand før unionsoppløysinga – det var det som nemnt sterk usemje om –, men for mannsmotet. Han gjekk aldri omvegar, men ”Ligepaa, ligefrem – det var hans Løsen” som det heitte i ein nekrolog frå 1907. Det kunne like gjerne vore skrive om Nansens sivile maskulinitet eller om den organisatoriske praksisen til Os i NM. I ein brei og demokratisk medlemsorganisasjon gjekk dette ei stund, faktisk i heile 13 år grunna den sterke støtta han hadde i hovudstadsmiljøet og dei mange positive sidene hans, men ikkje lenger.

Dette innlegget vart lagt inn i Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *