I dag er Mål og modernisering omtala i eit par regionaviser. Eg set stor pris på rosen som Heming Gujord deler ut i Bergens Tidende og ser godt at påpeikinga av vantande poetokrati-vurdering har noko føre seg. Den positive omtala av boka i dagens Adressa er derimot mindre å leggja vekt på sidan rosen der kjem frå meg sjølv (intervjua av Tone Mørkved). Ingen av oppslaga ligg på nettet.
Velkomen!
Det meste av innhaldet på denne nettstaden er artiklar og anna eg har skrive opp gjennom åra, sjå underTekstar. Mykje ligg ute i fulltekst. Det meste er fagtekstar, men her ligg òg nokre politiske tekstar, særleg om målpolitikk. Dette var også ein gong ein blogg, men det har dabba av. Siste kommentarar
- Kari Johanna Yttri til Haugaslekt
- Oddmund til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Kåre Olavson Hæreid til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Magne Medhus til Jostedal mållag 100 år (JSA 2006)
- Perder til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Ola Svein Stugu til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Oddmund til Ubåt i Sognefjorden 1972?
Siste frå Jostedal historielag
Siste frå Jostedalsrypa
Emne
Arkiv
-
Siste meldingar
Når ein snublar over dagens del 2 av BT i ei lomme på ein tilfeldig snøggbåt, er det ei glede i seg sjølv. Når ein slår opp avisa og les god omtale av (det eg er viss på er) ei god bok av ein flink kar som ein kjenner, er det jo reine julekvelden. Til lukke!