Usikker framtid (NT 2/2001)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 2, 2001.]

Landsmøtet i juli skal vedta eit nytt treårs arbeidsprogram for Noregs Mållag. Det vert eit særs viktig vedtak der ei gjennomgripande opprusting av målreisinga og målrørsla må stå sentralt.

Sett frå éin synsvinkel er ikkje stoda i dag så ille, og nynorsken har greidd seg bra gjennom 1990-åra. Me kan oppsummera eit viktig gjennombrot for nynorsk som opplæringsmål i dei største byane, nynorsk er styrkt som bruksmål i dei tjukkaste nynorskområda, særleg ved at næringslivet har vorte flinkare til å bruka målet, nynorsken har eit langt betre utgangspunkt for ein frammarsj på IT-feltet enn for nokre år sidan, og den opne nynorskmotstanden har iallfall ikkje vorte større. Ser me på samskipnaden, har både medlemstal og aktivitet vore stabil, ulikt mange andre liknande organisasjonar.

Alt dette er likevel ei mager trøyst når ein ser på dei store utfordringane nynorsken og målrørsla står andsynes i tida som kjem. Me veit både at presset mot sidemålsordninga vil halda fram, at IT-revolusjonen kan bli lagnadstung for alle mindretalsspråk om marknadskreftene skal få rå utemja, at folkeauken i dag er mykje større i bokmåls- enn i nynorskområda, og at alt for mange, òg nynorskfolk, stiller seg likesæle til målspørsmålet. Dette fell saman med at presset frå engelsk mot heile det norske språkområdet aukar kraftig. Då er det ikkje triveleg at målspørsmålet framleis er vist til utkanten av ålmenta og rikspolitikken, og at det ikkje er mogleg å få auga på tonegjevande politikarar som både i ord og handling vil atterreisa framtida for nynorsken og norsk språk i det heile som eit nasjonalt kulturpolitisk tema.

Dette er det einast målrørsla som kan gjera noko med. Då Telenor nyleg vedtok å gå over til engelsk som konsernspråk, sat bokmålsfolket stille og såg på. For oss ligg det likevel særs mykje inspirasjon å henta i det gryande opprøret mot dei negative utslaga av globaliseringa og det aukande arbeidet i mange land for å ta vare på det språklege og kulturelle mangfaldet. Styret i Noregs Mållag helsa i vår ei norsk avdeling av antiglobaliseringsorganisasjonen Attac velkomen, og det vellukka vinterseminaret i Bergen vart eit startskot på det sterkare internasjonale engasjementet og perspektivet som må prega norsk målreising i tida som kjem.

Gledeleg er det òg at me kan sjå omrisset av ein ny distriktskamp. Her ligg det viktige alliansar for målrørsla, og her har me mykje å tilby. Ei hovudline i norsk målreising gjennom 150 år har nettopp vore å få fram at det ikkje er det språklege og kulturelle grunnlaget i hovudstaden som einsidig bør liggja til grunn for den nasjonale språk- og kulturutviklinga, men det grunnlaget som er skapt av folk i bygd og by gjennom hundreåra. At motsetnaden er like levande i dag som på Bjørnson og Garborg si tid, demonstrerer Kjetil Rolness i Dagbladet 20. januar: ”I stedet for vokabular har vi dialekter. Her finnes ingen grenser for nyanser, heller ikke for måter å uttale ordet ’snø’.”

Attåt å halda fram med å prioritera den språklege oppveksten til born i skular og barnehagar, er det avgjerande at me òg greier å styrkja nynorsken utanfor desse institusjonane. Auka nynorskbruk i media og IT er særleg viktig for at dei oppveksande generasjonane skal møta nynorsk i kvardagen og sjå at det er eit språk for framtida, ikkje berre for fortida. Avgjerande er det òg at me greier å lyfta språk og språkpolitikk langt høgare opp på den rikspolitiske saklista slik det faktisk har skjedd i grannelanda våre enn hjå oss.

Skal målrørsla greia både denne utfordringa, vinna målstridene i lokalsamfunna og å få eit språkleg engasjement ut til breiare krinsar, treng me framfor alt ein sterkare og meir attraktiv organisasjon å vera aktiv i. Det kjem ikkje av seg sjølv – det krev meir arbeid, meir folk og ikkje minst meir pengar, mellom anna medlemspengar.

Det er all grunn til å vera uroleg for framtida til nynorsken når me no formar ut strategien for dei neste åra. Men det er òg all grunn til å ta med seg at målrørsla frå Garborg til i dag har oppnådd store resultat, og at det fyrst og fremst er opp til oss og ikkje til ”utviklinga” korleis dette skal gå.

Oddmund Løkensgard Hoel

leiar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *