Ny kamp for nynorsk i media (NT 5/2000)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 5, 2000.]

”Meir nynorsk i kvardagen” står det på gamle klistremerke frå Noregs Mållag. Det er dette mykje av målstriden dreier seg om, og denne hausten har ikkje vore noko unntak. Hadde bokmålselevar fått møta meir nynorsk dagleg, ville sidemålsspørsmålet neppe vore noko sak. Hadde folk i blandingsområda sett meir nynorsk i samfunnet rundt seg, ville presset som fører ungdomar og skulekrinsar over til bokmål vore langt mindre. Og nettopp det at nynorsken er så kraftig til stades på alle samfunnsfelt i dei tjukkaste nynorskområda, gjer at målet har styrkt seg der dei siste tiåra.

Me vert dagleg utsette for store mengder språk, og det meste kjem frå media. Dette er eit arbeidsfelt Noregs Mållag har brydd seg lite om dei siste åra. Me har registrert at dei nynorske lokalavisene har hatt gode dagar og at viktige regionaviser som Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten har slept nynorsken til i spaltene. Me tok det difor ikkje så tungt då gamle Gula måtte kasta inn handkledet. I NRK og TV2 har ei rad unge og dyktige medarbeidarar profilert nynorsken på eit framifrå vis, sjølv om båe kringkastingsselskapa framleis har mange målsvin på skogen og P4 har ein språkleg profil som gjer han til RADIO BARE NORGE.

Mykje er som før. Dei største riksavisene – VG, Dagbladet, Aftenposten og Dagens Næringsliv – har framleis forbod mot nynorsk på redaksjonell plass utan at det interesserer ytringsfridoms- og andre kommisjonar særleg mykje. Det same har NTB, som dagleg forsyner aviser over heile landet med bokmålsstoff. Vekeblad, fagpresse og tidsskrift er jamt over nynorskfrie sonar, og dei største forlaga lever i stadig sterkare grad opp til ryktet som bokmålsforlag. Alt dette burde Noregs Mållag ta meir tak i enn før om me skal ha voner om at nordmenn flest skal møta meir nynorsk til kvardags.

Men det er framfor alt det som ikkje er som før, som bør få oss til å gå tyngre inn i mediefeltet når eit nytt arbeidsprogram no skal vedtakast. Eigarkonsentrasjon, store teknologiske endringar, avregulering og kommersialisering har sendt mediebransjen inn i strukturendringar som på sikt kan truga nynorsk som mediespråk om målrørsla ikkje samlar seg til ein ny offensiv. Offentlege reguleringar, som prosentkrav til NRK og konsesjonsvilkår for TV2, har tradisjonelt sikra nynorsken og eit kulturelt mangfald i etermedia. Reguleringane vil bli sett under kraftig press når digitaliseringa gjer at det vert plass til ei uavgrensa mengd riksdekkjande radio- og fjernsynskanalar, og når den teknologiske og redaksjonelle samansmeltinga gjer at radio og fjernsyn i aukande grad byrjar å tevla direkte med aviser og andre medium.

Noregs Mållag må reisa striden for meir nynorsk i media på nytt. Og denne gongen vil det ikkje stå om å skipa eigne nynorskinstitusjonar. Mediebedrifter som Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor har vore og er viktige nøkkeltiltak i den nynorske medieverda som målrørsla må stø opp om. Men ingen bør ha illusjonar om at det framover vil vera mogleg å byggja opp eigne nynorske aviser, radio- og fjernsynskanalar, tidsskrift og nyhendetenester som kan tevla med dei store bokmålsføretaka. Og det er kanskje heller ikkje ynskjeleg. Det viktige for oss må vera å syta for at nynorsken kjem sterkare inn i dei media som folk les, ser og høyrer på i dag. Særleg bør ikkje det nedverdigande nynorskforbodet i største riksavisene lenger få vera i fred for målrørsla. Dersom nynorsken fyrst slepper til i dei største redaksjonsmiljøa i hovudstaden, er mange problem løyste, òg når det gjeld digitale nyhendetenester.

Denne gongen vil det heller ikkje stå om beinveges reguleringar, men om direkte påverknad av redaksjonsmiljø og om å påverka rammevilkåra, særleg dei økonomiske. Det fyrste spørsmålet som bør reisast, er om aviser med nynorskforbod framleis skal få pressestøtte i form av momsfritak. Denne ordninga gjer at pressa i dag er kraftigare subsidiert per årsverk enn landbruket – av kulturpolitiske grunnar som på ingen måte kan seiast å vera oppfylte så lenge dei driv regelrett språkundertrykking.

Arbeidet for meir nynorsk i media og informasjonsteknologi bør stå sentralt når Noregs Mållag skal vedta arbeidsprogram for perioden 2001-2004. Mediemållaget og Kringkastingsringen har alt innleidd eit tettare samarbeid, og det same drøftar Kringkastingsringen og Noregs Mållag sentralt å gjera. Men det er fyrst når målrørsla slår til i full breidd og spelar på alle strengane at ein kan ha von om å få gjort noko med bokmålsmonopolet i riksmedia. Det er på høg tid før digitaliseringa valsar over oss.

Oddmund Løkensgard Hoel

leiar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *