Forsvar nynorskopplæring for alle! (NT 4/2000)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 4, 2000.]

Ein språkpolitisk allianse mellom Høgre og Arbeidarpartiet i hovudstaden står bak det mest alvorlege åtaket på lenge på prinsippet om at alle nordmenn skal læra både bokmål og nynorsk. Dei to partia vil at elevar på inntil 12 vidaregåande skular i byen skal kunna velja seg bort frå undervisning og eksamen i nynorsk og dermed frå halve norskfaget. Høgre ville i utgangspunktet gjennomføra dette ”forsøket” på alle skular, SV ville ha det på fem.

Ein skal ikkje undra seg over at Høgre går inn for dette. Partiet vil i programmet for stortingsperioden 1997-2001 ”gjere den skriftlege sidemålsundervisninga valfri” og prøver seg no i hovudstaden etter at Oslo Høgre har brukt saka som veljaråte i to valkampar, og etter at Høgre vart ståande åleine saman Framstegspartiet då partiet tok opp saka i Stortinget i fjor.

Arbeidarpartiet og SV kan ein undra seg noko meir over. På spørsmål frå Oslo Mållag i valkampen i fjor svarte båe partia at dei ville gå imot framlegget frå Høgre. Men i august sprang dei frå både vallovnader og partiprogram, Ap fordi ”– Jeg synes ikke nynorsk er spesielt viktig i år 2000. Du finner ikke mye nynorsk på en PC” (Jorun Bekkby i Aftenposten 16/8). Lyspunktet i Bystyret har vore Venstre, Krf og RV med komiteleiar Trine Skei Grande (Venstre) i spissen som har ført eit godt og aktivt forsvar for at Oslo framleis bør vera hovudstaden for nynorskbrukarane òg. Me kan sameleis gle oss mykje over at ein brei allianse av aviser på leiarplass, politikarar, kulturfolk og andre har engasjert seg kraftfullt i saka. Nynorsken har mange vener som vil ta eit tak når det røyner på.

Alt på Vinterseminaret i januar i år tok Noregs Mållag opp sidemålsspørsmålet til grunnleggjande ordskifte, og hendingane i Oslo dei siste vekene stadfester at arbeidet vårt må intensiverast enno meir, både innanfor skuleverket og i dei politiske miljøa. 

Det har det kome tydeleg fram kor dårleg skriveopplæringa i nynorsk jamt over er, og kor lite det er av henne. Byrådet har aktivt spreidd røvarhistorier med Finn-Erik Vinje som opphav om at 30-50% av norsktimane går med til terping av nynorsk grammatikk. Ein 19-årig sidemålsmotstandar i tredje klasse på Oslo Katedralskole fekk fram det alle veit i Aftenposten Aften 25/9 då han klaga over at ”det er et vesentlig poeng som ikke har kommet frem i debatten: Vi får faktisk ikke undervisning i nynorsk i den videregående skolen.”

At det går føre seg ein del vonlaus terping av nynorsk grammatikk, er det derimot sant. Både i fagplanane, eksamensordninga og skrivepedagogikken som vert dosert på lærarutdanningane, ligg det mykje godt som kunne gjort nynorskopplæringa langt betre og meir motiverande, men har prella av på litt for mange lærarar. Når elevane stiller på skulen med negative haldningar til nynorsk alt før den fyrste nynorsktimen, seier det seg sjølv at lærarane spelar ei heilt avgjerande rolle i å skapa forståing for språket. Den viktigaste ressursen me har, er dei vellukka norsklærarane som gjer eit framifrå arbeid og sender frå seg bokmålselevar som både er gode i nynorsk og har eit avslappa og jamvel positivt tilhøve til språket. Det er Utdanningsdepartementet og det nye statlege Læringssenteret sitt ansvar å få i gang eit reelt utviklingsarbeid som kan få fleire til å lukkast som norsklærarar – det fortener både elevane og lærarane. Noregs Mållag drøfta dette med departementet fleire gonger i vår og vil fylgja opp saka tett utover hausten no som Oslo-politikarane ironisk nok har skapt ei opning for å få gjort noko bra på feltet.

Me har òg fått stadfesta at målspørsmålet og særleg spørsmålet om obligatorisk opplæring i båe språk må reisast med større kraft i alle parti. Dei er alle saman kløyvde geografisk og kulturelt og på tvers av andre skiljeliner i denne saka, og mange kulturelt medvitne Høgre-politikarar likar seg dårleg om dagen. I utkastet til nytt valprogram har partiet like godt feid sidemålsspørsmålet under teppet, og korkje programframlegga til Ap eller Krf nemner målspørsmålet i det heile. Målrørsla har ei særs viktig oppgåve fram mot partilandsmøta i å kjempa for at alle parti, medrekna Høgre og Framstegspartiet, går til val på ein god språkpolitikk.

Det hastar, for det mest alvorlege med Oslo-saka er at me er i ferd med å få ein politikargenerasjon som gjer den språklege fjortispolitikken stoverein. I Oslo Ap er det AUF-arane som har stått på barrikadane mot sidemål i haust, og Oslo Unge Høgre, som i vår markerte seg med vervekampanjen ”La dem raute nynorsk, bare vi slipper”, skriv no på nettsidene sine: ”Det er godt å vite at en såpass ung mann som [Bård] Folke Fredriksen, som var leder i Oslo Unge Høyre for bare 9 år siden, i dag er den som har mest å si i Oslo-skolen.”

Me føreset at Trond Giske går mot sitt eige Oslo-parti avviser søknaden frå Oslo kommune. Deretter har ein halv million nynorskveljarar krav på ei språkpolitisk avklaring frå alle parti fram til stortingsvalet.

Oddmund Løkensgard Hoel

leiar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *