Ålmenn røysterett frå hausten (NT 3/2000)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 3, 2000.]

På landsmøtet i 1998 vart me nøydd til å ta inn eit punkt i arbeidsprogrammet om at me skulle ”arbeida for å få tilbake den allmenne røysteretten ved rådgjevande røysting om opplæringsmålet”. Då hadde Stortinget nettopp vedteke den nye opplæringslova, og der hadde eit fleirtal av Arbeidarpartiet og Framstegspartiet overraskande gått saman om å avgrensa røysteretten til foreldre som har born på skulen røystinga gjeld, det vil seia ei endå snevrare og meir urettvis ordning enn i åra mellom 1971 og 1985. Då hadde iallfall foreldra til born under skulepliktig alder røysterett. Likevel gjekk eit samrøystes Storting attende til ålmenn røysterett i 1985 fordi ordninga fungerte dårleg. Utdanningsminister Jon Lilletun bad målfolket bli med på omkamp alt hausten 1998, men optimismen vår har likevel ikkje vore stor. Seinast i årsmeldinga for 1998 oppsummerte styret at det er lite som tyder på at det er mogleg å få gjort om lova i noverande stortingsperiode.

Sjeldan er det ei så stor glede å vedgå at ein tok feil! I haust vart det klårt at regjeringa kom til å be Stortinget gjera ymse endringar i opplæringslova, mellom anna om godkjenningsordninga for lærebøker som det brått vart viktig å bli kvitt. Me tok då opp røysterettsspørsmålet, fyrst med sentrumsregjeringa som så vidt hadde byrja å greia ut saka då ho måtte gå i mars, og seinare med Ap-regjeringa som ikkje nemnde spørsmålet då proposisjonen kom 28. april. Men Stortinget har kome på andre tankar, og det er no klårt at eit fleirtal med iallfall Ap, sentrum og SV går inn for ålmenn røysterett i innstillinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen som kjem 7. juni. Det må då eit jordskjelv til for at Odelstinget skal gjera noko anna når saka kjem opp der 13. juni, så når neste skuleår byrjar, vil det eittårige eksperimentet med avgrensa røysterett vera over.

KrF, Sp, Venstre og SV heile tida har stått trygt på ålmenn røysterett, og nøkkelen har såleis vore Arbeidarpartiet. Oppmodingane har vore sterke både frå partilag, partimedlemer og målrørsla, og alt då lova vart vedteken i 1998, sa Ap i Stortinget at ”dersom forslaget slår feil ut, må [me] kunne kome tilbake til dette og rette det opp”. Det er det Ap no har gjort, og partiet og Sigvald Oppebøen Hansen har såleis halde lovnaden frå 1998. Det står det respekt av, og det lovar svært godt for det vidare samarbeidet vårt med regjeringspartiet. Me må på vår side ta noko av ansvaret for at vedtaket i 1998 ikkje vart stogga. Signala var neppe tydelege nok om at dette var særs viktig for oss, dels fordi saka kom overraskande heilt i siste runde, og dels fordi me undervurderte dei negative konsekvensane av endringa. Bokmåls- og riksmålsfolket tok rett og slett innersvingen på oss.

Me fekk raskt oppleva at ”forslaget slo feil ut”. Røystingane byrja å tikka inn, og når skuleåret er over, vil det totalt ha vore røystingar ved 16 skular. Ni av dei hadde neppe kome om det hadde vore ålmenn røysterett. Me må heilt attende til skuleåret 1977-78 og åra kring 1970 for å finna høgare tal. Tretten har kome i nynorskkrinsar, og dei tre åtaksrøystingane i Steinkjer 5. juni kjem fordi skulane må ta imot elevar frå to nynorskskular som kommunen la ned. Utfallet var ikkje klårt i meir enn ti av krinsane då dette var skrive, men stillinga var då 5-5, og me skal nok greia å halda uavgjort i dei siste seks òg.

Det burde sjølvsagt vore 16-0 til nynorsken. Men røystingane har òg vist at svært mange foreldre vil stri for nynorsken i dei blandings- og pressområda det her er tale om. Det har både vore ein imponerande kampvilje og mykje god organisering i foreldreflokken, og fleire stader er det skipa eller oppattskipa mållag.

Viktigast er det likevel den prinsipielle sida. Opplæringsmålet i skulen er ei viktig kultursak som får fylgjer for målbruken i heile lokalsamfunnet – det er ikkje og må aldri få bli eit reint skulespørsmål og ei individuell sak for foreldra. Foreldreretten er alt sikra gjennom parallellklasseordninga som målrørsla har vore den fremste forsvararen av i alle år, og i dei små krinsane er skulane så viktige kulturinstitusjonar at det både vil vera ei demokratisk, kulturpolitisk og skulepolitisk ulukke å skjera over dei banda mellom skulen og bygda som den ålmenne røysteretten er.

Den største feilen me kan gjera no, er å la den ålmenne røysteretten bli ei sovepute. På nynorskskulane Liland (Bergen) og Flisnes (Ålesund) kom røystingane fordi talet på nynorskelevar fall til under dei ti som må vera att, og jamt over kjem røystingane der målarbeidet og mållaget ligg nede. Den elendige kommuneøkonomien gjer òg at me vil få fleire røystingar fordi kommunane legg ned skular. Sterke og aktive mållag er framleis den beste medisinen mot bokmål i skulen, og sterke mållag trengst ikkje minst når me no må ta opp att arbeidet med å vinna attende krinsane som gjekk mellombels over til bokmål i 80- og 90-åra.

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *