Nynorsk som IT-språk (NT 1/2000)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 1, 2000.]

Nynorskfolk finn seg i det meste. Dagleg godtek me å lesa riksaviser effektivt reinsa for nynorsk, få postkassa full av glorete reklame på bokmål, sitja med ungane framfor nynorsk- og dialektfritt barnefjernsyn og få eksamensoppgåver, brev og skjema frå det offentlege på bokmål sjølv om ein gong etter gong har kryssa for nynorsk. Desse tinga er ikkje så viktige kvar for seg, tenkjer me, men samstundes veit me inderleg godt kva for eit massivt bokmålspress alt dette skapar til saman. Og dersom me ein hende gong reagerer, får me med ein gong stempel som fanatikarar og kverulantar, og kvir oss for å gjera det neste gong.

Då er det annleis med dei verkelege fanatikarane og kverulantane i målstriden – bokmålsfolk som ikkje toler å sjå nynorsk i uventa situasjonar. Det er dei som lagar ”telefonstormar”, det vil seia fem hissige telefonar i løpet av ein dag, og skriv utskjellingsbrev til offentlege etatar som har vore så frekke å senda ut språkkløyvde informasjonsskriv. Resultatet er at det har fest seg ei sterk haldning som seier at ein skal unngå å provosera bokmålsbrukarane, særleg i dei meir marknads- og kundeorienterte delane av samfunnslivet som det offentlege meir og meir vert ein del av. Og nynorskkundane høyrer ein jo ikkje noko til, med mindre ein har kome i skade for å senda ut noko på dårleg nynorsk.

Informasjonsteknologien er eit felt der nynorskbrukarar alt for lenge har funne seg i alt for mykje. Berre i 1999 kjøpte truleg nynorskbrukarar og nynorskbrukande institusjonar program frå Microsoft for mange millionar kroner meir enn det ville kosta å utvikla nynorskversjonar av dei same programma. Og alle veit eigenleg at det er viktig – det ser me til dømes når ungdom med nynorskbakgrunn byrjar å laga nettsidene sine på bokmål fordi dei malane og vegvisarane som gjer det enkelt å laga nettsider er på bokmål. Likevel fortalde Conrad Hansen i datafirmaet Acos til Norsk Tidend 3/99 at han har levert dataprogram til kommunane sidan 1983, men aldri møtt eit einaste krav om programvare på nynorsk.

Nynorskorganisasjonane har no sett i gang ein aksjon for nynorsk programvare der både Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Norsk Målungdom og Noregs Mållag vil ta eit tak. Når dette vert lese har Noregs Mållag alt hatt møte med kulturministeren og statssekretæren i Nærings- og handelsdepartementet, og sosialministeren, helseministeren og utdanningsministeren står for tur i nest omgang. Bodskapen til alle desse er at det offentlege må ta eit krafttak for utviklinga av nynorskspråkleg programvare slik ein ser staten har gjort i ei rad andre land (til dømes på Island). Nøkkelen er at staten brukar innkjøpsmakta som ligg i dei statlege milliardane som i åra framover skal gå til innkjøp av programvare og språkteknologi til å stimulera nynorsk programvareproduksjon.

Her er det ein lang veg å gå. Utdanningsminister Jon Lilletun la i januar fram ein IKT-plan for norsk utdanning for dei neste fire åra som ikkje inneheldt eit ord om nynorsk og måljamstelling, endå den førre fireårsplanen tok opp dette på fleire punkt. Fleire aktuelle saker frå KUF berre dei siste to månadene syner at kampen går for fullt i det sentrale politiske og byråkratiske apparatet mellom dei som vil styrkja nynorsken, og dei som tykkjer spørsmålet er uviktig og at det hadde vore enklare om alle fann seg i bokmålet. Ei regjering med mange nynorskbrukande og nynorskvenlege folk – som attpåtil sit på oppseiing – er ingen garanti for målrørsla.

Kontakten vår med politikarane i Oslo vert berre slag i lause lufta dersom nynorskbrukarar på skular, i statlege etatar, kommunar, bedrifter, organisasjonar og på heimekontoret framleis skal sitja på baken framfor PD-en og godta at det som kjem fram på skjermen er på bokmål og engelsk. Det ynsket som faktisk finst omkring i landet om nynorske dataprogram må bli synleg – for styresmaktene, programvareprodusentane, dataforhandlarane og media. Dette ansvaret kviler i fyrste rekkje på dei lokale mållaga som må syta for at dei sjølve og medlemer som sit i posisjon til det syter for at det vert formulert og gjort kjent kvifor dette er viktig, og at program og produkt som faktisk finst på nynorsk i dag vert kjøpte inn.

Dette er eit arbeid som bør engasjera nynorskfolk i bokmålsområda i like stor grad som nynorskområda. For ein kan aldri tru at framtidas ungdom nokon gong skal få eit normalt tilhøve til nynorsk gjennom sidemålsundervisninga dersom dei aldri har sett nynorsk på ein dataskjerm. IT-bransjen har alt vist at det er fullt mogleg – til dømes Opera som har laga nettlesar i nynorskversjon, Telescan i Moss som leverer mobiltelefonar med nynorske menyar og Telenor som har utvikla grunnteknologi for kunstig tale og talegjenkjenning på både bokmål og nynorsk.

No har me ein eineståande sjanse til å skapa eit gjennombrot for nynorsk som IT-mål, men då må me ikkje endå ein gong tenkja at ’det er ikkje så farleg’ når hjelpeteksten dukkar opp på bokmål neste gong.

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *