Tusen år til (NT 4/1999)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 4, 1999.]

Med Ivar Mortensson Egnunds ord ”Tusen års rot det hev i landet, tusen år til så skal det stande” har målfolket, med og utan ironi, sunge seg gjennom det hundreåret me snart har lagt bak oss. Lange perspektiv har me aldri vore redde for, så målfolket burde kjenna seg heime når kloten no skal markera eit tusenårsskifte.

Dei høge hugmåla har gjeve oss pågangsmot og arbeidslyst i dei 150 åra sidan det byrja. Og midt oppe i det daglege målstrevet kan det av og til vera lett å drøyma seg 100 år attende til ei tid då målreisinga var prega av uro og ein utruleg framgang, ikkje den stabile situasjonen i dag. Sume låner kanskje òg øyra til brautande riksmålsfolk som oppsummerer sitt eige 100-årsjubileum med at ”det er riksmålet som har seiret i vår hundreårige norske språkstrid”.

Til det er det berre eitt å seia: Takk for at målstoda i dag ikkje er som i 1899! ”Alt var mye bedre under krigen” syng den tidlegare riksmålsungdomen Ole Paus. Det har han all grunn til. Det som berre var ein draum for 100 år sidan, er i dag røyndom. Nynorsken er ikkje lenger eit språkleg og politisk eksperiment, men kvardagsspråk og morsmål for mange hundre tusen nordmenn. Det ”seirende” riksmålet er skuvd ut av delar av landet i eit omfang som ville fått Bjørnson til å rotera i grava, og det har måtta finna seg i å dela plassen med nynorsken i resten av landet. Innanfor skjønnlitteratur, faglitteratur, kulturinstitusjonar, offentleg forvaltning, skuleverk, forsking og etter kvart data og næringsliv og alle andre samfunnsområde har nynorsken vunne seg rom. Etter at politikarane i Os i haust vart samde – på nynorsk – om å laga innvandrarrekneskap, er det heller ikkje lett å hevda at nynorsken berre er språket for dei politisk korrekte. Så sjølvsagd er nynorsken at mange heller ikkje ser noko poeng i å arbeida aktivt, medvite og organisert for målet sitt ut over å bruka det. For målrørsla er det eit problem, men for nynorsken er det ein styrke, og det ville vera utenkjeleg i 1899. Slik er stoda dramatisk endra på desse 100 åra – til det betre: Nynorsken har aldri vore så rotfest i det norske samfunnet og i folkesjela som han er i dag.

Målåret 2000 vil ikkje skilja seg mykje ut frå 1999. Det vil framleis stå om å styrkja sidemålet, arbeida for parallellklassar, vinna skulemålsrøystingar, styrkja fotfestet innanfor IT og næringsliv, rusta opp organisasjonen, meisla ut strategiar og høyra på alle dei som vil bruka tusenårsskiftet til å repetera at nynorsken syng på siste verset. Ein kan alltids tenkja høgt om korleis det vil stå til med nynorsken om hundre eller tusen år. Men det me kan læra av tida me har bak oss, er at det til sjuande og sist er det daglege arbeidet og dei mange små stega som tel, og at det kanskje er her den største inspirasjonen òg ligg. Så når me hevar blikket og glaset nyttårsaftan, kan me roleg slå fast: Det nynorske tusenårsriket er her alt, og det er opp til oss kva dei neste åra skal gje.

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *