Strategiske utfordringar for målrørsla (bokartikkel 2001)

kampen.jpgHoel, Oddmund L. (2001.) Strategiske utfordringar for målrørsla. I Håvard Teigen og Elisabeth Bakke (red.), Kampen for språket. Nynorsken mellom det lokale og det globale (s. 15-41). Oslo: Samlaget.

Bibsys-oppføring

Det har gått ein mannsalder sidan den store strategidiskusjonen i målrørsla som peika ut hovudlinene for arbeidet heilt fram til i dag. Tilrådinga Målreising 1967 står att som det sentrale dokumentet i ein langt frå rettlina prosess som tok til midt i 1960-åra og gjekk inn i 70-åra. Avstanden i tid er i seg sjølv ein grunn til å setja i gang ein ny prosess, slik landsmøtet i 1999 vedtok, og bak vedtaket låg det eit sterkt ynske om å auka kunnskapen om samanhengen mellom samfunnsutviklinga i dag og vilkåra for nynorsken. Gamle og tradisjonsrike rørsler har lett for å trakka i gamle og velkjende spor, og mange har nok hatt ei kjensle av at Noregs Mållag har gjort nettopp det. Det skulle vera nok å nemna nokre stikkord for å få fram kva utfordringar nynorsken og den organiserte målrørsla står andsynes i åra framover: urbanisering, sentralisering, globalisering, marknadsliberalisme, offentleg deregulering, språkdaude og ikkje minst den digitale revolusjonen og informasjonsflaumen. Denne artikkelen avgrensar seg til å peika på nokre viktige problemstillingar til det vidare ordskiftet og tek såleis korkje mål av seg til å koma med nokon fullstendig gjennomgang eller å oppsummera dei mange perspektivrike artiklane i denne boka.

Det er ikkje berre Noregs Mållag som har noko å drøfta. Styresmaktene formulerte hovudlinene i dagens språkpolitikk på same tid som Noregs Mållag, og bak dette strategiarbeidet ligg det òg ei målsetjing om å få språkpolitikken inn att i det rikspolitiske livet. Dei siste tretti åra har, om ein ser stort på det, vore ein svært stabil periode både når det gjeld tilhøvet mellom bokmål og nynorsk og når det gjeld stoda for norsk språk i det heile. Den perioden er over no. Presset frå engelsk aukar på stadig fleire samfunnsområde, og tida for språkpolitisk passivitet bør vera over.

1 Språkfreden som problem
”Det er lite igjen av norsk målstrid”, skreiv Dagbladet på leiarplass 9.8.1999. Det finst ikkje tal på kor mange gonger nekrologen over norsk målstrid er skriven, anten det er av dei som lengtar attende til nynorskframgangen i 30-åra, riksmålsreaksjonen i 50-åra eller grunnplansmobiliseringa i 70-åra.

Målfolk flest kjenner ein annan røyndom. Dei har opplevd over 50 skulemålsrøystingar sidan 1990, hardsett strid om sidemålsopplæringa, seinast i Oslo hausten 2000, fleire store læremiddelaksjonar og dataaksjonar dei siste åra og ein jamn straum med store og små lokale åtak på nynorsken. Mange av dei 4255 medieoppslaga om nynorsk, dialektar, mållag og sidemål som Noregs Mållag registrerte i 2000 fortalde nettopp om målstrid.

På eit vis skal likevel nekrologskrivarane få rett: Målstriden er langt på veg daud, eller iallfall i djup svevn, som rikspolitisk tema. Dette vert ofte einsidig forklart med at det ikkje er noka kraft i målreisinga og nynorsken lenger. Det er difor all grunn til å minna om at ein viktig del av forklaringa tvert om er vår eigen suksess: motstanden mot nynorsk har vorte mindre den siste generasjonen. Riksmålsrørsla og den organiserte motstanden mot nynorsk er berre ein skugge av seg sjølv, og i lesarbrevspaltene vert det lengre og lengre mellom klagemål frå riksmålspensjonistar over nynorskbruk i radio og fjernsyn. I skulane er det ikkje organiserte kampanjar mot sidemål på det nivået elevar berre for 12-15 år sidan opplevde. Både intensiteten og omfanget av den uttala og organiserte motstanden mot det nynorske skriftmålet har vorte mindre, og folk flest ser ut til å ha funne seg i at nynorsken finst og er ein del av den norske felleskulturen. Dei siste 30 åra har den nynorske skrifttradisjonen vorte 30 år eldre og hatt 30 år til på å bli ein del av den aksepterte språklege røyndomen i Noreg, og for kvart år som går vert det vanskelegare og vanskelegare å drepa nynorsken. Ser ein målreisinga frå denne synsstaden, arbeider tida for oss. Kulturminister Ellen Horn formulerte under opninga av Ivar Aasen-tunet 22.6.2000 det som mange har innsett: ”Regjeringa legg til grunn at nynorsken er komen for å bli.”

Den andre hovudgrunnen til at ein med ein viss rett kan hevda at målstriden på riksplan er daud, kjem derimot av heilt medvitne politiske vegval. Det vart teke då Stortinget 20. mai 1970 avslutta førehavinga av St.meld. nr. 15 (1968-69) ”Om språksaken”. Stortingsmeldinga bygde på tilrådinga frå Vogt-komiteen (1964-66), òg kjent som språkfredskomiteen. Ein berande tanke her var nettopp å få ”sprogstriden ut av politikken”, som var Riksmålsforbundets slagord, gje dei stridande partane nok konsesjonar til at dei heldt fred og ekspedera språkkjeklet over i Norsk språkråd (skipa 1972). Noreg hadde då bak seg 80-90 år med ein aktiv statleg språkpolitikk, fyrst under venstrestaten då styrking av nynorsken og oppnorsking av dansknorsken stod på programmet, og seinare den språklege samlingspolitikken under arbeidarpartistaten. Det var fallitten til samnorskpolitikken som fyrst og fremst førte til det språkpolitiske lineskiftet sist i 60-åra. Staten trekte seg attende frå språkstriden, slo fast – iallfall i prinsippet – at båe mål hadde livsens rett, og såg seg sjølv i større grad som ein nøytral meklar mellom dei stridande partane enn ein sjølvstendig aktør. Det som i fyrste rekkje har prega målpolitikken til skiftande regjeringar og stortingsrepresentantar gjennom desse 30 åra – med nokre heiderlege unntak – er passiviteten, initiativløysa og redsla for å bli teke til inntekt for den eine sida i striden.

Språkfredspolitikken gav eit naudsynt pusterom for ei målrørsle som stod under hardt press og trong å reorganisera seg og reformulera grunnlaget sitt. Det nasjonale språkpolitiske kompromisset la grunnen for viktige framsteg som parallellutgåveprinsippet for lærebøker, 25%-kravet til NRK og mållova (1980). Det var nok mange målfolk som delte oppsummeringa som den unge representanten Einar Førde gav i Stortinget av den viktigaste konsesjonen riksmålssida hadde fått: ”Om nokre vil skrive ’sprog’ og ’efter’, så språkfred vere med dei.”[1] Det er i det heile ikkje vanskeleg å sjå at mykje kunne gått langt verre enn det gjorde den gongen.

Språkfredspolitikken har likevel hatt ein høg pris for målrørsla i eit lengre perspektiv. Dei som stod bak Målreising 1967 var klåre over farene: ”Nynorsken har … i stor mon stødd seg til politiske, demokratiske organ, der andre har kunna byggja på pengemakt og massemedia. Målrørsla avviser difor kravet om ”avpolitisering” av språkspørsmålet, for det ville føra til at særinteressene skulle få styra språkutviklinga.” (Målreising 1967: 163) Det er nettopp dette som har hendt i dei 30 åra som har gått. Den passive og ”nøytrale” staten ser det ikkje som si oppgåve å reagera på at det i alle år har gått føre seg ei omfattande statleg subsidiering av språksensuren i dagspressa, eller at store delar av næringslivet i praksis stengjer ute det eine av dei to jamstelte riksmåla og driv aktiv språkundertrykking. Jamvel i statsforvaltninga er det langt att til staten har greidd å gjennomføra sin eigen språkpolitikk med veksling og ei viss prosentvis fordeling mellom dei to måla.

Følgjene er at likesæla og eit instrumentalistisk syn dominert av kost-nytte-vurderingar kjem i staden for dei kulturpolitiske. Som ein grunnfagsstudent i norsk formulerte det i Aftenposten 11.2.2000: ”Dagens undervisning i eksempelvis norrønt er fullstendig uten relevans for praktisk språkbruk.” Slik talar morgondagens norsklærar. Det mest slåande med språkhaldningsgranskingane er ikkje at bokmålsungdom framleis er negative til nynorsk – det har dei alltid vore når nokon fyrst spør – men at dei stiller seg likesæle til målspørsmålet. I dei mange store og små sakene som Noregs Mållag dagleg steller med både sentralt og lokalt, er det ikkje dei ideologisk motiverte nynorskmotstandarane og det planfaste arbeidet for bokmål som er det største problemet, men alle dei som ser reint praktisk og økonomisk på språkval og språkbruk, og dermed vel den breie bokmålsvegen og ikkje ser poenget med å gje nynorskbrukarar eit tilbod på deira eige språk. Den største faren for nynorsken ligg i dag ikkje i å tapa på den kulturpolitiske arenaen, men i å bli rasjonalisert bort bak scenen.

2 Finst nynorsk?
Målfolk er oppdregne til å argumentera for målet sitt heilt sidan Ivar Aasen skreiv ”Om vort Skriftsprog” for seg sjølv i 1832. Argumentasjonen har ymsa så mykje at ein av og til kunne spørja seg korleis målfolka kunne samlast i éi rørsle, men argumentert har me gjort – for at nynorsken har noko som bokmålet ikkje har. Utan argument, inga målreising.

Det var såleis eit særs grunnleggjande spørsmål Jon Fosse stilte i 1992: ”…kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det. … Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der å kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.” (Fosse 1999: 116)

Tusenvis av nynorskbrukarar kunne skrive under på det som Fosse seier her, og det rommar ei viktig sannkjenning: Nynorsken lever i dag sitt eige liv på sida av målrørsla, målreisinga og vekslande idegrunnlag. Dette er ein grunnleggjande skilnad på stoda i dag og stoda for hundre år sidan, ja berre for eit par generasjonar sidan. Nynorsk har gått frå å vera ein ide, ein skriftkode og ei kulturpolitisk kampsak for ei folkerørsle til å bli eit normalt skriftmål med ein litterær tradisjon, institusjonar, bøker og aviser, skular, bankar og 6-700 000 brukarar. I mange av lokalsamfunna der nynorsken i dag dominerer, lever det knapt nok att folk som kan hugsa at skulen deira bytte frå riksmål til landsmål. Å skriva nynorsk har der vorte like sjølvsagt som å skriva bokmål i Oslo eller svensk i Stockholm. Det nynorske samfunnet er ikkje ein framtidsdraum, men ein realitet.

Ein skulle tru at det iallfall var semje om at nynorsken finst, men det er det ikkje. I ein interpellasjon i Stortinget i juni 1999 bad Inge Lønning (Høgre) utdanningsminister Jon Lilletun om å opna for valfri skriftleg sidemålsundervisning. Lønning opna innlegget sitt slik: ”Mange mennesker tror at vi har to likestilte skriftspråk i Norge. Det har vi også – det ene heter norsk, og det andre heter samisk. Men det norske skriftspråk foreligger i to historiske forgreninger, og der er et problem som vi har slitt med gjennom ganske mange tiår uten å finne den gode løsningen på.” (Stortinget 11.6.1999) Og i siste innlegg: ”Det er grunnleggende viktig for meg å slå fast at vi ikke har to norske skriftspråk, som taler etter taler har sagt i denne debatt. Vi har én norsk skrifttradisjon, men den foreligger i to forgreninger.”

Ja, det er grunnleggjande viktig for Lønning slik det har vore for riksmålsrørsla i lang tid å nekta for at nynorsk kan reknast som eit eige språk. Det er i dag riksmålsrørsla som står hardast på det gamle samnorskdogmet om at norsk er eitt språk i to former. Den same riksmålsrørsla har i all normeringspolitikk tvihalde på at riksmål/bokmål og nynorsk må normerast kvar for seg med minst mogleg kontakt over språkskiljet utan det samarbeidet ein må føresetja dersom det er snakk om to former av same språk.

Riksmålsrørsla er ut frå den same argumentasjonen oppteken av å avvisa alle jamføringar med språkstrider i andre land som irrelevante. Grunnen ligg klårt i dagen: dersom nynorsk kulturelt og moralsk kan reknast som eit eige språk, vil nynorskbrukarar ha eit langt sterkare vern ut ifrå ei stadig sterkare internasjonal språkverntenking enn om det berre er snakk om ein annan nyanse innanfor same språk. Det er langt mindre dramatisk å tvinga folk til å skriva ei bestemt rettskriving i ”det norske språksamfunnet” enn å tvinga dei til å skriva eit anna språk, altså byta språksamfunn.

Kort sagt: aksepterer ein at nynorsk er eit eige språk, tek ein frå bokmålsfleirtalet i Noreg retten til å rå over nynorsken gjennom fleirtalsvedtak.

Det er dermed heilt avgjerande at både det norske og det internasjonale samfunnet godkjenner nynorsk som ein sjølvstendig skrifttradisjon og ei eiga språkleg røyst i verda. Internasjonalt er det ei stadig aukande merksemd kring språkdaude og verdien av språkleg mangfald, og ein byrjar å få internasjonale rettsreglar for å ta vare på utsette språk. Viktigast er Europarådets charter om regions- og minoritetsspråk (1992). Det europeiske språkåret 2001 som Europarådet og EU saman står bak, er òg eit uttrykk for denne merksemda, og i dei lingvistiske miljøa kjem det stadig til nye granskingar, seminar og konferansar om emnet.

Den internasjonale språkverntenkinga står på to føter. I eit språkøkologisk perspektiv er kvart språkleg særdrag i verda umisseleg og verdfullt fordi det tek opp i seg ein kunnskap, ein levemåte og ein måte å sjå verda på som vil gå tapt saman språket. Dette byggjer på at språket ikkje berre er ein spegel av tanken og kulturen, men òg er formande og styrande på tanken. Språkmangfaldet gjer dermed oss alle rikare. Den andre foten er språkrettstenkinga – det er ein menneskerett for alle å få bruka sitt eige språk i størst mogleg grad og i alle viktige samanhengar. Det skulle seia seg sjølv at di meir internasjonalisert samfunnet, politikken og tenkjemåten til folk vert, di viktigare for målrørsla vert det å kunna henta støtte i ei internasjonal språktenking.

Er så nynorsk eit eige språk? Reint lingvistisk er både nynorsk, bokmål, dansk og svensk dialektar av det same språket – dei er langt på veg innbyrdes skjønelege, og dei har ei rad språklege drag sams. Dersom nynorsk og bokmål ut frå dette ikkje er ulike språk, er iallfall ikkje bokmål og dansk det. Dette er likevel irrelevant – det avgjerande er desse nordiske språkgreinene opp gjennom tida har vorte nytta av ulike grupper, i ulike kulturelle omgjevnader og på ulike stader.

Mot dette har det vorte hevda at ein ikkje kan dra noko etnisk skilje mellom dei som brukar nynorsk og dei som brukar bokmål, og at dei to gruppene ikkje har noko anna sams enn språket. Dette er å undervurdera kva 150 års målreising og målstrid har hatt å seia for den ballasten dei to skrifttradisjonane i Noreg fører med seg. Dette er ikkje ei grense som kan dragast like klårt og greitt som stats- og nasjonsgrensa og språkgrensa mellom Sverige og Noreg, noko Kjartan Fløgstad har gjeve uttrykk for i jakta på motsetnaden i målstriden: ”Men samstundes kjenner alle … at tvers gjennom alle desse motsetningspara, på kryss og tvers og i sikksakk, går det ei samfunnsmessig demarksjonslinje mellom det nynorske og bokmålet. At denne delingslinja er uklår og vanskeleg å få auga på både geografisk og ideologisk, betyr ikkje at den ikkje finst.” (Fløgstad 1984: 10) Den nynorske tradisjonen har hatt eit anna språkleg utgangspunkt og stått i ein heilt annan og meir intim vekselverknad med dialektane enn det bokmålet har gjort, han har gjennom litteraturen sleppt til mange røyster frå distriktsnoreg som det hadde vore vanskeleg å tenkja seg innanfor bokmålstradisjonen. Nynorsken er prega av 150 års nasjonal, sosial og kulturell kulturkamp, og han har ikkje minst vorte prega av dei områda der han har vore mest i bruk.

3 Den nynorske sjølvtilliten
Medan ein stad mellom 15 og 17% av norske grunnskuleelevar har hatt nynorsk som hovudmål det siste tiåret, har kring ein tredel av nynorskelevane falle ifrå når dei er ferdige med den treårige vidaregåande skulen. I studietida fell òg ein del av. Fråfallet tek til på ungdomssteget når nynorsk- og bokmålselevar vert blanda i same klasse og elevane sjølve vel hovudmål (8. kl.). Til dette må det seiast både at ein del vender attende til nynorsken seinare i livet og at fråfallet truleg har vore like stort i heile etterkrigstida utan at nynorsken har gått i grava av den grunn.

Likevel er dette alvorlege tal som fortel at alt for mange nynorskelevar let seg pressa eller lokka bort frå målet sitt. Presset er sterkast i blandingsområda der nynorskelevane gjerne kjem i mindretal på skulen, i klassen og i ungdomsmiljøet når dei kjem på ungdomssteget eller i vidaregåande skule. Konformitetspresset i ungdomsmiljøa, dårleg tilgang på nynorske læremiddel og mangelen på nynorsk lesnad elles i samfunnet er dei viktigaste forklaringane på fråfallet. Men samstundes fortel det òg at mange unge ikkje ser på nynorsk som eit språk for yrkeslivet og Framtida.

Skilnaden er stor og temmeleg sikkert aukande mellom dei områda der nynorsken står sterkt og der han står veikt. Målt i talet på grunnskuleelevar har nynorsken måtta finna seg i ei stor geografisk avskaling dei siste tretti åra, mest dramatisk i Trøndelag og Agder, men òg i Buskerud, Oppland, Telemark og kommunane ikring vestlandsbyane. Tala er tydelege: I 1947 fann ein 56% av grunnskuleelevane med nynorsk hovudmål i dei fire vestlandsfylka, i 1967 var talet 75% og 1999 85%.

Tendensen har vore motsett i andre delar av vestlandsfylka. Til dømes i Høyanger, Odda, Florø og Måløy har nynorsken styrkt seg og fleire stader skove bokmålet heilt ut. Nynorsk har i same perioden slege gjennom som forretningsmål, og det gamle skiljet mellom ein bokmålsskrivande handelsstand og ei nynorskskrivande bonde- og lærarstand er borte. Då Quality Hotel Sogndal i mai 2001 var ute etter ny salssjef, opplyste hotellet i stillingslysinga at gode språkkunnskapar er viktige og at ”alt salsmateriell for hotellet vert trykt på nynorsk”.

Den nynorske sjølvtilliten finst altså og styrkjer seg sume stader, men han er meir ujamt fordelt enn før. Mest avgjerande er det korleis ungdomskulla ser på valet mellom dei to skriftmåla når dei veks til, og ungdomskulturen er ein av dei faktorane som har valda målrørsla mest hovudbry dei siste åra. Fædrelandsvennen tok hausten 2000 med seg dialektforskar Martin Skjekkeland til Setesdalen for å gjera opp status for vallemålet (Fædrelandsvennen 24.10.2000). Det nedslåande resultatet vart oppsummert i overskrifta ”Setesdalsdialekt i oppløysing”. Fire blide vallejenter er intervjua. ”- Det er ingen av oss som snakkar Valle-dialekt, i alle høve ikkje til vanleg. Det snakkar vi berre med besteforeldra våre”, seier ei av dei. På spørsmål om det er sidrumpa å tala dialekt, er svaret klårt: ”Nei, i Valle er det kult å snakke Valle-dialekt.” ”Skal ungane dykkar lære å snakke Valle-dialekt?” ”Ja, kjem det samstemt frå jentene.” Me får elles opplyst at ”alle har ein av foreldra frå Valle og alle er stolte av å vere setesdølar. Dei vil til og med bu i Setesdal når dei blir vaksne.” Dei vel altså tilsynelatande fritt ut frå eit stort språkleg register utan at det ser ut til å vera noka form for undertrykking eller nedvurdering av eigen bakgrunn inne i biletet. Dette er slett ikkje eit eineståande døme. Ein kunne ha spurt ungdomar over mykje av landet, særleg Austlandet der dialektendringane er størst, og fått mykje av dei same svara. Ein får òg svar som liknar når ein spør ungdom kvifor dei har valt bort nynorsken.

Den eine grøfta ein her kan køyra i, er å analysera norske språktilhøve ut frå det innhaldet som målrørsla for 30 år sidan la i omgrep som ’makt’, ’undertrykking’, ’frigjering’ og framfor alt ’identitet’. Eit statisk identitetsomgrep og ei individualpsykologisk tilnærming til dialektar har stått sterkt i 70-talsgenerasjonen i målrørsla. Noko karikert framstilt har dette gått ut på at den som legg om talemålet sitt, undertrykkjer seg sjølv og gjer vald mot personlegdomen sin på ein måte som i verste fall kan føra til psykiske problem. Det finst det tvillaust mange døme på i norsk målsoge, men ein skal truleg leita lenge etter dei i dag. Norsk Målungdom har i 1990-åra nettopp hatt som overordna ideologisk prosjekt å formulera ein identitetspolitikk for ungdomskulturen der eit langt meir dynamisk identitetssyn har lege til grunn og opna for det frie individuelle språkvalet.

Då må ein vakta seg for å køyra i hi grøfta – den postmodernistiske – der det ikkje er måte på kor frie vala til språkbrukarane er. I dette perspektivet er som kjent ideologiane og dei kollektive løysingane daude og avløyste av ein ny individualisme. I ein ny globalisert og teknologisert tidsalder vert me i aukande grad bombarderte med kulturelle inntrykk, og unge frigjorte individ snikrar sjølv saman identiteten sin, òg den språklege, gjennom å velja fritt på øvste hylle. Her treng ein ikkje ein gong karikera. Ein del moterette urbanistiske miljø formidlar utan blygsel eit så naivt syn på språkval og identitetsforming i ideologiproduksjonen sin.

Makt- og demokratiutgreiinga har vore inne på at dette stiller nye krav til dei som i dag er ute etter å identifisera den kulturelle makta. Siri Meyer i maktutgreiinga skriv:

”Når studieobjektet er dannelse, opprettholdelse og oppløsning av identiteter gjennom ’skjulte’ normalitetsnormer, trenger vi andre begreper om makt enn de som har dominert gjennom maktforskningen. Den samfunnsvitenskapelige tradisjonens maktbegreper har hatt en hierarkisk eller ’vertikal’ struktur: De har forutsatt at makt er herredømmerelasjoner der noen hersker/styrer, mens andre blir styrt eller hersket over – som herren over slaven. … På identitetsfeltet må innfallsvinkelen være en annen. Og da kommer vi ikke utenom språket, selv der det tilsynelatende handler om makt i mer ’klassisk’ forstand.” (Meyer 1999: 22)

Målrørsla bør ut frå dette ikkje fyrst og fremst leita etter dei som har ei eller anna interesse – politisk, økonomisk, sosialt eller kulturelt – av å halda oppe bokmålsveldet, men etter dei identitetane og identifikasjonane som hindrar nynorsken.

For å ta ein sving innom verstingane i språk-Noreg, riksavisene, er det i dag vanskeleg å sjå kva interesser Schibstedt og Orkla skulle ha av å halda nynorsken borte frå VG, Aftenposten og Dagbladet. Éi kanskje, og det er frykta for å mista nokre lesarar, noko dei neppe treng vera redd for sidan den avisa som er fyrst ute truleg vil gjera eit stort innhogg i den store marknaden av nynorskbrukarar som er glade for endeleg å få ei stor riksavis der dei finn sitt eige mål. Andre interesser er det knapt mogleg å få auga på. Avisene sit alt i dag med dei journalistane og den språkkompetansen som trengst. Kapitalistane i mediekonserna har neppe nokon ide om at avisene må vera på bokmål for at dei skal halda folket under eit disiplinerande språkleg åk. Bortforklaringar om at nynorsk ikkje duger som kjapt mediespråk er så dumme at dei som framfører dei knapt kan tru på dei sjølve, for dei ser og høyrer langt meir nynorsk eter- og pressespråk på ein dag enn oss andre.

Forklaringa er nok heller så enkel – og vanskeleg å gjera noko med – at bokmålet har vorte ein del av identiteten og kulturen til avisene. Bokmåls- og riksmålstradisjonen sit i veggene, eller heng på veggene der gamle redaktørar skodar ned på dei nye (som ofte har nynorskbakgrunn!) frå alvorlege portrett og ser til at gamle ideal blir ført vidare lenge etter at dei eksplisitte standpunkta er gravlagde. Dei gamle konservative avisene er ikkje lenger fiendslege til nynorsken når det er snakk om å meina noko – då kjem den eine sidemåls- og nynorskvenlege leiarartikkelen etter den andre, og Aftenposten slo i januar 2001 jamvel til med ein hovudleiar på nynorsk for å heidra Arne Garborg.

Identitetar sit i veggene, særleg i tunge institusjonar, men dei er mindre stabile og faste enn nokon gong. Det er i stadig mindre grad noko ein overtek automatisk frå heimstaden, foreldra, yrkeslivet og nærmiljøet, og i aukande grad noko som blir forma av eit komplekst spel av påverknader. Når mobiliteten aukar, geografisk, sosialt og i yrkeslivet, aukar samstundes den kulturelle mobiliteten og den ein kanskje kan kalla identitetsmobiliteten. For målrørsla reiser det den store utfordringa at nynorsk og dialekt ikkje lenger er sjølvsagde faktorar i identiteten til ungdom som veks opp i det me trudde var stabile og rotfeste nynorskmiljø.

Går me til ein annan fersk avisrapport frå målfronten, Hemsedal-artiklane til Dag og Tid våren 2001, ser me det same. Som i Setesdalen snakkar mange unge hemsedøler tradisjonell dialekt heime og bokmål eller eit bokmålsnært talemål ute (Dag og Tid 10.5.2001). Dei vekslar mellom hemsedalsmål og bymål eller blandar dei to språkkodane alt etter situasjonen. Dei har altså eit stort språkleg register å spela på – truleg langt større enn alle tidlegare hemsedalsgenerasjonar, og i dette rommet manøvrerer dei tilsynelatande fritt slik me høyrde at jentene frå Valle gjorde.

Men berre tilsynelatande, for artikkelen gjev eit gløtt inn i korleis hemsedalsungdom vert språkleg disiplinerte. Ei jente byrja å snakka ”bokmål” på denne måten:

”- Jeg lærte å snakke i tredjeklassen, seier ho.

– Det var ei jente i klassen som sa ho ikke skjønte hva jeg sa.

Men så kjem det fram at jenta som sa dette fatale, sjølv har ein dialektpratande far! Og ho kunne ikkje forstå?

– Det høres litt rart ut. Men hun sa det ihvertfall.”

”Og det held jo, det” oppsummerer journalisten kort. Sjølv om ungdom ikkje til vanleg får så eksplisitte meldingar om å byta talemål som her, er normene og forventningane så klåre at ingen kan unngå å ta omsyn til dei, og det skjer anten gjennom å tilpassa seg eller medvite velja annleis og avstikkande. Og det held jo, det òg.

Slik ordnar ungdomskulturen det som byfruene tidlegare prøvde på då dei ikkje skjøna kva bygdeungdom bak disken i byen sa, og ungdomskulturen gjer det både langt meir effektivt og på eit meir kritisk tidspunkt i ungdomstida. At hemsedalsdømet vårt gjeld talemålet, spelar i denne samanhengen ingen rolle. På barnesteget i Hemsedal lærer alle nynorsk, og på ungdomssteget vel 35% bokmål. Når dei kjem på vidaregåande skule på Gol der bokmålselevane er i fleirtal, følgjer endå fleire etter. Bak spøkjer ei turistnæring der bokmål er einerådande i marknadsføringa og der hordar med festglad, sjølvsikker og ikkje alltid like edru snøbrettungdom frå stroka vest for Akerselva set den kulturelle standarden.

Optimisten Gunnar Skirbekk strekar under det positive i artikkelen sin i denne boka som han har gjort det før: når dei gamle klasse- og standsidentitetane forvitrar, vert det eit friare rom for nynorsken. Og er det noko målrørsla har 150 års røynsle med, er det nettopp kampen om den språklege identiteten og sjølvtilliten til folk.

Utgangspunktet for denne rundturen innom Setesdal og Hemsedal var det stadig meir språkkløyvde Noreg. Målrørsla har nok hatt ein tendens til å sjå på skulemålsprosenten, på dei stroka der nynorsken har tapt terreng og på dei bynære områda der han er under kraftigast press i dag. Det har vore vanskeleg å gle seg uhemja av framgangen i kjerneområdet fordi den sterke regionaliseringa me har sett ikkje er særleg heldig for nynorsk som landsfemnande nasjonalmål. ”Vestlandsmål”-merkelappen er ikkje bra å ha med seg til andre landsdelar.

Likevel – her må utgangspunktet vårt vera det stikk motsette. For nynorsk som nasjonalmål, som for Hemsedal, kan det knapt overvurderast kva det har å seia at nynorsken har fått eit totalt gjennomslag som bruksmål i mange av nynorskkommunane på Vestlandet. Når eit språk som katalansk har kunna styrkja seg utetter 80- og 90-åra, er det ikkje minst fordi språket har hatt borgarskapet, næringslivet og byane i Katalonia i ryggen. Byar som Barcelona kan ikkje nynorsken by på – det er eit av dei kjende historiske problema våre –, men nynorsken står sterkt i regionale vekstsentra som Stord og Førde – kommunar som òg har funne det for godt å døypa seg om til byar.

Dette har gjeve rom for at nynorsk kan styrkja seg som vanleg bruksmål på prestisjetunge og viktige felt der han tradisjonelt har stått veikt, som industri, reiseliv, IT (programvare/internett), varehandel, bank, forsikring og konsulentverksemd, attåt felt der det har stått betre til, som skule, lokalmedia, offentleg administrasjon, rettsvesen, forsking og kulturliv. At det finst eit stort tal arbeidsplassar som krev nynorskkompetanse er viktig for å visa ungdom frå desse områda at språket deira høyrer framtida til, og det er viktig for å grunngje behovet for sidemålsundervisning i bokmålsområda. Overfor bedrifter og kommunar austafjells og nordafjells er det sameleis avgjerande å kunna visa til kva kommunar og bedrifter på Vestlandet, td. innanfor reiseliv, har tent på å bruka nynorsk.

Ei særleg viktig nasjonal oppgåve har Sogn og Fjordane, som er det einaste fylket der nynorskbrukarane er i fleirtal, og der heile det offentlege maktapparatet og ein aukande del av den private språkmakta brukar nynorsk og lever i eit nynorsk lokalsamfunn. Sogn og Fjordane skil seg her frå nynorskfylket Hordaland der alle sentrale funksjonar er samla i bokmålsbyen Bergen.

Målrørsla har nok her hatt ein tendens til å stilla seg med ryggen til kjerneområda og tenkt at det er i blandingsområda presset mot nynorsken er størst og innsatsen såleis bør setjast inn medan nynorskområda greier seg godt på eiga hand. Her bør ein heller tenkja motsett: det er berre ved å utnytta styrken til nynorsken i kjerneområda at ein kan ha von om å vinna fram i blandingsområda. Dette føreset at målreisingsarbeidet i blandingsområda i sterkare grad vert kombinert med eit vedlikehaldsarbeid i nynorskområda. Utfordringa det neste tiåret vert såleis å setja i gang ei kjerneområdesatsing som dreg blandingsområda med seg – ei satsing som tek sikte på å spreia den nynorske sjølvtilliten.

4 Nynorsk for alle?
Bokmål og nynorsk er i dag jamstelte og likeverdige nasjonalmål medan språka som fyrstespråk eller hovudmål i praksis har delt landet mellom seg. Det er såleis eit sprik mellom stoda i dag og den ambisjonen målrørsla alltid har hatt om at nynorsken skal vera eit mål for heile landet og for alle nordmenn.

Målrørsla har opp gjennom åra med vekslande hell, styrke og realitetssans vikla seg inn i ordskifte der den sentrale motsetnaden har gått mellom ”eittspråkslina” og ”tospråkslina”. Ein har då raskt kome til å krinsa kring den relativt lite interessante problemstillinga om bokmålet i ei fjern framtid bør utryddast eller ikkje. Og berre for å gjera unna svaret: våre tipptipptipptippoldeborn eller kva generasjon det no skulle bli ei aktuell problemstilling for, bør ikkje utrydda bokmålet, korleis det då måtte sjå ut, men gje det eit naudsynt minoritetsspråkleg vern. Denne særeigne greina av dansk har vorte ein del av norsk kulturell røyndom og historie og er dermed noko alle nordmenn no og framover bør læra seg.

Lovgjeving og læreplanar slår i dag fast at alle nordmenn, med nokre få unntak, skal læra seg å skriva båe språka dei to siste åra i grunnskulen og på dei vanlegaste studieretningane i den vidaregåande skulen. Slik sett er nynorsk eit språk for heile landet allereie, og alle elevar er i prinsippet både bokmåls- og nynorskelevar. Dersom ein godtek at det gamle formelen om ”1 stat/nasjon = 1 språk” ikkje lenger gjeld, og at to- eller fleirspråklege nasjonar, folkegrupper og einskildpersonar er det normale, burde det heller ikkje vera vanskeleg å akseptera det som ein ynskt og uproblematisk normaltilstand i Noreg at alle nordmenn skal læra båe språk like godt.

Dette kan ein og bør ein ynskja seg, men ein kjem seg likevel ikkje unna det kontroversielle kjernespørsmålet: kva bør vera det språklege fyrstevalet for personar og lokalsamfunn?

Det offisielle Noreg, bokmålsbrukarar flest og truleg dei fleste nynorskbrukarane meiner at grensene mellom nynorsk-Noreg og bokmåls-Norge bør gå der dei går i dag, og der dei i det store og heile har gått dei siste tretti åra. Så lenge nynorsken held seg innanfor gjerdet sitt, skal han få leva i fred. Den organiserte målrørsla har derimot hatt ein ambisjon om å auke utbreiinga til nynorsk som fyrstespråk, i fyrste rekkje i dei områda som tidlegare har hatt nynorsk i skulen, men òg i heilt nye område, som storbyane. I praksis har det tyngste arbeidet til målrørsla vore defensivt – det har med blanda hell gått ut på å forsvara utbreiinga til nynorsken, fyrst og fremst som skulemål. Dette forsvarsarbeidet har heile målrørsla kunna slutta opp om, og i Noregs Mållag har det heller ikkje vore nokon klår motstand mot den bysatsinga som har vore. Likevel ligg den same motsetnaden under i mange av prioriterings- og strategidiskusjonane i samskipnaden: skal Noregs Mållag vera ein målreisingsorganisasjon som arbeider for å utvida nynorskområdet, eller skal ein nøya seg med å vera ein interesseorganisasjon som forsvarer det som er vunne?

I nynorskområdet er nok svaret i stor grad, og kanskje i aukande grad, at resten av landet får sigla sin eigen sjø. Di meir sjølvsagt nynorsken vert og di sterkare han står, di mindre medviten treng ein nynorskbrukar vera, og ein tenkjer som Jon Fosse at det er nedverdigande å måtta argumentera for målet sitt. Det vert stadig vanlegare å høyra utsegner som at ”her brukar folk nynorsk, dei arbeider ikkje for han”. Og i den grad ei driv målarbeid, har det med domene og ikkje med geografi å gjera. Nynorsken må styrkjast på dei samfunnsområda der han står veikast, men ikkje i dei geografiske områda der han står veikast. Ein høyrer òg nynorskfolk som stiller seg kritisk til sidemålsordninga, ikkje fordi det fører til at nynorskbrukarar må læra bokmål, men fordi det ikkje er noko poeng å ”tvinga” bokmålsfolk til å skriva nynorsk. Det må leggjast til at dette er vanlegast å høyra frå Høgre-folk i nynorskområda som i fire år har vore i den situasjonen at dei har måtta forsvara eit vedtak på landsplan om å gå imot sidemål.

Dette er stuttenkt. Noreg er ikkje Spania og Vestlandet er ikkje Katalonia, heller ikkje om det skulle bli røyndom av den draumen sume har om ein sterkare og meir økonomisk og politisk sjølvstendig vestlandsregion. Noreg er og vil halda fram med å vera ein sterkt integrert nasjonalstat, innanfor eller (vonleg) utanfor EU, med ein aukande indre mobilitet. Jamvel om ambisjonen ikkje skulle vera større enn å ta vare på dagens nynorskområde, er det heilt avgjerande for nynorsken å ha eit trygt formelt og reelt rotfeste på nasjonalt plan, i dei største byane og i landet elles.

I fyrste rekkje gjeld dette sjølvsagt sidemålsordninga. Det vil ikkje vera greitt for ein nynorskkommune eller ei nynorskspråkleg bedrift den dagen det kjem arbeidstakarar frå bokmålsområda som aldri har lært eit ord nynorsk. Men det gjeld òg spørsmålet om kvar grensa mellom nynorskland og bokmålsland skal gå. På same måten som at nynorsken i blandingsområda er avhengig av eit sterkt kjerneområde, er kjerneområdet avhengig av at nynorsken vinn målstriden i blandingsområda. Gjer han ikkje det, er det dagens ”sikre” kjerneområde som i neste omgang er utsette blandingsområde. Og tilsvarande er kjerneområda avhengige av at nynorsken òg har eit feste som vanleg bruksmål og fyrstespråk/hovudmål i alle landsdelar. Har han ikkje det, vil nynorsken på lang sikt stå i fare for å bli degradert frå nasjonalmål til regionmål. Nynorskbrukarar i kjerneområdet har ei klår eigeninteresse av at det vert arbeidd for nynorsken andre stader i landet, og i ei kjerneområdesatsing frå målrørsla må det nettopp stå sentralt å auka forståinga i kjerneområda for at dei har eit nasjonalt ansvar for nynorsken, ikkje berre eit lokalt eller regionalt.

5 Målreising med og mot straumen
Nynorsken lever i dag sitt eige liv som skriftmål på sida av den rørsla og dei ideologiane som opp gjennom åra har drive målreisinga framover. Nynorsk har vorte eit skriftmål og ein skrifttradisjon som fyller alle funksjonar eit skriftmål i vår del av verda skal ha. Det kan brukast – og vert bruka – både til gode og dårlege og høg- og lågverdige føremål slik eit språk skal. Ein kan ikkje i dag formulera ein ideologisk plattform for nynorsken som språk.

Noko heilt anna er det at målrørsla må formulera det ideologiske grunnlaget og dei strategiane som ho sjølv skal nytta til å fremja nynorsken ut ifrå situasjonen i dag. Då må det nødvendigvis takast kulturpolitiske val.

Er ambisjonen å ta vare på nynorsken der han finst i dag, det me kan kalla interesseorganisasjonslina, vil vekta liggja på språklege rettar og verdien av å ta vare på nynorsken som ein del av mangfaldet. Nynorskbrukarar skal ha høve, ikkje berre formelt, men òg reelt, til å kunna bruka språket sitt i alle dei samanhengane der bokmålet (og i nokre høve engelsk) vert nytta. Nynorskbrukarar skal òg møta språket sitt i alle situasjonar og ikkje måtta oppleva press frå bokmålet. Legitimeringa av denne språkkampen finn ein i den allmenne demokratiske retten det er å kunna bruka sitt eige språk, og i den globale verdien det er å ta vare på nynorsk som ei eiga språkleg røyst i verda. Mesteparten av arbeidet til målrørsla er i dag eit slikt språkleg ”fagforeiningsarbeid” som har som overordna siktemål å gjera livet enklare for dei som brukar nynorsk i dag, og det er langt att til nynorsk er fullt ut jamstelt med bokmål. Heile grunnlaget for dette ligg kort og godt i at nynorsken finst og er i bruk, ikkje at han på noko vis er ”betre” enn bokmålet. Ein prinsipielt viktig del av interessekampen er å kjempa for at nynorskfolk ikkje skal vera nøydde til å legitimera eksistensen sin.

Er ambisjonen at det skal bli fleire nynorskbrukarar, me kan kalla det målreisingslina, trengst det derimot argument for at folk skal velja nynorsk som fyrstespråk framfor bokmål. Dette har målfolk utvikla lange katalogar med grunngjevingar for, og Kjartan Fløgstad oppsummerte i tala si til mållagslandsmøtet i 1984 råkande korleis målrørsla opp gjennom åra har freista aktualisera målreisinga:

”Målsaka og målstrevarane har alltid vore, har alltid vore tvinga til å vera, opportunistiske i forhold til dei rådande såkalla ”tendensane i tida”. Med korte mellomrom og i rask rekkjefølgje har vi målfolk prøvd å rettferdiggjera strevet vårt ut frå nasjonale, sosiale, kulturradikale, kulturkonservative, marxistiske, eksistensielle, populistiske eller liberalistiske grunnposisjonar. Vi har liksom blitt norskare, eller meir rotekte, eller inderlegare, eller meir progressive og framstegsvennlege, eller større verdsborgarar, eller frimodigare og flinkare til å læra lekser og assimilera kunnskap ved å skriva nynorsk og snakka dialekt. Og det kan det vel alltids vera noko i.” (Fløgstad 1984: 9)

Jamt over har målrørsla oppnådd mest for nynorsken i dei periodane der ho ikkje har stilt seg på sidelina i samfunnsstriden, men har greidd å ri på dei rette bylgjene og lukkast å byggja gode alliansar og samla breitt bak målkrava – det vil seia i dei periodane ho har hatt eit breitt kulturpolitisk engasjement og vore ei politisk rørsle. Det har gått dårlegare i dei periodane målrørsla har vorte ståande åleine og fokusert mykje på språket i seg sjølv utan å setja det inn i ein vidare samfunnssamanheng, anten det har vore gjennom ein snever språkleg interessekamp eller ei overdriven organisatorisk interesse for filologi og rettskriving. Spørsmålet vert i dag, som til alle tider, kvar målreisinga frametter kan henta den politiske og kulturelle krafta si. Eg vil i det fylgjande konsentrera meg om tre hovudliner der målrørsla vil møta store utfordringar, men der det òg kan skapast nye opningar for målreisinga i tiåret som kjem.

a. Ein språkleg distriktsopprør
I Garborgåret 2001 kan det vera verdt å minnast 150-årsjubilanten som i 1877 gav ut det viktigaste programskriftet i målrørsla gjennom tidene, Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Med denne boka terga Arne Garborg på seg kultureliten i hovudstaden til gagns med påstanden om at det fanst to nasjonar i Noreg – ein norsk og ein dansk-norsk. Det same hadde både Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje og fleire vore inne på i målagitasjonen sin, og dei drog alle berre den logiske konsekvensen av kultursynet til nasjonalromantikarane. Det var ikkje dette P.A. Munch, Marcus Jacob Monrad og dei andre nasjonalromantiske ideologane hadde tenkt seg, og etter at den urbane og konservative eliten på denne måten vart ekskludert frå nasjonen, har det nasjonale i Noreg i all hovudsak vore eit våpen i hendene på radikale, liberale og progressive krefter. Det same har ein sett i ei rad andre land som har vore gjennom eit nasjonalt frigjeringsstrev.

Denne konfliktlina trakka Garborg rett inn i, og urbanistiske ideologiprodusentar tenner framleis når dei les Garborg. I tidsskriftet Prosa nr. 1 for i år har ein av dei viktigaste av dei, Iver B. Neumann, ein kort og skjematisk omtale av Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse, og på punktet ”Hvem er for”, kan me lesa: ”Bondestudenter, Noregs Mållag, Franjo Tudjman”.

Garborg overdreiv sjølvsagt – så fortalde då òg undertittelen at dette var ”polemiske Sendebreve til Modstræverne”, men samstundes råka han noko djupt i den norske målstriden: Skiljet mellom norsk og norsk-dansk, landsmål og riksmål, bokmål og nynorsk, er ikkje berre ein reint språkleg motsetnad, det er òg ein djupare kulturell motsetnad. Dette har i fyrste rekkje vore ein motsetnad mellom hovudstadseliten og resten av landet – mellom vanlege folk og dei som Garborg i 1879 kalla ”Dei Kristianianorske” – dei som ”hev Stockholm til Hovudstad, Danmark til Kulturheim, Norig til Stabbur og Per Gynt til Nationalhelgen” (Frøyen 1996: 56).

Kjartan Fløgstad slår på dei same strengene i boka Osloprosessen: ”Føresetnaden for den moderne hovudstaden Oslo er … den danske kolonibyen Christiania. … Medan Bergen og ’Fiske-Noreg’ heldt kontakten med den vide verda, heldt Oslo, og seinare Christiania, Kristiania og Oslo, fram med å vera ein innestengd småby og dansk kolonihovudstad innarst inne i ein djup fjordbotn på Austlandet. Byfolket levde under den holsteinske og danske overklassen og såg ikkje så mange framande.” (Fløgstad 2000: 60)

På jubileumskonferansen til Studentmållaget i Oslo i oktober 2000 kom leiaren for makt- og demokratiutgreiinga, statsvitaren Øyvind Østerud, med ein interessant observasjon. Det hadde slege han at dei stadene ein fann dei mest innbitne urbanistiske antinasjonalistane, ikkje var i metropolar som London, Paris og New York som urbanistane gjerne dreg fram som førebilete, men i Oslo, Helsingfors og Dublin. Dette er hovudstader i land som hadde gått gjennom nasjonale frigjeringsprosessar og der hovudstadseliten sat med sterke band til den gamle kolonimakta og etter kvart miste kontrollen med definisjonen av det nasjonale.

Såleis er det ikkje tilfeldig at det nettopp er Oslo Unge Høyre som har hatt dei mest rabiate åtaka på fjøsmålet nynorsk den siste tida, seinast med flygebladet ”La dem raute nynorsk – bare vi slipper”. Det går ei bein line frå Bjørnstjerne Bjørnson sitt åtak på det vulgære bondemålet i 1899 til kua på dette flygebladet. Og det er heller neppe tilfeldig at det var i hovudstaden at både Ap og SV hausten 2000 slutta seg til Høgre sine freistnader på å bli kvitt nynorskopplæringa i den vidaregåande skulen.

Eit uttrykk for det same er det når Kjetil Rolness i ein sleivsparkande laurdagskommentar i Dagbladet kjem med utsegner som: ”Norsk passer til én ting: å kalle en spade for en spade. Det er et spadespråk. Ubrukelig for alle som trenger en pinsett, en vev, eller en harpe. … I stedet for vokabular har vi dialekter. … Mange av tungemålene er så eksentriske at de ikke lar seg oversette av folk som bor i nabobygda, langt mindre av landsmenn oppvokst i sentrale strøk.” (Dagbladet 20.1.2001) Poenget her er ikkje den bodskapen som kan skodast bak overdrivingane og spissformuleringane. Det viktige i vår samanheng er at dette kjem frå ein som politisk slett ikkje kan setjast i bås med dei rautande kjernetroppane til Oslo Unge Høyre, men tvert om frå eit urbanistisk intellektuelt miljø i hovudstaden som framstiller seg sjølv som både radikalt og liberalt.

Dei kristianianorske var for Garborg heller ikkje einstydande med dei konservative – ein fann dei òg mellom dei byradikale i Venstre. Skiljet er like mykje kulturelt som politisk, og motsetnaden mellom dei kulturelt leiande og prestisjetunge laga i hovudstaden og resten av landet går som ein raud tråd gjennom norsk kulturstrid. Det er i dette rommet målreisinga i all tid har dekt eit viktig behov som kulturell motkraft.

Dette er ikkje ei kløft mellom dagens nynorsk-Noreg og bokmåls-Norge. Grensa mellom nynorsk og bokmål er drege heilt vilkårleg om ein ser på det talespråklege grunnlaget. Etter språklege kriterium ligg dialektane i dei fleste norske kommunar nærare nynorsk enn bokmål, og mange av dialektane i td. Nordland og Troms ligg tettare opp til nynorsknormalen enn dialektane på fleire av dei stadene nynorsken er i bruk i dag – utan at dét har vore avgjerande for det skriftspråklege valet. Det er heller ikkje ei kløft mellom by og land, men fyrst og fremst mellom visse lag i hovudstaden og landet elles.

Slik er målreisinga eit kulturelt reisings- og frigjeringsprosjekt for langt større delar av landet enn det som i dag er nynorskområdet. Østfoldmålet eller austkantmålet i Oslo hadde aldri vore såpass i bruk i dag om det ikkje hadde vore for dialektkampen til målrørsla og det som den nynorske målreisinga har gjort for å unngå at den dansk-norske tradisjonen skulle få eit totalt språkleg og kulturelt hegemoni. Den samla nynorsklitteraturen er eit handfast prov på kva kulturell skapingskraft Noreg hadde gått glipp av utan nynorsken. Å talfesta det er mest umogleg, men det statistiske nybrotsarbeidet Håvard Teigen har gjort i denne boka, kan tyda på at målreisinga òg har vore viktig for vitaliteten til ei rad lokalsamfunn langt utover det tradisjonelle kulturlivet.

Målreisinga har framleis si største og høgst aktuelle oppgåve i å lyfta fram det målet og den lokale kulturskapinga som ikkje får drahjelp frå hovudstadshegemoniet. Mangelen på respekt for det språklege og kulturelle mangfaldet som er skapt her i landet gjennom tidene er framleis, som på Aasen og Garborg si tid, det kulturelle hovudproblemet i Noreg. Dette er meir aktuelt enn nokon gong i ei tid der den fysiske og kulturelle sentraliseringa er sterkare enn på fleire tiår. Distrikta tapar kampen om arbeidsplassar, infrastruktur og pengar, og den kulturelle koloniseringa av distrikta (urbaniseringa) aukar på, særleg gjennom den kommersialiserte ungdomskulturen. Då trengst det meir enn nokon gong eit språk som tek heile landet i bruk – som både gjev landet utanfor hovudstaden sjølvtillit og som byggjer språklege bruker mellom by og land.

b. Ein (ny)norsk urbanitet
I dei strategiske ordskifta i målrørsla sist i 60-åra vart den sterke byveksten og sentraliseringa sett som eit av dei største trugsmåla mot nynorsken. Det gjeld både det viktige innleiingsføredraget til Berge Furre på landsmøtet i 1965 og Målreising 1967. Problemstillinga var den gongen som no om målrørsla burde satsa på dei ”tapande” distrikta der nynorsken stod sterkt og hadde ein massebasis, men ville gå attende i takt med folkeflyttinga, eller om ein burde satsa på framgang i dei ”vinnande” byane der folkeauken kom, men der bokmålet var einerådande. Noregs Mållag valde ein dobbeltstrategi: målreisinga var ein del av ein distriktspolitisk kamp for bygdekulturen samstundes som nynorske måtte få fotfeste i byane. ”Gjer nynorsk til bynorsk!” var slagordet som Noregs Mållag fekk frå Studentmållaget i Oslo, og saka var hovudsak på landsmøtet i 1969 der Johan Krogsæter la fram resultatet frå arbeidet til ei bynemnd som var i arbeid. Arbeidet for nynorske parallellklassar i byane vart i desse åra kraftig intensivert.

Det fyrste gjennombrotet kom med nynorskklassane i Sandnes, Tromsø og Stavanger frå 1975 og frametter, og bysatsinga vart teke fram att og blankpussa med Bynemnda (1985-87). Dei endelege gjennombrota kom med dei fyrste nynorskklassane i grunnskulen Oslo (1993), Bergen sentrum og Trondheim (1997), og dette er klassar som har hatt ein særs viktig funksjon i å visa fram at nynorsk er eit fullt brukande mål for born og ungdom i byane, uavhengig av dialektbakgrunn. Dette har vore med på å understreka at valet mellom nynorsk og bokmål i dag ikkje fyrst og fremst er eit språkleg val ut frå sitt eige talemålsgrunnlag, men eit kulturelt val ut frå kva språkleg tradisjon ein ynskjer å identifisera seg med. For målrørsla er dette ein særs nyttig lærdom i ei tid der dialektane vert utvatna av bokmålsdrag og der ideala om individuelle val på ein identitets- og kulturmarknad styrkjer seg.

Byane er definitivt komne for å bli, og dei vil halda fram med å styrkja seg. Ei målrørsle som tek framtida til nynorsken på alvor, må ha ein politikk for nynorsk i byen. Det finst såleis ikkje noko alternativ til å føra vidare dobbeltstrategien med at målrørsla både må satsa på bygdene og i byane.

”Målrørsla må rive ned alle mentale bymurar og opne seg for livet i byen – både arbeidsliv og fritid”, sa Hans Ebbing i tala si til landsmøtet i Noregs Mållag i 2000 (www.nm.no). Målrørsla kan ikkje ta utgangspunkt i at byane er eit naudsynt vonde, men at dei er ein sjølvsagt del av det norske landskapet og norsk kultur. Det har nok målrørsla òg i stor grad gjort i byarbeidet sitt, men det er ikkje sikkert medvitet har vore høgt nok om det særeigne med bykultur, urbanitet og målarbeid i byane.

Byane, og særleg hovudstaden, har eit aukande medvit om det urbane, og særleg om det verdfulle med mangfaldet i byane. Det er eit stort paradoks at toleransen andsynes innvandrarar ser ut til å vera aukande og framandfrykta minkande, medan motviljen mot bygdefolk, bygdeliv og til ein viss grad nynorsk og dialektar heller ser ut til å auka i dei same miljøa. Dei som ynskjer å ha borna sine i nynorske parallellklassar vert jamleg kritiserte for å danna ”ariske” klassar, jamvel om det er born med innvandrararforeldre i klassane, og omsynet til dei framandspråklege vert køyrt fram av nordmenn som vil fjerna opplæringa i nynorsk sidemål i Oslo.

Målrørsla – og heile norskdomsrørsla – har ei nøkkeloppgåve i å kjempa for ein norsk urbanitet som ikkje vender ryggen til resten av Noreg, men som tvert om byggjer språklege og kulturelle bruer mellom byar og omland, og særleg mellom hovudstaden og resten av landet. Denne viktige ideologiske sida av målarbeidet i byane har ikkje vore sterkt nok framme i målrørsla sin bypolitikk.

På det praktiske planet må arbeidet for den obligatoriske opplæringa i båe språk og for nynorske parallellklassar framleis stå sentralt i bysatsinga. Men med tanke på dei borna som har gått i desse klassane og alle dei andre nynorskbrukarane som i stadig aukande grad flytter til byane, er me òg avhengige av å utvikla betre metodar for det å kunna vera nynorskbrukar i eit bokmålsvelde. Som alle liknande rørsler internasjonalt har målrørsla utspringet sitt i byane, og heilt sidan 1860-åra har det funnest både organiserte og uformelle nynorske miljø i dei største norske byane. Nynorskfolk har såleis lang røynsle med å vera i eksil, men desse miljøa har nok vore for lite opne. Bygdelaga og bondeungdomslaga har ein tradisjon for å vera varmestover for ”bønder i byen”, og målmiljøa har hovudsakleg vore for dei mest ihuga målaktivistane. Målrørsla har ei særs stor utfordring i å koma i kontakt med langt fleire av nynorskbrukarane i byane for å styrkja sjølvtilliten deira og gjera det enklare å vera nynorskbrukar i mindretal.

c. Målreisinga og globaliseringa
Det er snart 40 år sidan Sigmund Skard gav ut Målstrid og massekultur (1963) og sette målsaka inn i ein aktuell allmennkulturell samanheng. Ein kan i dag slå fast at både norsk kultur i det heile og nynorsken har stått seg langt betre mot presset frå kommersiell angloamerikansk massekultur og engelsk språk enn mange var redde for i dei harde 60-åra.

Det vil ikkje seia at faren er over. IT-revolusjonen, betre samferdsel, liberaliseringa av verdshandelen, globaliseringa av økonomien og det aukane hegemoniet til angloamerikansk kommersiell massekultur har gjort verda mindre og fører til ein stadig større språkleg og kulturell påverknad over landegrensene. Det kan mest dramatisk lesast av i stadig verre prognosar for språkdaude, og engelsk har gjennom fleire år vore på full fart inn i Noreg særleg i forskings-, IT- og forretningsmål – jamvel i (del)statlege selskap som Statoil, Hydro og Telenor.

Så kan ein alltids freista spå korleis Noreg måtte sjå ut språkleg om 50 eller 100 år. For min del har eg store vanskar med å sjå det som ein meiningsfull intellektuell aktivitet, kort og godt fordi det er umogleg å vita og fordi det einaste sikre med slike prognosar er at dei ikkje slår til. Som Teigen peikar på i sin artikkel når det gjeld folkesetnadsutvikling, ser prognosar som byggjer på framskriving av tendensar oftast gjerne bort frå at det finst motkrefter. Det mest interessante vert då heller kva politiske verknader i samtida desse spådomane har. Sjølv møter eg jamleg nynorskbrukarar som meiner at det ikkje er så viktig å arbeida for nynorsken fordi alle snart brukar engelsk likevel.

Til sjuande og sist er framtida både til bokmål og nynorsk er avhengig av kor interessert brukarane av dei to måla er i å verna om dei, og i kor sterk grad dette engasjementet fører til aktiv språkpolitisk handling frå styresmaktene. Sannsynleg er det òg at bokmålet gjennom presset frå engelsk vil koma i ei stilling som liknar meir på den forsvars- og mindretalsposisjonen nynorsken alltid har hatt. Riksmålsrørsla kan derimot bli nøydd til å ta gamle slagord som ”fri sprogutvikling” og ”sprogsaken ut av politikken” opp til kraftig revisjon dersom deira språk skal ha ei framtid under statleg vern.

Det største lyspunktet frå ståstaden til nynorsken og alle andre små og mellomstore språk er likevel at ein no ser omrisset av ein global oppreist mot dei negative utslaga av globaliseringa. Det gjeld særleg reaksjonen på frihandel, valutaspekulasjonar og globaliseringa av økonomien. Organisasjonen Attac har på kort tid vorte ein viktig organisert samlingsstad og plattform for tverrpolitisk globaliseringsmotstand i Vest-Europa. Men òg på det språklege og kulturelle feltet er interessa og arbeidet for å ta vare på mangfaldet og motarbeida språkdauden aukande. Det aukande folkelege engasjementet gjennom kultur- og språkorganisasjonar ligg under, og i internasjonale organisasjonar som Europarådet, UNESCO og EU har ein sett ei aukande interesse for desse spørsmåla særleg det siste tiåret.

Utfordringa for målrørsla vert å sjå ut over dei norske grensene og leggja opp ein praksis som tek utgangspunkt i at me er ein del av ei global rørsle for språkleg mangfald. Bøker som Farvel til språkmangfaldet? (Olav Randen 1997) og Minoritetsspråk i Europa (Sigve Gramstad 1996) og det internasjonale seminaret til Noregs Mållag i januar 2001 fortel at det internasjonale engasjementet i målrørsla er høgst levande og aukande, og som deltakarar i Gøteborgaksjonen i juni 2001 var Noregs Mållag med på sin fyrste demonstrasjon utanlands. Men det er nok eit godt stykke att før ein kan seia at eit internasjonalt perspektiv på norsk målstrid står sterkt mellom målfolk og nynorskbrukarar.

I ein situasjonen der både nynorsk- og bokmålsfolk må rusta opp forsvaret mot engelskpresset, vil nynorsktradisjonen kunna skåra høgt både på å ha ein levande tradisjon for å driva organisert språkkamp, og på å ha røter og ei historie som bokmålet manglar. Nynorsken står for ei lang norsk språkhistorisk line som vekkjer positive assosiasjonar og vert sett som noko verdfullt langt utover den flokken som skriv nynorsk i dag, og nynorsken endar ikkje, som bokmålet, i blinda i to unionar ingen i dag vil vedkjenna seg. Målreisinga har alltid vore knytt til eit demokratisk, nasjonalt og sosialt frigjeringsstrev nettopp slik den komande målreisinga mot engelsk vil vera. Dette er ein stor ressurs for heile Noreg, og det er ikkje tilfeldig at ein jamt har funne målfolk i fremste line i arbeidet mot engelskpresset her i landet. Bokmålet har langt på veg vore ein gratispassasjer.

Det målrørsla likevel må stå hardt imot, er det synspunktet sume bokmålsfolk kjem med om at arbeidet mot engelsk er så viktig at dei nynorske jamstellingskrava bør tonast ned. Det har med fullt alvor vorte hevda, m.a. i Stortinget, at kravet om nynorskversjonar av dataprogram kan føra til at engelske versjonar i staden tek over den norske marknaden. Det er absurd å skulla tru at nynorskbrukarar vil leggja frå seg språket sitt for å kasta seg med liv og lyst inn i kampen for bokmålet, og situasjonen er heller tvert om: di større det språklege medvitet og kamplysta er i den nynorskspråklege delen av Noreg, di sterkare står Noreg i det samla arbeidet mot engelsk.

6 Sluttord
Det er mykje å gle seg over for nynorskfolk som ikkje einsidig er opptekne av å leita etter det negative. Nynorsken har aldri stått så sterkt som i dag, og alt tyder på at språk-, kultur- og identitetsspørsmål vil bli stadig viktigare i ei meir internasjonalisert framtid. I ein situasjon der språk og identitet i stadig mindre grad vert styrt av arv og i aukande grad av individuelle val, opnar det seg eit større handlingsrom for målrørsla, men òg større trugsmål ved at vegen bort frå nynorsken òg kan bli kortare for mange. Men utgangspunktet er godt – målrørsla har i all tid stilt grunnleggjande spørsmål ved kva det vil seia å vera ”norsk” og fremja ein refleksjon og ei medvitsgjering kring språk og identitet. Dette er eit særs godt utgangspunkt både for å ta opp nye kulturdrag på ein heldig og kritisk måte og stå imot kulturelt press. På dette feltet er det nynorsktradisjonen som har ein heil del innsikt, refleksjon og sjølvtillit å tilby den bokmålsskrivande delen av Noreg.

Mykje er såleis opp til oss sjølve, og det målrørsla framfor alt skal vakta seg for, er å måla seg inn i ei filologisk krå eller konsentrera seg nærsynt og einsidig om det praktiske arbeidet. Målrørsla må våga å gå inn i heile kontaktflata mellom språk og samfunn, ta opp dei store ordskifta og ikkje vera redd for å meina noko og reisa ordskifte. Målrørsla har langt meir på hjarta enn det me i dag får ut i det offentlege rommet. Politisk må det vera ei hovudsak fram mot frigjeringsjubileet i 2005 å få atterreist språk og språkpolitikk som eit rikspolitisk tema for å koma ut av den klamme språkfreden og få meisla ut ein offentleg språkpolitikk som aktivt og offensivt vernar om og fremjar nynorsken og det norske språkmangfaldet. Det er på høg tid med ein ny ”Vogt-komite” – ei språkleg maktutgreiing.

I dette arbeidet er det avgjerande å få eit breitt makt- og samfunnsperspektiv inn i norsk språkpolitikk, og fagmiljøa har ei stadig viktigare rolle di meir forskingsbasert politikken vert. I fag- og forskingsmiljøa har våre spørsmål i det store og heile vore overlatne til filologane, og i Noreg er det jamvel filologar og ikkje historikarar som forskar på historie om språkpolitikk og språkstrid. Nynorsken må for fullt inn på bordet til samfunnsforskarane, slik denne boka har vore ein fyrste freistnad på.

Litteratur
Furre, Berge (1966) Målprogram og samfunnsutvikling. I Målsak og framtidssamfunn. Bergen: Noregs Mållag.

Frøyen, Morten Haug og Sveinung Time (1996) Arne Garborgs kulturnasjonalisme. Oslo: Noregs forskingsråd.

Fløgstad, Kjartan (1984) Målet er maratonløpet – ikkje å komma i mål. Mål og Makt 3/1984: 3-15.

Fløgstad, Kjartan (2000) Osloprosessen. Oslo: Gyldendal.

Innstilling frå bynemnda åt Noregs Mållag. Mål og Makt 2-3/1987: 2-52.

Meyer, Siri og Thorvald Sirnes (red.) (1999): Normalitet og identitetsmakt i Norge. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Målreising 1967. Eit debattopplegg (1967) Oslo: Det Norske Samlaget

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *