Målrørsla og kampen om det offentlege rommet (Mål og makt 2000)

Hoel, Oddmund L. (2000). Målrørsla og kampen om det offentlege rommet. Mål og Makt (nr. 4/1999-1/2000), 4-10. – Opphavleg halde som innleiing på studentkonferansen til Norsk Målungdom i Bergen 12.-13.2.2000.

Norart-oppføring

”No me hev vunne den fulle politiske fridomen, må me ikkje gløyma: Den politiske fridomen er ikkje den djupaste og største. Større er det, at eit folk kann halda uppe sin åndelege arv i tungemålet.” Slik lydde det i ei tale sumaren 1906 som vart prenta i målavisa Den 17de Mai. Det var ikkje kven som helst som tala om ”Sjølvstendet og det norske målet”. Det var Jørgen Løvland, den fyrste norske utanriksministeren som året før hadde vore norsk statsminister i Stockholm og leiar for statsrådsavdelinga der, og dermed hatt ein avgjerande innverknad på unionsoppløysinga.

Jørgen Løvland kom inn i rikspolitikken som stortingsrepresentant i 1886, vart odelstingspresident i 1892 og var regjeringsmedlem det meste av tida mellom 1899 og 1908, det siste året som statsminister. Dei fylgjande åra var det målpolitikken som opptok Løvland. Han hadde vore med på skipinga av Noregs Mållag i februar 1906, og frå 1909 til 1912 var han den andre formannen i samskipnaden. På landsmøtefesten i januar 1912, som BUL i Oslo skipa til, hadde han bede inn statsminister Wollert Konow. Konow heldt ein tale der han kom i skade for å hevda at ”maalsaken har været den sak som sterkest har baaret det norske folk frem i det siste halvhundre aar”. Det fekk begeret til å flyta over for høgresida, og tala gjore at den skøyre borgarlege samlingsregjeringa til Konow sprakk og måtte gå.

Jørgen Løvland heldt fram som styremedlem i Noregs Mållag til 1917, og etter valet i 1913 var han attende på den rikspolitiske arenaen som den fyrste nynorskbrukande stortingspresidenten. Frå 1915 til 1920 var han Kyrkje- og undervisningsminister i regjeringa til Gunnar Knudsen, og her vart han ein nøkkelperson i ei sterk framgangstid for målrørsla. Som statsråd sytte han både for ei omfattande oppnorskinga av namneverket og for 1917-rettskrivinga. I Lars Roar Langslet si riksmålssoge frå i fjor er han ein av sjefsskurkane, mest på høgd med Halvdan Koht.

Seminaristen frå Setesdalen var den fyrste norske statsminister utan universitetsutdanning, og Rune Slagstad (1998: 106) oppsummerer det slik: ”Venstrestatens storhetstid, i årene fra 1905 til 1920, var også lærerpolitikernes store tid i rikspolitikken med Jørgen Løvland som den fremste symboliserende skikkelse.”

Februar 2000
Den 4. februar i år vedtok årsmøtet i Norsk språkråd dei største endringane i nynorsknormalen på 41 år. Bokmålssida gjorde òg store endringar. Dei avskaffa eit sentralt kjennemerke på norsk språknormering – skiljet mellom hovudformer og sideformer, og for fyrste gong kasta dei norske former ut av rettskrivinga. For båe mål fekk ei rad engelske importord norsk skrivemåte.

Siste veka før årsmøtet var det ein god del blest om endringane, både i aviser, radio og såvidt i fjernsynet. Ut frå det me er vande til var medieinteressa stor. Men lyftar me blikket og ser på korleis den største språkendringa på fleire tiår plasserte seg i det totale nyhendebiletet, er det berre ein konklusjon å dra: Interessa var låtteleg lita. Korkje Dagsrevyen eller TV2-nyhenda såg til dømes nokon grunn til å dekkja saka.

Me ser i dag heller ikkje rikspolitikarar av formatet til Jørgen Løvland som ser på målsaka som hjartesak og sentralt arbeidsfelt.

Det kan vera lett å drøyma seg attende til dei gamle såkalla gode dagane på Jørgen Løvlands tid. Det bør ingen gjera, og det heller ikkje poenget her. Me bør alle vera sjeleglade for det rommet nynorsken har vunne sidan den gongen, både formelt og som bruksmål, og for at stoda i dag på dei aller fleste måtar er mykje betre enn i 1906.

Poenget er å illustrera det eg ser som den aller største utfordringa for målrørsla i dag: At språk og språkspørsmål i vid meining er sett på sidelina i ålmenta og samfunnsstriden saman med det meste av kulturpolitikken elles.

Språkfreden
Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt – heile det tiåret me har bak oss har vore prega av låg interesse for målspørsmålet på riksplan og meir eller mindre vellukka freistnader frå målrørsla på å gjera noko med det. Til dei meir vellukka høyrer til dømes Ivar Aasen-året i 1996 og læremiddelaksjonen i 1997.

Korleis har det vorte slik?

Ei del av forklaringa er vår eigen suksess. Nynorsken har vunne seg eit rom og vorte ein del av den nasjonale felleskulturen, og færre enn nokon gong stiller spørjeteikn ved eksistensretten til målet vårt. Det er hovudsakleg pensjonistar som framleis ringjer til NRK og skriv lesarbrev i avisene om at dei ikkje skjønar nynorsk. Det må ikkje få oss til å tru at nynorskmotstanden er borte. Det finst framleis ei rad nordmenn som kvar på sitt vis mobiliserer både kreativitet, engasjement og personleg innsatsvilje for å yta nynorsken motstand, til dømes byråkratane i KUF som i åtte månader no har greidd å trenera oppnemninga av ei arbeidsgruppe som skulle sjå på ei utviding av parallellutgåvereglane for elektroniske læremiddel.

Men det me ikkje ser noko til lenger, er det store organiserte arbeidet mot nynorsk. Riksmålsforbundet er berre ein skugge av seg sjølv, det såkalla Bokmålsforbundet er eit einmannsføretak, og dei store elevaksjonane mot sidemål som prega ungdomsskule- og gymnastida mi midt på 80-talet har me ikkje høyrt frå på årevis. Språkhaldningsgranskinga som Kjell Lars Berge stod i spissen for sist i 1990-åra, syner at rett nok er framleis eit fleirtal av elevane negative til sidemål og nynorsk, men dei meiningane som er ute og går om målspørsmålet stikk ikkje djupt, og dei er lette å endra. Bokmålsfolk har med åra innfunne seg med at nynorsken eksisterer, og mangelen på open og organisert motstand mot nynorsk er med på å styrkja inntrykket av språkfred. Me veit sjølvsagt at målstriden lever i beste velgåande, men han gjer det på lokalplanet og gjennom dei mange små stikka, som ein lågintensitetskrig – om lag som den amerikanske bombinga av Irak som ingen lenger høyrer noko om, men som dei som får bombene i hovudet merkar svært godt.

Den offisielle språkfreden, det vil seia at målstriden ikkje er ein del av rikspolitikken og dermed ikkje er i interessefeltet til riksmedia, kom ikkje rekande på ei fjøl. Det var eit svært aktivt og medvite politisk val som vart teke i siste halvdel av 60-åra, 20. mai 1970 for å vera presis. Den dagen slutta Stortinget seg til stortingsmelding nr. 15 (1968-69) om språksaka som var resultatet av Vogt-komiteen sitt arbeid. Den berande tanken her var nettopp å få målstriden ut av rikspolitikken, gje dei stridande partane nok konsesjonar til at dei heldt fred, og å ekspedera språkkjeklet over i Norsk språkråd som like etter vart skipa. Dette var altså ei politisk line stikk motsett av den Jørgen Løvland like aktivt valde tidleg i hundreåret. Etter dette har offisiell språkpolitikk vore einstydande med passivitet og mangel på initiativ. I den grad målspørsmål har kome inn i rikspolitikken, er det hovudsakleg etter initiativ frå målrørsla, dels som ein reaksjon på dei mange små byråkratbombene som umerkande kjem inn i dei politiske dokumenta, og dels som offensive framstøytar for å styrkja nynorsken.

Mangelen på ein klår offentleg språkpolitikk fell for tida på ein særs uheldig måte saman med eit politisk klima der kulturpolitiske spørsmål i vid meining er viste til utkanten av ålmenta og der eit instrumentalistisk syn pregar den politiske tenkinga. Som ein grunnfagsstudent i nordisk formulerte det i Aftenposten fredag 11. februar i ein klagesong over pensum: ”Dagens undervisning i eksempelvis norrønt er fullstendig uten relevans for praktisk språkbruk.”

Rune Slagstad har knapt og konsist gjeve oss ei av forklaringane på kvifor det gjekk bra med målreisinga under venstrestaten:

”Venstrestaten førte også til et egenartet kompromiss mellom to toneangivende politiske elitegrupper: på den ene side en økonomisk elite med store skipsredere som Christian Michlsen, Gunnar Knudsen og Johan Ludwig Mowinckel – alle Venstre-menn som opptrådte som nasjonale politiske strateger; på den annen side representanter for folkedannelsens elitegrupper – Jørgen Løvland, Knut Liestøl, Olav Midttun m.fl. – som erobret sentrale posisjoner i det politiske apparat.” (Slagstad 1998: 428)

Folkedanningsprosjektet gjekk ikkje under med venstrestaten, men vart ført vidare av den sosialdemokratiske staten av menn som Halvdan Koht, Kaare Fostervoll og Helge Sivertsen – dei to siste forresten gamle studentmållagsaktivistar til liks med Midttun og Liestøl. Men som Slagstad skriv: ”Folkedannelsen … mistet gradvis sin pregende kraft. En teknokratisk styringselite fikk hegemoni.” Sosialøkonomane og i vår tid statsvitarane tok over. Folkedanninga gjekk over frå å vera åndskamp til å bli eit spørsmål om å distribuera ein folkeleggjord elitekultur frå hovudstaden mest mogleg effektivt til resten av landet, symbolisert gjennom Rikskonsertane, Riksteatret og Riksutstillingane. 1938-rettskrivinga gjorde det dessutan mogleg for riksmålsrørsla å massemobilisera styrkane sine på to frontar – både den samnorske og den nynorske, og 50- og 60-åra vart på alle måtar ei katastrofetid for målrørsla. Det var Helge Sivertsen, då som kyrkje- og undervisningsminister, som i 1964 sette ned Vogt-komiteen for å etablera språkfreden – stumpane skulle bergast.

Me ser det som ein tjukk raud tråd gjennom 1900-talssoga: Det er i dei periodane dei folkelege og radikale rørslene med røter i distrikta og representantar i den politiske eliten har greidd å koma seg på offensiven at målreisinga har kome styrkt ut. Etter krigen gjeld det sjølvsagt tydelegast frå slutten av 60-åra og eit tiår frametter, men i ein viss grad òg delar av 90-åra – den siste innhegna av jappetida i 80-åra og ein kraftig nyliberalistisk vekstperiode frå slutten av 90-åra som me framleis har den tvilsame gleda å stå midt oppe i. Og når språkleg likesæle og eit ’minste motstands veg’-syn vert kopla med ei sterk nytte-tenking, veit me at nynorsken ikkje er på heimebane. Når det instrumentelle synet på språk får rå, blir språk- og kulturspørsmål igjen viste til utkanten av samfunnsstriden. Og ser me bort frå den hardaste riksmålsreaksjonen etter krigen, er det alltid nynorsken som har tent på strid, uro og merksemd, medan språkfreden og likesæla har tent bokmålsveldet. Di fleire som kjem seg unna utan å måtta ta stilling til målspørsmålet, di betre går det for bokmålet.

Så langt om dei konjunkturane målrørsla har levd med og om dei politiske vala som har vore med på å skapa dei, til no med vekt på dei negative draga.

Kva gjer me så med dette? Jau, me brettar opp ermane og formar ein strategi. Det som fylgjer er på ingen måte meint å vera korkje originalt eller mine tankar åleine – det er heller ein freistnad på å oppsummera og systematisera noko av det som har vore oppe i dei nyare diskusjonane i målrørsla. Det grip både inn på det ideologiske, det strategiske, det praktisk-politiske og det organisatoriske planet.

Nynorsken er her og krev sin interesseorganisasjon
Fyrst ein viktig skilnad på stoda i dag og stoda i 1906, og ordet går endå ein gong til Jørgen Løvland:

”Det er no ein gong so, at me hev tvo mål her i landet: Fyrst det norske talemålet med si skriftform, landsmålet. … Det andre målet er det innførde danske skriftmålet, som til heimebruk vert tala av få, men til høgtids og i offentlege saker (i kyrkja, skule og ting) og i bokavlen bruka so mykje meir.
            So er det i Norig, og me kann ikkje gjera det um med ytre magt. Båe måli er ”riksmål”, dei hev same retten; dei er jamstelte. Difor lyt kvar nordmann kjenna og helst kunna båe måli med full fridom til å bruka det han finn lettast og mest laglegt.”  (s 28)

”So er det i Norig”, sa Løvland, eller rettare: han ynskte seg iallfall at det skulle vera to mål her i landet. Og to typar av talemål var det sjølvsagt i 1906 – norske målføre og eit dansk-norsk talemål, men det var berre med god vilje ein kunne hevda at det fanst to skriftmål. Skilnaden på 1906 og 2000 er nettopp at det i dag finst to skrifttradisjonar i landet. Det var to formelt jamstelte mål i 1906, og ein kunne sjå grunnsteinane og reisverket til ein nynorsk skriftkultur, men nynorsken var ikkje meir enn på grensa til å verta eit vanleg bruksmål.

Det er det i dag, til gagns, med alt det utstyret som eit moderne skriftmål i den vestlege verda treng. Nynorsken er ikkje lenger ein ide, men eit faktum. I 1906 var det ikkje mogleg å formulera tanken om at det fanst to mål i landet utan samstundes å formulera målreisingstanken, slik Løvland gjorde. Nynorsken i dag er eit resultat av denne målreisingstanken, men eksisterer uavhengig av han. Difor kunne Jon Fosse i 1992 skriva om språket sitt noko som ingen på Jørgen Løvland si tid kunne ha sagt:

”Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det. … Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der å kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.” (Fosse 1999: 116)

Sitatet rommar noko svært viktig: Nynorskfolk vert alt for ofte drivne på defensiven, og me let oss tvinga til å legitimera vår eigen eksistens. Jon Fosse svarar: ”Eg er veldig glad i språket mitt”. Ein av foreldra i Oslo svara på fjernsyn i haust då ho vart spurd om kvifor ho ville ha nynorskklasse i Oslo: Kvifor må ein argumentera for noko ein er glad i og har rett på? For den jamne nynorskbrukaren handlar dette om å ha sjølvtillit til å stå oppreist i bokmålsveldet, og ikkje sleppa nynorskmotstanden for tett innpå livet – ein motstand fleire og fleire nynorskbrukarar møtet fordi fleire og fleire i samfunnet flytter nokre gonger rundt i landet i løpet av livet.

Poenget mitt er ikkje at målrørsla skal slutta å argumentera og leggja målreisingstanken bak seg. Tvert om – ambisjonen er at flest mogleg skal ta i bruk og bli glade i nynorsken, og at dei som held på bokmålet skal få augo opp for at nynorsken og målreisinga òg har tilført dei sjølve og heile samfunnet noko verdfullt. Då må me argumentera endå meir og betre enn me gjer.

Men skal me greia det utan samstundes å gjera oss unødvendig sårbare, må me skilja skarpare mellom det me kan kalla fagforeiningsarbeidet og målreisingsarbeidet. Både Noregs Mållag og Norsk Målungdom fungerer i dag eit godt stykke på veg som interesseorganisasjonar eller fagforeiningar for nynorskbrukarar. Me brukar mykje tid og krefter på at dei som skriv nynorsk skal få det lettare her i livet – me er organisasjonar ein kan venda seg til for å få hjelp og støtte når ei støyter på hindringar, anten det gjeld problem med å få ut klasselister i parallellklassearbeidet, forbod mot å skriva nynorsk på arbeidsplassen, biltilsyn som ikkje vil skriva ut førarkort på nynorsk, eller forlag og bokhandlar som ikkje leverer nynorskutgåva av læreboka i tide.

Eg trur interesseorganisasjonsarbeidet me driv bør gjerast meir synleg som eit eige satsingsfelt. Ei av dei største utfordringane våre er at ein tredel av dei som veks opp med nynorsk går over til bokmål, og dette problemet må fyrst og fremst møtast med å rydda bort den lange rekkja med praktiske hindringar som mange hundre tusen nynorskbrukar framleis støyter på i kvardagen. Her ligg det dessutan eit stort potensial for kontaktskaping, verving og alliansebygging som neppe er utnytta godt nok i dag, og ikkje minst er det viktig for å gjera den delen av arbeidet vårt som går ut over denne ramma meir synleg – det arbeidet som skal setja oss i kontakt med nye grupper, utvida den nynorske delen av verda og nettopp argumentera for målet vårt.

Eit klårare skilje trengst òg fordi dei to hovudretningane av arbeidet vårt byggjer på ulike ideologiske føresetnader. Interesseorganisasjonsarbeidet kviler i prinsippet på rettferds- og jamstellingstanken – dei som brukar nynorsk må ha rett til det i alle samanhengar. Målreisingsarbeidet kviler derimot på den grunnleggjande tanken at det er betre å skriva nynorsk enn bokmål – same kva grunn ein måtte ha for det. Det er òg viktig å vera merksam på at dei to retningane av målarbeidet ikkje kan skiljast med merkelappane ’offensiv’ og ’defensiv’. Mange av rettferdskrava våre er i høgste grad offensive, som at nynorskbrukarar skal få Office-pakka til Microsoft på sitt eige mål. Og likesæla er ikkje berre noko som pregar bokmålsområda – det er mykje målreisingsarbeid (overtydingsarbeid) å driva i nynorskområda òg.

Målrørsla og ”tendensane i tida”
Men kjernespørsmåla er altså: Korleis kan me gjera det målpolitiske feltet i vid meining til eit meir sentralt samfunnsspørsmål? Korleis kan målrørsla setja den såkalla dagsordenen for kulturpolitikken i sterkare grad? Både retningane av målarbeidet er avhengige av gode svar på desse spørsmåla.

Eit bra utgangspunkt for drøftinga er dei refleksjonane Kjartan Fløgstad gjorde kring vegvala til målrørsla på landsmøtet i Noregs Mållag i 1984:

”Målsaka og målstrevarane har alltid vore, har alltid vore tvinga til å vera, opportunistiske i forhold til dei rådande såkalla ”tendensane i tida”. Med korte mellomrom og i rask rekkjefølgje har vi målfolk prøvd å rettferdiggjera strevet vårt ut frå nasjonale, sosiale, kulturradikale, kulturkonservative, marxistiske, eksistensielle, populistiske eller liberalistiske grunnposisjonar. Vi har liksom blitt norskare, eller meir rotekte, eller inderlegare, eller meir progressive og framstegsvennlege, eller større verdsborgarar, eller frimodigare og flinkare til å læra lekser og assimilera kunnskap ved å skriva nynorsk og snakka dialekt. Og det kan det vel alltids vera noko i”, legg han til (Fløgstad 1984: 9).

I sine beste stunder kan målrørsla og norskdomsrørsla vera med på å forma den samfunnsutviklinga som legg rammene for nynorsken. Det er eit høve me aldri må la gå frå oss, og det er i fyrste rekkje eit spørsmål om politiske alliansar. Målrørsla kan likevel aldri gjera det til ein hovudaktivitet å driva fram samfunnsendringar – oppgåva vår er fyrst og fremst å gjera det beste ut av situasjonen, same kva me elles måtte meina om han. Me arbeider for nynorsken i dette samfunnet, ikkje eit anna. I praksis er det heller ikkje noko stort problem – det er fullt mogleg å kombinera eit arbeid for nynorsk i byane med eit arbeid som tek sikte på å bremsa og helst stogga sentraliseringa, slik Noregs Mållag gjorde i valkampen i haust då me tok initiativet til eit samarbeid med 18 tunge organisasjonar for å hindra skulenedleggingar.

Spørsmålet er kor mykje målrørsla skal vera ”med” og kor mykje ho skal vera ”mot” straumen, og oppgåva er til kvar tid å finna den beste balansegangen. Målsamskipnadene har som si fremste oppgåve å vera det organisatoriske uttrykket for ein målreisingside og for eit nynorskskrivande samfunn som vert breiare og meir mangfaldig di sterkare rotfeste nynorsken får i lokalsamfunna. På Jørgen Løvland si tid var venstrefolk målfolk og høgrefolk riksmålsfolk, sjølv i vestlandsbygdene. Avtala mellom Høgre og Frp i Os frå i fjor haust som slo fast at det skulle lagast innvandrarrekneskap, var skriven på nynorsk, og det var jamvel i ein kommune som ligg i grenselandet mellom nynorsk og bokmål og dermed i det området der bokmålspresset er størst.

På hi sida må målorganisasjonane vakta seg mot å bli reine språkorganisasjonar som ikkje greier å setja saka si i samband med andre samfunnsspørsmål i tida, og det er ein tett samanheng mellom dei periodane målrørsla har reindyrka dei filologiske og språklege sidene ved målsaka og dei periodane det har gått dårleg. Eg trur nettopp det er her målrørsla har mest å henta – me må ut av dei språkinterne perspektiva og i større grad opna kontaktflata mot samfunnet.

Målstriden – kulturreising og alliansebygging
Utgangspunktet vårt må vera at Noregs Mållag og Norsk Målungdom er kulturpolitiske organisasjonar meir enn språkorganisasjonar, og at arbeidet vårt må forståast som ei kulturreising meir enn ei rein målreising. Når me sjølve tek stilling og vil ha andre til å ta stilling til korleis folk skal skriva og prata, tek me samstundes stilling til nokre grunnleggjande kulturelle og politiske spørsmål i samfunnet. Det breie kulturperspektivet har prega målreisinga sidan Aasen gjekk ut i felten med programartikkelen ”Om Dannelsen og Norskheden” i 1857. I periodar kome i bakgrunnen – anten målrørsla har gått seg vill i normeringsstrid, eller fokusert sterkt på dei pedagogiske føremonene med sambandet mellom dialekt og nynorsk.

Det er ikkje det same som å seia at innhaldet i målreisinga er konstant – mykje er annleis i dag enn det var på Aasen si tid. Men etter 150 års strid og tradisjonsskaping, er det òg klåre grenser for kor langt me kan og bør gå i å omdefinera innhaldet målreisinga utan at me fjernar oss frå det som har bore nynorsken oppe alle desse åra.

Kjernen i målreisinga kan kanskje best definerast gjennom nokre motsetnadspar:

bokmål <-> nynorsk/dialektar
medvitslaus kulturimport <-> kulturreising tufta på norske tradisjonar
elitekultur <-> folkekultur
sentrumskultur <-> distriktskultur
fordumming <-> folkeopplysning
elitestyre <-> folkestyre
einsretting <-> mangfald
aukande klasseskilje <-> sosial utjamning

Målreisinga og målrørsla har stort sett alltid kome ut på den høgre sida, og tilsvarande fangar omgrepa på hi sida opp mykje av det riksmåls- og bokmålssida har stått for. Denne arven er så knytt til målreisinga, målrørsla og sjølve eksistensen til nynorsken, at ein ikkje kan ha som grunnlag for dei ideologiske og strategiske ordskifta våre at brått skal hoppa over til venstre kolonne i nokre av desse motsetnadspara. Oppgåva vår må heller vera å gjera omgrepa i høgre kolonne eit aktuelt innhald som definerer målstriden inn i samfunnsstriden i dag.

Motstandarane våre har i alle år freista framstilla nynorsken og målreisinga og alt i høgre kolonne som ein motpol til moderniseringa. Det kan knapt bli meir gale, og målrørsla å aldri la seg lokka til å tru at ein må nærma seg den venstre kolonnen for å unngå å få merkelappar som ’umoderne’, ’reaksjonær’ og ’atterskodande’ limt på seg. Heilt sidan Aasen har målreisinga vore ei drivkraft i den kulturelle og politiske modernisering av Noreg, og særleg av norske bygdesamfunn, men på heilt andre premissar enn riksmålseliten i hovudstaden la til grunn for moderniseringa. Det var ikkje målfolk som stod for den atterskodande nasjonalromantikken, korkje i 1850-åra eller på Lillehammer i 1994.

Den kulturelle maktkampen om kva nasjon dette skal vera, er like aktuell som før, og som før står det mellom to grunnsyn. Det eine kan me la teatermeldaren i Dagbladet, Hans Rossiné representera, han som i 1997 skreiv at ”Dialektmenneskene her borte må ha meg unnskyldt – men hva pokker er en hugnad?”, og hausten 1999 var i harnisk over at knarkarane, horene og bomsane i ”Personkrins 3:1” snakka nynorsk og ikkje oslomål på Det Norske Teatret. På hi sida står ein nynorsk tradisjon frå Aasen og Garborg til Det Norske Teatret – som i langt større grad enn Nationaltheatret både er eit folkeleg og nyskapande teater. Her står òg 650 husstandar i Bardu som tidleg i februar i år nekta å betala full NRK-lisens så lenge dei ikkje får inn NRK2 – NRK gidd som kjent ikkje byggja ut nettet til meir enn dei 80% som no får inn kanalen. Hadde Frode Grytten budd i Oslo, skrive på bokmål om ein murblokk på Ammerud i staden for i Odda og vanka på Kunstnernes Hus og Bristol, ville han ha slege gjennom og vore hovudbok i bokklubbane for lengst. Men det måtte ein Bragepris og ein uredd nominasjon til Nordisk råds litteraturpris til.

Ein av dei skarpaste analysane av dei kulturelle makttilhøva i Noreg som er presenterte det siste åra, er Per Arne Skomsøs artikkel om ”Den innanlandske kulturimperialismen” i Mål og Makt. Skomsø er tidlegare leiar av fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal og høyrer såleis til den kategorien av politikarar som Oslo-pressa ser mest ned på – fylkespolitikarane. Han seier det slik (s 22):

”Dei siste 8 åra har eg fått høve til å reise mykje i dette fylket, og har fått oppleve mangfaldet i kulturlivet. Når eg gong etter gong har vore til stades på store kulturelle hendingar, og eg ikkje finn eit ord om desse i riksmedia, men i staden for blir servert inkjeseiande pjatt, ja då blir eg overvelda av eit stigande raseri, eit raseri mot det eg opplever som kulturell undertrykking. Når mange nok av oss blir rasande, vil det hende noko.”

Ein treng ikkje sitja i Romsdalen for å seia dette – det same kunne ein høyrt frå ein vanleg kulturarbeidar på Kløfta eller Holmlia. Mange nordmenn kjenner eit slikt raseri, og målrørsla er det viktigaste organiserte uttrykket for raseriet. Men føresetnaden er då at målrørsla ser seg sjølv som ei brei kulturrørsle med eit breitt kulturpolitisk engasjement, ikkje som ein rein målrørsle.

I ei slik tilnærming til målstriden kan me sjå opningar for langt fleire, breiare og sterkare alliansar enn me har i dag. I vid meining gjeld dette alle som prøver å få born til å lesa meir og læra dei å skriva, intellektuelle, forfattarar og andre kulturarbeidarar som vil ha ein større aksept for at det dei driv med har ein verdi for samfunnet, og mediefolk som vil auka den språklege kompetansen i mediebedriftene sine.

Men viktigast er sjølvsagt dei som ser seg sjølv som del av ein kulturstrid og har mål som peikar i same retning som våre. Det vil seia at me har lite sams med dei som er ute etter å styrkja bokmålsmakta og den hegemoniske stillinga til elite- og hovudstadskulturen. Eit konkret og aktuelt døme er Noregs Mållag si nye satsing på ”kulturbarnehagen”, som tek sikte på å laga eit pedagogisk opplegg for barnehagane som er tufta på heimleg, lokal og nasjonal kulturarv – medrekna dialekt og nynorsk, ikkje på Disney og Sabeltann.

Språkinteressa som alt er der
Sjølve grunnlaget for all målreising er at språk er det viktigaste av alle sosiale fenomen – som kommunikasjonsmiddel, sosialt lim og identitetsmerke. Det er ikkje noko ein treng argumentera så lenge for å få folk til å innsjå. Språkinteressa i samfunnet er slett ikkje lita – det opptek folk at dialektane endrar seg, at engelsk pressar på og at ungdom har utvikla språk for Internett- og mobiltelefonbruk som stikk seg kraftig ut frå vanleg språkbruk. Skrivarstova får inn avisklypp frå heile landet som ikkje har direkte med striden mellom bokmål og nynorsk å gjera, men vitnar om ei brei og folkeleg språkinteresse. Det kjem lokale dialektbøker og ordsamlingar i mengder, det er spaltar i lokalaviser og det kjem i stand tilskipingar av ymse slag.

Her er det mykje å byggja på for målrørsla, mykje meir enn me greier i dag. Når Noreg er eit dialektland, er det fordi me har hatt og framleis har ei målreising som har gjort opprør mot den språklege hovudstadsdominansen. Utan nynorsken hadde Noreg vore eit dialekt-u-land på line med Sverige og Danmark i dag. Sameleis er det nynorskfolk som har gått i spissen for å forsvara både bokmål og nynorsk mot engelsk og dermed gjort gratisarbeid for bokmålet. Som takk vert det hevda at me no må gløyma den norske målstriden og heller samla oss alle saman kring bokmålet for å halda ein samla front mot engelsk.

Arbeidsfelt og arbeidsmåtar det komande tiåret
Skulemålsarbeidet har prega Noregs Mållag i lang tid, og eg kan ikkje sjå noko som gjer det aktuelt å røra ved skulemålsarbeidet som det øvste prioriterte innsatsområdet vårt. Same korleis ein snur og vender på det, er det heilt avgjerande for den språklege framtida til eit lokalsamfunn kva skriftmål ungane veks opp med. Og målet må som før vera at flest mogleg har nynorsk både når dei byrjar i skulen og når dei går ut av han. I bokmålsområda, ikkje minst i byane, vil kampen framleis stå om sidemålet og om å få i gang nynorskklassar. Båe delar er avgjerande for framtida til nynorsken i eit meir sentralisert Noreg.

Dei to førre landsmøta valde i tillegg å leggja vekt på arbeidet for meir nynorsk i næringslivet og i informasjonsteknologien, og med mindre samfunnet skulle endra seg i ei heilt anna retning enn dei fleste trur, er det lite som tyder på at dette vil bli mindre aktuelle satsingsfelt utover i tiåret. Eit felt i tillegg som målrørsla har brydd seg for lite med dei siste åra, er målbruken i media. Samfunnet vert meir og meir mediestyrt, mediesektoren ekspanderer og får ein aukande prestisje, og skiljet mellom IT og media vert mindre og mindre. Om nokre år vil radio, fjernsyn, internett og telefonien smelta saman teknologisk, og ein kan òg venta seg ei redaksjonell samansmelting på tvers av dei tradisjonelle institusjonane me har arbeidd mot.

Skal nynorsken koma styrkt ut som bruksmål når dette tiåret er omme, krev det ein langt sterkare innsats for å auka nynorskbruken i dei mest lesne og brukte delane av media. Det føreset at me er viljuge til å tenkja gjennom heile organiseringa av medie- og IT-arbeidet frå botn.

Det mediestyrde samfunnet set òg heilt andre rammer for politisk arbeid og organisasjonsarbeid. Dette vert skrive berre nokre dagar etter at media spela ein hovudrolle i det røynlege leiarskiftet i Arbeidarpartiet. Anten ein opererer på eit lokalt, regionalt eller nasjonalt plan, vert den politiske suksessen meir avhengig av at ein greier å utnytta media i arbeidet for saka si. Og diverre – dette er ein røyndom som Noregs Mållag ikkje har greidd å omstilla seg til. For mållaget står utviklinga av ein offensiv mediestrategi står sentralt i det halvåret me er inne i.

Sameleis er det eit stort utviklingspotensial, som det heiter når noko ikkje er bra, i arbeidsmåtane våre. Målreisinga er eit evigvarande arbeid der det er det jamne arbeidet over mange år som må til, men sidan me er ein kulturpolitisk og ikkje ein religiøs organisasjon, er ikkje det ævelege perspektivet spesielt motiverande. Litt for mange målfolk kan sjå ut å ha han Lars i lia hjå Garborg som førebilete – han som tenkjer både vel og lenge før han gjer noko, og aldri kjem i gang med å få vølt taket på løa fordi det heile tida kjem opp noko anna som må gjerast. Målfolk er aktive på mange felt, og det dukkar gjerne opp saker som ein lyt gjera unna før ein kan ta til med målarbeidet, anten det er å få rassikra vegen, hindra skulenedlegginga, opna ein ny bokkafe eller vinna ein EU-strid. Og når mange nok tenkjer slik, får me ikkje gjort mykje av det me kunne få gjort.

Ei av løysingane på dette er samstundes eit svar på krava som mediesamfunnet stiller, nemleg at målsamskipnadene i langt større grad må ta i bruk kampanje-, aksjons- og prosjektretta arbeidsformer. Me ser det kvar gong det er ei skulemålsrøysting. Då dukkar det opp både driftige og aktive målfolk som gjerne tek eit tak for nynorsken, men ikkje tidlegare har kunna tenkja seg å driva jamt med mållagsarbeid og kanskje heller ikkje er mållagsmedlemer. Dette er ei av dei viktigaste rekrutteringskjeldene til dei me treng aller mest i samskipnaden: tillitsvalde og aktivistar.

Ein rikspolitisk offensiv
Trass i mykje avansert teknologi er ikkje journalistar meir avanserte enn før. Riksmedia interesserer seg hovudsakleg for det som skjer på Stortinget, i regjeringa og i dei tyngste delane av næringslivet og organisasjonslivet, i tillegg til å springa etter brannbilen. Kulturjournalistikken er ikkje noko unntak. Det er livet kring dei sentrale kulturinstitusjonane me stort sett høyrer om, bortsett frå når eit distriktsteater går konkurs og når det er intern krangel i kultur- og kunstnarorganisasjonane. Og det er ikkje til å koma forbi at det som skjer i hovudstaden vert viktigare og viktigare for nynorsken sjølv om det er andre stader målet lever som bruksmål i samfunnet. Det som ein i dag finn av bokmål i Sogn og Fjordane kjem hovudsakleg frå Oslo i form av riksaviser, bøker, nett-tenester, landsfemnande reklamekampanjar og liknande, og denne bokmålsimporten vil det bli meir og meir av.

I det offentlege ser me framleis eit stort sprik mellom prinsipp og praksis når det gjeld den statlege handsaminga av nynorsken. Dei mange statlege tiltaka som har språkpolitiske verknader, ikkje minst på det teknologiske området, sprikar i alle retningar utan samordning og styring. Det som skulle vore det samordnande organet – Norsk språkråd – går for lut og kaldt vatn, og det er ikkje mogleg å få auga på nokon kraftfull samla og samordna offensiv mot presset frå engelsk eller dei språklege utfordringane som IT-revolusjonen skapar. Eit resultat av manglande interesse for målspørsmålet i det sentrale byråkratiet og det rikspolitiske miljøet er at Noregs Mållag sentralt må bruka masse tid på å springa frå departement til departement og stortingskomite til stortingskomite for å sjå til at det vert teke målpolitiske omsyn i saker som dukkar opp. Til ein viss grad er dette eit arbeid for å få slege fast nye målkrav, som at parallellutgåveretten òg skal gjelda for vanleg programvare som vert brukt i skulen, men i alt for mange tilfelle er det snakk om å syta for at Stortinget og regjeringa fylgjer den målpolitikken dei sjølve har slege fast.

Summen av dette er at målrørsla dei komande åra bør satsa tungt for å få målspørsmålet høgare opp på den rikspolitiske saklista. Fleire sentrale politikarar må interessera seg for språk, og dei sentrale politiske miljøa må i langt større grad bli nøydde til å ta stilling til og setja seg inn i målpolitiske spørsmål. Kort sagt: me må skapa nye Jørgen Løvland’ar.

Initiativet som Noregs Mållag nyleg har teke overfor kulturminister Åslaug Marie Haga er det fyrste steget i ein ny offensiv. Me har bede kulturministeren setja i gang arbeidet med ei språkleg maktutgreiing som skal gå gjennom målbruk og målpolitiske makttilhøve ikkje berre i det offentlege, men òg i det sivile samfunnet. Dette må leggja grunnen for ein ny offentleg språkpolitikk som på ein langt meir offensiv måte enn i dag styrkjer det norske språkområdet mot presset frå engelsk og tek vare på heile variasjonsbreidda i norsk mål. Det er mange gode grunnar til å gjera det nett no. Norsk språkråd skal omorganiserast i den komande fireårsbolken. I 2001 er det både Garborg-år og Europarådet sitt internasjonale språkår, og politikken på det språkteknologiske området skrik etter samordning.

Lokalsamfunnet og folkerørsla
Til slutt er det naudsynt å minna om at den aller viktigaste arenaen for nynorsken er den lokale. Dei viktigaste kollektive vala mellom bokmål og nynorsk skjer og vil framleis skje i lokalsamfunna med den lovgjevinga me har i dag, anten det gjeld opplæringsmålet i krinsen, parallellklassar, målbruken i kommunen eller kyrkja, eller kva mål bedriftene skal marknadsføra seg på. Ramma er lokalsamfunnet og sentralt står lokalavisene. Med dei språklege makttilhøva som rår i dag og vil rå i lang tid framover, er det heller ikkje noko anna enn ei brei og aktiv folkerørsle som kan tryggja gjennomslag på sentralt hald.

Berre denne konstateringa er nok i seg sjølv til å slå fast at den viktigaste lekken i målsamskipnadene er dei lokale laga, og me veit at framtida for nynorsken i mange lokalsamfunn er heilt avhengig av styrken til den lokale målrørsla. Sentralt arbeid kan aldri erstatta det lokale arbeidet på stader det er lokal målstrid – det kan i beste fall berre bli brannsløkking. Me kan vinna ei skulemålsrøysting, få til ein parallellklasse og få til gode kommunestyrevedtak, men me får aldri bygt opp det jamne lagsarbeidet og skapt den kulturelle forståinga i lokalsamfunnet som er naudsynt dersom nynorsken skal slå sterkare rot. Sjølv om Noregs Mållag skulle greia å tidobla talet på tilsette frå seks til 60, vil ikkje dei 60 vera i nærleiken av å få utretta like mykje lokalt målarbeid og nettverksbygging som dei 11 000 medlemene våre gjer i dag. Styrkinga av lokallaga og fylkesvala er difor no som før nøkkelen til ei styrking av målrørsla.

Når eg har snakka om alliansebygging, gjeld det i like stor grad på lokalt som på sentralt plan. Rundt om i norske lokalsamfunn ser ein framleis eit myldrande kulturliv og eit stort politisk engasjement, men det får i større og større grad form av eit reint lokalt engasjement som ikkje har ankerfeste i landsfemnande organisasjonar og rørsler. I kulturlivet ser me store mengder med historiske spel og festivalar, på det politiske området ser me aksjonar for det eine og mot det andre som har som fellesnemnar at dei ynskjer å forsvara lokalsamfunnet når det er truga av storsamfunnet.

Sluttord
Målrørsla burde ha svært gode føresetnader for å lukkast i tida som ligg framom oss. Nynorsken og målrørsla har ein sterk legitimitet i samfunnet, særleg i det politiske livet og kulturlivet, og rørsla er godt rusta til å møta framtida. Me har det viktigaste – folka og hovuda –, og det me fyrst og fremst manglar, er pengar. Hadde me hatt mykje pengar, men likevel ikkje fått gjort noko, hadde framtida sett langt mørkare ut.

Det har opna seg eit stort rom for nynorsken gjennom kombinasjonen av mindre motstand mot nynorsk og ei aukande interesse for identitetsspørsmål, kulturelt mangfald og kulturmøte. Desse internasjonale straumdraga er på vår side, og i det vidare ordskiftet i målrørsla bør det stå sentralt korleis dei kan utnyttast til å skapa ny framgang for nynorsken og styrkja dialektane. No har jamvel bokmålsdelen av språkrådet snudd fornorskingslina til ei fordanskingsline, så det burde vera klårt for alle som tidlegare har klamra seg til myten om det radikale framtidsbokmålet at nynorsken er det einaste alternativet for dei som ikkje vil la seg diktera av språkmakta på toppen av samfunnet.

Det er no mykje opp til oss korleis me spelar korta våre, og dei trekka eg har streka opp ovanfor, er ei sterk vektlegging av målreisinga som ei brei kulturreising, ein kombinasjon av ein rikspolitisk offensiv og styrking av grunnorganisasjonen, og satsing på målbruken på dei samfunnsområda som er i vekst og vil dominera språkbruken i framtida. Og framfor alt treng me ei målrørsle som ikkje er redd for strid. Språkfreden og likesæla er i ferd med å festa eit klamt kvelartak om målstoda, og då burde valet mellom Jørgen Løvland og han Lars i lia enkelt.

Tilvisingar
Fosse, Jon: ”Min kjære nynorsk”, Norsklæraren 1992, her etter Fosse: Gnostiske essay, Oslo 1999

Garborg, Arne: ”Han Lars i Lia”, elektronisk utgåve 1997 ved Jon Grepstad, http://home.sol.no/~gjon/lars1.htm

Løvland, Jørgen: ”Sjølvstendet og det norske målet”, særprent av Den 17de Mai, her etter Olaf Almenningen (red): Målpolitiske artiklar 1905-1920, Oslo 1981

Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981, Oslo 1981

Skomsø, Per Arne:”Den innanlandske kulturimperialismen”, Mål og Makt 3/1999

Slagstad, Rune: De nasjonale strateger, Oslo 1998

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *