Sogn – høgborg for unionsradikalisme og republikanisme? (føredrag 2005)

Hoel, Oddmund L. (2005). Sogn – høgborg for unionsradikalisme og republikanisme? Uprenta føredrag på seminaret “Unionsoppløysinga 1905 i eit lokalt og globalt perspektiv”, Historisk institutt ved Høgskulen i Volda og HIFO Nordvestlandet, Volda 25.5.2005.

Då eg i januar gjekk laus på mikrofilmane med dei to sognaavisene som kom ut i 1905, var det med stor spenning, men kanskje ikkje ope nok sinn. Samfunnsforskarar som Gabriel Øidne og Stein Rokkan og historikarar som Jostein Nerbøvik, har spikra fast omgrep som ’folkehøgskuleregionen’ og ’fjell- og fjord-Noreg’ i medvita våre – området der grundtvigianisme, norskdom, målsak og Reine Venstre stod sterkt i motsetnad til det klassedelte sentrale Austlandet og den pietistiske og fråhaldande kyststripa. Trass i alle atterhald og modifikasjonar av denne sterkt forenkla modellen, og trass i at eit raskt blikk på kartet over novemberrøystinga i 1905 burde gje ’bange anelsar’, må eg vedgå at eg hadde venta å finna Sogn som ein del av Grunnfjellet for den kompromisslause unionsradikalismen og republikanismen som norskdomsrørsla på sentralt hald stod for, særleg gjennom Den 17de Mai.

Så eg byrjar heller med den hypotesen som slo til: Dei to avisene mine, Sogns Tidende og Sogningen, var proppfulle av stoff om unionssaka gjennom heile året, og gjennom spaltene kjem eit sterkt og inderleg folkeleg engasjement til syne. 1175 kr skulle Sogndal bibliotek ha for kopiane då eg var ferdig med 1905-årgangene av dei to firesiders lefsene, og då hadde eg på langt nær kopiert alt. 1905 var året då Noreg fekk ”Sin egen stemme” i det internasjonale samfunnet, har den offisielle Hundreårsmarkeringen som eit slagord. Sett nedanfrå var 1905 i like stor grad året då dei mange små røystene kom til orde, gjennom to folkerøystingar, gjennom folkemøte, stemne og ikkje minst gjennom avisene.

Avisene Sogns Tidende og Sogningen utgjorde to motpolar i Sogn som er svært kjærkomne til vårt bruk. Sogns Tidende var redigert og utgjeven av Jens Kvåle i over ein mannsalder, innfødd sogndøl, målmann, venstremann, lokalpolitikar og folkehøgskulelærar. Det var landets fyrste bygdeblad redigert på nynorsk og må sjåast som talerøyr for det sterke norskdomsmiljøet i Sogn som hadde hovudbølet sitt på Sogndal folkehøgskule, skipa alt i 1871. Herifrå vart både målreisinga, ungdomslagsrørsla og lærarrørsla organisert, med Sogns Tidende som talerøyr og kamporgan.

Sogningen var Høgreavis, redigert av Rasmus Thorsen, typograf og journalist frå Stavanger. Høgre-organisasjonen i Bergen sende Thorsen til Sandane i 1896 for å få i gang avisa Nordfjord, og året etter bad dei han dra til Vik der han fekk i gang Sogningen der han vart verande som redaktør i 15 år som redaktør. I Vik fann Thorsen eit sterkt miljø av konservative kondisjonerte – embetsmenn, storbønder og ikkje minst offiserar sidan Vik var ei av dei viktigaste militærbygdene på Vestlandet. Eg treng vel knapt nemna at Thorsen var ihuga riksmålsmann og Sogningen riksmålsblad.

Båe avisene hadde ambisjonar om å dekkja heile Sogn, og det at ei kom ut i Vik og ei i Sogndal var ikkje fyrst og fremst eit uttrykk for ei geografisk deling av marknaden, men ei politisk, kulturell og språkleg kløyving som gjekk tvers gjennom alle sognabygdene.

Dei to avisene gjekk inn i 1905 med svært ulik lydstyrke. Omkring og etter forhandlingsbrotet med Sverige i januar/februar øygna Sogns Tidende von om at Venstre si store konsulatsak no kunne drivast gjennom, og statsmaktene vart høgrøysta oppmoda om å setja hardt mot hardt. I Sogningen rådde derimot den store forvirringa som prega dei moderate og konservative miljøa på denne tida, og den einaste lina Sogningen greidde å samla seg sjølv om, var at ”regjeringa-veit-best”, same kva ho måtte koma fram til og kva for ei regjering det var. Dette innebar òg full støtte til Michelsen-regjeringa og strategien ho meisla ut, og ein markert avstand til Francis Hagerup etter regjeringsskiftet. Alf Kaartvedt har i Høyres historie lagt vekt på at særleg vestlendingane i stortingsgruppa i februar 1905 var redd for at dei ”feies væk” ved neste val dersom Høgre ikkje gjekk over til ein meir aktivistisk unionspolitikk. Det ser såleis ut til at Sogningen føyer seg inn i eit større bilete der Vestlands-Høgre utgjorde eit kritisk element i partiet til forhandlingslina til Hagerup.

I praksis vart difor dei to avisene ståande på same line i dei avgjerande vintervekene. Alt 27. januar, før forhandlingsbrotet, formulerte Sogns Tidende svært bastant at den ’korte lovlina’ var vegen, altså den som vart Michelsen-regjeringa og Spesialkomiteen i Stortinget i februar/mars gjekk inn for. Avisa polemiserer mot den ’lange lovlina’ som stod sterkt i konservative krinsar, men mellom linene gjekk norskdomsavisa òg imot ’vedtakslina’ – opprettinga av eit norsk konsulatvesen utan å bry kongen med eit lovvedtak – som stod sterkt i norskdomsrørsla. Dermed var òg hovudlina til Sogns Tidende og Jens Kvåle for det neste trekvart året fastslegen: eit tydeleg standpunkt for aksjon i konsulatsaka, men med klår distanse til dei mest unionsradikale delane av venstre- og norskdomsrørsla.

Spenninga som var bygt opp i dei to avisene gjennom stadig fleire spaltemeter utover våren, fekk si store utløysing i dei ordinære utgåvene som kom 9. juni. Redaktørane rekna med at noko stort var i kjømda, men den lite fleksible produksjonsmåten gjorde det ikkje så enkelt. Kvåle fylte difor opp det meste av framsida på ein gjennomgang av norsk sjølvstende- og unionshistorie, klypt frå Stavanger Avis. Båe avisene hadde sett av plass til siste nytt, og telegramma står som sedimentære avleiringar nedover spaltene. Her ser me at det tok ein knapp halvtime før avisene hadde dei fyrste meldingane om Stortinget sitt unionsvedtak, og det tok knapt to timar før Sogningen hadde den presise ordlyden på vedtaket. Den 9. juni melder òg båe avisene om dei fyrste reaksjonane frå utlandet.

1. pinsedag fall på 11. juni, og prestane var bedne om å lesa opp Stortinget sin proklamasjon om unionsoppløysinga for kyrkjelydane. Opplesinga var ”av dei største stunder mange hev havt i sitt liv”, og folk hadde ”venta i stor spaning, ogso dei som hadde lese meldingi og uppropet til folket” melder Sogns Tidende. Og som om det ikkje var gildt nok inni kyrkja:

”Det hev vore vent pinsever i helgi, aaker og eng hev skote rask vokster, og hagarne lyser i sin fulle fagerdom. I denne bunad og i dette straalande ver styrkjer naturen sjølv dei nasjonale kjenslor, som i desse dagar raar so eintonige og sterke i kvar nordmanns hug og haatt. Eit slikt land er noko aa eiga. Det er verd endaa dei største offer.”

Andre pinsedagen vart det halde eit folkemøte i Sogndal der det på kort varsel møtte 6-700 menneske (like mange som fredag møtte fram i kulturhuset for å høyra på Idol-Tone). Dei gjekk i tog bak skyttarfana, skulefana og flagg, det var talar m.a. av ein av folkehøgskulelærarane (Vilhelm Flugheim), og sjølvsagt ”Gud signe vårt dyre fedreland”.

Den uavklåra situasjonen i høve til omverda gjorde det heilt naudsynt å demonstrera at unionsoppløysinga hadde unison støtte i folket. Norske styresmakter og tonegjevande krefter i lokalsamfunna arbeidde difor hardt utover sommaren for å rydda av vegen den tvilen som framleis måtte finnast. Sommaren var tida for dei store stemna. I Gloppen møttest 4000 menn og kvinner på stiftssamling i Det norske misjonsselskab, og dei sende takketelegram til regjeringa og Stortinget. Det gjorde òg dei kring 3500 som møtte fram på ungdomslagsstemna i Vik midt i juni. Dei fekk høyra ei rekkje talar om spørsmålet, ikkje minst av stortingsmann Anfinn Refsdal frå Vik som hadde vore med på 7. juni-vedtaket.

Den store nasjonale mobiliseringa byrja med 17. mai-feiringa ”som hev samla fleire folk um sine dyre og nasjonale minne enn kanskje nokon gong fyrr”, etter det Sogns Tidende kan fortelja, men ikkje alle stader: ”Paa Frønningen var det iaar svært faae som ”hadde tid” aa vera med og halda fest 17de mai. Det er svært kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss.”

Dei siste dagane i juli vart det klårt at det ville bli folkerøysting etter at Sverige kravde det for å innleia forhandlingar. Var det vanskeleg å vera unionsven eller tvilar tidlegare på sommaren, vart det umogleg no. 7. junivedtaket kan berre ”udslettes med det norske Folks Blod”, melder Sogningen, den vil ”blive forsvaret saalænge der findes en vaabenfør Mand i Landet.” Å møta fram og røysta ja var ei æressak for einkvar god fedrelandsven med røysterett. ”Gud fri oss fraa at nokon vaagar aa gjera svenske av seg og oss og vaart fedraland i desse tider”, skreiv Sogns Tidende. Lensmann og valstyreformann A. Øen i Vik nøydde seg ikkje med formell og praktisk instruksjon i korleis valet skulle gjennomførast, men la til at ”Lad der ikke komme noget Nei i Urnen.” Det hagla inn med opprop og lesarbrev til avisene, som vart spreidde i store ekstraopplag. Problematiske segment i veljarflokken vart identifiserte. Med bergensavisene som kjelde var Jens Kvåle redd for at ”ein og annan havstrilen som bur ute i dei ytste skjeri, vil koma til aa svara nei. Dei er ogso utan all politisk upplysning. … Dei kann let koma til og verta forrædarar mod dei krav som fedralandet hev.” Lekmannsfolket var han heller ikkje trygg på. På Kaupanger vart det greitt, det same var Sogndal, og på Norane var der ”ikkje ei svikarsjæl som gjer svenske av seg”. Derimot var det redsle for at ”veitastrendingarne er so politisk formyrka og skakkøyrde at dei mannjamt vilde røysta nei”. Men eit folkemøte 6. august gjorde heldigvis at ”skodda dreiv burt fraa grend etter grend”. Ein strek i rekninga var det likevel at mange veitastrendingar ikkje fekk røysta fordi propellen på båten på Veitastrondsvatnet rauk.

Aldri har heimesitjarane vore mer uglesedde. I Jostedalen var det fem av 180 røysteføre som ikkje møtte fram. Tre var reiste frå bygda, så det var greitt, tykte innsendaren i Sogns Tidende, ”men dei andre tvo, Anders N. Bjørheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime”.

Røystedagen sundag 13. august vart den store festdagen i 1905. Folk gjekk til kyrkja i finstasen, det var flagg overalt, kyrkjene var pynta, mange stader med banner – ”Frit Norge” stod det over korkvelvingen i Aurlandskyrkja. Der skaut dei òg av 12 dynamittskot, og saluttsalvene small jamt i innover i fjordane. Gudtenestene vart regisserte med stigande program der klimakset var fedrelandssalmane før mennene gjekk til røysteurna. Det var då så stilt i kyrkja at ein kunne høyra andedraga til kvarandre; ”forsamlingen drog innimellom tunge sukk, taarorne rann nedyver kinni paa mange” (i Aurland).

Det var såleis ikkje heilt den store stemninga for å skriva ’nei’ på røystesetelen, og det gjorde då òg som kjent berre 184 personar i heile landet. I Sogn og Fjordane var det tre nei-røyster, to av dei i Sogndal og ei i Selje. Frammøtet i fylket var utrulege 92,5 prosent med Vik både på fylkes- og landstoppen – 98,4 prosent! Her fekk Rasmus Thorsen verkeleg noko å skryta av.

Derimot har ikkje sogningane i ettertid kunna skryta av kvinneunderskriftsaksjonen som Landskvinnestemmerettsforeningen tok initiativet til. I nokre bygder vart det arbeidd aktivt med å samla underskrifter. På Leikanger vart listene lagde ut i sakristiet, og ”so snart preiki var ende, fôr kvinnorne i flokk aat sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor – sume med stav – staa og ropa til dei yngre: ’Skriv meg! Skriv meg! Skriv meg og!” I Lavik la valstyret ved kvinneunderskriftene med det offisielle valoppgjeret, noko som var heilt utanom reglementet. Men alt i alt fekk kvinneaksjonen dårleg oppslutnad i Sogn og Fjordane. Det samla underskriftstalet på landsplan utgjorde 76 prosent av mennene sine ja-røyster medan det i Sogn og Fjordane berre var ca. 17 prosent. Mangelen på organiserte kvinnenettverk er dregen fram som ei viktig forklaring, og gjennomgangen min viser at avisene knapt ofra ein spaltemillimeter på kvinneaksjonen. Mellom anna difor veit me så langt lite om årsakene til den dårlege oppslutninga.

Då oppkøyringa til Karlstad-forhandlingane tok til etter folkerøystinga, byrja lurvelevenet i Sogn som på landsplan. ”Dei norske kravi reiser seg sterkare og sterkare mot at grensefestningarne skal gjerast til inkjes”, skriv Sogns Tidende, som vonar at dei norske statsmenn ”ikkje gjeng i kne for dei uvyrdne kravi”. Det gjorde dei som kjent, og no vart ikkje berre regjeringa, men òg unionsradikalarane sette på prøve. ”Vondt vert det aa døyva kjensla av at Noreg hev maatta bøygt seg djupt til knes,” meinte Sogns Tidende. Ein innsendar frå Leikanger meinte ein no fekk slå i bordet til svenskane og heller ta krigen. Men korkje Sogns Tidende, folkemøte eller meir enn eit par tonegjevande personar i Sogn, i motsetnad til i indre Nordfjord, gjekk inn for at Stortinget burde avvisa det som Sogns Tidende meinte var ”eit klent og tuske forlik” i Karlstad. Den harde retorikken vart verande nettopp det, og til liks med mange andre innsåg avisa at forliket trass alt var betre enn krig. Den heroiske militarismen som ikkje minst Den 17de Mai kunne by på ein del av gjennom 1905, vart kontant avvist både av Sogns Tidend og av Sogningen, utgjeven i militærbygda Vik, og eit konsekvent støtteorgan for Michelsen-regjeringa også under Karlstad-forhandlingane. Som på vårparten plasserte Sogns Tidende seg såleis på den moderate sida i Venstre, og talande nok fekk avisa òg takkehelsing frå Jørgen Løvland etterpå.

”Det ser ut, som me maa paa’n att med avstemning. Denne gang skal kravet vera fraa Danmark. Sjølvsagt maatte kravet koma fraa eit anna land, fyrr det vart haurt”, skreiv republikanaren Lasse Trædal lakonisk i Sogns Tidende. Agitasjonen for republikk, og for folkerøysting om styreforma, byrja for fullt før blekket på karlstadtraktaten var turt, og spørsmålet om styreforma var vel så viktig for Sogns Tidende og Jens Kvåle som karlstadtingingane. Etter at det vart klårt at regjeringa bøygde seg for det danske kravet om folkerøysting, byrja ein tovekers valkamp som var like intensiv og oppheta som i august, og der Sogns Tidende og Sogningen gjorde seg til agitasjonsorgan for kvar si side.

Argumentasjonen i dei to avisene har ein interessant skilnad. Sogningen bygde kongedøme-forsvaret sitt kring vert om 1814-grunnlova mot ”revolution”, motstand mot uansvarlege sosialistar, rabulistar og andre ”rabaldermagere”, og på diplomatiske og økonomiske omsyn til utlandet. Argumentasjonen var i stor grad henta frå hovudstadspressa og den sentrale politiske og kulturelle eliten. Sogns Tidende hadde derimot eit klårt innslag av lokale røyster (opprop, lesarbrev) i agitasjonen for republikk og visste dessutan å utnytta den kristianiadominerte profilen til kongedømeagitasjonen for det han var verdt. Avisa tvilte ikkje på at eit hoff ville vera ”en særdeles behagelig ting for vinhandlere, modehandlere og endel andre omsætningsmænd i Kristiania”, og det ville vera ”behageligt for Kristianiasnobben og Kristianiafiffen at kunde ’gaa paa slotsbal’.” Opp imot dette appellerte Kvåle til jordnære og spareviljuge bønder: Republikken høvde godt for eit folk ”som er eit arbeidsfolk som ikkje hev utkoma til og ikkje syn for krupande menneskjedyrking”, og kongedøme var dyrt: Det ville kosta opptil 1 mill kr årleg, ein president berre 100 000 kr. (At dette ikkje berre gjekk heim, vitnar ei soge frå Jostedalen om. Ein jostedøl skal ha forkynt at ’eg skal ha konge, om eg so skal halde han sjølv’). Det berande i argumentasjonen var likevel det demokratiske poenget – statsoverhovudet bør veljast av folket.

Men vel så interessant som argumentasjonen, er resultatet. Om lag like mange røysta for republikk i Sogn og i Nordre Bergenhus Amt samla som på landsplan, dvs. kring 21 prosent. Vel ein fugleperspektivet, er det såleis ikkje mykje ’folkehøgskuleregion’ eller ein særmerkt region av ’fjell- og fjordnoreg’ å sjå i Sogn dersom republikanisme skal vera eit kjenneteikn på noko slikt. Dreg me eit skilje mellom fjordbygdene og kystbygdene, kan me alltids få ut eit markant skilje: Berre 7 prosent for republikk på kysten mot 25 prosent i fjordbygdene, men 25 prosent er trass alt heller ikkje så mykje. Langt meir slåande er skilnaden mellom grannekommunar både i indre og ytre Sogn. Dei sterke republikkbygdene ligg spreidde, frå Jostedalen inst i Sogn, via Leikanger midt i fjorden til valkrinsen Lavik (herada Brekke, Lavik og Kyrkjebø) ytst i fjorden. Men td. Aurland i Indre Sogn hadde berre 9 prosent for republikk, Vik endå færre.

Vil det seia at teorien om Sogn som ein del av ’folkehøgskuleregionen’ smuldrar bort for oss? Nei – ikkje om me går inn på bygdenivå. Sogns Tidende hadde sjølv eit par observasjonar før røystinga av korleis motsetnadene vart oppfatta i samtida: ”Stemningen i Sogn er ymsen. I dei bygder, der det er minst embætsfolk, er det mest republikanarar.” Frå ei ”bondebygd” der alle unnateke den folkelege presten var bønder, var det kome telefonmelding om at ”Her stemmer me nei alle – paa 3 mann nær.” Slike optimistiske vurderingar før røystinga var nok i vel så stor grad agitasjon som meiningsmåling, og republikanarane kom ikkje i fleirtal i nokon av kommunane i Nordre Bergenhus Amt, heller ikkje i Stryn og Hornindal. Men Sogns Tidende råkar likevel noko vesentleg: Det var eit klårt samsvar særleg mellom styrken til norskdomsrørsla lokalt og republikanisme. På fem-på-topp-lista over republikanisme i Sogn finn me altså Lavik, Brekke, Kyrkjebø og Leikanger, og dette var dei fire herada som hadde innført landsmålet i skulen før 1905. I Jostedalen, som var på republikktoppen, hadde fire av fem skulekrinsar òg reelt gått over, sjølv om formelt vedtak ikkje kom før i 1908-10.

I desse lokalmiljøa, finn me sterke lokalpolitikarar, bygdehovdingar og gjerne lærarar som Lasse Trædal i Lavik, Mons Hjelmå i Brekke, Andreas Vamraak i Kyrkjebø, og Olav Sande på Leikanger attåt amtmann John Utheim som òg var ihuga republikanar og målmann. Sist i januar 1905 vart Kyrkjebø mållag skipa med Vamraak som fyrste formann, som òg var formann i Sogn Ungdomslag. 13 av 16 heradsstyremedlemer vart med i mållaget, her var det med andre ord snakk om totalt hegemoni for norskdomsrørsla.

Går me til hovudkvarteret for norskdomsrørsla i Sogn, folkehøgskule- og avisbygda Sogndal, greidde det sterke norskdomsmiljøet der berre å få 24 prosent til å røysta for republikk. Det er eit talande uttrykk for at dei ikkje hadde noko lokalpolitisk hegemoni som i Kyrkjebø. Soga om innføringa av landsmålet i Sogndal vitnar om det same: Det skulle gå mange år og skiftande krins- og skulestyrefleirtal frå det fyrste vedtaket om landsmål i skulen vart gjort i 1908 og til språkskiftet var eit faktum. Så her hadde venstre- og folkehøgskulefolka store problem med å hamla opp med det sterke konservative miljøet kring godseigarane, embetsmennene, næringsborgarskapet og storbøndene. Slik kunne me gått frå vidare frå bygd til bygd. Så det generelle biletet at det var ein sterk samanheng mellom republikanisme og styrken til norskdomsrørsla lokalt er styrkt av mi vesle gransking, og at me har å gjera med forklaringar på fleire plan – både sterke lokalpolitiske aktørar og ulik sosial struktur frå bygd til bygd.

Det er gjort eit svært viktig arbeid det siste tiåret med å gjenoppdaga norskdomsrørsla som unionsradikal faktor, noko særleg Jostein Nerbøvik har gått i spissen for. Anders Kirkhusmo er nok talande for forskingstradisjonen når han i den utmerka granskinga si om unionell radikalisme i Venstre 1885-1891 frå 1977 berre legg vekt på Dagbladet og miljøet kring Bjørnson og ikkje nemner norskdomsrørsla i det heile. Granskingane av norskdomsrørsla, ikkje minst Fedraheimen og Den 17de Mai, har gjeve ei verdfull komplettering av dette biletet, seinast med ei masteroppgåve i historie av Margit Bergstrøm om Den 17de Mai i 1905, levert i Oslo for eit par veker sidan. Med arbeidet til Jostein har dessutan Volda (og sunnmørsregionen) – heimbygda til Den 17de Mai-redaktør Steinsvik, kome på kartet.

Sidan me er i Volda, vil eg streka under både at skilnaden på Volda og Sogn, og avstanden mellom norskdomsrørsla sentralt og lokalt i Sogn, er større enn iallfall eg hadde sett føre meg. Såleis trur eg boka vår har gjeve eit svært verdfullt bidrag til å utfylla biletet mellom norskdomsrørsla sentralt og lokalt. Den 17de Mai gjev òg ein peikepinn om at det vart formidla eit anna bilete av Sogn på riksplan enn det som kanskje samsvara med den lokale røyndomen. I mars 1905 refererte Den 17de Mai ei oppmoding frå skyttarlagsformannen i Sogn, H.M. Knudsen, om å slutta seg til skyttarrørsla av nasjonale grunnar. Skyttarlaga fekk hovudæra då Den 17de Mai i den oppheta stemninga i september la vekt på at det fanst mange flinke skyttarar blant soldatane i Sogns bataljon. Dessutan var soldatane frå Sogn særskild djerve: ”Det var aa ynskja at dei som i desse dagar skal avgjera Norigs lagnad hadde noko av same djerve mod, det mod som torer ta ansvar paa seg,” skriv Den 17de Mai. Sognaavisene gjev oss derimot ingen haldepunkt korkje for å hevda at sogningane var særskilt militaristiske eller at unionsradikalismen stod særleg sterkt her. Me har tvert om sett at karlstadstormarane ikkje hadde mykje å henta i Sogn.

Eit lite blikk på stortingsvala i landkrinsane på Vestlandet 1888-1903, etter splittinga av Venstre, understrekar mellomposisjonen til Nordre Bergenhus Amt. Stavanger Amt utgjorde kraftsentrumet til Moderate Venstre, som gjorde reint bord i vala 1888-1903, bortsett frå eit par Høgre-representantar. I Romsdals Amt gjorde Venstre heilt reint bord i same periode. Mellom desse ytterpunkta låg Søndre og Nordre Bergenhus og vakla, men i båe amta vann Moderate Venstre grovt sett 10-2 i perioden 1888-1903. Det er berre i Søndre Bergenhus at skilnaden mellom ytre og indre delar er markant – med Hardanger som republikansk Reine Venstre- og norskdomsland. I Nordre Bergenhus er stortingsvalkarta til liks med republikanismekartet langt meir brokut, og her sokna òg mange profilerte norskdomsfolk til Moderate Venstre. Det galdt td. både folkehøgskuleskipar Jakob Sverdrup i Sogndal, seinare folkehøgskulestyrar Henrik Mohn Dahl og Anfinn Refsdal i Vik. Ingen har etter det eg veit gått inn på stortingsvala i Sogn og Fjordane, så her ligg det ei interessant forskingsoppgåve og ventar.

Dette var ein freistnad på å reflektera litt kring det faktumet at sogningane ikkje var fullt så unionsradikale og republikanske som iallfall eg trudde. Så visste då òg Jens Kvåle å orientera avisa si i tråd med folkemeininga etter novemberrøystinga. Dei som betalte bladpengane for Sogns Tidende før 15. januar kunne velja mellom to gåver – 35-årsskrifter for Sogndal folkehøgskule, eller ”eit fagert bilæte av kongefamilien … det fagraste som er i handelen. Det er fargetrykk paa sterkt slett karton, og kongen, dronning og krunprinsen sit under det norske vaapen og er umkransa av det norske flagd”. Utpå nyåret får me vita at ”ein mengde [hev] tinga paa bilætet av kongefamilien”. Slik sette republikanaren Jens Kvåle eit marknadsorientert symbolsk punktum for republikanismen i Sogn.
 

Merknad
For tilvisingar, sjå artikkelen min som dette manuset i stor grad byggjer på: 1905 i Sogn”, i Kari Hasle, Jens Johan Hyvik og Harald Tafjord (red.): Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet, Høgskulen i Volda, 2005, s. 27-54.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *