1905 i Sogn (tale 2005)

Hoel, Oddmund L. (2005). 1905 i Sogn. Uprenta tale på 1905-fest på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Kaupanger 11.5.2005.

1905 var framfor alt året då Noreg vart ein sjølvstendig nasjonalstat og fekk ”Sin egen stemme” i det internasjonale samfunnet slik den offisielle Hundreårsmarkeringen har som slagord. Naturleg nok er det dei storpolitiske hendingane som står fremst i minnet vårt om 1905.

Men 1905 var meir. Det var òg året då dei mange små røystene kom til orde. Dei to fyrste av dei seks folkerøystingane me har hatt her i landet vart haldne det året, og 1905 har òg vorte kalla ”den første mediehendinga” i Noreg. Dei breie laga av folket vart engasjerte på ein heilt annan måte enn tidlegare. Det som hende på høgaste politiske plan var brått noko som greip direkte inn i livsverda til den einskilde, og som ein kunne følgja med på og uttrykkja meininga si om. ”1905” hende òg her i Sogn, og det er temaet mitt i kveld.

Eit avgjerande grunnlag for dette var informasjons- og medierevolusjonen i tiåra fram mot 1905. Ved utgangen av året fanst det 184 aviser i Noreg, eit imponerande tal i internasjonal samanheng. I dag har me kring 230 – og dobbelt så mange og langt rikare innbyggjarar. Avisene var i 1905 i ferd med å bli folkelesnad, og avisveksten kombinert med telefon- og telegrafutbygginga gjorde det mogleg å etablera ei felles notid i nasjonen. Midt på 1800-talet kunne det ta fleire veker før eit viktig nyhende nådde ut til heile landet. 7. juni 1905 gjekk det under to timar frå Stortinget vedtok unionsoppløysinga til båe avisene i Sogn hadde fått inn telegram om hendinga. Då avisene kom ut to dagar etter, kunne dei òg alt formidla dei fyrste reaksjonane i internasjonal presse. Men sogningar flest trong neppe venta på 9. juni-avisene før dei fekk høyra om unionsoppløysinga. I 1905 var det berre Jostedalen i Indre Sogn som mangla telesamband, og nokre fleire i Ytre Sogn, og ryktebørsen gjorde nok sitt til at dei aller fleste sogningar fekk med seg vedtaket alt same dagen.

Dei viktigaste kjeldene me har til korleis sogningane opplevde og oppførte seg i 1905, er dei to avisene som kom ut her det året, vekeavisa Sogningen i Vik, og Sogns Tidende i Sogndal som kom ut to gonger i veka. Avisene var den gongen langt meir prega av redaktøren sin penn og personlege røyst enn dei er no, og dei to avisene og redaktørane deira utgjorde to motpolar som er svært kjærkomne til vårt bruk.

Sogns Tidende var redigert og utgjeven av Jens Kvåle i over ein mannsalder, innfødd sogndøl, målmann, venstremann, lokalpolitikar og folkehøgskulelærar. Det var landets fyrste bygdeblad redigert på nynorsk og må sjåast som talerøyr for det sterke norskdomsmiljøet i Sogn som hadde hovudbølet sitt på folkehøgskulen på Helgheim. Herifrå vart både målreisinga, ungdomslagsrørsla og lærarrørsla organisert, med Sogns Tidende som talerøyr og kamporgan.

Sogningen var Høgreavis, redigert av Rasmus Thorsen, typograf og journalist frå Stavanger. Høgre-organisasjonen i Bergen sende Thorsen til Sandane i 1896 for å få i gang avisa Nordfjord, og året etter bad dei han dra til Vik der han fekk i gang Sogningen der han vart verande som redaktør i 15 år som redaktør. I Vik fann Thorsen eit sterkt miljø av konservative kondisjonerte – embetsmenn, storbønder og ikkje minst offiserar sidan Vik hadde ein av dei største ekserserplassane på Vestlandet. Eg treng vel knapt nemna at Thorsen var ihuga riksmålsmann og Sogningen riksmålsblad.

Båe avisene hadde ambisjonar om å dekkja heile Sogn, og det at ei kom ut i Vik og ei i Sogndal var ikkje fyrst og fremst eit uttrykk for ei geografisk deling av marknaden, men ei politisk, kulturell og språkleg kløyving som gjekk tvers gjennom alle sognabygdene.

Unionsoppløysinga har ei lang og komplisert forhistorie som stort sett lyt få kvila i fred her, men nokre vesentlege punkt må med. Den konkrete saka som unionen klovna på, var spørsmålet om eit eige norsk konsulatvesen. Det var ikkje så mange andre saker å ta av. Den unionen Noreg vart tvinga inn i hausten 1814, var eit svært avgrensa hopehav, hovudsakleg avgrensa til felles konge og utanriksstyre. I tillegg vart det etablert ein tollunion som økonomisk fekk ein del å seia. Mot slutten av 1800-talet, og særleg etter at det unionskritiske Venstre kom til makta i 1884, gjekk unionen frå krise til krise. Stortingsfleirtalet reiste kravet om eit eige norsk konsulatvesen i 1892 etter at Venstre året før hadde programfesta saka, og etter hundreårsskiftet fekk kravet tverrpolitisk støtte. Diskusjonen gjekk etter det ikkje på om, men kor raskt og på kva måte saka skulle drivast gjennom.

Dei svensk-norske forhandlingane og forhandlingslina til den moderat-konservative regjeringa til Francis Hagerup stranda til slutt, reelt i desember 1904 og formelt 7. februar 1905. No var det klårt for dei fleste kva veg det bar. Ein av statsrådane til Hagerup, den utolmodige Christian Michelsen, vart regjeringssjef 11. mars for ei brei samlingsregjering som hadde opprettinga av eit norsk konsulatvesen som einaste sak. Regjeringa og Stortinget samla seg i februar/mars om den dristige strategien som òg vart følgt: Stortinget skulle vedta ei lov om norsk konsulatvesen, noko som skjedde 18. og 23. mai. Kong Oscar ville truleg nekta sanksjon, og det hende i det siste norsk-svenske statsrådet på Stockholm slott den 27. mai. Regjeringa leverte då avskilssøknaden sin, men kong Oscar nekta som venta regjeringa å gå av med den grunngjevinga at det var umogleg for han å skaffa Noreg ei anna regjering.

Dermed hadde Stortinget fått knaggen det trong for 7. juni-vedtaket, som historikaren Rolf Danielsen har karakterisert som ”et mesterverk av politisk formuleringskunst”. Stortinget vedtok at ”foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge”. Det siste var svært viktig – den offisielle norske tolkinga var at kong Oscar i praksis hadde abdisert og dermed oppløyst unionen i statsrådet 27. mai.

Sogningen og Sogns Tidende følgde unionssaka tett heilt frå årsskiftet, og særleg frå mars då det byrja å flaska seg. I denne fasen er det referata av kva som skjer i regjerings- og stortingsmiljøet som dominerer i spaltene, og dekninga er prega av full lojalitet til norske styresmakter.

Når det nærmar seg 7. juni, aukar spenninga. Gjennom spaltene kan me sjå føre oss redaktørane sit ved telegrafen og venta på nyhende frå stortingsmøtet som dei visste skulle haldast. Etter kvart som meldingane kom den 7. juni og nådde ut på bygdene, gjekk flagga til topps. Ein gut frå Vik har seinare fortalt at han kom inn til heimbygda med ”Kommandøren” og såg alle flagga. Han fekk greie på kvifor dei flagga då han kom til kai, og vart hoppande glad, men då han kom heim til ho mor som stod og laga kveldsmat, var ho alvorsam: ”Å det vert vel krig no”, sa ho stille.

Den jamne sogningen visste like godt som Michelsen og Løvland at svært mykje no stod på spel. Norske styresmakter visste ikkje korleis Sverige kom til å reagera, og det einsidige norske vedtaket om å bryta ut av unionen skjedde òg utan nokon form for garantiar om at stormaktene ville anerkjenna den provisoriske Michelsen-regjeringa og Noreg som sjølvstendig stat. Omsynet til stormaktene styrte difor i stort som i smått kva norske styresmakter føretok seg gjennom 1905, og det kom òg til uttrykk i sognaavisene. Dei neste vekene og månadene er dei fulle av svenske og utanlandske reaksjonar på unionsoppløysinga og den følgjande diplomatiske nervekrigen med Sverige. Alt 9. juni blir lesarane av Sogns Tidende roa ned med at ein framståande mann i London har uttala at ingen revolusjon har vore gjennomført så ”gentlemansmæssig” som denne.

7. juni 1905 var onsdag før pinse, nett som i dag, og 1. pinsedag var prestane bedne om å lesa opp proklamasjonen om unionsoppløysinga for kyrkjelydane. Opplesinga var ”av dei største stunder mange hev havt i sitt liv”, og folk hadde ”venta i stor spaning, ogso dei som hadde lese meldingi og uppropet til folket” melder Sogns Tidende. Og som om det ikkje var gildt nok inni kyrkja:

”Det hev vore vent pinsever i helgi, aaker og eng hev skote rask vokster, og hagarne lyser i sin fulle fagerdom. I denne bunad og i dette straalande ver styrkjer naturen sjølv dei nasjonale kjenslor, som i desse dagar raar so eintonige og sterke i kvar nordmanns hug og haatt. Eit slikt land er noko aa eiga. Det er verd endaa dei største offer.”

Andre pinsedagen vart det halde eit raskt førebudd folkemøte i Sogndal der det møtte 6-700 menneske. Dei gjekk i tog bak skyttarfana, skulefana og flagg, og lensmann Lem, folkehøgskulelærar Vilhelm Flugheim og Ola Uglum tala, og dei song ”Gud signe vårt dyre fedreland”.

Den uavklåra situasjonen i høve til omverda gjorde det heilt naudsynt å demonstrera at unionsoppløysinga hadde unison støtte i folket. Norske styresmakter og tonegjevande krefter i lokalsamfunna arbeidde difor hardt utover sommaren for å rydda av vegen den tvilen som framleis måtte finnast. Sommaren var tida for dei store stemna. I Gloppen møttest 4000 menn og kvinner på stiftssamling i Det norske misjonsselskab, og dei sende takketelegram til regjeringa og Stortinget. Det gjorde òg dei kring 3500 som møtte fram på ungdomslagsstemna i Vik midt i juni. Dei fekk høyra ei rekkje talar om spørsmålet, ikkje minst av stortingsmann Anfinn Refsdal frå Vik som hadde vore med på 7. juni-vedtaket.

Den store nasjonale mobiliseringa byrja med 17. mai-feiringa ”som hev samla fleire folk um sine dyre og nasjonale minne enn kanskje nokon gong fyrr”, etter det Sogns Tidende kan fortelja, men ikkje alle stader: ”Paa Frønningen var det iaar svært faae som ”hadde tid” aa vera med og halda fest 17de mai. Det er svært kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss.”

Dei siste dagane i juli vart det klårt at det ville bli folkerøysting etter at Sverige kravde det for å innleia forhandlingar. Var det vanskeleg å vera unionsven eller tvilar tidlegare på sommaren, vart det umogleg no. 7. junivedtaket kan berre ”udslettes med det norske Folks Blod”, melder Sogningen, den vil ”blive forsvaret saalænge der findes en vaabenfør Mand i Landet. Å møta fram og røysta ja var ei æressak for einkvar god fedrelandsven med røysterett. ”Gud fri oss fraa at nokon vaagar aa gjera svenske av seg og oss og vaart fedraland i desse tider”, skreiv Sogns Tidende. Lensmann og valstyreformann A. Øen i Vik nøydde seg ikkje med formell og praktisk instruksjon i korleis valet skulle gjennomførast, men la til at ”Lad der ikke komme noget Nei i Urnen.” Det hagla inn med opprop og lesarbrev til avisene, som vart spreidde i store ekstraopplag.

Problematiske segment i veljarflokken vart identifiserte. Med bergensavisene som kjelde var Jens Kvåle redd for at ”ein og annan havstrilen som bur ute i dei ytste skjeri, vil koma til aa svara nei. Dei er ogso utan all politisk upplysning. … Dei kann let koma til og verta forrædarar mod dei krav som fedralandet hev.” Lekmannsfolket var han heller ikkje trygg på. Her på Kaupanger vart det greitt, det same var Sogndal, og på Norum var der ”ikkje ei svikarsjæl som gjer svenske av seg”. Derimot var det redsle for at ”veitastrendingarne er so politisk formyrka og skakkøyrde at dei mannjamt vilde røysta nei”. Men eit folkemøte på Soget 6. august gjorde heldigvis at ”skodda dreiv burt fraa grend etter grend”. Ein strek i rekninga var det likevel at mange veitastrendingar ikkje fekk røysta fordi propellen på båten rauk.

Aldri har heimesitjarane vore mer uglesedde. I Jostedalen var det fem av 180 røysteføre som ikkje møtte fram. Tre var reiste frå bygda, så det var greitt, tykte innsendaren i Sogns Tidende, ”men dei andre tvo, Anders N. Bjørheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime”.

Røystedagen sundag 13. august vart den store festdagen i 1905. Folk gjekk til kyrkja i finstasen, det var flagg overalt, kyrkjene var pynta, mange stader med banner – ”Frit Norge” stod det over korkvelvingen i Aurlandskyrkja. Der skaut dei òg av 12 dynamittskot, og saluttsalvene small jamt i sognakommunane. Gudtenestene vart regisserte med stigande program der klimakset var fedrelandssalmane før mennene gjekk til røysteurna. Det var då så stilt i kyrkja at ein kunne høyra andedraga til kvarandre; ”forsamlingen drog innimellom tunge sukk, taarorne rann nedyver kinni paa mange” (i Aurland).

Det var såleis ikkje heilt den store stemninga for å skriva ’nei’ på røystesetelen, og det gjorde då òg berre 184 personar i heile landet medan 368 000 røysta ’ja’. I Sogn og Fjordane var det tre nei-røyster, to av dei i Sogndal og ei i Selje. Frammøtet i fylket var utrulege 92,5 prosent med Vik både på fylkes- og landstoppen – 98,4 prosent! Her fekk Rasmus Thorsen verkeleg noko å skryta av.

Kvinnene hadde ikkje røysterett i 1905 og likte det dårleg. Landskvinnestemmeretsforeningen sette difor i gang ein underskriftsaksjon som på landsplan samla heile 280 000 kvinneunderskrifter på under tre veker, noko som må vera den mest utrulege prestasjonen i heile 1905. På Leikanger vart listene lagde ut i sakristiet, og ”so snart preiki var ende, fôr kvinnorne i flokk aat sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor – sume med stav – staa og ropa til dei yngre: ’Skriv meg! Skriv meg! Skriv meg og!” I Lavik la valstyret ved kvinneunderskriftene med det offisielle valoppgjeret, noko som var heilt utanom reglementet. Men alt i alt fekk kvinneaksjonen dårleg oppslutnad her i fylket.

Vurdert som val var både resultatet og gjennomføringa av folkerøystinga i august slikt me vanlegvis assosierer med land me for alt i verda ikkje vil samanlikna oss med. Men så er det då heller ikkje i dette perspektivet Nordens fyrste folkerøysting må sjåast. Reelt hadde røystinga langt meir karakter av ein politisk massedemonstrasjon, framprovosert av Sverige, regissert av styresmaktene og med entusiastisk oppslutnad i by og bygd, der hovudpoenget var å demonstrera overfor utlandet at det norske folk stod samla bak styresmaktene sine. Den einaste spenninga var knytt til frammøtet og kor mange hundre nei-røyster det ville bli.

Etter folkerøystinga melde den politiske kvardagen seg raskt. Den 31. august møttest delegasjonar frå Sverige og Noreg i Karlstad for å forhandla om unionsoppløysinga, og 23. september signerte forhandlarane Karlstad-traktaten. Forhandlingane var sluttførde i ein situasjon der store svenske og norske styrkar stod mobiliserte ved grensa og krigsplanane låg klare på generalstabsborda, og krigsfrykta var svært stor i båe land, utan at det dermed er sagt kor reell ho var. Norske styresmakter hadde gått med på å riva grensefestningane som forsvarsministeren og venstremannen oberst Georg Stang hadde fått bygt nokre år tidlegare.

No byrja lurvelevenet. Rivinga av grensefestningane var hard kost og vekte ein storm, særleg i venstrepressa. Ei gruppe stortingsmenn med Johan Castberg og Wollert Konow i spissen ville avvisa heile karlstadtraktaten, og utanfor Stortinget hadde dei sterk støtte frå norskdomsrørsla sitt hovudorgan, Den 17de Mai, og ei gruppe offiserar med Georg Stang i spissen. Ein annan sentral offiser i karlstadopposisjonen var lustringen og militaristen Henrik Angell.

Rasmus Thorsen og Sogningen stod heilt og fullt bak regjeringa og meinte det verste av alt var krig, og at ein heller fekk ofra grensefestningane. Jens Kvåle brukte derimot harde ord mot karlstadtraktaten – ”Vondt vert det aa døyva kjensla av at Noreg hev maatta bøygt seg djupt til knes.” Ein innsendar frå Leikanger meinte ein no fekk slå i bordet til svenskane og heller ta krigen. Men korkje Sogns Tidende, folkemøte eller tonegjevande personar i Sogn gjekk inn for at Stortinget burde avvisa det som var ”eit klent og tuske forlik” i Karlstad, og til liks med mange andre innsåg avisa at forliket trass alt var betre enn krig. Med den sterke tilknytinga si til norskdomsrørsla kunne ein kanskje trudd at Sogns Tidende høyrde til den unionsradikale fløya, men både på vårparten 1905 og etter Karlstad-forhandlingane plasserte avisa seg klårt på den moderate sida i Venstre – talande nok fekk avisa òg takkehelsing frå utanriksminister og målmann Jørgen Løvland etterpå.

Karlstad-opposisjonen samla berre 16 røyster i Stortinget, og traktaten vart signert den 26. oktober, som strengt formelt dermed er datoen for unionsoppløysinga. Samstundes sa kong Oscar frå seg den norske trona, og han sa nei til eit tilbod frå Stortinget 7. juni om at ein svensk prins frå Bernadotte-familien kunne bli norsk konge.

Dermed var det duka for årets siste store politiske slag. Den norske regjeringa hadde lenge hatt danske prins Carl i bakhand som kongsemne. Men danskane hadde registrert den sterke republikanske stemninga i Noreg og kravde folkerøysting. ”Det ser ut, som me maa paa’n att med avstemning. Denne gang skal kravet vera fraa Danmark. Sjølvsagt maatte kravet koma fraa eit anna land, fyrr det vart haurt”, skreiv republikanaren Lasse Trædal lakonisk i Sogns Tidende. Det hadde lenge vore eit krav frå republikanarane at folket måtte få avgjera styreforma.

Det fekk folket i røynda knapt sjansen til. Alt 13 dagar etter stortingsvedtaket skulle røystinga haldast, i ei lite eigna årstid, og røystetemaet var ikkje kongedøme eller republikk, men å seia ja eller nei til vedtaket stortinget alt hadde gjort om å tilby trona til prins Carl. Regjeringa la inn heile 7. juni-autoriteten sin på ja-sida og gjorde det klårt at ho ville gå av dersom det vart nei. No byrja ein like intensiv og oppheta valkamp som i august, men med den store skilnaden at det no vart ein reell diskusjon.

No kløyvde sognaavisene seg for alvor. Sogningen brukte storslegga mot ”de republikanske Rabaldermagere” og støtta seg tungt til alle sentrale samfunnskrefter som ville ha kongedøme. Republikk ville vera ”til ubodelig Skade for Landets Næringsliv”, skreiv avisa, og fortalde at 106 av dei største bankane i landet hadde gått saman om eit opprop for kongedøme. Utanrikspolitiske omsyn vog òg tungt for monarkistane – ein skulle ikkje utfordra stormaktene meir. Poenget tapte seg rett nok noko sidan stormaktene anerkjente Noreg i månadsskiftet oktober/november i god tid før folkerøystinga. Det var venstreveljarane det stod om sidan dei konservative alt var monarkistar, og kjendisar som hadde gått frå nei til ja, altså frå republikanisme til monarki, var godt stoff: Fridtjof Nansen, Bjørnstjerne Bjørnson, Ernst Sars og Jørgen Løvland.

Sogns Tidende spela i mykje større grad på lokale krefter og på ein sentrum-periferi-dimensjon i kampanjen for republikk. Avisa visste å utnytta at kongedøme-agitasjonen var Kristiania-dominert og tvilte ikkje på at eit hoff ville vera ”en særdeles behagelig ting for vinhandlere, modehandlere og endel andre omsætningsmænd i Kristiania”, og dessutan ville det vera ”behageligt for Kristianiasnobben og Kristianiafiffen at kunde ’gaa paa slotsbal’.” Kongedøme var dyrt – det ville kosta opptil 1 mill kr årleg, ein president berre 100 000 kr. Dessutan var det ”ein utvokster paa det ideale liv som folket hev sett seg”. Det høvde ikkje her i det egalitære og demokratiske Noreg. Republikken høvde derimot godt for eit folk ”som er eit arbeidsfolk som ikkje hev utkoma til og ikkje syn for krupande menneskjedyrking”.

Få vart overraska over den knusande sigeren for monarkistane – 21 prosent for republikk på landsplan, og om lag det same både i Nordre Bergenhus Amt og i Sogn. Men det er lett å slutta seg til Jostein Nerbøvik som har kalla folkerøystinga for eit ”fortetta norsk politisk drama”. Her fekk dei djuptgåande kulturelle, sosiale, politiske og geografiske skiljelinene i det norske samfunnet spela seg ut for fullt, etter eit år som framfor alt hadde vore prega av den breie nasjonale samlinga.

Forskarar som Gabriel Øidne og Stein Rokkan har operert med ein eigen kulturegion på indre Vestlandet, ein ’folkehøgskuleregion’ eller eit ’fjell- og fjord-Noreg’, der mellom anna republikanismen stod sterkt. Men går ein inn på kommunenivå, utgjer kartet over republikkrøystinga eit lappeteppe som det ikkje er så lett å få taket på. Variasjonen berre mellom Indre Sogn-kommunane varierer til dømes frå 47 prosent republikanarar i Jostedalen til 9 prosent republikanarar i Aurland; i Vik, Solund og Hyllestad endå færre.

Teorien om ”folkehøgskuleregionen” held likevel stikk på ein annan måte. Når me skal forklara skilnadene på dei ulike sognakommunane, var det i stor grad den lokale styrken til venstre og norskdomsrørsla som avgjorde kor sterkt republikanismen stod. Dei fire sterkaste republikkommunane utanom Jostedalen var Lavik, Brekke, Kyrkjebø og Leikanger, og dette var dei fire kommunane som hadde teke ibruk landsmålet i skulen før 1905. I Jostedalen var målreisinga òg kome langt.

Går me inn i lokalmiljøa, finn me sterke lokalpolitikarar, bygdehovdingar og gjerne lærarar som Lasse Trædal i Lavik, Mons Hjelmå i Brekke, Andreas Vamraak i Kyrkjebø, og Olav Sande på Leikanger attåt amtmann John Utheim som òg var ihuga republikanar og målmann. Sist i januar 1905 vart Kyrkjebø mållag skipa med Vamraak som fyrste formann, som òg var formann i Sogn Ungdomslag. 13 av 16 heradsstyremedlemer vart med i mållaget. Eit slikt hegemoni, som er det fine ordet for å ha nakketak på det politiske og kulturelle miljøet i bygda, hadde ikkje republikanarane dei andre sognakommunane, mellom anna ikkje i Sogndal som hadde eit sterkt miljø av kondisjonerte og konservative.

Republikanarane godtok straks tapet og var med på å helsa kong Haakon, Maud og vesle Olav velkomne til Noreg, og oppslutninga og jubelen var stor på takkegudstenesta 7. desember, halvårsdagen for 7. junivedtaket. Kvåle trudde ikkje det fanst den nordmann som ville ”gjera livet surt for det unge fyrstepar som no vil knyta sin livslagnad saman med vaart folk og land”. Han visste òg å vurdera marknaden sin då han sjølv sette eit symbolsk punktum for republikanismen i Sogn i siste utgåva før jol. Dei som betalte bladpengane før 15. januar kunne velja mellom to gåver – 35-årsskrifter for Sogndal folkehøgskule, eller ”eit fagert bilæte av kongefamilien … det fagraste som er i handelen. Det er fargetrykk paa sterkt slett karton, og kongen, dronning og krunprinsen sit under det norske vaapen og er umkransa av det norske flagd”. Utpå nyåret får me vita at ”ein mengde [hev] tinga paa bilætet av kongefamilien”. Den dag i dag heng det vel på mange gamle vegger i Sogn, som det kanskje mest handfaste minnet om 1905.

Merknad
For tilvisingar, sjå artikkelen min som dette manuset i stor grad byggjer på: 1905 i Sogn, i Kari Hasle, Jens Johan Hyvik og Harald Tafjord (red.): Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet, Høgskulen i Volda, 2005, s. 27-54.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *