Presentasjon av avhandlinga

Hoel, Oddmund L. (2009). Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940. Presentasjon av avhandlinga på disputas for ph.d-graden, Noregs teknisk-vitskaplege universitet, Trondheim 20. november 2009.

Avhandlinga Modernisering og målreising i Noreg 1885-1940 er vorten til innanfor prosjektet Det opne språket ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Sentralt i prosjektet stod det å skriva historia til etableringa av nynorsk skriftkultur, frå 1700-talet til vår tid, og tidsaksen vart porsjonert ut på tre stipendiatar. Min periode var opphavleg 1885-1950, men vart seinare avgrensa til 1940.

Avhandlinga tek føre seg den store ekspansjonsperioden i den nynorske målreisinga. I 1885, som er startpunktet for studien, gjorde Stortinget det såkalla ’jamstellingsvedtaket’ som autoriserte nynorsk som skriftspråk på line med det etablerte bokmålet i skule, kyrkje og statsstyre. Dette prinsippvedtaket vart følgt av ei rekkje stortings- og regjeringsvedtak som implementerte og konkretiserte jamstellingspolitikken, ikkje minst på alle nivå i skuleverket. Den siste store reforma i perioden var Lov om målbruk i statstenesta (1930).

Parallelt med dette rikspolitiske gjennombrotet vart landsmålet eller nynorsken teken i bruk på brei front i samfunnet. Dei fyrste skulekrinsane gjekk over til nynorsk i 1890, og i 1940-åra hadde over halvparten av dei oppunder 6000 skulekrinsane med 1/3 av folkeskuleelevane i landet innført nynorsk. Framgangen var òg sterk på ei rad andre domene i samfunnet, som i litteratur og presse.

Samstundes kan statistikken by på fleire riper i dette nynorske glansbiletet. For det fyrste var dei to-tre fyrste tiåra etter okkupasjonstida prega av ein sterk og kontinuerleg tilbakegang. For det andre hadde framgangen ei sterk regional slagside der landet vart tydeleg delt i nynorsk- og bokmålsområde. Og for det tredje varierte altså bruke av nynorsk mykje frå domene til domene. Nynorsken stod sterkast i skule, kyrkje og lokaladministrasjonen i nynorskområda, og svakast innanfor næringslivet og tekniske og naturvitskaplege fagområde.

Dette reiser to overordna spørsmål innanfor perioden 1885-1940: For det fyrste kva som forklarer den sterke nynorskframgangen, og for det andre om ein i denne framgangsperioden ser kimen til problem som kan vera med på å forklara tilbakegang og stagnasjon etter okkupasjonstida. Når det gjeld det siste spørsmålet kan ein studie som set sluttstrek i 1940 nødvendigvis ikkje gje ei heilskapleg forklaring, så ambisjonen her har vore avgrensa til å peika på dei veikskapane og problema i målreisingsprosjektet som eventuelt måtte visa seg før okkupasjonstida. Så får det vera opp til ei granskinga av etterkrigstida å vurdera slike langsiktige faktorar opp mot dei kortsiktige og utløysande.

Innfallsvinkelen til granskinga har vore to breie prosessar som greip inn i kvarandre i det norske samfunnet i perioden: nasjonsbygginga og moderniseringa. Tre sentrale tema innanfor moderniseringsprosessen er valde ut: urbaniseringa, industrialiseringa og framveksten av arbeidarrørsla. Kjernen i studien er ein analyse av målrørsla sitt syn på og strategiar i møtet med desse sentrale samfunnsendringane. Vidare har det stått sentralt å analysera målsaka sitt gjennombrot og vidare plassering i norsk politikk.

Det er primært dei nasjonale elitemiljøa i målrørsla som er granska, altså kva idear om og haldningar til samfunnsutviklinga ein fann i desse miljøa, og kva strategiske alliansar dei bygde eller prøvde å byggje. Det også gjort ein del lokale punktgranskingar som supplerer og utdjupar granskinga av det nasjonale nivået. Det må likevel understrekast at ambisjonen ikkje har vore å granska og langt mindre å prøva å forklara den store regionale variasjonen som vart grunnlagt og konsolidert i perioden, altså skapinga av ”det nynorske kjerneområdet” i vestlandsfylka og fjellbygdene austafjells.

Kva er så dei viktigaste funna i studien?

Ein nøkkel til suksessen for målsaka i den viktige gjennombrots- og etableringsfasen frå 1880-åra til kring 1920 var den sterke tilknytinga til det statsberande partiet Venstre. Eg vil på ingen måte hevda at det er eit nytt eller grensesprengjande funn. Eit par poeng med nasjonalismeteoretisk relevans skal likevel understrekast. For det fyrste vart målsaka, og heile kulturnasjonalismen til målrørsla, integrert i det generelle nasjonaldemokratiske nasjonsbyggingsprosjektet til Venstre. Jamvel skipsreiarar frå Bergen som ynskte å framstå som gode venstrefolk, måtte finna seg i å vera positiv til målsaka i desse avgjerande åra. For det andre er hopehavet mellom målrørsla og Venstre eit godt døme på hopehavet mellom politisk nasjonalisme og kulturnasjonalisme. Det var i kjølvatnet av nasjonale krisesituasjonar med ei mobilisering kring den politiske venstrenasjonalismen at målsaka som kulturnasjonalistisk prosjekt verkeleg var i medvind – i 1880-åra, kring 1905 og kring fyrste verdskrigen. Det var seinare i perioden ingen liknande nasjonale krisesituasjonar som kunne styrkja resonansen for målsaka – grønlandssaka i 1920-åra viste seg t.d. ueigna.

Eg har vidare lagt vekt på problema for målrørsla med å orientera seg i eit politisk landskap i endring. Det finst fleire tidlegare forskingsarbeid om tilhøvet mellom målrørsla og arbeidarrørsla (særleg Arbeidarpartiet), men dei er nok noko villeidd av at Arbeidarpartiet formelt hadde proklamert ei ”nøytralitetsline” i målspørsmålet, noko som ofte har vorte tolka som ei likesæle til saka. Her har det slik sett vore snakk om å tolka kjent stoff på nytt, og eg meiner å ha vist to ting: den såkalla nøytralitetspolitikken botna ikkje i likesæle, men tvert om ei frykt for at partiet ville rakna om dei språkpolitiske fløyene i partiet braka saman, altså eit boblande språkpolitisk engasjement i eigne rekkjer. Og for det andre: Under nøytralitetslina var dei leiande miljøa i partiet i all hovudsak temmeleg positivt innstilte til målsaka.

Dette er viktig fordi det indikerer at tilhøvet mellom målrørsla og arbeidarrørsla var langt meir open dei fyrste åra etter hundreårsskiftet enn det ein ofte kan få inntrykk av. Leiande miljø i målrørsla stod ytst på venstrefløya i Venstre, i grenselandet mot arbeidarrørsla, og ikkje minst unionsspørsmålet hadde sveisa desse miljøa saman – det toppa seg i republikkampen hausten 1905.

Eg har difor sett søkjelyset på korleis målrørsla forvalta dette moglege politiske aktivumet. Og her kjem militærpolitikken inn. Den militærpolitiske aktivismen til norskdomsrørsla har i stor grad vorte liggjande i skuggen både i forskinga og ikkje minst i det kollektive minnet i rørsla. Eg har brukt mykje plass i avhandlinga på å dokumentera den tydelege lina som går frå hopehavet med folkevæpningsrørsla i 1880-åra gjennom opprustinga mot Sverige i 1890-åra til motstanden mot karlstadforliket i 1905 og støtte til opprustinga fram mot fyrste verdskrigen. Men då var det òg slutt.

Og det er ein teori i denne avhandlinga at militærpolitikken var ein sentral grunn til at det ikkje vart eit tettare hopehav mellom målrørsla og arbeidarrørsla, spesielt Arbeidarpartiet. Tilhøvet var på frysepunktet i 1915 då dei sterke mennene i målrørsla, Nikolaus Gjelsvik og Edvard Os, utropa det etter måten nynorskvenlege Arbeidarpartiet til målrørsla sin hovudmotstandar. Slik kunne ein gjera utan stor kortsiktig kostnad på ei tid då Venstre og Gunnar Knudsens fleirtalsregjering var politiske garantistar for målsaka.

Etter verdskrigen og ikkje minst etter Venstre-tapet i valet 1918 bråsnutte måleliten og innleidde no ein større sjarmoffensiv overfor Arbeidarpartiet, og Ap heldt i hovudsak fram som eit støtteparti for målsaka gjennom mellomkrigstida. Men eg trur ikkje det er ein for dristig kontrafaktisk påstand at det hadde sett annleis ut om måleliten hadde valt ein annan strategi i kjølvatnet av unionsoppløysinga.

Granskinga av målrørsla sitt forhold til urbaniseringa er operasjonalisert ved å studera måleliten sine haldningar til byar og urbanisering allment, synet på bydialektar og ikkje minst bydialektane sitt forhold til det nynorske skriftspråket, og meir konkret målrørsla si organisering i byane. Fasiten er jo velkjent: nynorsken kom aldri inn i nokon by i den store vekstperioden 1900-1940. Kjeldene viser då òg at målrørsla ved inngangen til perioden (1885) heller ikkje hadde spesielt tydelege ambisjonar om at målsaka og nynorsken skulle appellera til byane. Eg har oppsummert det med at målfolka alt på dette tidspunktet hadde overgjeve bydialektane til Knud Knudsens dansk-norske oppnorskingsprosjekt utan motsand (s. 549). Dei neste tiåra vart språkstriden konsolidert som ein sentral del av by–land-konflikten i norsk politikk, og kort oppsummert kan me seia at løpet då var køyrt når det galdt nynorsken og byane. Målrørsla sine organisasjonar i byane følgde ein rein segregasjonsstrategi – det var oasar der innflyttarar kunne få eit frirom til å dyrka den bygdekulturelle bakgrunnen sin. Tankar om at dette i neste omgang kunne leggja grunnlaget for ein ny – og ’norsk’ – urbanitet, finst knapt, heller ikkje særleg utbreidde ambisjonar om å få byfolk til å skriva nynorsk.

Samstundes var målsaka og nynorsken i sterk framgang utover i landet. Velkjent er den nye ambisiøse til parolen til Noregs mållag, programfesta i 1921: ”Nynorsk som einaste riksmål.” Ein finn utigjennom 1920-åra ei sentral retning i målrørsla som ikkje berre ville nå eit slikt mål gjennom argumentasjon, overtyding og fleirtalsvedtak i lokale folkerøystingar, men òg driva gjennom eit språkskifte frå toppen gjennom ei lovgjeving som gjorde overgangen til nynorsk irreversibel. Eg tolkar dette ikkje berre som uttrykk for auka ambisjonar på vegne av målsaka, men òg for det motsette: Ei gryande avmakt i møtet med gjenstridige byar som var immune mot målreisinga. Då skulle statleg parlamentarisk fleirtalsmakt vera riset bak spegelen.

Her har eg då analysert stadnamnpolitikken som eit slags språkpolitisk laboratorium. Oppglødd av namnebytet frå Kristiania til Oslo i 1925 gjekk målrørsla laus på Trondhjem-namnet. Det store Nidaros-tapet i 1931 kan i denne samanhengen sjåast som det endelege nederlaget for ideen om at Stortinget kunne tvinga gjenstridige lokalsamfunn i kne i språkpolitikken.

Det er godt grunnlag for å hevda at målreisinga var ein del av bygdene sin kulturelle forsvarskamp mot ei urbanisering som målrørsla aldri fekk taket på. Då er det annleis med industrialiseringa, som er eit anna felt studien går grundig inn på. ’Den nye arbeidsdagen’ etter 1905 vart i stor grad symbolisert med reisinga av vasskraftbasert elektrometallurgisk og elektrokjemisk storindustri på stader som Notodden, Rjukan, Odda, Tyssedal, Ålvik og Høyanger. Mange av dei nye industristadene låg i område der nynorsken anten alt var teken i bruk i skule og lokalsamfunn eller var på veg inn. Her opplevde målrørsla sine fyrste tilbakeslag, som i Odda der nynorsken til dels vart kasta ut av skulen, og språkstriden gjekk inn i eit større konfliktmønster mellom industrisamfunn og bondesamfunn. Inntrykket frå desse stadene har vore med på å sementera biletet av målreisinga som ein forsvarsreaksjon imot moderniseringa.

Eit viktig funn i avhandlinga er at dette biletet er kraftig forenkla og ser bort frå eit vesentleg poeng: Kjeldene viser på den eine sida at hovudstraumen i elitemiljøa i målrørsla gjennomgåande hadde eit negativt syn på storindustrien, ein skepsis dei delte med store delar av det norske samfunnet elles. Lars Thue og Olav Wicken har i dei industri- og innovasjonshistoriske arbeida sine skilt tydeleg mellom ein småskalamodell eller ein fransk modell på den eine sida og ein storskalsmodell eller ein britisk modell for industriell utvikling på hi. I målrørsla finn me skepsis til storskalamodellen, men varme tilhengjarar av ein småskalmodell der kjernepunkta var ei desentralisert næringsutvikling med vekt på vidareutvikling av dei tradisjonelle handverks- og landbruksbaserte næringane, bygde opp kring små bedriftseiningar som lett kunne integrerast i bygdesamfunnet. (Avh. s. 554)

Dette var ein modell for næringsutvikling i medvind gjennom mellomkrigstida. Det må bli opp til ei gransking av etterkrigstida å analysera kva det hadde å seia at norskdomsrørsla stod såpass framand for ei storindustriell utvikling der innslaget av urbanisering var karakteristisk, i motsetnad til rural småindustri.

Meir nøkternt oppsummert er dette ein studie av tilhøvet mellom målreisinga og visse sentrale sider av moderniseringa. Avhandlinga peikar eksplisitt på at ei anna tilnærming til moderniseringsomgrepet og moderniseringsteori ville ha kravd ei anna operasjonalisering, då gjerne med eit sterkare fokus på framveksten av folkestyret, rolla til vitskapleg basert kunnskap og ei diskuterande ålmente med aviser, tidsskrift, folkemøte og organisasjonsliv, altså framhevinga av ein kommunikativ rasjonalitet som konstituerande for det moderne samfunnet.

Attåt å ha gjeve svar på nokre sentrale spørsmål er det såleis vona mi at avhandlinga har lagt grunnen for å reisa nye spørsmål og stimulera til nye granskingar på eit felt som framleis er under-utforska.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *