Regjeringskrise på målsaka (Mål og makt 2012)

Hoel, Oddmund L. (2012). Regjeringskrise på målsaka. Mål og makt (nr. 1), 36-38.

Den 16. februar 1912 måtte statsminister Wollert Konow gå den tunge vegen til Slottet og kong Haakon med avskilssøknaden sin. Den direkte bakgrunnen var språkstriden.

Årsmøtefesten til Norigs maallag 28. januar 1912 sette det heile i gang. Etter to møtedagar i hovudstaden hadde Bondeungdomslaget bede utsendingar og andre inn stor målfest i Gamle Logen. I den lange rekkja av prominente talarar heldt målprofessor Marius Hægstad ein tale for statsminister Wollert Konow. Gripen av stemninga kvitterte Konow med ei takketale, som dagen etter vart referert slik i Norske Intelligenssedler:

«Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevægelsen. Jeg har været og er og vil alltid vedbli at være taksam i min inderste sjæl, fordi jeg engang blev knyttet til denne sak; ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning, at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det sidste halve hundredaar. Det fanatiske had mot denne bevægelse vil nok bli lagt ned om ikke saa mange aar som magtesløst og ørkesløst. Han vilde forøvrig nødig se maalsaken som et enkelt partis programsak; den maa løses i fællesskap».

Journalisten Toralv Øksnevad, den gongen ung student, var til stades av personleg interesse, men væra ein sensasjon som det i dag kan vera vanskeleg å skjøna. Han ringde avisa og bad dei utsetja prentinga til det vesle referatet kom med. Dermed var spetakkelet i gang.

Konow har sjølv omtalt måltala som ”den draape, som fik bægeret til at flyte over”, og han har fått følgje av historikarar som Leiv Mjeldheim, Alf Kaartvedt og Jostein Nerbøvik og Konow-biograf Olav Garvik. Dei har underbygt godt at måltala var eit påskot for å framkalla ei venta regjeringskrise. Like fullt er det eit faktum at målspørsmålet i 1912 hadde ei kraft som var i stand til å sprengja ein regjeringskoalisjon. Framfor å sjå på målspørsmålet som eit vikarierande motiv eller einast ein tilfeldig utløysande faktor, spør me difor kva som gjorde at språkstriden hadde ein så framtredande posisjon i norsk politikk at han kunne pressa fram avgangen til ei regjering.

Høgre og Frisinna Venstre fekk til saman parlamentarisk fleirtal etter stortingsvalet 1909. Trass i at Høgre var mest dobbelt så stort som Frisinnede Venstre, fekk FV statsministeren i topartiregjeringa. Spenningane mellom regjeringspartia var tydelege nok, men vel så alvorleg var den indre usemja i Høgre. Partileiar Fredrik Stang med basis i det liberale og industrivenlege by-Høgre var sett på sidelina av parlamentarisk leiar Jens Bratlie, som hadde viktige delar av maktbasisen sin i dei agrarkonservative delane av partiet, ikkje minst Vestlands-Høgre. To spørsmål hadde særleg dominert valkampen. Det eine var kampen mot Venstre sitt framlegg til konsesjonslover frå 1909. Bygde- og bondeinteressene i regjeringspartia sytte for at konsesjonslovene vart langt mindre industrivenleg enn Høgre hadde gått til val på, og dette var nær ved å framkalla ei regjeringskrise sommaren 1911.

Den andre saka var målspørsmålet. Stortinget hadde med jamstellingsvedtaket i 1885 gjort landsmålet til offisielt språk jamsides bokmålet, og ei endring i folkeskulelova i 1892 hadde opna for at skulestyra kunne innføra nynorsk som opplæringsmål. I 1902 og 1907 vart det innført obligatorisk sidemålsprøve i lærarskulen og gymnaset, og fram til stortingsvalet i 1909 hadde kring 1300 av 6000 skulekrinsar i landet gått over til nynorsk.

Den sterke framgangen for målsaka provoserte fram ein motreaksjon med nyorganiseringa av Rigsmaalsforbundet i 1907 som fremste organisatoriske uttrykk. Høgre vart det parlamentariske støttepartiet for riksmålsrørsla og programfeste i 1909 at ”Partiet ser i Riksmaalet Grundlaget for vor fremtidige Sprogudvikling.” To konkrete krav frå riksmålshald var svekking av reglane i folkeskulelova som hadde delegert språkvalet til skulestyra, og avskaffing av den nyleg innførte sidemålsstilen i gymnaset. Det primære standpunktet til riksmålsrørsla var elles å avskaffa alle lover som gav nynorsk ein posisjon som offisielt språk. Men riksmålsposten i programmet var kontroversiell i partiet, og Vestlands-Høgre reserverte seg mot heile punktet i valkampen 1909.

For riksmålsrørsla var den aldrande godseigaren Wollert Konow (1845-1924) frå Fana ein raud klut. Som 23-åring var han i 1868 med på å skipa Vestmannalaget, og 1868-73 dreiv han folkehøgskule på Halsnøy og Jæren. Han kom inn på Stortinget som radikal venstremann i 1879 og fall ut i 1888-valet. Han kom inn att på Stortinget i 1909 etter å ha vorte trekt inn i Frisinnede Venstre av Christian Michelsen – det nyskipa partiet som var ein lekk i freistnadene på brei borgarleg samling mot den veksande sosialismen.

Regjeringsskipinga til Konow baserte seg på å feia ein del problematiske saker under teppet, mellom anna målspørsmålet og fråhaldssaka, som Konow i trontaledebatten 1910 definerte som kulturelle ikkje-politiske spørsmål. Den praktiske konsekvensen av dette var at regjeringa ikkje ville røra språklovgjevinga, som Høgre (minus Vestlands-Høgre) hadde gått til val på å endra. Som kyrkje- og undervisningsminister valde Konows til alt overmål Just Qvigstad, rektor ved Tromsø seminar, framståande språkforskar (på samisk) og slett ingen riksmålsmann.

Dei mest aktivistiske riksmålskrinsane i Høgre høyrde til den tilsidesette Høgre-formann Fredrik Stangs fløy, og der vart det teke ille opp at Qvigstad hadde gått mot eit framlegg om å avskaffa sidemålsstilen. Morgenbladet, som var organet for Stang-fløya, ville bli kvitt Qvigstad og erklærte (3.8.1910) at ”En Kulturkamp hvor Landets Sprog er Indsatsen, dreier sig om saa store aandelige Værdier, at de i vore øine langt overskygger de aller fleste politiske Spørsmaal.” I oktober 1910 kravde Trondhjems Konservative Forening jamvel at det måtte kallast inn til landsmøte i Høgre rett over nyttår for å klargjera Høgre si stode i språkpolitikken.

Dette var grunnlaget for at to mektige aviser kunne provosera fram ei regjeringskrise på målsaka. Det knappe og ukommenterte referatet i Norske Intelligenssedler 30. januar 1912 vart plukka opp av redaktør Ole Thommesen i Tidens Tegn og Hans Vogt i Morgenbladet, som med aukande styrke dei neste dagane konkluderte med at Konow måtte gå etter eit slikt ufint åtak på riksmålet. Dei to avisene kan ”visseleg krevja brorparten av æra for at måltalen førde til ei regjeringskrise”, skriv Mjeldheim. Organet til Bratlie-fløya i Høgre, Aftenposten, meinte ikkje at måltala var nokon grunn til at Konow burde gå, og Bratlie, sjølv medlem i Riksmålsforbundet, kjempa dei neste dagane for å berga regjeringa. Men pressa gav krisa sin eigen dynamikk som gjorde at stortingsgruppa den 7. februar gav Høgre-statsrådane ordre om å trekkja seg. Konow viste seg samstundes frå si minst fleksible side. Han nekta å vika ein tomme og kravde at det interne oppgjeret mellom regjeringspartia skulle takast ope i stortingssalen. Ein desperat freistnad på å rekonstruera regjeringa førde ikkje fram, og 16. februar leverte Konow og dei attverande statsrådane inn avskilssøknadene sine.

Riksmålsaktivistane i Høgre kunne jubla, men ikkje lenge. Då Jens Bratlie den 20. februar skipa ei ny samlingsregjering av Høgre og Frisinnede Venstre, tilfredstilte han bygde- og vestlandskreftene i koalisjonen med å gjera sogningen Edvard Liljedal til kyrkje- og undervisningsminister. Målmannen og den tidlegare venstremannen Liljedahl var i 1885 ein av hovudpersonane bak jamstillingsvedtaket. Han la det neste året eit effektivt lok på alle freistnader frå riksmåls-Høgre på å svekkja språklovgjevinga. For regjeringssjef Bratlie meinte på ingen måte at målspørsmålet ”overskygger de aller fleste politiske Spørsmaal”, men såg det tvert om som underordna behovet for ein fast borgarleg front mot den veksande arbeidarrørsla og sosialismen. Slik peikar Bratlie meir fram mot ei tid der dei økonomiske og sosiale konfliktlinene i politikken skuvar dei kulturelle og territorielle i bakgrunnen.

Det var langt meir enn målsaka som gjorde at Konow måtte gå i 1912, men det var ikkje tilfeldig at det var målspørsmålet som førte til fallet hans. Skal me halda oss til Konows eige bilete om dropen og glaset, må me ta med at målsaka utgjorde ein viktig del av coctailen som rann over.

Soga om samlingsregjeringane 1910-13 hjelper oss til å skjøna den relative stabiliteten ein har sett i norsk språkpolitikk gjennom over 100 år. Då som no gjekk skiljelinene i målspørsmålet tvers gjennom dei fleste parti, og då som no finst det knapt tenkjelege parlamentariske fleirtalskonstellasjonar utan deltaking frå parti eller sentrale politikarar som har forsvaret av språkjamstillinga (les: nynorsken) som hjartesak. I 1912 kom den einaste regjeringskrisa Noreg så langt har fått på målspørsmålet, og ein skal ha god fantasi for å førestilla seg at det skal skje att med det fyrste. Det var likevel ei verdig 100-årsmarkering Kristin Halvorsen gav oss i vinter då ho sytte for å få demonstrert at målspørsmålet framleis har sprengkraft, også i regjeringskontora.

 

Litteratur

Garvik, Olav: Wollert Konow. Statsminister og stril. Bergen 2001.

Kaartvedt, Alf: Høyres historie (bd. 1). Drømmen om borgerlig samling. 1884-1918. Oslo 1984.

Nerbøvik, Jostein: Konows fall. Måltale og regjeringskrise. Syn og segn, 1972.

Mjeldheim, Leiv: Ministeriet Konow, 1910-1912. Oslo 1955.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *