Den tvitydige hovudstaden (NT 1/2002)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 1, 2002.]

Når Noregs Mållag møtest til landsmøte i Oslo siste helga i april, er det den 15. gongen sidan 1906 og den fjerde gongen sidan krigen at landsmøtet er lagt til hovudstaden. Til skilnad frå mange andre samskipnader har Noregs Mållag på denne måten demonstrert ein praktisk distriktspolitisk vilje til å ta heile landet i bruk.

Målrørsla har alltid hatt eit tvitydig tilhøve til hovudstaden. Her har me funne den hardaste og best organiserte nynorskmotstanden saman med dei institusjonane som nynorsken har hatt vanskelegast for å trengja inn i. Hovudstaden og Oslo-folk har vore skyteskive for målrørsla og det fremste symbolet på alt som er gale, som for Garborg då han i 1879 polemiserte mot ”Dei Kristianianorske” – dei som ”hev Stockholm til hovudstad, Danmark til kulturheim, Norig til stabbur og Peer Gynt til nationalhelgen”. Kjartan Fløgstad peikar i Osloprosessen (2000) på at ”Medan Bergen og ’Fiske-Noreg’ heldt kontakten med den vide verda, heldt Oslo, og seinare Christiania, Kristiania og Oslo, fram med å vera ein innestengd småby og dansk kolonihovudstad innarst i ein djup fjordbotn på Austlandet.” Det er i Oslo dei skarpaste og farlegaste åtaka på sidemålsopplæringa har kome dei siste åra, ikkje frå elevar og ungdomsgrupper, men frå det øvste lokalpolitiske etablissementet. Den aukande hetsen mot Bygde-Noreg og knefallet for utanlandske metropolar gjer diverre Garborgs polemikk mot dei kristianianorske meir aktuell enn på lenge.

Samstundes har nynorskfolk og målrørsla i alle år lagt sin elsk på Oslo. ”Farvel hovudstaden / i deg var det best: / der fann eg dei Beste, / der lærde eg mest,” skreiv Vinje og uttrykte då det som mange seinare generasjonar av bygdestudentar og innflyttarar har kjent. Vinje skreiv dette same året som det fyrste mållaget (1861-63) vart skipa, og målrørsla har alltid sytt for å plassera dei viktigaste nynorske organisasjonane og institusjonane i Oslo – ikkje berre fordi ein måtte vera til stades i hovudstaden, men òg fordi det er her det sterkaste målmiljøet alltid har vore og ynskt å vera.

Målrørsla har med jamne mellomrom tenkt på å gje opp den landsfemnande ambisjonen og heller bli skriftmålet for Vestlandet, med Bergen som språkleg hovudstad, så får Oslo sigla sin eigen sjø. Det er ein strategi eg aldri har hatt tru på. Noreg er ein av dei sterkast integrerte nasjonalstatane i Europa, og korkje i folketal eller sjølvstende vil dei norske ”regionane” (landsdelane) kunna samanlikna seg med vanlege europeiske regionar, som gjerne dekkjer fleire land og har mange millionar innbyggjarar. Me kan alltids drøyma om ein sjølvstendig nynorsk Vestlandsregion med fisk, havbruk, olje, vasskraft og makt over skattlegginga som ikkje lenger treng overføra milliardar til det sentrale Austlandet. Men før dette nærmar seg økonomiske og politiske realitetar, som det aldri vil gjera, er det eit sjølvmordtiltak å gjera det til grunnlag for målpolitiske strategiar.

Det vil ikkje seia at målrørsla ikkje har noko å læra og ikkje har element å plukka opp i regionalismeordskiftet. Nynorsken er heilt avhengig av eit sterkt kjerneområde der nynorsken er sjølvsagd på alle samfunnsfelt, og det er vår oppgåve å få dette inn i ordskiftet, td. om eit sterkare regionalt samarbeid på Vestlandet. Men dette vil aldri kunna danna ei sterk nok motvekt i seg sjølv mot det stadig sterkare språklege og kulturelle presset frå hovudstadsområdet til at det er tilstrekkjeleg som grunnlag for nynorsken i framtida.

Men mest av alt er ein slik regionaliseringstankegang imot heile grunntanken med nynorsken, som aldri har vore eit separatistisk føretak. Han er laga som eit inkluderande tilbod til alle norsktalande, ikkje berre til dei områda som tilfeldigvis har teke han i bruk i dag. Noreg har stadig meir bruk for eit skriftmål som byggjer på det lokale språkmangfaldet i staden for å høvla over det, og Noreg har stadig meir bruk for eit språk som kan danna den nasjonale kjernen i målfronten mot amerikaniseringa. Såleis burde nynorsken kunna sjå ljose tider i møte om målrørsla spelar korta sine rett dei komande tiåra.

”Lat sjå, du som altid / på Folk helder Styr’! / for du er den Karlen, som temja kann dyr,” skreiv Vinje òg i 1861. Men der Vinje såg hovudstaden som ein stad der også bygdefolk kunne ta del i den nasjonale daninga, er det baksida av medaljen – einsrettinga – som i dag slær oss i augo. Det oppskrytte mangfaldet i Oslo og liknande mellomstore byar er i stor grad eit mangfald på avstand som ikkje kjem ein ved til dagleg fordi ein stort sett har omgang med folk som liknar ein sjølv. På mindre stader er det samla mangfaldet mindre, noko urbanistane aldri let vera å påpeika, men ein må ta inn over seg langt større delar av det fordi ein har med langt fleire typar folk å gjera dagleg. Det urbane konformitetspresset er ei av dei største utfordringane til målrørsla, og kampen i hovudstaden står diverre framleis om at nynorsken skal bli tolt – som eit nasjonalt skriftmål som alle, ikkje minst i ein hovudstad, bør læra, og som ”minoritetsspråk” i nynorske parallellklassar.

Difor møtest me i hovudstaden siste helga i april. For den nynorske hovudstaden ligg i Oslo, og ingen andre stader.

Oddmund Løkensgard Hoel

leiar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *