Ubåt i Sognefjorden 1972?

No på nyåret har ubåtjakta i Sognefjorden i november 1972 igjen dukka opp i media. Firda har fått tak i ’nyleg nedgraderte dokument’ frå Forsvaret, og somme media har lagt fram dette som ei stadfesting på at det var ein sovjetisk ubåt i Sognefjorden i 1972.

Eg veit fint lite om saka, men på Statsarkivet i Bergen før helga låg det ei mappe om ubåtsaka som ser ut til å stamma frå presse- og informasjonsavdelinga i Forsvarets overkommando. Primærkjelder er som kjent det beste, og alltid betre enn medieoppslag, så her ligg den sentrale rapporten i mappa (pdf, 15 Mb). Det er ein slags ’sluttrapport’ om ubåtjakta av kommandøren for sjøstridskreftene i Sør-Noreg med merknader frå øvstkommanderande i Sør-Noreg, dagsett 24.1.1973. Rapporten var opphavleg gradert ’hemmeleg’ og vart avgradert i januar 2006.

Det er mogleg det framleis finst graderte dokument om saka, men eg ville ikkje vedda mykje på at dei inneheld opplysningar som avvik dramatisk frå konklusjonen i analyserapporten. Så den som vil finna ut meir om dette, bør nok heller sjekka om det finst avgraderte dokument om saka i gamle sovjetiske militærarkiv.

Kva står så i rapporten? Det er berre å lesa sjølv, men dette står iallfall:
* Forsvaret er ikkje sikker på at det var ein framand ubåt i Sognefjorden i november 1972, og langt mindre ein «sovjetisk». Media som hevdar dette, overdriv med mindre dei byggjer på andre kjelder.
* Men Forsvaret reknar det som sannsynleg. Så tidlegare marineoffiserar som avfeiar det heile som tøv, går såleis iallfall imot vurderingar sjøforsvarsleiinga gjorde i 1972/73.
* Operasjonsreglane gjorde at det ville ta minst 20 minutt frå observasjon til åtak på ein neddykka ubåt, og på den tida skulle det sleppast så mange handgranatar og søkkjeminer at ubåten var skremd langt vekk.

Eit par av dei sentrale avsnitta:

Rapport frå Øvstkommanderande i Sør-Noreg, 24.1.1973:
”3. Ingen av de iakttagelser og tekniske observasjoner som ble gjort var av en slik natur at man kan fastslå at en fremmed undervannsbåt var til stede i Sognefjorden i det aktuelle tidsrom. … Sammenholder man imidlertid alle de iakttagelser og tekniske observasjoner som ble gjort må konklusjonen bli at det er OVERVEIENDE SANNSYNLIG at en fremmed undervannsbåt befant seg neddykket i Sognefjorden i det aktuelle tidsrom.”

Rapport frå Kommandøren for sjøstridskreftene i Forsvarskommando Sør-Noreg, 24.1.1973:
”27. De fleste observasjoner og meldinger om ukjent ubåt i Sognefjorden, KNM ”SKLINNA”s hydrofonkontakt og P3B’s kontakt sannsynliggjør at det har vært en fremmed ubåt i Sognefjorden. Selv om man ikke har konkrete beviser for tilstedeværelsen er sannsynligheten så stor at de iverksatte tiltak må sies å være fullt rettferdiggjort.”

Det har vore ei rekkje medieoppslag om saka med bakgrunn i dei same dokumenta. Grundigast var ei sak i BT-magasinet over mange sider 20.2.2010 (ikkje på nettet). 

Dette innlegget vart lagt inn i Historie. Bokmerk fastlenkja.

9 Responses to Ubåt i Sognefjorden 1972?

  1. frode seier:

    var ikke en ubåt..var en ufo så jeg på history channel nå..

  2. Roy seier:

    ..jeg og..

  3. Sigmund Lomelde seier:

    Fleire traffikerte Sognefjorden under den kalde krigen.
    Ola Thunander :The secret war against Sweeden, s.264:

    «a couple of times, a specific US Los Angeles-class submarine was identified in Norwegian fjords ( Sognefjord and….)
    » There were at least one, probably two, top secret US submarine
    programmes for entering Norwegian fjords…..

    S.

  4. Peder seier:

    No etter 40 år kan eg koma med sanninga om dei 5 raude rakettane som vart observerte på Hermansverk 21/1101972. Nokon interesset?

  5. Oddmund seier:

    Jepp, særs interessert!

  6. Peder seier:

    Vi var nokre ungdommar då i 72 som hadde tilgang til mauser og sporlys. Vi skaut opp sporlys fleire gonger i mørke vinterkveldar, langt frå bebyggelsen, nærmare bestemt oppe på Kleppa. Det vart det skote eit magasin på 5 sporlys denne kvelden, 21/11-1972 rett opp i lufta. . Vi hadde ikkje ubåten i tankane i det heiletatt. Ikkje før vi kom ned på kaien på Hermansverk med mauseren liggjande i baksetet utildekka. Der var eit voldsomt oppstyr, men vi skjøna ikkje konsekvensane før dagen etterpå då det kom eit intervju på dagsrevyen med personar som hadde sett «rakettane». Då fekk vi alvorleg kalde føtter og vart einige om at vi ikkje skulle fortelja nokon om skytinga. No etter 40 år er det på tide å letta på samvitet og fortelja sanninga.

  7. Oddmund seier:

    Svært festleg!! Media fekk mykje ut av rakettane dykkar så seint som i 2010.
    http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6966667

  8. Ola Svein Stugu seier:

    Da ser eg berre fram til overskriftene: Gutestreker bak u-båtjakt, samstundes som det blir starta ei ny mediejakt for å få «Peder» til å stå fram med fullt namn og ansikt for å bekjenne syndene sine.

  9. Perder seier:

    Du Ola. Det blir ingen syndsbekjennelse 🙂 Reknar heller ikkje med mediejakt … Dei aller fleste har gløymt dette no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *