Farvel til Nasjonalt råd

Som tidlegare meldt trekte Nasjonalt råd for fødselsomsorga seg tidleg i november. Dette førte til ein del ståk i media der Bente Øien Hauge som vanleg gjorde ein framifrå jobb. Mellom anna skreiv ho om notata som eg og ho laga i fjor vår til eit innlegg som vart sendt til ymse aviser i hennar og mitt namn. Det burde ha kome ut her for ein månad sidan, men kjem no som ei avveksling til jolekortlesinga. Dette stod i noko ulike versjonar i Sogn Avis (kronikk) 10.11., Firda på same tida, Bergens Tidende (kronikk) 14.11. og Klassekampen (innlegg) 22.11.

Versjonen i Klassekampen lydde slik:

Farvel til Rådet

Nasjonalt råd for fødselsomsorg har gått av i protest mot helseminister Sylvia Brustad, og rådsleiar Pål Øian klagar over den manglande viljen og evna hjå departementet til å gjennomføra den vedtekne nivåinndelinga av fødselsomsorga. Dette er ein avgang og ein kritikk Brustad kan ta med knusande ro.

Nasjonalt råd var ei lita gruppe fagfolk som det siste tiåret har lagt alle premissar for politikken innanfor fødselsomsorga. Resultatet har vore nedlegging av fødeavdelingar i distrikta, store lokale protestar og uro kring helseføretaka.

Statens helsetilsyn gjekk i 1997 inn for ei nivåinndeling med krav om 40 fødslar for fødestove, 400 fødslar for fødeavdeling og 1500 fødslar for kvinneklinikk ut frå omsynet til nok treningsvolum per tilsett.

I forarbeida frå utval og departement vart det streka under at 400-grensa ikkje skulle vera absolutt. Distriktsomsyn skulle telja med, og nivåinndelinga skulle berre vera «rettleiande» for sjukehuseigar. Det var saksordførar Sonja Sjøli (H) som fekk sosialkomiteen og Stortinget med på vedtaket om at nivåinndelinga skulle gjerast «gjeldande».

Like viktig var det at Sjøli fekk Stortinget med på å oppretta Nasjonalt råd som eit instrument for gjennomføringa av nivåinndelinga. Ideen om eit slikt råd var lansert av Øian sjølv i 1999 utan at departementet følgde det opp. Men i Stortinget hadde fødestovealliansen ei fast støtte i jordmora Sjøli som etter eige utsegn såg lyset i under ein «strålande» heimefødsel i 1981. Av fagpersonar er det, utanom Øian, særleg gynekologen Bjørn Backe i lag med tidlegare leiar av Jordmorforeningen, Nina Schmidt, som har gått att i sentrale faglege og politiske roller gjennom ti år.

Det har aldri vore fagleg semje om grunnlaget for nivåinndelinga. Særleg har det vore strid om ein kan gjera ei så sikker førehandsutveljing av risikofødslar («seleksjon») at fødestover utan akuttberedskap er trygge nok, slik Nasjonalt råd har hevda. I Tidsskrift for den norske legeforening har Dag Moster, Rolv Terje Lie og Trond Markestad meint at Nasjonalt råd burde ta den faglege usemja meir på alvor og peika på at mandat og samansetjing er einsidig. Også Kunnskapssenter for helsetjenesten har peika på at det er utilstrekkeleg forskingsgrunnlag for å konkludera sikkert om resultata på fødestover utan akuttberedskap.

I den faglege debatten har fødestovealliansen stått fram som forsvararar av ei desentralisert fødselsomsorg. Men i realiteten står dei for ei sentraliseringsline gjennom omdanning av fødeavdelingar til fødestover i distrikta. Erfaringane både frå Lærdal og Mosjøen viser ein dramatisk nedgang i kor mange som får høve til å føda lokalt etter omlegginga til fødestove: under 30%. Dette er i strid med WHO si tilråding om at fødande skal ha nærleik til omsorg.

Dei omleggingane frå fødeavdeling til fødestove i distrikta som Nasjonalt råd har hjelpt til med (Lærdal og Mosjøen), har vore lite vellukka. For Narvik er vedtaket reversert, og for dei andre om lag 14 fødeavdelingane som har mindre enn 400 fødslar, er det ikkje gjort endringar. Nasjonalt råd gav sjølv opp distrikta for eit par år sidan og har sidan 2006 prioritert det ukontroversielle arbeidet for eit meir differensiert fødetilbod ved større fødeavdelingar og kvinneklinikkar.

I det ferske problemnotatet som rådet gjekk av i protest mot, har Helse- og omsorgsdepartementet varsla ein ny kurs. Her blir det opna for å oppheva skiljet mellom fødestove og fødeavdeling. Departementet peikar på at det kan vera meir fornuftig å leggja «større vekt på lokale forhold, faktisk (dokumentert) kompetanse og kvalitet enn på strenge krav til struktur og fødselstall».

Dersom denne politikken blir vedteken, opnar det for betre løysingar, til dømes i Lærdal. Der blir 70% av dei fødande sende til andre sjukehus berre fordi det står «fødestove» på skiltet trass i at ein har gynekolog i beredskap og kunne teke mange fleire. Med nye retningsliner vil ein kunna skåna fødekvinnene og deira næraste for unødige psykiske, fysiske og praktiske belastningar i samband med det som skal vera eit av livets store høgdepunkt.

Utforminga av helsetilbodet er både fag og politikk. Nasjonalt råd har lenge vore på vikande front på båe område. Me gler oss både over notatet frå departementet og avgangen til rådet. Båe delar ber bod om lysare tider for fødselsomsorga i distrikta.

Meir på http://lokalsykehus.blogspot.com

Bente Øien Hauge, Forsvar Lærdal sjukehus/Folkerørsla for lokalsjukehusa
Oddmund Hoel, Jostedalsaksjonen for Føden i Lærdal

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *