Lyspunkt for fødselsomsorga!

Dei siste dagane har det kome store medieoppslag om at alle medlemene Nasjonalt råd for fødselsomsorga har trekt seg i protest mot Helse- og omsorgsdepartementet. Sylvia Brustad høyrer ikkje på «faglege råd», ho driv berre «distriktspolitikk», heiter det.

Endeleg! Dette er det mest gledelege som har skjedd i fødselsomsorga på lange tider! I over ti år har éin fraksjon i fødselsomsorga lagt alle faglege og politiske premissar for den statlege politikken på feltet. Ein av dei mest dramatiske konsekvensane var nedlegginga av fødeavdelinga i Lærdal.

bloggen til Forsvar Lærdal Sjukehus skriv Bente ØH den verkelege grunnen til at dei har trekt seg: departementet har uansett gjort framlegg om å leggja ned rådet (s. 6). Og endå viktigare: Dep. opnar  for å lempa på kravet til talet på fødslar for å ha ei fødeavdeling (i dag 400 i året).

Det ser altså ut til at departementet har teke til å høyra på dei mange kritiske røystene som er komne mot Nasjonalt råd. I fjor vår var Bente og eg på eit par møte med leiinga i Helsedepartementet og la fram vårt syn på Nasjonalt råd og fødestovestriden i Lærdal. Spesielt interesserte finn dei to notata me laga nedanfor (8.5.2006). Her kan ein mellom anna lesa røvarhistoria bak opprettinga av Nasjonalt råd og det famøse stortingsvedtaket om «nivåinndelinga».

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *