Globalisering av kultur (bokartikkel 2002)

Hoel, Oddmund Løkensgard og Trond Sæbø Skarpeteig. (2002.) Globalisering av kultur. I Trond Sæbø Skarpeteig (red.): Globalisering og språkpolitikk. Eit debatthefte (s. 65-70). Oslo: Noregs Mållag.

Bibsys-oppføring

Det finst ingen ute i den store verda som er aktivt opptekne av å ta knekken på nynorsken slik ein del bokmåls- og riksmålsfolk er, og det finst truleg heller ingen som ynskjer å ta knekken på norsk mål. Det er ikkje ein målstrid på det planet me diskuterer når me går inn i globaliseringsspørsmålet.

Me går inn i noko langt vanskelegare, nemleg korleis internasjonale hendingar, særleg på det økonomiske og politiske området, verkar inn på dei rammevilkåra som er viktige for å halda oppe og styrkja nynorsken.

”Globalisering” er eit omgrep som i seg sjølv ikkje gjev særleg meining – det har vorte ei samtidsdiagnose, vår tids Store Forteljing og eit sekkeomgrep for ei rad ulike internasjonale ovringar, både gamle og nye, og det er like upresist som alle slike moteomgrep er. Me er såleis heilt samde med Øyvind Østerud når han seier at ”Globaliseringen kommer ikke i en enhetlig pakke som det er meningsfylt å være for eller mot”.

Ein del av ”globaliseringa” vil me såleis med ein gong rydda unna som positive, gledelege og verdfulle, og noko som gjer oss alle rikare: Det ligg umåteleg mykje verdfullt i å få kjennskap til framande kulturar, kunst, skikkar, tenking, varer, og matrettar. Internett er sameleis ein strålande reiskap for informasjonsutveksling, ikkje minst for oss som freistar driva organisert arbeid mot dei negative sidene av globaliseringa.

Ei annan form for kulturell påverknad har TV og media. Sers få kvite norskingar som oss pratar til dagleg med ein pakistanar eller irakar eller vietnamesar for den del. Men dei fleste av oss ser på såpeseriar frå USA utan å vera redde for kva som skjer av kulturell endring oppi hovudet vårt. Denne forma for kulturell påverknad er det ikkje like lett å sjå positive side ved.

Amerikansk – eller USA’nsk som det meir presist burde heita – kultur har mange fine sider og kvalitetar. Gjestfridom og hjelpsamheit for å nemna noko. Men det er ikkje først og fremst desse sidene ved kulturen som vert formidla gjennom TV-kanalane og avisene. TV-kanalane er sponsa og eigde av store konsern som sel andre varer enn medieprogram. I TV-stova heima er det i stor grad lukka ein kan oppnå gjennom eit stort konsum, som vert formidla.

Ei rekkje kjende forskarar frå USA slår fast at det ikkje lenger er ytringsfridom i USA. Ikkje fordi politiske styresmakter grip inn – langifrå. Nei fordi sponsorane og eigarane har sin eigen agenda – dei ynskjer auka profitt på varene sine. Magasinet TIME hadde nyleg eit temanummer om miljøureining. Hovudsponsor for TIME er Ford (General Motors), og det var nok ikkje tilfeldig at TIME ikkje skreiv noko om luftureining i sin elles systematiske presentasjon av ureining.

Globaliseringsordskiftet dreier seg altså ikkje om det er fint eller dumt å finna eit og anna eksotisk vareslag i dei elendige norske matbutikkane. Det dreier seg heller ikkje om å vera mot Internett. Globaliseringsordskiftet handlar i fyrste rekkje om dragkampen mellom marknadsmakt og politisk styring.

Men kva er då globalisering?

Globalisering kan definerast som dei økonomiske, tekniske, politiske, sosiale og kulturelle prosessane som gjev stadig fleire samankoplingar mellom aktørar, institusjonar og regionar. Globalisering er her brukt både om dei objektive, materielle prosessane (at verda vert mindre) og dei subjektive, ikkje-materielle (medvitet om at me alle bur i same verda). Globaliseringa gjev oss ei førestelt symbolsk konstruert felles verd, sett saman av lokale og globale trekk. Globaliseringa av det materielle gjer at det dukkar opp kjøpesenter etter vestleg modell i India, men med ein stor skilnad: i India er kjøpesenteret berre for dei rikaste.

Globalisering skjer fysisk ved at avstandane vert kortare og til dømes ved at naturressursane på jorda vert vurderte som absolutte. Politisk handlar globalisering om den politiske og økonomiske verdsordninga og om framveksten av globale organisasjonar og selskap som gjer det mogleg å snakka om globale politiske strategiar. Økonomisk globalisering er mellom anna kjenneteikna av at produksjonen vert styrt av transnasjonale firma som vurderer dei globale ressursane under eitt.

Det er problematisk å nytta omgrepet globalisering for å skildra alle desse ulike prosessane. For det fyrste er det fleire som meiner at omgrepet er misvisande. Det er i hovudsak dei rikaste landa i verda som deltek i denne prosessen. Til dømes står store delar av Afrika langt på veg utanfor globaliseringsprosessen. For det andre er det upresist å omtala dette mangfaldet av endringar på alle samfunnsområde som endringar i ei særskild retning. Det skjer eit mangfald av endringar som ikkje peikar i same retning, og det er for fort gjort å forklara all endring i dag med å ty til moteordet globalisering.

Dei fleste som freistar å skildra globaliseringa ser på henne som ein prosess som gjer statar og andre aktørar over heile verda meir avhengige av kvarandre. Men det er ikkje berre aukande tilknyting som er viktig og som gjer omgrepet til eit treffande moteord. Globaliseringsprosessen endrar også det potensialet som statar har til å kontrollera nasjonal og internasjonal politikk. Endringar i makttilhøva mellom ulike aktørar som øver politisk kontroll er kjernen i globaliseringa. Makta som dei folkevalde organa i nasjonalstatane har gjeve frå seg, har ikkje vorte borte, men er overførte, dels til dei store multinasjonale konserna som er pådrivaren og motoren bak dei internasjonale dereguleringane, og til nasjonale og internasjonale domstolar.

Språkleg og kulturelt mangfald vert av dei aller fleste framstilt som noko positivt som det er viktig å ta vare på, òg av globaliseringstilhengjarane. Det kulturelle perspektivet kjem heller inn når me møter motspørsmålet: Er det så gale at ein del språk og lokalkulturar går tapt når me tenkjer på alt ein får att i økonomisk vekst og velstand? Vil ikkje den som set seg utanfor globaliseringa for å ta vare på sitt vesle språk og sin rare kultur på lang sikt tapa? Og kven er det i dag, bortsett frå språkforskarar og attendeskodande romantikarar, som eigenleg saknar dei språka som døydde ut for lang tid sidan? Er ikkje dette ein pris det er verdt å betala for vekst og velstand? Dette er nok ein utbreidd underliggjande syn i globaliseringsivrige miljø.

Dette synet finst i ein annan variant i ein del intellektuelle miljø, helst av det postmoderne og urbanistiske slaget. Der har me gjennom mange år sett at verdien av den stadbundne identiteten har vorte bagatellisert. ”Folk har føter, ikkje røter”, har vorte eit mantra etter Salman Rushdie. Identiteten er ikkje lenger noko fast, men noko ein sjølv snikrar saman ved å velja frå øvste hylle. Ideen om den stadbundne identiteten, og i det heile tradisjonelle identitetar som den lokale og den nasjonale, er ut frå dette perspektivet reaksjonært og står i vegen for eit lukkeleg liv der ein sjølv har gjort frie val.

Me er overtydde om at denne ideologien tek grunnleggjande feil på eit reint psykologisk plan: folk har behov for ein plass å høyra til, både geografisk og sosialt. Det er vel Heidegger som har sagt at det viktigaste eksistensfilosofiske verket som er skrive, er telefonkatalogen. Her finn ein, utanom telefonnummeret, to opplysningar knytte til namnet sitt: yrket og adressa. Me hentar sjølvsagt identiteten vår frå fleire plan – både det familiære, lokale, nasjonale og globale, og frå yrket og andre sosiale grupper me er med i, og desse tilknytningane kan endrast. Men me kan ikkje byta dei som me byter skjorte.

Kulturen som vare og WTO-tingingane

Det ser ut til at kulturen har vorte ei handelsvare, både nasjonal og global. Store selskap investerer i kultur og posisjonerer seg (kjøper opp andre) for å få kontroll over informasjonskanalane.

Når banda våre losnar, kan me erstatta dei med å kjøpa oss identitet og kulturell tilhøyrsle for pengar. Me kjøper oss moteklede i staden for tradisjonelle plagg, me kjøper varer frå den kommersielle barnekulturen i staden for å gje ungane lokale kulturuttrykk, me slår på fjernsynet.

Då er me midt inne i sjølve kjernen av det me ser som den viktigaste problemstillinga når det gjeld språk, kultur og globalisering: Det at kultur er ei vare – ei viktig vare. Dette er òg verkeleg grunnen til at målrørsla og alle andre språk- og kulturinteresserte raskt må vakna.

9. november 2001 møttest medlemslanda i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) til ny forhandlingsrunde i Qatar, for å prøva å retta opp alt som gjekk gale i Seattle i 1999. Sentralt i WTO står no forhandlingane om ei utviding av GATS – generalavtala om handel med tenester. GATS-regimet vart etablert i 1994, og målsetjinga er å avvikla alle statlege barrierar mot internasjonal handel og tevling i tenestesektoren. GATS skal i utgangspunktet dekkja ei kvar tenkjeleg teneste, anten ho er privat eller offentleg, inkludert sektorar som rører ved miljø, naturressursar, vassforsyning, helsetenester, sosiale rettar, transport, post, utdanning og kultur. Dei to siste er sjølvsagt dei interessante for oss. Forhandlingane vil no stå om å fjerna ein del unntak og hindringar som til no har gjort det mogleg for medlemslanda å føra ein nasjonal politikk på mange av desse områda.

I den nye globale økonomien er helse, utdanning og vassforsyning ofte omtala som dei mest lukurative på den private marknaden. Helsetenester har truleg ein marknadsverdi på 3500 mrd dollar verda over, medan utdanningssektoren er verdt 2000 mrd dollar. Finansinstitusjonar som Merrill Lynch reknar med at offentleg utdanning vil vera privatisert verda over i løpet av det neste tiåret og har erklært at ein kan oppnå ufattelege profittar i prosessen.

Ein fersk UNESCO-rapport syner at handelen med kultur utgjer kring 3% av all internasjonal handel og har vorte femdobla mellom 1980 og 1998 – frå 48 til 214 mrd dollar. Kultursektoren har i dei fleste land strenge nasjonale reguleringar og offentlege støtteordningar. I Noreg gjeld det td.:

  • filmstøtta: favorisering av norske selskap i Noreg som vil produsera film på norsk.
  • fjernsyn: TV2-konsesjonen: favorisering av eit norsk selskap som er pålagt å senda frå Bergen, og med klåre krav til norskspråklege produksjonar. Ein del av vederlaget til konsesjonen skal betalast til Norsk filmfond.
  • kinodrift: offentlege monopol.
  • reguleringar av bokbransjen og støtteordningar for litteratur.

USA kjempar no for å fjerna det kulturelle unntaket i GATS og dermed bli kvitt nasjonale reguleringar som td. stør oppunder nasjonal film på kostnad av amerikansk. UNESCO har granska filmmarknaden i 30 land og funne ut at amerikanske filmar har majoriteten av marknadsdelen i 27 av dei 30 landa. Berre i fem land utgjorde inntektene av billettsal frå eigenproduserte filmar meir enn 25 prosent.

I tillegg til det reint økonomiske har USA eit klårt ideologisk motiv for fri flyt på kulturområdet: Gjennom filmar på kino, fjernsyn og video veit truleg ein gjennomsnittleg 16-åring frå Oslo meir om dagleglivet i ein amerikansk storby enn i ei norsk bygd – kanskje med unntak av Berlevåg.

Dette er ikkje berre noko som uroar oss. I World Culture Report for 2000 stør UNESCO statane sin rett til å verna nasjonal kulturproduksjon mot internasjonal konkurranse, og dei etterlyser internasjonale normer på området. Frankrike har vore mellom dei fremste motstandarane mot USA sine framstøytar for å liberalisera kulturområdet.

Noreg er sannsynlegvis samd med Frankrike i dette, men det er lite som har vorte sagt offentleg om dette. Tidlegare utanriksminister Thorbjørn Jagland sa fylgjande i Stortinget 1. juni 2001 då han gjorde greie for Noreg sitt arbeid i WTO:

”Det har vært reist spørsmål om tjenesteavtalen i WTO vil kunne begrense vår nasjonale handlefrihet til å organisere den offentlige sektor i Norge på den måten vi selv ønsker. Det er ikke tilfellet. Det er intet i WTO-regelverket som hindrer medlemslandene selv å avgjøre hvordan de vil organisere sine offentlige tjenester, f.eks. utdanning og helse. Det slås klart fast i avtalen at denne rett tilligger medlemslandene. Vi har også handlingsrom til å videreføre en politikk for å nå våre nasjonale kulturpolitiske mål.”

Dette er eit reint goddagmannøkseskaft-svar. Det er ikkje noko i WTO-regelverket i dag som hindrar medlemslanda i å organisera offentlege tenester etter eige ynske. Men tingingane gjeld om det framleis skal vera slik.

Ny forhandlingsrunde i WTO trugar kulturelt mangfald

På ministermøtet i WTO i Quatar i november 2001 vart det lansert ein omfattande ny forhandlingsrunde for varer og tenester som skal inkludera tema som kan få alvorlege konsekvensar for kulturpolitikken i mange land. I Ministererklæringa kom diverre ikkje ei formulering om at språk og arbeid for kulturelt mangfald er viktig, med. Alle verdas kulturorganisasjonar vert no nøydde til å retta fokus mot WTO for å motarbeida dei alvorlege konsekvensane at ein blind liberaliseringspolitikk.

GATS-avtalen definerer alle typar kunstneriske uttrykk som tenester. Sjølv om medlemsstatar i WTO faktisk kan unnlata å leggja tilbod frå desse sektorane på forhandlingsbordet, er det eit stort press både bilateralt og multilaterlat for å få det til.

USA har alt lagt på bordet eit framlegg om at audiovisuelle tenester skal dekkjast 100 prosent av GATS. Sveits har kome med eit anna framlegg som i følgje ein tenestemann er eit forsøk på å “byggja bruer mellom USA og EU sine posisjonar”. Dette vil vera eit hovudelement i dei pågåande forhandlingane, og med fleire tema inkludert i forhandlingane er det større rom for ringverknader av liberaliseringa.

Det er også høve å koma med sokalla horisontale framlegg. Dette er tilbod som gjeld på tvers av alle tenester, uavhengig av om ein stat har sagt seg viljug til å inkludera denne sektoren.

Dei GATS-forhandlingane som pågår no i WTO har som føremål å overføra offentlige tjenester til multinasjonale selskaper gjennom å:

1) Innføra nye og strenge restriksjonar på styresmaktene sitt høve til å oppretthalda eller vedta nye standardar når det gjeld miljø, helse, forbrukervern eller andre område av offentlig interesse. Dette skjer gjennom ei utviding av GATS Artikkel VI om nasjonale reguleringar. Framlegg inkluderer ein «nødvendighetstest» (necessity test) som betyr at styresmaktene vil måtte bevise at lover og reguleringer er dei «minst handelshindrande» i høve til dei mål som skal nåast, uavhengig av finansielle, sosiale, teknologiske eller andre omsyn.

2) Avgrensa politiske styresmakter sin rett til å drive offentleg arbeid, kommunale tenester og sosiale program i eigen regi. Ved å gjera WTO sitt prinsipp om nasjonal likehandsaming gjeldande både for statlege innkjøp og subsidiar, søkher dei nye forhandlingane å pålegga styremaktene å gje multinasjonale selskap full tilgang til offentlege midler.

3) Tvinga styresmakter til å gje uavgrensa marknadstilgang til utanlandske tenesteytarar, uten omsyn til miljømessige og sosiale verknader.

4) Framskynde prosessen med å garantera det private næringsliv tilgang til innanlandske marknader i alle land og innan alle sektorar – inkludert utdanning, helse og vassforsyning – gjennom nye WTO-reglar for skattefri elektronisk handel verda over. Dette ville gje dei multinasjonale selskapa rask og irreversibel marknadstilgang, swerleg i land i Den tredje verda.

Dei som i hovudsak vil nyta godt av dette nye GATS-regimet, er private tenesteytarar som arbeider målrettet for å ekspandere på dei globale marknadane og for å privatisera offentlege tenester verda over. Dersom dei lukkast med det, vil GATS kunna bli eit frontalangrep på grunnleggande sosiale rettar beskytta i SNs menneskerettserklæring.