I byrjinga av juni kom boka vår om 1814: Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark – ei samling med 12 artiklar av 12 forfattarar frå og om Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Telemark.
Jens Johan Hyvik, Harald Krøvel og eg byrja så smått planlegginga av prosjektet hausten 2010, inspirert av eit liknande bokprosjekt om 1905 som me hadde vore med på. I mars 2012 fekk prosjektet vårt støtte frå Noregs forskingsråd sitt Grunnlov-program, og dermed var me i gang. Sjå sida om boka for meir informasjon om min artikkel, boka, aktivitetar og fleire peikarar.