Kategoriarkiv: Politikk
Sentraliserande kommunereform (kronikk)
Følgjande tekst stod som kronikk i Sogn Avis 28.10.2014. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sende i haust ut ein «invitasjon», det vil seia ein ordre, til kommunane om å greia ut kommunesamanslåing. Sogn regionråd har pliktskuldig gått i gang, … Les meir
Meir lokaldemokrati, ikkje mindre (Sogn Avis 28/10)
I går (28/10) hadde eg dette innlegget på prent i Sogn Avis. Det er eit svar på eit større intervju med avtroppande vararordførar og gruppeleiar for Ap i Luster.
Appell for Lærdal sjukehus
I går kveld hadde Forsvar Lærdal sjukehus, Lærdal Musikklag og Lærdal Frivilligsentral tromma saman til stor tilstelling med musikk og politikk for sjukehuset. Over 300 hadde møtt fram i den fullsette Storstova på Lærdalsøyri skule, og frå Jostedalen var det … Les meir
Barndomsminne frå Vikersund
Følgjande innlegg står i Aftenposten i dag: Barndomsminne frå Vikersund Oda Rygh, statsvitar, fekk 4/11 spalteplass for å fortelja si personlege historie om at ho no flytter frå heimbygda Vikersund. Me lever i eit fritt land, så alle som vil … Les meir
Grisgrendtfylke nummer ein
Kronikk i Bergens Tidende 28. januar og Nationen 30. januar. Teksten nedanfor er identisk med det som stod i avisene, men det er lagt til referansar. ”Eg har i dag offisielt gravlagt ’motstraumsstrategien’ i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma … Les meir
Fylkesmannsdebatt
For den som ikkje heng heilt med i informasjonsstraumen: Rypa har i dag sett i gang ein interessant debatt om og med fylkesmannen (embetet) og utdanningsdirektøren (herself) på og om fylkesmannsbloggen. Sympatisk nok svarar fylkesmannen (himself) både her og der. … Les meir
Grisgrendtfylket
Det er på høg tid å bli mindre oppteken av folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. I utviklingsdebattane i fylket er folketal det hardaste argumentet. Nedgangen må snuast, og Sogn og Fjordane må helst veksa like raskt som dei andre vestlandsfylka. … Les meir
Kvalitet – små og store skular
I budsjettframlegget for 2010 går rådmannen som kjent inn for å flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst økonomisk, men vert òg forsvart fagleg med følgjande setning: Trinna … Les meir
7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne?
Rådmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 på torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det hårreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, så her kjem dei. Kort oppsummert:
Demo i Krundalen
Det er ikkje kvart tiår krundølene held punktdemonstrasjonar, men på eit vis var det vel det me hadde på Grov i går. Dei me demonstrerte mot, visste ikkje om det, og media var heller ikkje der, om ein då ser … Les meir