Barndomsminne frå Vikersund

Følgjande innlegg står i Aftenposten i dag:

Barndomsminne frå Vikersund

Oda Rygh, statsvitar, fekk 4/11 spalteplass for å fortelja si personlege historie om at ho no flytter frå heimbygda Vikersund. Me lever i eit fritt land, så alle som vil kan flytta til Drammen når dei vil, og mange kan sikkert ha gode og djupt personlege grunnar for å gjera det. Men Rygh skriv ikkje berre om Vikersund – ho skriv òg generelt om ”Bygda”. Mot Rygh si personlege historie kan det haldast hundre- og tusenvis av andre særs ulike personlege historier om ulike opplevingar av ulike bygder, tettstader, byar og bydelar. Aviser, blad og bloggar er fulle av desse historiene. Skal dette ha interesse for samfunnsdebatten, må ein nødvendigvis ha ein idé om kor representative historiene er. Som mange andre bygdekritikarar har Rygh diverre ikkje ein einaste refleksjon kring dette representativitetsproblemet. Dette har minst tre sider: både kor representativ ho er som høgt utdanna ung kvinne frå bygda, kor representativ opplevinga hennar av Vikersund er, og kor representativ Vikersund er for ”Bygda”. Ein kan innvenda at det må vera lov å fortelja si personlege historie utan slike refleksjonar. Greitt nok, men då er det noko underleg å signera meiningsytringa med ”statsviter”.

Oddmund L. Hoel, Jostedalen

I går hadde Birger Emanuelsen òg eit svar til Rygh.

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.