Landsmøtet i Noregs Mållag, Bergen 28.–30. juli 2000
Av Oddmund Løkensgard Hoel
Kjære landsmøte!
For fyrste gong på 54 år er me samla til landsmøte i den vestlandske hovudstaden – storbyen midt i nynorsk-Noreg. Det var på tide.
Det er eit festår for kulturbyen Bergen, og det er eit festår for nynorsken. Årets store nynorske festdag var sjølvsagt 20. juni då kulturminister Ellen Horn opna den nye storstova vår på heimetuftene til Ivar Aasen i Ørsta. Sjølvsagt i strålande sol. Eg vil difor byrja med å takka og ynskja til lukke Jostein Nerbøvik, Ola E. Bø og resten av dugnadsgjengen som fekk sett ideen ut i livet på rekordtid, og styreleiar Narve Bjørgo, direktør Ottar Grepstad og resten av staben som har sytt for å gje Aasen-tunet ein så god start som det var mogleg å håpa på.
Noregs Mållag har i snart 100 år stått fadder for ei rad vellukka, og me må vel leggja til: ein del mindre vellukka, institusjonar og nyskapingar med eit nynorsk føremål. Aasen-tunet har vorte til på den typiske målrørslemåten – gjennom kombinasjonen av lokal dugnadsinnsats og politisk kløkt, for pengar har me ikkje. Det er viktig både at Aasen-tunet har fått status som nasjonal kulturinstitusjon – den fyrste mellom Bergen og Trondheim – og at det har vorte eit uvanleg flott og særmerkt bygg i Sverre Fehns utforming. Det største er likevel at Aasen-tunet er toppen av eit stort kulturelt isfjell som er skapt av ein hundreårig lokal og nasjonal norskdomsdugnad.
Aasen-tunet har fått ein vellukka start. Skal me kunna oppsummera tiltaket som vellukka om ti år, krev det at Aasen-tunet vert langt meir enn 1800 vakre kvadratmeter og 10-15 muntre tilsette. Då må me – Noregs Mållag, fylkesmållag, lokale mållag og resten av målrørsla gjera det til vårt senter i det daglege målarbeidet.
I utstillinga i Aasen-tunet kan ein lesa om skulemålsrøystingane som har sett eit kraftig preg på året som har gått – den siste var berre ei veke før opninga 20. juni. Då taksameteret til slutt stogga, hadde det vore røystingar på 17 skular sidan førre landsmøte, det høgste talet sidan 1971-72. Dette er ikkje trivelege tal, og dei viser framfor alt at dei som trudde målstriden var over, endå ein gong tok feil. At det kom fem røystingar på grunn av endringar i skulestrukturen, er berre eit førevarsel på noko me vil oppleva meir av: Når dårleg kommuneøkonomi får politikarar til å leggja ned skular, og når så mange flytter til byar og bynære strok at skulane vert for små og krinsane må delast, vert det røystingar i dei språkkløyvde områda. Sentralisering skapar målstrid – det er gamal og dyrkjøpt lærdom.
Fleirtalet av røystingane kom likevel, som venta, av dei heilt urimelege røysterettsreglane me måtte leva med i eit år. Frå bokmålshald har det i ein del sure avisinnlegg og stortingsinnlegg i sumar vorte sett opp ein falsk motsetnad mellom allmenn røysterett og foreldrerett. For det dei kallar ’foreldrerett’, er i røynda ein dobbel avgjerdsrett for foreldra. Fyrst har foreldra kunna avgjort opplæringsmålet ved skulen heilt på eiga hand, og i tillegg har dei hatt rett til å skipa parallellklassar. Noregs Mållag har vore viktigaste og ofte einaste forsvararen av foreldreretten som i parallellklasseordninga, som like ofte kjem bokmålsforeldre som nynorskforeldre til gode.
Samstundes har me forsvart den retten som heile lokalsamfunnet har til å vera med på å avgjera det viktige kulturspørsmålet som val av opplæringsmålet er. Det var difor svært gledeleg at Stortingsfleirtalet delte Noregs Mållag sitt syn på denne saka då opplæringslova vart endra i juni slik at det no igjen er allmenn røysterett ved val av opplæringsmål. Dei tre sentrumspartia og SV har heile tida stått trygt på forsvaret for den allmenne røysteretten – det har me merka oss. Avgjerande var det at Arbeidarpartiet heldt lovnaden frå 1998 då røysteretten vart avgrensa med Ap og Frp sine røyster. Ap sa då at dei var viljuge til å retta opp vedtaket dersom den avgrensa røysteretten viste seg å slå feil ut, og Ap heldt ord. Det skal Ap og særleg saksansvarleg både i 1998 og i år, Sigvald Oppebøen Hansen, ha ros for. Det har me òg merka oss, og det lovar godt for det vidare samarbeidet med regjeringspartiet.
Arbeidarpartiet har all grunn til å vera glad for at det har nynorskvenlege politikarar i rekkjene. Pinleg få av dei var med då postane var fylte i det som ei oppglødd Oslo-presse raskt stempla som ei vonefull urban ’cafe latte’-regjering, og tala som meiningsmålar Ottar Hellevik la fram for målrørsla i april streka under det same: I siste halvdel av 80-åra røysta 27 % av nynorskveljarane på Arbeidarpartiet – om lag like mykje som sentrumspartia samla. Sist i 90-åra røysta derimot berre 16 % av nynorskveljarane på Ap medan heile 39 % røysta på sentrumspartia. Den såkalla ”moderniseringa” av partiet har ein høg språkpolitisk pris. Fram mot Stortingsvalet neste haust har Ap såleis ei stor oppgåve i å syna at det òg er eit godt parti for nynorskfolk.
Den saka som verkeleg vil setja styresmaktene på målpolitisk prøve til hausten, er informasjonsteknologien. Med ”Aksjon nynorsk data”, som me er midvegs i, har ei samla målrørsle med 110 ordførarar og 450 rektorar på laget endeleg greidd å reisa ei sak som er snakk om liv eller død for nynorsk som vanleg bruksmål. Alt i 1993 sa Stortinget at staten må krevja at dataprogram ligg føre både i nynorsk- og bokmålsversjon for å bli kjøpte inn av det offentlege, eit tiltak som raskt ville gjort dei vanlege dataprogram tilgjengelege på nynorsk for den store marknaden som nynorskbrukarane faktisk utgjer. Sju år seinare har lite skjedd, men no rører det på seg. Stortinget bad i juni regjeringa få opp farten med å skaffa skuleverket nynorske dataprogram, og då Ap-regjeringa la fram IT-planen sin rett før sumaren, slo ho fast at det skal lagast ein språkpolitisk handlingsplan for IT i år. Kulturdepartementet har presisert at planen skal danna grunnlag for ”en samordnet utvikling av programvare, informasjonssystemer og språkteknologiske verktøy på norsk språk, både bokmål og nynorsk”. Det er godt sumarnytt, og me ser det som sjølvsagt at det vert nedfelt tindrande klåre krav til den offentlege innkjøpspolitikken i planen.
Nynorskfolk og nynorskvener har mykje å gle seg over. I røynda står nynorsken langt sterkare i dag med sine 15,3 prosent i grunnskulen enn då Noregs Mållag samlast til landsmøte i Bergen i 1946 og statistikken opererte med ein nynorskprosent i folkeskulen som var over dobbelt så høg. Nynorsken står sterkare i dag, kort og godt fordi han har fått eit breiare og djupare feste i nynorskområda og den norske felleskulturen enn han hadde for 50 år sidan. Nynorsken vert meir og meir sjølvsagt. Me høyrer av og til at temperaturen i målstriden ikkje er som før, og det er det mykje i, men grunnen er jo at den opne og organiserte nynorskmotstanden gjer langt mindre av seg. Det er berre siste skanse av riksmålspensjonistar som framleis skriv lesarbrev om dei kulturelle skadeverknadene av nynorsk og dialektar i radio og fjernsyn.
Me nynorskfolk har mykje å gle oss over, men me må vakta oss vel for å bli som vesle lerka, som ”hev det so / at finn ho ein tuve-topp fri for snjo / so kved ho i / med sin gladaste song / – so trur ho på vår / med ein einaste gong”. Den tilsynelatande språkfreden har ei skuggeside, ei farleg skuggeside, og det er likesæla som fylgjer med på lasset. Då snakkar eg ikkje om lokalplanet. Både dei 17 skulemålsrøystingane og mengdene med avisklypp som kjem inn til Skrivarstova tyder på at det er mindre språkfred og likesæle enn på lenge, særleg i dei språkkløyvde områda. Det er ikkje rart – det er her både kvar einskild og lokalsamfunnet som kollektiv vert tvunge til å gjera eit val mellom nynorsk og bokmål.
Då står det verre til i dei såkalla sentrale strok. Det heiter seg at målstriden har gjort nordmenn meir språkmedvitne enn det som er vanleg. Det kan det vera noko i, men det ser ut til at mangelen på språkstrid i hovudstadsmiljøa alt har fått store skadeverknader. I sumar har det kome fram at Noreg er i den internasjonale jumboklassen når det gjeld å spela nasjonale artistar på radioen, i motsetnad til land som Frankrike og Kanada der det jamvel er lovfest at 30-35% av musikken som vert spela på radioen skal vera på nasjonalmåla. Dei siste dagane har det kome tal frå platebransjen som fortel at me ligg på botn når det gjeld platesal av nasjonale artistar òg. Ikkje så rart når dei ikkje vert spela på radioen. På den norske Grand Prix-finalen song ingen på morsmålet sitt i år, så forventningane til unge norske artistar er tindrande klåre: skal du ha nokon sjanse – syng engelsk. Utviklinga fekk i vår Åge Alexandersen til å erklæra seg som målmann. Likevel var det norske tekstar på fem av sju plater av norske artistar som selde til platina i fjor – berre to engelsksyngjande nådde opp. Det fortel oss at det ikkje er folket som har problem med norske tekstar, men dei som vel ut plater på radioen.
Likesæla og mangelen på merksemd kring språk og språkspørsmål er opphavet til mange av dei sakene Noregs Mållag arbeidet med dagleg. 2001 er Det europeiske språkåret etter eit initiativ frå Europarådet der føremålet er å setja søkjelyset på det språklege mangfaldet i Europa og få fleire til å setja pris på det. EU slutta seg til det og har på si side mest oppteken av å bruka året for å få styrkt framandspråksopplæringa i Europa. I Noreg har Utdanningsdepartementet fått ansvaret for gjennomføringa, og i dei norske planane for året, er det framandspråksopplæringa som står i sentrum. Bra tiltak dette, sa me på møte med KUF i juni, for då får me eit framifrå høve både til å få ut kunnskap om den norske språksituasjonen til resten av Europa og å få nordmenn til å sjå den norske målstriden og dialektmangfaldet i eit internasjonalt perspektiv. Jasså, sa Utdanningsdepartementet, det var i og for seg ein interessant tanke, men det hadde ikkje vore i deira tankar at nynorsk og dialektar hadde noko med dette å gjera og at det fanst noko norsk språkmangfald å presentera ut over det som samar og innvandrarar stod for.
Slik kunne ein peika på sak etter sak i årsmeldinga vår der me har måtta engasjera oss, ikkje fordi nynorsken aktivt er valt bort, men gløymt. Kort sagt: Sjølv om målstriden ikkje er like synleg, er dei språklege makttilhøva dei same, og det er dei same strukturane som før som held nynorsken nede og gjer han usynleg.
Språkfreden på riksplan er eit politisk vedtak. Det vart gjort i mai 1970 då Stortinget etter tilråding frå Vogt-komiteen vedtok å ekskludera målspørsmålet frå rikspolitikken og redusera målstriden frå politikk til administrasjon. Og rett skal vera rett – målrørsla har vunne mykje gjennom desse tretti åra og vunne mykje av det som var truga i Vogt-tilrådinga: Nynorske læremiddel i vidaregåande skule, mållova og ei styrking av nynorsken i statstenesta, ei kraftig styrking av nynorsk og dialektar i etermedia, frislepp for dialektane i heile samfunnet, nybygg for Det Norske Teatret i 1985, aukande nynorskbruk i media og næringsliv i nynorskområda, Aasen-tunet. Likevel har det vore ein fred på premissane til bokmålet, som kan styrkja seg i det stille, i kraft av si eiga kjøtvekt. Dette er hovudutfordringa vår det neste tiåret – å atterreisa målspørsmålet som eit rikspolitisk spørsmål og eit emne i den store ålmenta.
Freden må avblåsast og kulturfolk må ut på bana for å hindra at det norske målspørsmålet vert privatisert. Næringslivet og den private medie- og informasjonsindustrien har alltid vore den største bøygen for nynorsken og for språkleg mangfald og nyskaping i det heile. Når det er forventningane frå ein diffus marknad som styrer, tek ein ikkje unødige språklege sjansar. Dei største Oslo-avisene tviheld framleis på bokmålsmonopolet og nektar nynorskskrivande journalistar arbeid med mindre dei byter mål, og dei slepper unna med det. Når høyrde de sist ein sentral mediepolitikar kritisera Oslo-avisene for nynorskforbodet?
Ei rad av dei gamle serviceetatane og forvaltningsbedriftene som har lege under mållova, vert privatiserte eller byrjar å oppføra seg som om dei var det – målet er ikkje lenger å yta tenester til folket, men å produsera tenester for marknaden, som jamt vert kalla ”publikum” for å streka under at det er på sidelina me høyrer heime. Postbanken vart aksjeselskap i fjor, fusjonerte med DnB og gjorde det klårt at dei ikkje lenger ville fylgja mållova sjølv om DnB òg er statseigd. Posten og NSB har prøvd å melda seg ut av mållova på eiga hand, rett nok utan formelt, men med stort reelt hell, og Telenor skal som kjent ein tur på børsen i september.
Ein kan av og til bli sett på den tanken at nynorsken har betre vilkår i heilt private føretak. Danskeigde Fokus Bank har gjort det motsette av Postbanken og styrkt nynorskprofilen monaleg dei siste åra slik at banken no er eit føredøme for dei fleste offentlege etatar. Private Netcom hadde i sumar heilsides lysingar på nynorsk i vestlandsavisene der dei fortalde at dei utvidar dekningsområdet sitt – dei har dermed skaffa seg eit langt større språkleg dekningsområde enn statlege Telenor Mobil. Det er interessant å sjå at Fokus og Netcom gjer andre og heilt sikkert meir edruelege marknadsvurderingar enn gamle statsføretak som framleis er i ein marknadsøkonomisk pubertet. Likevel: Me må aldri godta at målspørsmålet vert redusert frå kulturpolitikk til bedriftsøkonomi. Kulturdepartementet har sett ned ei gruppe som vurderer utviding av verkeområdet for mållova og vil levera tilrådinga si til hausten. Me har to klåre krav til utvalet, regjeringa og Stortinget: Det må knytast sanksjonar til mållova slik at det ikkje lenger er kostnadsfritt å bryta henne, og verkeområdet for lova må utvidast. Det må ikkje lenger vera det minste tvil om at ho femner om alle statleg eigde føretak, òg om det er snakk om delprivatiserte aksjeselskap som Telenor snart vil vera.
I mellomtida kan me gjera vårt, i nyliberalistisk ånd: I september skal Telenor børsnoterast og delprivatiserast, og gjennom ein relativt dyr kampanje kjem det norske folket til å bli bede om å sikra seg sin del av arvesylvet. Det bør me òg gjera. Alle nynorskfolk vert med dette oppmoda om å kjøpa seg ein aksje kvar i Telenor og møta opp på generalforsamlingane for å sikra at Telenor òg vert eit telekomselskap for nynorskfolk. Tormod Hermansen vart teken opp som medlem i Ølve Mållag i vår, så me skulle ha gode allierte.
Krava våre stoggar ikkje der, og her skal Ellen Horn få ein ide, heilt gratis, som vil vera med på å setja språk og språkspørsmål på den store saklista 30 år etter at Vogt-komiteen la det daudt: Lag ei språkleg maktutgreiing som ikkje avgrensar seg til målbruk i statstenesta, men analyserer språkbruk og språklege makttilhøve i heile det norske samfunnet. Det må vera ei utgreiing som både går inn på tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, dialektbruken, presset frå engelsk og vilkår for gamle og nye minoritetsmål, og som ser Noreg i internasjonalt ljos opp mot dei store samfunnsendringane som er på gang. Det må vera ei utgreiing som ser på den aukande private språkmakta, og framfor alt må ho formulera ein politikk for å ta vare på heile det norske språkmangfaldet. Me hjelper gjerne til – me har alt vår eiga maktutgreiing på gang – Målreising 2005. Tida er den rette – neste år er det både Garborg-år og europeisk språkår.
Når nynorsken og målrørsla har greidd seg så godt den siste generasjonen, er det fordi me aldri har stolt einsidig på at staten ville ordna opp. Dette står slett ikkje i motstrid til å stilla klårare krav til politikarane. Dataaksjonen det siste halvåret har demonstrert enno ein gong at det er fyrst når målrørsla går inn i ei sak samla og med folkeleg mobilisering at me kan ha von om gjennomslag i store og viktige saker.
I lokallaga råkar eg svært mange dyktige og ihuga målfolk som legg ned eit stort arbeid for nynorsken på fritida. Den store styrken til målrørsla er ikkje oss sju som får betalt for jobben, men dei fleire tusen aktivistane, organisasjonsfolka, kaffikokarane og kulturpersonlegdomane. Samstundes har eg sett ein god del mismot og litt for lite optimisme og offensiv tenking, og ein gjennomsnittsalder som vil vera eit problem om ti år dersom han då har auka med ti år. Her ligg den store utfordringa for Noregs Mållag som organisasjon det neste tiåret.
Me treng meir ei meir pågåande haldning. Ivar Aasen har skrive mykje klokt. Men sjølv om det var Aasen som skreiv ”Ver nøgder med Luten din, um han er no ring, / og tenk deg, at ditt er da besta”, så er ikkje dette nødvendigvis eit bra slagord for målarbeidet. Bokmålsfolket tenkjer ikkje slik. Dei går på, krev røysting og tapar, så prøver dei att etter fem år, og tapar dei då, vinn dei kanskje tredje eller fjerde gongen. Denne tenkinga finn ein mest ikkje hjå målfolket. På 80- og 90-talet gjekk vel 60 skulekrinsar over frå nynorsk til bokmål – kvifor lar me dei få vera i fred? På felt etter felt ser me at me tenkjer for smått. Me skal vita å gle oss over alle små framsteg og sigrar, men me skal vakta oss mot å vera nøgd med lite.
For det framifrå arbeidet og dei gode resultata som mange lag kan leggja fram, viser oss at nynorsken har eit stort potensiale. Nynorsken har vener langt utover dei rekkjene som sjølv har nynorsk som fyrstespråk, både i kraft av dei kulturelle verdiane som er skapte gjennom 150 års målreising, og gjennom den kulturreisinga som nynorsken er ein del av. I periodar har me hatt ein tendens til å sjå målreisinga i eit unødvendig snevert filologisk og pedagogisk perspektiv. Me har hatt ei tru på at likskapane mellom dialektane og nynorsken i seg sjølv har vore nok til å få folk rekna nynorsk som deira språk. Ei sak er det no at dei store talemålsendringane på Austlandet ein del stader ikkje gjer det like sjølvsagt som før at nynorsken ligg mykje nærare dialekten enn bokmålet, iallfall ikkje så mykje nærare at det er noko folk ser grunn til å leggja vekt på. Det viktige er likevel at språkval er så mykje meir enn eit val mellom ulike ord og lydar – det er i fyrste rekkje eit kulturelt val og eit politisk val.
Ein av dei djupaste grunntankane i målreisinga har alltid vore at den kulturskapinga som har funne stad mellom vanlege folk i norske lokalsamfunn opp gjennom historia har eit like stort verd som den importerte dansk-norske overklassekulturen eller andre lånte fjører, og at denne kulturskapinga med eit folkeleg, nasjonalt og landsfemnande ankerfeste er det beste grunnlaget å byggja nasjonalkulturen og skriftmålet på. Nynorsken har på ein eineståande måte knytt banda mellom det lokale, det nasjonale og det globale ved å reisa ein alternativ danningstradisjon og riva ned det kulturelle hegemoniet til hovudstadseliten. Dette kulturelle perspektivet har vore vel så viktig som det reint lingvistiske. Når østfoldingar i dag stort sett kan tala sitt eige mål utan å skjemmast sjølv om dei aldri har skrive nynorsk i Østfold, er det fordi den nynorske målreisinga har greidd å hindra den totale språklege og kulturelle bokmålskoloniseringa av landet.
Dette er eit program med sprengkraft, men òg med mange parallellar i den gryande internasjonale reisinga mot den sentraliseringa og einsrettinga som fylgjer med den negative sida av globaliseringa. Ein del av dette er den aukande interessa for det lokale som har fått forskarar til å tala om ein ny ”lokalisme”. Eit aktuelt uttrykk her til lands er dei stadig fleire festivalane og spela der lokale eldsjeler viser oss at den kulturelle dugnadsånda ikkje var daud likevel. Ein av dei mest vellukka til no i sumar har vore den samiske Riddu Riddu-festivalen i Kåfjord som er med på å visa ein annan internasjonal tendens: Det er eit gledeleg aukande medvit kring dei undertrykte språka. I Zimbabwe har målreisinga etter Aasen-modellen gått over all forventning det siste tiåret, og på Korsika vann dei nyleg større rom for korsikansk i skulen i ein avtale med Frankrike som òg sikrar større politisk sjølvstyre. Motkreftene kjenner me òg att: Vaktarane av den franske einskapen er djupt uroa over Korsika-avtala. Ordføraren i Kåfjord skjønar ikkje kvifor det er så viktig med samisk når alle skjønar norsk, og Oslo-avisene – dei med nynorskforbod og uklåre bilete av Mette-Marit – fann ingen grunn til å dekkja ein av dei fem største og mest internasjonalt orienterte festivalane i Noreg, Folkemusikkfestivalen i Førde.
Kort sagt: Målreisinga og Noregs Mållag som kulturpolitisk kamporganisasjon har ei større oppgåve enn på lenge og har truleg fleire potensielle vener og støttespelarar enn på lenge.
Som dei fleste andre ideelle, tradisjonsrike og tunge organisasjonar, står Noregs Mållag overfor ei stor utfordring når det gjeld rekrutteringa: Det komande tiåret må ein ny generasjon rekrutterast til målarbeid. Det har vorte oppsummert fleire gonger tidlegare at generasjonen mellom 30 og 45 er underrepresentert i organisasjonen. To generasjonar har i mange år vore aktive og berande i Noregs Mållag som i mange andre organisasjonar: Dei som har nådd eller straks vil nå pensjonsalderen, og 50-åringane – 70-talsgenerasjonen. Det er på grunn av dykk me kan slå fast at nynorsken har styrkt seg dei siste 30 åra. Aasen-tunet står der som ei førebels krone på verket, og eg veit sant og seia ikkje kor mange lagsmøte og kulturkveldar som hadde vorte haldne om me ikkje hadde hatt ein stor og aktiv skare av pensjonistar.
De fortener selskap av ein ny generasjon, og eg trur òg ein tilførsel av ein del ungdomleg overmot kunne gjort seg bra i mange lag. Det er difor svært gledeleg å sjå at den nye generasjonen, 30-åringane, faktisk er på veg inn i mange mållag og fylkeslag. Det heng saman med at me stadig vervar fleire medlemer. I heile 1999 melde 775 nye medlemer seg inn i Noregs Mållag, mot 691 i 1998 og 566 i 1997, så dette går rette vegen. Saman med eit titals nyskipa og oppattskipa lag fortel dette at Noregs Mållag er ein organisasjon i framgang, mykje takk vera den lokale verveaktiviteten. Dette er såleis snakk om å forsterka den gode tendensen me alt ser med å verva fleire medlemer og å få tak i og sleppa til dei unge. Berre på den måten kan me føra vidare Noregs Mållag som ei lokalt tufta folkerørsle, og det er fyrst og fremst det me treng. Det er framleis på lokalplanet valet mellom nynorsk og bokmål vert teke, og det er gjennom lokallaga me kjem i kontakt med dei me vil nå fram til. Difor er styrkinga av grunnorganisasjonen ei sentral og viktig sak på dette landsmøtet.
Eg vonar de alle blir med på å gjera dette til tre minnerike, konstruktive og inspirerande måldagar i Bergen slik at me kan møtast att om eit år, endå sterkare. Nynorsken har det bra, men greier seg ikkje utan dykk.
Og blir det ikkje liv før, tenkjer eg det blir det når me skal diskutera årspengane.
Godt landsmøte!