Hoel, Oddmund L. (2006). Utsendingar frå Sogn og Fjordane på Målmannsstemna 1906. Kjelda (3), 26-27. [Nettutgåve, Fylkesarkivet]
Det er noko tilfeldig at Noregs Mållag har eit 100-årsjubileum å feira i år. Skipinga av eit landslag stod ikkje på saklista til den store målmannsstemna som vart halden i Oslo 3.-5. februar 1906. Initiativtakarane ville eigenleg berre få i stand eit representativt møte av målfolk som kunne forma ut eit målprogram på vegne av målfolket dagen før landsmøtet i Venstre, som tok til i Oslo 5. februar. Skipinga av eit landslag kom som eit benkeframlegg ein sein nattetime på stemna frå bladstyraren i Gula Tidend i Bergen, Johannes Lavik.
Utsendingane tenkte seg nok såleis ikkje kva for ei historisk hending som stod for døra då dei drog til Turnhallen i Oslo og var kanskje ikkje klare over det då dei drog heim att heller. Heilt sikre er me ikkje på kven som var til stades på stemna, for nokon offisiell protokoll ligg ikkje føre. Det skulle enno ta mest ti år før Noregs Mållag kom skikkeleg i drift. Men held ein saman listene over påmelde utsendingar som vart prenta i Den 17de Mai omkring stemna og namna på dei som tok ordet etter avisreferata og dei handskrivne referata, får me ei liste på 138 namn som truleg er nokolunde komplett.
Dei som har skrive om stemna, har slege fast at ho var austlandsdominert, og det er ikkje til å undrast over. Innkallinga var prenta i Den 17de Mai med under tre vekers varsel. Dette var midtvinters og før det var jarnbanesamband frå Oslo til Bergen og Trondheim. Heile 75 prosent av utsendingane var såleis busette på Austlandet. Frå dei fire vestlandsfylka møtte 14 utsendingar, frå Trøndelag og Nord-Noreg til saman berre ti. Tre av utsendingane var busette i Sogn og Fjordane. Dei tre sterkaste fylka på statistikken var Oslo (23 utsendingar), Hedmark (19) og Akershus (16)
Ser me derimot på kvar utsendingane var fødde, blir biletet eit heilt anna. Eg har til no identifisert fødestaden til 112 av utsendingane. Etter dette ”etniske” kriteriet blir Sogn og Fjordane det klårt best representerte fylket med 18 utsendingar. Deretter kjem Møre og Romsdal (12), Hordaland (10) og Aust-Agder (10). Det som skulle visa seg å bli kjerneområdet for nynorsken, teikna seg altså av alt på utsendingslista til målmannsstemna i 1906.
Dei tre utsendingane med fast bustad i Sogn og Fjordane, var:
- Stortingsmann og lærar Anfinn Refsdal (1839-1920) frå Vik maallag
- Handelsmann Jens Mo (f. 1877) frå Lærdals maallag
- Lærar Matias Glomnes (f. 1869) frå Uppstryn maallag
I tillegg møtte altså 15 utsendingar som var fødde i Sogn og Fjordane, men budde utanfor fylket i 1906:
- Kyrkjesongar Jørgen Midttun (f. 1855), Øyestad, repr. Aust-Agder ungdomslag, fødd i Eivindvik
- Lærar Sigvat Øygard (f. 1867), Gran i Oppland, fødd i Balestrand
- Lærar Olav Mundal (f. 1866), Sarpsborg, repr. Austfoldlaget, fødd i Balestrand
- Lærar Sigurd Nesse (1852-1955), Eidsvoll i Akershus, fødd i Vik
- Student Ivar Midlang (f. 1882), repr. Studentmaallaget i Oslo, fødd i Vik
- Lærar Nils Tryti (f. 1869), Svelvik i Vestfold, fødd i Vik
- Lærar Botolf Ohnstad (f. 1877), Kristiansand, fødd i Aurland
- Lærar Jens Hæreid (f. 1867), Oslo, fødd i Årdal
- Ivar Nesse (f. 1881), repr. Akershuslaget, fødd i Sogndal [usikker identifikasjon]
- Marius Joleik (f. 1884), repr. Fjørtoftlaget i Oslo, frå Florø
- Student Anders Hamre (1878-1934), repr. Studentmaallaget i Oslo, fødd i Naustdal
- Gardbrukar Karl Gjelsvik (f. 1868), Jessheim, repr. Akershuslaget, fødd i Vevring
- Dosent Nikolaus Gjelsvik (1866-1938), repr. Det norske samlaget i Oslo, fødd i Vevring
- Lærar Lars Eldevik (f. 1860), Nes i Hedmark, repr. Austmannalaget, fødd i Davik
- Skulestyrar Henrik Kaarstad (1856-1927), Volda, repr. Møre og rauma maallag, fødd i Innvik
Av dei 18 var det såleis heile elleve sogningar, av dei fire frå Vik, og vidare fire sunnfjordingar og tre nordfjordingar. Dei største nynorske ’kjendisane’ på lista var Nikolaus Gjelsvik, som var heilt sentral i målmiljøet i hovudstaden, Anfinn Refsdal og Henrik Kaarstad. Dessutan kom Anders Hamre til å få ein svært sentral posisjon i nynorskverda som redaktør for riksavisa Den 17de Mai 1916-27. Lista illustrerer elles at lærarar frå Sogn og Fjordane, som frå resten av Vestlandet, spela ei viktig rolle i den lokale norskdomsrørsla i andre delar av landet.
Ein del utsendingar har eg altså ikkje identifisert med fødselsår og fødestad etter nokre raske søk i oppslagsverk og folketeljingar. Det er ikkje urimeleg om det løyner seg endå fleire frå Sogn og Fjordane her, og dei fleste kan nok raskt identifiserast om ein har dei rette bygdebøkene for handa. Dei uidentifiserte er:
- Frå Kristiansund: bladstyrar Nisja
- Frå Larvik: lærar Thorvik [kanskje Ole, f. 1832, frå Volda?]
- Frå ’Litlehamar’: kjøpmann Einar Lunde
- Frå Lommedalen (Akershus): Hans Tasserud og Kristen Haugen
- Frå Sandefjord: kæmner Hansen
- Frå ’Skonevik’ (Skånevik i Hordaland): lærar Tveit
- Frå Treungen (Telemark): Olav H. Grova
- Frå Fet ungdomslag (Akershus): kyrkjesongar A. A. Musum
- Frå Gjerstad maallag (Aust-Agder): gardbrukar Tor Mo
- Frå Miklagilde (Oslo): Jonas Vatne og Knut Kjorstad
- Frå Maallaget ’Heimatt’ (Fredrikstad): lærar Kristiansen
- Frå Maallaget Hamar: lærar C. Bjørva
- Frå Maallaget paa lærarskulen, Hamar: Einar Aasen, Laura Blekan, Alv Grini og Anders Ruden
- Frå Maallaget ved lærarskulen, Levanger: N. Neraas, frk. Longva
- Frå Ungdomslaget ”Vegard” (Vegårdshei, Aust-Agder): gardbrukar Olav Vaage
- Frå Ungdomslaget Heimdal (Ytre Vinje, Telemark): J. Vinge, lærar Hylland
- Frå Vestfoldlaget: lærar Per Brekke (Holmestrand)
Underskrivne og fylkesarkivet tek gjerne imot fleire opplysningar både om dei som me sikkert veit at kom frå Sogn og Fjordane og dei med ukjend bakgrunn.
Litteratur
Då Noregs Mållag vart skipa. Referat frå Målmannsstemna 4.–5. februar 1906. Ved Oddmund L. Hoel. Noregs Mållag. Oslo 1906. (Fullstendig utsendingsliste s. 93-105.) [fulltekst]