Grisgrendtfylket

Det er på høg tid å bli mindre oppteken av folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. I utviklingsdebattane i fylket er folketal det hardaste argumentet. Nedgangen må snuast, og Sogn og Fjordane må helst veksa like raskt som dei andre vestlandsfylka. Mellom tiltaka er tung satsing på kysten, for der finn ein jo vekstmotorane i dei andre vestlandsfylka, og tung satsing på regionsentra (gjerne byar). Tida er over for grisgrendtsatsing.

For all del: Folketal er viktig. Folketal er kjøtvekt i den nasjonale politikken, og særleg viktig er det å demma opp mot at dei som tek akademisk utdanning flytter frå fylket for godt, i ei tid då større og større delar av ungdomskulla tek utdanning.

Det er likevel eit problem for utviklingsdebatten at ein lukkar augo både for særpreget til Sogn og Fjordane i dag og for dei lange historiske utviklingsdraga som har forma fylket. Det er meiningslaust å samanlikna seg med dei andre vestlandsfylka. Hordaland har Noregs nest største by som vekstmotor. Rogaland er det fylket i landet som sidan 1970 har hatt den største prosentvise folketalsauken (60 %), sjølvsagt på grunn av olje og gass. Stavanger og Sandnes i hop har forlengst passert Trondheim som Noregs tredje største tettstad etter SSB sine kriterium. I nord finn me stor-Ålesund på 11-plass på den same ’tettstad’-lista, attåt to andre byar i same fylke. (Wiki | SSB)

Sogn og Fjordane er grisgrendtfylket på ein delt fyrsteplas med Hedmark og Oppland, som alle har 44 prosent av innbyggjarane sine i spreiddbygde strok etter SSB sin definisjon (2009). På ein god fjerdeplass kjem Nord-Trøndelag med 42 prosent (landssnittet er 21 prosent). Slik sett er dette dei fylka som liknar mest på vårt. Men i Hedmark-Oppland har kjerneaksen Lillehammer-Ringsaker-Hamar-Gjøvik meir folk enn heile Sogn og Fjordane. Vekstmotoren i Nord-Trøndelag er Stjørdal, 3 mil frå Trondheim, som i 2009 passerte Steinkjer som den mest folkerike kommune i fylket (21 350).

Sogn og Fjordane liknar altså eigentleg ikkje på noko anna fylke. Det kan ein jo sutra over, særleg sidan dei norske statistikkane berre er variasjonar over eit velkjent tema: Urbaniseringa og sentraliseringa går sin gang, globalt som nasjonalt og lokalt, og i Noreg har det no vore slik i 200 år. I perioden 1990-2009 hadde alle fylke folketalsnedgang i spreiddbygde og folketalsoppgang i tettbygde strok (minus Finnmark som også gjekk ørlitegrann ned i dei tettbygde). Det er ingen som har ”skulda” for at Sogn og Fjordane ser slik ut, og aller minst nolevande politikarar. Det er eit resultat av strukturelle prosessar over mange hundre år som i stor mon kan forklarast med naturgjevne tilhøve.

Kva gjer ein så med dette? Ynskedraumen til ein del fylkesdebattantar ser ut til å vera at Sogn og Fjordane skal bli eit normalt norsk fylke gjennom satsing på ein eller ei handfull byar/tettstader, i von om at dette vert vekstmotorar som skapar ein sterkare folketalsvekst. Til det er det berre å slå fast at ein er minst 150 år for seint ute. Dei byjubilerande florøværingane skal iallfall ha det at dei prøvde, sjølv om dei mislukkast. Dei byane og tettstadene som er vekstmotorar som monar, er anten byar grunnlagde ein gong mellom 871 og 1600-talet, til naud på 1800-talet, eller tettstader i nærleiken av gamle byar.

Ein kan fyrst som sist leggja vekk den historielause draumen om Fylkesbyen. Dei spreiddbygde områda har altfor mange folk og er altfor viktige for fylket samla sett til at ei einsidig satsing på dei temmeleg puslete regionsentra våre kan føre fram. Tvert om vil det vere ei sikker oppskrift på fråflytting både frå bygdene og frå fylket. Det finst ingen veg utanom ei balansert satsing både på dei tettbygde og spreiddbygde stroka i fylket om målet framleis skal vere folketalsauke. Ein god start kan vera å slutta å klaga over at Sogn og Fjordane har den folkesetnadsstrukturen det har og heller ta utgangspunkt i det fylket faktisk er og alltid kjem til å vera: grisgrendtfylke nummer ein.

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.