1814 i Sogn (fleire artiklar 2014)

1814-bok omslagHovudpublikasjon

Hoel, Oddmund L. (2014). Dei fyrste valmenn og røysteføre i Sogn med vekt på Jostedalen og Luster. I Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel (red.), Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (s. 397–427). Oslo: Novus forlag.

Pdf-ikonFulltekst

Artikkelen tek føre seg korleis bededagen med vala til riksforsamlinga 18. mars 1814 vart gjennomført i Sogn. Granskinga vert konsentrert om prestegjelda Luster og Jostedalen og til ein viss grad Hafslo i Indre Sogn. Det vert deretter gjeve ei framstilling av konfliktar og politiske prosessar som kan ha verka inn på valmannsvalet våren 1814. Luster var eit tidleg sentrum for haugianarane i Sogn, og haugianarane var sterkt medverkande både i reine allmugeinitiativ og i embetsmannsinitiativ i åra før 1814 som hadde som mål å styrkja opplysningsnivå og næringsutvikling. Artikkelen kan by på ei meir omfattande framstilling av det politiske miljøet i Luster kring 1814 enn tidlegare og argumenterer for at konflikten mellom sokneprest Edvard Qvale og dei leiande haugianarane må ha spela inn i valet til riksforsamlinga. I det vesle prestegjeldet Jostedalen gjorde ei anna konflikt seg etter alt å døma gjeldande då prestegjeldet valde to bønder og ikkje soknepresten som valmenn, nemleg ein rettsprosess der soknepresten hadde meldt fleire representantar for det fremste allmugesjiktet for «uordener» (festing og kortspel) i kjølvatnet av ein auksjon. Til slutt vert det analysert kven som skaffa seg røysterett i Jostedalen i åra etter 1814, og det vert rekna ut kor stor del av alle vaksne menn som hadde tilgang til og som skaffa seg røysterett.

Innleiinga i boka (s. 9–48) er skriven i samarbeid av dei tre redaktørane og gjev ei innføring i dei storpolitiske hendingane kring 1814 og retningslinene for vala til riksforsamlinga. Innleiinga oppsummerer og analyserer dessutan funna i artiklane i boka.

Artikkelen og boka er vorten til innanfor prosjektet «Det lokale, 1814 og Grunnlova. studiar frå Nordvestlandet og Telemark» (2011–2014).

Andre artiklar med utgangspunkt i boka (2014)

  • Vala til riksforsamlinga 1814 i Sogn og haugianarane i Luster. Årbok for Sogn, 2014, s. 24–43. [fulltekst]– Noko grundigare enn bokartikkelen om haugianismen i Luster.
  • 1814: Val til riksforsamlinga og «uordener» i Kroken. Jostedal skule- og bygdeavis, 2014 (nr. 58), s. 92–95. [fulltekst] – Grundigare enn bokartikkelen om konflikten mellom soknepresten nokre framståande allmugemenn.
  • 1814 – det mirakuløse året i Lavik prestegjeld (i lag med Anders Timberlid). Årbok Høyanger, 2014, s. 78–85.
  • Bededagen i 1814 – ein studie i opprør (i lag med Anders Timberlid), kronikk i Firda (18.3.2014), Firdaposten (18.3.), Sogn Avis (19.3.), Firda Tidend (19.3.2014) og Ytre Sogn (25.3.2014). – Følgt opp med debattinnlegg i Sogn Avis 31.3.2014. [fulltekst, kronikken]

Føredrag med utgangspunkt i boka (2014)

  • 1814 sett frå Nordre Bergenhus. Upublisert førelesing for Senioruniversitetet i Førde, 12.11.2014. [presentasjon]
  • Luster i 1814. Upublisert laurdagsføredrag på Luster bibliotek, 8.11.2014.
  • Året 1814 i Sogn. Upublisert føredrag på 1814-seminar i Lærdal kulturhus 19. juni 2014. Arr: 1814-nemnda i Lærdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane. [presentasjon]
  • Intervju på ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane 16. juni  2014.
  • 1814 i Jostedalen: val til Eidsvoll, ein auksjon i Kroken og ein oppfarande prest. Upublisert føredrag på Grunnlovskveld i Berget, Jostedalen, 12. juni 2014. Arr: Jostedal historielag, Jostedal helselag, Folkeakademiet i Luster og Luster bibliotek.
  • Presentasjon av boka på bokkaféen til HiSF-biblioteket, 12. juni 2014.

Omtaler/medieoppslag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *