Militærpolitikk framfor målsak (Dag og Tid 2011)

Artikkel i Dag og Tid, 4. mars 2011.

Sjå Mål og modernisering 1868-1940 for referansar. Ein lengre versjon er prenta i Arbeiderhistorie 2013 med tittelen «Tilhøvet mellom målrørsla og Arbeidarpartiet 1890-1940«.

Pdf-ikon Dag og Tid-oppslaget (med intervju)

Ved inngangen til 1900-talet stod målrørsla og arbeidarrørsla nærare einannan enn ein ofte får inntrykk av. Men den militærpolitiske aktivismen til målrørsla kom i vegen.

Framstillingar av tilhøvet mellom arbeidarreisinga og målreisinga legg gjerne vekt på arbeidarrørsla si likesæle til målspørsmålet. Arbeidarpartiet (DNA) hadde fram til 1930-åra ei erklært språkpolitisk nøytralitetsline, uttrykt av Torgeir Vraa i Stortinget i oktober 1906 med dei legendariske orda: ”Enten gryta skal skrives ’gryta’ eller gryden med ’d’ eller gryten med ’t’, er det dette, som er en hovedting, en stor sag? Jeg er maalmand forsaavidt, men jeg synes, at der utvilsomt er en større sag, om det norske folk kunde have nok mad i ’gryta si’, end hvordan ordet skrives.”

Motsetnaden mellom målreising og arbeidarreising fell òg ofte lett i augo. Den mest profilerte politikaren til DNA etter at partiet kom inn på Stortinget i 1903 var ein riksmålsmann. Alfred Eriksen vart seinare formann i Riksmålsforbundet og vart ekskludert frå DNA i 1912 på grunn av riksmålsaktivismen. Lokalt var det gjerne konfliktar mellom konservative nynorskbønder og sosialistiske riksmålsarbeidarar. Legg ein til avstanden mellom ein internasjonal sosialisme og ein nynorsk kulturnasjonalisme, står det fram som sjølvsagt at tilhøvet mellom dei to rørslene aldri kunne bli særleg godt.

Godt tilhøve
Situasjonen var likevel meir open mellom dei to rørslene enn ein ofte kan få inntrykk av, særleg kring 1905, og iallfall om ein held seg til elitenivået i målrørsla og DNA. Leiande målfolk hadde sidan 1880-åra vore å finna i den mest radikale fløya i Venstre, og innslaget av målfolk i arbeidarsamfunnsrørsla var stort. Den leiande målavisa og Venstre-avisa Den 17de Mai (1894) plasserte seg i mange saker på dei sosiale og økonomiske felta (som åttetimarsdagen) i grenselandet mellom Venstre/Arbeidardemokratane og det framveksande DNA.

DNA var på si side i realiteten eit støtteparti for målsaka bak den proklamerte nøytralitetslina. På oppropet for målmannsstemna på nyåret 1906 der Noreg Mållag (NM) vart skipa, finn me tre av dei fem stortingsrepresentantane som då sokna til DNA. Dei var alle nordnorske og kom såleis langt frå kjerneområdet til målrørsla. Sentrale miljø i målrørsla og DNA hadde funne saman i kampen for republikk hausten 1905, og i 1907 var seks av sju DNA-representantar med på vedtaket om obligatorisk sidemålsprøve i gymnaset. Berre Eriksen røysta imot, og jamvel ikkje Venstre si stortingsgruppe slutta så mannjamt opp om vedtaket. Dei to mest målvenlege DNA-representantane var den nemnde Torgeir Vraa frå Drammen, med skule- og venstrebakgrunn, og sameaktivisten Isak Saba frå Aust-Finnmark. På lærarseminaret i Tromsø hadde Saba fått augo opp for fellestrekka mellom den nynorske og samiske målreisinga.

Samstundes fanst òg ei markant riksmålsfløy i DNA med Eriksen som fremste talsmann. Den offisielle nøytralitetslina i målspørsmålet, som Vraa òg agiterte for, må i denne samanhengen ikkje forståast som eit uttrykk for likesæle, men det stikk motsette: Ei frykt for at det latente språkengasjementet i partiet kunne koma til å dominera framfor andre og viktigare saker og i verste fall kløyva partiet om det vart sleppt fritt.

Fredssauer og fredsvener
Dei største konfrontasjonane mellom målrørsla og DNA galdt ikkje språk, men militærvesen. Ein kan følgja ein sterk militærpolitisk aktivisme i leiande miljø i målrørsla frå folkevæpningsrørsla i 1880-åra gjennom opprustinga mot Sverige i 1890-åra, opposisjonen mot Karlstad-forliket hausten 1905 og til opprustinga fram mot fyrste verdskrigen.

DNA tok på landsmøtet i april 1906 eit oppgjer med sin eigen Karlstad-opposisjon, og folkevæpningslina vart no erstatta med kravet om ”Militarismens afskaffelse”. Målrørsla omdefinerte derimot den gamle folkevæpningslina til varm støtte til det eksisterande kaderbaserte militærvesenet. Den store unionsradikale Venstre-helten frå 1905, oberst og tidlegare forsvarsminister Georg Stang, fann sine sterkaste støttespelarar i norskdomsrørsla, og i valkampen 1906 kvitterte han med varm støtte til målsaka. Då Stang brått døydde i 1907, var det Noregs Ungdomslag (NU) som kosta gravferda og gravmonumentet på Vår Frelsers Gravlund. Dei neste åra hadde NU og Norges Forsvarsforening eit omfattande samarbeid.

Tilhøvet mellom målrørsla og arbeidarrørsla vart for alvor sett på prøve då krigsskyene drog seg til over Europa. For arbeidarrørsla vart avrusting ei stadig viktigare mobiliseringssak. Same dag som Stortinget vedtok den nye flòteplanen i 1912, demonstrerte meir enn 30 000 i hovudstaden.

Dei leiande målfolka tok no fram det grove skytset mot DNA. Klaus Sletten skreiv i 1915 at ”Sume stader hev avvæpningsmennerne – som rett er – meldt seg ut or [ungdoms]lagi. Andre stader – men det er i eit faatal av lagi – hev dei fenge fleirtalet paa si sida og meldt lagi ut or samskipnaden. Det er ogso rett.” Den politiske hovudmotsetnaden for leiande målfolk som Nikolaus Gjelsvik og Sletten gjekk no mellom ”fredssauerne”, som ville ha avvæpning, og ”fredsvenerne”, som ville ha opprusting. Riksmaals-Bladet let ikkje sjansen gå frå seg og melde at ”maalfolket (lederne)” er ”militærgalne” og at ”militarismens udvikling er en av deres store saker”. Gjennom desse åra sende ikkje mållaget ein gong valprogrammet sitt til DNA, slik dei heller ikkje gjorde til riksmålspartiet Høgre.

Snuoperasjon
Etter fyrste verdskrigen kom dei leiande målfolka brått på andre tankar. Dette vart eit tidsskilje i synet på krig og militærmakt i heile den vestlege verda, og målrørsla var ikkje noko unntak. Men det som verkeleg fekk målrørsla på glid, var den store framgangen til DNA i stortingsvalet hausten 1918. Etter at Venstre frå 1909 kunne styra med Gunnar Knudsens fleirtalsregjering, var ikkje målrørsla avhengig av dei andre partia på Stortinget. Det endra seg brått i 1918. Skrivar (generalsekretær) i NM og NU, yrkesoffiseren Edvard Os, hadde eit par år før vore med på å erklæra DNA som den politiske hovudmotstandaren til målrørsla. På årsmøtet i NM i januar 1919 hadde pipa fått ein annan lyd. Mykje var vunne, meinte Os,  ”um ein i nær framtid kunde få socialistdagblad på norsk. For den norske målreisingi har vore og er ei sak for arbeidarar og bønder, for det samla demokrati i landet.” Dette innleidde ein større sjarmoffensiv mot arbeidarrørsla der målsak og arbeidarsak var hovudemne på mållagsårsmøta 1920, 1921 og 1922 med innleiingar av sentrale DNA-folk.

Det mest framståande uttrykket for lineskiftet var valet av sosialdemokraten Halvdan Koht til formann i NM 1921-25. I  1921 gav han ut det kjende programskriftet Arbeidarreising og målspørsmål på oppdrag frå DNA-leiinga. Same året kom nynorskutgåva av Det kommunistiske manifestet, omsett av typografen og fagforeiningsleiaren August Bosse. Manifestet vart marknadsført og seld av skrivarstova til antikommunisten Os. Ein fann på denne tida ei rekkje folk med sympatiar for målsaka sentralt i dei tre arbeidarpartia, som Olav Schefloe, Martin Tranmæl, Reinert Torgeirson (sjef i DNAs forlag), skulepolitikarane Johan Gjøstein og Per Kviberg, stortingspresident Anders Buen, og yngre folk som Kaare Fostervoll og Klaus Sunnanå.

Målrørsla fekk DNA med på å innføra Nidaros-namnet i 1929, men i 1931 gjekk partiet tilbake på vedtaket til store protestar frå målfolket. 1938-rettskrivinga stadfeste at DNA i motsetnad til Venstre gjekk sine eigne vegar i målspørsmålet og ikkje let seg diktera av målrørsla. Det er ei rekkje årsaker til at tilhøvet mellom målrørsla og DNA aldri vart meir fortruleg, men det er liten tvil om at den militærpolitiske aktivismen til målrørsla er ein viktig del av forklaringa.

2 Responses to Militærpolitikk framfor målsak (Dag og Tid 2011)

  1. Sosialisten says:

    Interesant lesnad. Det er kan hende omtala nærare i boka, men Grønlandssaka må då òg ha skapt konfliktar mellom målrørsla og arbeidarrørsla i 30-åra?

  2. Oddmund says:

    Takk for kommentar! Eg har ikkje inntrykk av at grønlandssaka skapte så mykje problem mellom målrørsla og arbeidarrørsla. I kapitlet mitt om grønlandssaka i boka (s. 341-349) har eg ikkje gått inn på tilhøvet til arbeidarrørsla, men dette kan kort nemnast: Den mest intense grønlandsagitasjonen i målrørsla/ungdomsrørsla var 1923-24 då det var strid mellom Danmark og Noreg. På dette tidspunktet var det brei støtte til den norske forhandlingsposisjonen i det norske samfunnet. Men då dei to statane vart samde om Austgrønlandstraktaten i 1924, var det slutt på den breie semja om saka, også i målrørsla. Etter dette var Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag aldri aktive i saka. Dei vestlandske målorganisasjonane heldt framleis saka varm, men korkje den organiserte motstanden mot austgrønlandstraktaten eller okkupasjonen av Myggbukta i 1931 fekk nokon bre støtte frå målrørsla. Slik sett hadde ikkje arbeidarrørsla all verda å hissa seg opp over. Men her er det definitivt meir som kan seiast.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *