Tilhøvet mellom målrørsla og Arbeidarpartiet 1890-1940 (Arbeiderhistorie 2013)

Arbeiderhistorie2013Hoel, Oddmund L. (2013). Tilhøvet mellom målrørsla og Arbeidarpartiet 1890-1940. Arbeiderhistorie. Årbok for arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, 41-59.

Artikkelen tek føre seg tilhøvet mellom leiinga i målrørsla og arbeidarrørsla med vekt på Arbeidarpartiet. Perioden frå kring 1890 til 1940 femner om tiåra då både målrørsla og Arbeidarpartiet vart landsfemnande fenomen, var i sterk vekst og vart maktfaktorar i samfunnet. Artikkelen stiller seg kritisk til tidlegare påstandar om at Arbeidarpartiet stilte seg nøytral og jamvel likesæl til målspørsmålet. Sjølv om partiet offisielt fylgde ei nøytralitetsline til 1930-åra, var partiet i praktisk politikk eit støtteparti for målsaka. Tilhøvet til leiinga i målrørsla var derimot svært skiftande i ulike fasar i perioden.

Artikkelen byggjer i stor grad på stoff frå doktoravhandlinga mi, publisert som Mål og modernisering 1868-1940. Norsk målreising 2 (2011). Tidlegare versjonar av artikkelen:
* Militærpolitikk framfor målsak, Dag og Tid 4.3.2011 (kort versjon)
* Militærpolitikken sin innverknad på tilhøvet mellom arbeidarrørsla og målrørsla frå 1890-åra til kring 1920,  innlegg på arbeidarhistoriesesjonen under Norske historiedagar i Bodø 4.5.2012

Omtale hjå Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *