Skitur – Bjønnstegane 30. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentarGlitrande skiføre på laurdag, iallfall opp til fyrste brua som var så langt me kom oss. Når far i huset legg att pulkdraget er det fint at mor hugsar beremeisen. Ho har elles sagt det som treng seiast om siste skituren.
Kronerulling mot rovdyrplaga 27. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen, Politikk | skriv ein kommentarSom dei fleste også utanfor Jostedalen fekk med seg, gjekk det føre seg her i fjor sommar då bamsefar var på vitjing.
Somme fekk merka det meir andre, særleg Ove, drivande sauebonde her i Haugagrendi. Han kom opp i ein naudverjesituasjon han no har fått 10 000 kr i bot for (manglande bereløyve).
No er det ein aksjon i gang for å samla inn pengar til bota. Konto er 3785.12.55150, og nettsida for aksjonen er her.
Rypa har flytt 24. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging | skriv ein kommentarDå har ho fått seg ein meir høveleg stad å bu, så bloggen er no å finna på www.jostedalsrypa.no (og ikkje lenger på jostedalsrypa.wordpress.com).
Morgon i Krundalen 24. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | 1 kommentar til no[myflash=2007-04-24_krundalsmorgon]
mellom seks og halv sju i dag. Kva skal ein elles ta seg til når ein likevel er oppe med denne karen?
Luster mållag – årsmøte og nettsider 23. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | skriv ein kommentarEg nyttar høvet her til å gjera kjent for all verda at Luster mållag har fått seg framifrå WordPress-nettsider no, på www.krundalen.no/lustermaallag. Dessutan velkomen til dei to unge damene som kom inn i styret på årsmøtet 19. april – Marit Aakre Tennø og Anki Sperle. På mållagssidene finn de òg ut kva Ove Eide sa om Jakob Sande på møtet.
Blix på sundag 22. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Språkhistorie | skriv ein kommentarTidlegare i livet høyrde eg eit rykte om at NRK P1 i lange tider har spela Blix’ store fedrelandssalme, ”Gud signe vårt dyre fedreland”, rett før kl 7 som opning på sundagen. Etter at eg fekk ungar, ikkje minst denne karen her (foto kl 06.25 i dag),
har eg fått stadfesta at det er sant. I denne augneblinken tonar Blix utover stova, slik han no gjer på Haugamyrane kvar sundagsmorgon.
Elias Blix har elles lenge vore bloggar, sjå BlixBlog. Når Anders Aschim kjem med Blix-biografien sin, får me kanskje svar på kor lenge NRK har hatt denne framifrå sundagstradisjonen.
Sykkeltrim 21. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | skriv ein kommentarTrimsykkelen Solrun selde oss er stadig i bruk, seinast no nettopp.
Namn med ‘Svor-’ – kvar kjem dei ifrå? 20. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | 2 kommentararHarald H var innom hin dagen etter at Svorafonni hadde gått kvelden før, og det vart prat om namn på ‘Svor-’ i Jostedalen. Eit raskt søk i nokre basar på nettet gav interessante funn.
Svorafonni frå kjøkenglaset på Haugamyrane. Fimbul får opp for å inspisere brotkanten.
Nigardsgrandane 14. april 18. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | 1 kommentar til noBamsefar på veg? 17. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | 1 kommentar til no
Det er meldt frå Skjåk at den kjære bamsen vår frå i fjor sommar er ute av hiet, men har han fått nye diet, for å bruka det verste rimet påskerevyen kunne by på i år? Neppe. Eit oppslag i Kristiansund-avisa Tidens Krav 12. april går nærare inn på bjørnen vår etter at Direktoratet frå naturforvaltning to dagar før presenterte resultata frå den store bjørnegranskinga si.