Motkultur-saus om Frp

I eit større oppslag 11. mai prøvde Klassekampen seg på å sjå Frp-framgangen på Sør- og Vestlandet i samanheng med «motkulturane». Oppslaget ligg diverre ikkje på nettet. Innlegget nedanfor stod 18. mai.

[mygal=frp]

(Kart lagde ut 14.5.) 

Motkultur-saus om Frp

KK følgjer Frp-landsmøtet og intervjuar Stein Ørnhøi på mobil i bussen 11/5. Men Ørnhøi og KK (heretter SØKK) snublar alt i ingressen: ”Før var det målsak, avholdssak, lavkirkelighet og moderat sentrumspolitikk som dominerte. Nå har Fremskrittspartiet inntatt de motkulturelle kjerneområdene”.

Oppslaget er eit døme på kor ubrukeleg motkulturomgrepet er, iallfall i forenkla politiske analysar. Nikolaus Gjelsvik gjorde i 1907 den fyrste kartlegginga av arbeidstilhøva for norskdomsrørsla, der han var den sentrale strategen. Han la ikkje fingrane imellom då han peika ut fienden: ”Serleg på Sørlandet, Vestlandet og i fjellbygderne legg myrk og rangsnudd pietisme seg på tverke. Når ungdomen hev slutta med drykk og ulivnad som dermed høyrer saman, so kallar fåkunnige emisærar det fyr ’farisæisme’, som stengjer fyr den rette og sanne anger og bot. So lyser dei til møte til same tid som møtet i ungdomslaget.” (1)

50 år etter gjorde Gabriel Øidne nøyaktig dei same funna i den banebrytande artikkelen ”Litt om motsetninga mellom Aust- og Vestlandet” (Syn og Segn). Han peika på det som dei fleste vestlendingar og dei færraste i Oslo visste og veit: Det går, grovt sett, eit kulturelt skilje gjennom Vestlandet mellom ei pietistisk kyststripe og frilynde fjordbygder som i mangt har meir sams med fjellbygdene austafjells enn kyststripa. Øidne kalla dette både ”fjell- og fjord-Noreg” og ”folkehøgskuleregionen”. (2) Her hadde nynorsken stort sett brote gjennom før 1910 medan han kom mykje seinare til pietistiske kyststripa, særleg Rogaland.

Stein Rokkans omfattande granskingar av stortingsvala i 1950-åra stadfeste funna til Øidne. Men når Rokkan såg norskdoms-, lekmanns- og fråhaldsrørsla som tre rørsler på same sida på ein sentrum – periferi-akse, var det i klår visse om at lekmannsrørsla og norskdomsrørsla var tevlande rørsler med kvar sine kjerneområde.

Karta til Øidne og Rokkan over oppslutninga om Moderate Venstre i 1891 og Krf i 1953, samsvarer slåande med KK-kartet over dei sterkaste Frp-kommunane i dag. I fjell- og fjord-Noreg har Frp så langt gjort det langt svakare enn på kyststripa. Med motkulturomgrepet sitt har SØKK store problem med å skjøna kvifor Frp framleis, relativt sett, står så veikt i mitt eige fylke, Sogn og Fjordane. Men Rokkan kan iallfall gje ein liten peikepinn når ein fyrst har gjeve seg ut på historiske politisk-geografiske makroanalysar: ”Målrørsla er sterkest i det minst urbaniserte fylket, Sogn og Fjordane, men dette er det minst bibeltro fylket.” (3)

Motkultur-argumentet til SØKK kjem òg til kort når dei skal forklara Frp sin styrke i Vestfold og det sentrale austlandsområdet – der står det som kjent dårleg til med nynorsken. ”Her snakker vi ikke om motkultur – i hvert fall ikke Lars Oftedal sin”, seier Ørnhøi. Men det er nettopp det me gjer. Øidne dreg den ”mørke” kyststripa heilt fram til svenskegrensa og slår fast at ”sørlege Vestfold og serleg Østfold [er] på mange måtar eit stykke Vestland når det gjeld religiøst liv.”

Det blir såleis altfor enkelt når SØKK forklarer manglande gjennombrot for Frp i andre delar av landet med at folk vart ”vaksinerte” fordi arbeidarrørsla etablerte eit hegemoni. Hypotesen er interessant, men forklarer ikkje det manglande gjennombrotet for Frp i ”fjell- og fjord-Noreg”.

Ordskiftet om Frp er viktig og må halda fram, og sjølv er eg svært spent på å få vita kva som kan få ihuga fråhaldsfolk i dei lågkyrkjelege rørslene til å gå inn i eit parti som i lange tider har profilert seg på fri flyt av alkohol. Men legg vekk motkulturomgrepet og bland ikkje norskdomsrørsla og nynorsken inn i den vidare ”motkultur”-analysen.

Som ein ekstraservice tek eg her med tre referansar:

(1) Gjelsvik, Nikolaus. (1908). Nokre ord um dei frilynde ungdomslagi og arbeidet i dei. I Norigs Ungdomslag. Aarsmelding 1906-7 (s. 21-39). Oslo: Norigs Ungdomslag, side 30.

(2) Øidne, Gabriel. (1957). Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet. Syn og segn, 97-114.

(3) Rokkan, Stein. (1987 [1967]). Geografi, religion og samfunnsklasser: Kryssende konfliktlinjer i norsk politikk. I Stat, nasjon, klasse. Essays i politisk sosiologi (s. 111-205). Oslo: Universitetsforlaget, s. 172.

Dette innlegget vart lagt inn i Målsak. Bokmerk fastlenkja.

One Response to Motkultur-saus om Frp

  1. vidar seier:

    Det er reine nedbørsdiagrammet dei to fyrste karta. Med all nedbøren og innesitjinga som føl med det, er ikkje vegen lang til religiøse grubleri.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *