Namn med «Svor-« – kvar kjem dei ifrå?

Harald H var innom hin dagen etter at Svorafonni hadde gått kvelden før, og det vart prat om namn på «Svor-« i Jostedalen. Eit raskt søk i nokre basar på nettet gav interessante funn.

[mygal=svorafonni]

Svorafonni frå kjøkenglaset på Haugamyrane. Fimbul får opp for å inspisere brotkanten.

Av «Svor-«namn i Jostedalen kjenner eg så langt til husmannsplassen/bruket «Svori» i Mjelversgardane og «Svorastova’/’Svorafjøsen» på Snøtun, som etter bygdeboka kjem av at ei enkje frå Svori busette seg der i 1903. Så har me altså «Svorafonni’/’Svoragrovi» i Krundalen på hi sida av elva for Helletun.

«Ei svor» har etter ordboka to tydingar: 1) lita skrede (Sunnmøre, Sunnfjord). Stein~, vass ~. 2) stad der grunnen er striput av skreder (Nordfjord, Sunnmøre). Ivar Aasen trur kanskje ordet kan koma av «svorv», som tyder lita skrede, helst med snø (Sunnfjord).

Som gardsnamn finn ein «Svoren» i Bremanger (Davik) og «Svor» i Hornindal. Fylkesarkivet sin stadnamnbase på nettet har i alt 263 registreringar av «Svora» eller samansetjingar med «Svor-« («Svorabakkane», «Svorabekken», , «Svorabotnen» o.l.).

Det interessante er at alle desse registreringane er frå Nordfjord og Sunnfjord der namnet altså er svært vanleg. Dei einaste to frå Sogn er «Svordalen» i Hyllestad (som rett nok stort sett manglar i basen) og «Svorokebakken» i Høyanger. Ved Kvam på Veitastrond har ein «Svoranovi». I Indre Sogn førekjem namnet elles ikkje, med mindre det då finst i det innsamla tilfanget frå Luster som framleis manglar i basen, i eller Aurland og Leikanger der det manglar noko. Men ingen av dei komplette kommunane Sogndal, Årdal, Lærdal, Balestrand eller Vik har namn på «Svor-«.

Det synest såleis temmeleg klårt at ordet og namnet «svor-« i Jostedalen må vere importert frå Nordfjord (eller Sunnfjord), og det er såleis endå eit språkleg vitnemål om at ein god slump fjordingar ein gong i fortida må ha slege seg ned i Jostedalen.

Dette innlegget vart lagt inn i Historie, Jostedalen. Bokmerk fastlenkja.

2 Responses to Namn med «Svor-« – kvar kjem dei ifrå?

  1. Kristen Ormberg seier:

    Eg får og forsøke med eit bidrag til temaet SVOR.

    For oss som bur lengre nede i dalføret har me årleg/vårleg eit buldrande rabalder som me kallar
    IS-SVORI. Det er når det lagar seg ein is-demming ein plass oppe i vassdraget, og denne vert etter kvart så stor at når den reiser av garde så bryt den med seg all elv-isen heilt ned til Gaupne.

    Dette er ein versjon av SVOR som me både ser og høyrer her i nedre sone.

    Men begrepet Is-svori var nok meir i bruk før enn no.

    Ellers å har me kunstnaren Anders Svor, og Svor-museet i Hornindal.

  2. Oddmund seier:

    Då har me altså ordet/namnet «svor» i heile Jostedalen, pluss eit namn på Veitastrond – er ordet òg vanleg der? Og er «svor»-namn eller ordet i bruk andre stader i kommunen, tru.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *